Test

PNY RTX 4070 XLR8 Gaming

Tunge skyer over marknaden for PC-gaming

Nvidias RTX 4070 skildrar kor kjipt det er for lommeboka å vere PC-spelar for tida.

Mikkjell Lønning
1: Test og konklusjon
2: Testdata i 16 spel (benchmark)

Ja, du skal oppgradere speldatamaskinen din, seier du? Endeleg ta steget inn i den himmelske verda av 4K-speling, strålesporing og ultra-innstillingar?

Det var jo synd for deg og ferieplanane dine. For dette vil svi.

Dei siste to-tre åra har den norske skjermkortmarknaden vore ein trist affære, og det er eit aldeles stummande mørke i enden av tunnelen.

Produksjonskostnadane er høge, inflasjonen stig og kronekursen har forsvunne ned i den djupaste dal.

Og her kjem Nvidia med nye skjermkort. Denne gongen gadd dei ikkje ein gong å sende det til oss ved lansering, for vår nye RTX 4070 frå amerikanske PNY dukka opp i postkassen nesten ein månad etter det kom ut.

Det er kanskje like greitt. Eg har ikkje vanskar med å forstå at Nvidia umedvite prøver å legge eit lite lokk på heile dette produktet.

Håplaust

Me startar med litt harde fakta før me sutrar vidare: RTX 4070 har 12 GB med videominne, 5888 CUDA-kjernar, ein boostklokkehastigheit på 2475 MHz og eit straumforbruk på 200 watt.

Det nye mellomklasseskjermkortet kjem fire månadar etter storebror RTX 4070 Ti. Det blei ikkje møtt med nemneverdig entusiasme blant forbrukarane, og det har heller ikkje RTX 4070 gjort.

Prislappen for Founder's Edition av RTX 4070 er stive 7900 kroner. Vårt eksemplar, med eit produktnamn som verkeleg rullar av tunga, kostar for tida litt over 9000 kroner.

PNY GeForce RTX 4070 12GB XLR8 Gaming VERTO EPIC-X RGB, altså. Det er neppe PNY sin feil at prisen er som han er, og det er alltid keisamt å måtte gi låg karakter til det som i utgangspunktet er eit solid produkt.

HARRY: PNY sitt design treff ikkje heilt blink hos oss.
Mikkjell Lønning

Det er greitt å ha litt historikk i bakhovudet før me går vidare. Til dømes veit me at forgjengaren RTX 3070 kosta 5750 kroner ved lansering, og RTX 3080, som faktisk var tilgjengeleg for lanseringsprisen ei stund, kosta 8000 kroner.

Og nei, RTX 4070 er ikkje nemneverdig raskare enn RTX 3080.

Her har du altså eit produkt som kjem 2,5 år seinare til same pris og med nokolunde same yting. Det er håplaust.

I skrivande stund finn du AMD sitt tidlegare flaggskip RX 6950 XT til 7800 kroner, som er klart raskare enn RTX 4070 utan strålesporing.

Men me rundar av historietimen for å kikke nærmare på PNY sin kjølar.

Habil kjølar

Eg har aldri testa noko frå PNY før, og det er alltid kjekt å få undersøke noko nytt.

Kjølaren har ikkje den mest smakfulle utsjånaden, og plastdekket på framsida verkar billig og skjørt. Bakplata er i metall.

STILIG: Bakplata er det som skil seg positivt ut med kjølaren.
Mikkjell Lønning

Viftene står i ro på tomgang som dei fleste andre, nye kjølarar, men XLR8-kjølaren er kanskje den mest støysvake me har prøvd i 4000-serien så langt. Sjølv under full last er han omtrent heilt stille.

Temperaturane er heller ikkje noko å klage på. Kortet klarar ein klokkehastigheit på 2790 MHz når det drar 200 watt, og då gjekk temperaturen aldri over 70 grader. Varmpunkttemperaturen var på det meste oppe på 82 grader, som òg er heilt innanfor.

Kjølaren hjelper det han kan med ytinga, og det er Nvidia som har skuld i at me ikkje ropar hurra for skjermkortet.

Et 1440p til frukost

Både RTX 4070 og RTX 4070 Ti er mynta på speling i 1440p. Uansett kor mykje me klagar på prisen, er det liten tvil om at dei klarar det svært godt.

RTX 4070 rundar terskelen på 100 FPS i alle testspela våre, unntatt Cyberpunk 2077, i 1440p.

I snitt er RTX 4070 Ti 11 prosent raskare i 1080p, 13 prosent raskare i 1440p og 15 prosent raskare i 4K. Storebroren kostar nokre tusenlappar ekstra, så RTX 4070 gir klart meir for kronene.

Samstundes vil billigare kort stort sett alltid gi betre valuta for pengane. Slik er det berre. RTX 4060 vil nok gi endå meir i 1080p og 1440p.

Grafen over er basert på 11 av spela på neste side, utan strålesporing. Me jobbar med å teste opp fleire skjermkort på ny testrigg.

Sikra for framtida

Testinga vår, som du ser i detalj på neste side, viser at RTX 4070 klarar å leve opp til 240 hertz-skjermar i 1080p, og 144 hertz i 1440p.

Skjermkortet klarar seg òg respektabelt i 4K. Dette er ikkje skjermkortet du bør kjøpe for 4K-speling, men det gir ein peikepinn på at det bør halde stand i framtida.

Mikkjell Lønning

Med 12 GB videominne er ein greitt skodd for å spele i 1080p og 1440p på høgaste innstillingsnivå i nokre år til. Så er det verd å understreke at ultra-nivå sjeldan har noko for seg, sjølv om RTX 4070 taklar det heilt fint.

Samla viser tala at RTX 4070 plasserer seg litt under RTX 3080 i yting.

Me har ikkje tatt med testtala våre frå RTX 3080 her, for det er på førre testbenk, men me ville forventa at RTX 4070 var noko kraftigare enn det er, nettopp fordi det nærmar seg tre år sidan RTX 3080 lanserte til same pris.

RTX 4070 er ikkje veldig langt unna RTX 3090 i 1080p og 1440p, som for så vidt er imponerande, men det seier meir om kor bra RTX 3080 var då det kom.

Lokkande pakketilbod

RTX 4070 har ikkje noko problem med strålesporing i 1080p og 1440p i mindre krevjande spel. Både Returnal, F1 2022 og Metro Exodus Enhanced Edition kan fint spelast om ein justerer litt på innstillingsmenyen.

Me har ikkje testa dei nye AMD-skjermkorta på testbenken vår enno, men lener oss litt på andre testkollegaer med liknande oppsett.

Generelt ser ein at AMD gir meir for pengane i rasterbasert yting denne generasjonen. Dei har derimot lite å stille opp med mot Nvidia når det kjem til alt anna.

Oppskaleringsteknologien DLSS er uslåeleg, og tredje generasjon er endå betre. Frame Generation har ein del skavankar enno, men kan bli veldig bra.

NY TEKNOLOGI: DLSS er blant ingrediensane som gjer RTX 4070 betre enn RTX 3080, men forskjellen burde vore større.
Mikkjell Lønning

AMD har ikkje klart å ta igjen Nvidia på strålesporing, og Nvidia har elles masse små fortrinn, slik som støtte for AV1-kodeksen og Nvidia Broadcast.

Konklusjon

Det er triste tider for dei som speler på PC for tida. Det er tiår sidan konsollspeling har vore så lokkande som på 2020-talet, og det kjem neppe til å endre seg med det første.

RTX 4070 skildrar poenget mitt. Det er i praksis eit litt svakare RTX 3080, lansert nesten tre år seinare til same pris.

Mikkjell Lønning

Det er ein slags uskriven lov at oppfølgarkort skal matche klassen over i yting. RTX 4070 knuser forgjengar RTX 3070, men ligg i eit anna prissegment. Det er difor lite vits i å samanlikne dei to.

Men RTX 4070 er på ingen måte eit dårleg skjermkort, det er berre lansert til feil pris.

Det er langt meir straumeffektivt enn RTX 3080, det har 2 GB ekstra minne og støtte for DLSS 3 og Frame Generation, men det kostar jo 2-3000 kroner meir enn ein PlayStation 5 aleine.

For eit mellomklassekort. 6000 kroner er eit meir leveleg prisnivå, noko amerikanarane får for RTX 4070. Her slår den regionale prisinga, saman med kronekursen, uheldig ut for oss i Noreg.

Det same gjeld PNY-kortet me har testa. PNY har gjort ein god jobb med kjølaren, der spesielt støydempinga er glimrande, men det er altfor dyrt samanlikna med Founder's Edition.

Summen av RTX 4070 er betre enn RTX 3080, og produktet er heilt greitt samanlikna med Nvidia sine andre prisar. Men eg ville mykje heller kjøpt RX 6950 XT.

Høg yting i 1080p og 1440p
Taklar eldre spel i 4K
Støtte for DLSS 3 og Frame Generation
Lågt straumforbruk
Støysvakt
Pris
Pris
Pris
1: Test og konklusjon
2: Testdata i 16 spel (benchmark)

Siste fra forsiden