Test

Gigabyte RTX 4070 Ti Gaming OC

Kontroversielt skjermkort kan bli ny 1440p-konge

Men prislappen er førebels eit mysterium.

Mikkjell Lønning/Gamer.no
1: Test og konklusjon
2: Benchmarking

5. januar lanserer Nvidia skjermkortet RTX 4070 Ti.

Kortet var i utgangspunktet annonsert som ein variant av RTX 4080 med mindre videominne, men Nvidia ombestemte seg etter kritiske tilbakemeldingar frå kundar.

No er skjermkortet her – med eit nytt namn.

Nvidia opplyser at RTX 4070 Ti får ein rettleiande pris på 10 000 kroner her i Noreg, men me veit av erfaring at det har lite å seie for kva korta faktisk kjem til å koste.

RTX 3070 Ti skulle i teorien koste 6500 kroner ved lansering. Det enda opp med å koste nærmare 11 000, og du finn framleis ikkje kort til under 7800 halvanna år seinare.

Å kjøpe skjermkort i dag er ei ubehageleg oppleving for lommeboka, omtrent uansett kva produkt ein kjøper.

Me har fått tilsendt eit Gigabyte RTX 4070 Ti Gaming OC-skjermkort, og har testa det i ei rekkje spel. Produsenten har ikkje gitt oss informasjon om kor mykje denne varianten kjem til å koste.

Det seier sitt.

Høg klokkehastigheit

RTX 4070 Ti har 7680 CUDA-kjernar og 12 GB med GDDR6X-videominne. Gigabyte-kortet har ein klokkehastigheit på 2640 MHz, men klarar 2850 MHz ut av eska.

Dette er første gongen me har fått kikke på Gigabyte sin kjølar for Ada Lovelace-arkitekturen, og denne gongen har dei eit meir avrunda design som ser betre ut enn førre generasjon.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Kortet er langt med sine 33,6 centimeter, men er ikkje i nærleiken av like stort som mange av RTX 4090-skjermkorta.

Bakplata er i metall med ein stilig finish i sølv, og det er rikeleg med RGB på kortet.

Dessverre er det framleis berre DisplayPort 1.4-inngangar på kortet. Desse er det tre av. Nvidia har fått ein del pepar for at dei ikkje har støtte for DisplayPort 2.1 slik AMD har på sine kort.

Elles har skjermkortet éin HDMI 2.1-inngang.

Spelyting

Nvidia marknadsførar RTX 4070 Ti som det beste skjermkortet for 1440p. Testane våre viser at det i praksis er ein bitte litt kraftigare versjon av RTX 3090 og RTX 3080 Ti.

NY KONTAKT: Skjermkortet har straumkontakt med 16 pinnar. Du får med eit adapter for to PCIe-kontaktar med åtte pinnar.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Så skal me ikkje gløyme at Nvidia selde RTX 3090 delvis som eit 8K-skjermkort. Det er enorm forskjell på 1440p og 8K, men produsenten har tilsynelatande lagt vekk alt fokus på sistnemnde, òg for RTX 4090.

Me har ikkje kunne samanlikne 4070 Ti mot verken RTX 4080 eller AMD sine nye toppmodellar. Dei hamnar ikkje i postkassa vår før litt uti januar, høyrer me.

Nykomaren har halvparten så mykje videominne som det tidlegare flaggskipet RTX 3090, men er likevel nokre få prosent kraftigare i dei fleste spela me har køyrt.

12 GB videominne er derimot for lite i krevjande spel for høgare oppløysingar enn 4K.

1080p – er det vits i?

Det byrjar å bli ein del år sidan skjermkortprodusentane trefte prosessorflaskehalsar i 1080p. Dei fleste nye skjermkort er ikkje vits i for dei som skal spele i denne oppløysinga, med mindre ein vil ha høgast mogleg biletefrekvens for å minske inputforseinking i konkurransespel.

Dei færraste treng det.

Me ser at RTX 4090 ligg nokre hakk framfor dei andre korta på den nye testriggen vår, men forskjellen er liten. I snitt er RTX 4090 16 prosent raskare i 1080p utan strålesporing.

RTX 4070 Ti er tre prosent kjappare enn RTX 3090 og RTX 3080 Ti i 1080p, og kortet er 22 prosent raskare enn forgjengaren RTX 3070 Ti.

Det varierer frå spel til spel kor mykje ein får ut av kraftigare skjermkort. I spel som Far Cry 6 og Guardians of the Galaxy er det i praksis ingen forskjell mellom RTX 4090, RTX 4070 Ti, RTX 3090 og RTX 3080 Ti.

Samstundes ser ein i spel som Assassin's Creed Valhalla at RTX 4090 tar ei leiing på rundt 25 prosent over det nye kortet.

Svarlause spørsmål

Det er først i 2560x1440 at noko av flaskehalsen på prosessoren forsvinn. Her aukar forskjellen i biletefrekvens til flaggskipet, men RTX 4070 Ti leverer framleis svært habil yting.

Skilnaden mellom RTX 4070 Ti og RTX 3090 er endå mindre her. I praksis er ytinga identisk etter testing i elleve ulike spel der me ikkje har aktivert strålesporing.

Det er altså 1440p Nvidia meiner RTX 4070 Ti er best eigna til. I snitt får me ein biletefrekvens på 194 på tvers av dei ulike spela.

Då har me testa alt på høgaste innstillingsnivå. Nokre av spela er litt eldre, og bidrar til å løfte tala, men me ser til dømes at skjermkortet klarar 120 FPS i årsferske Call of Duty: Modern Warfare II og 104 FPS i F1 2022. Sistnemnde har strålesporing på.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det er spenstige tal for det som no skal vere eit skjermkort i mellomklassen.

Men så var det dette med prisen.

I skrivande stund kan du få RTX 3080 Ti med ein tredjepartskjølar frå 13 500 kroner og oppover. AMD sitt RX 6950 XT kostar frå 10 500, RX 7900 XT kostar 12 000.

Spørsmålet er då kor mykje tredjepartskorta for RTX 4070 Ti faktisk kjem til å koste, og om det i det heile tatt er verd pengane.

Det er liten tvil om at RTX 4070 Ti er eit fantastisk skjermkort til 1440p. Men den skildringa kan ein bruke på fleire andre produkt.

Vår testbenk

Me ventar difor med å sette ein endeleg karakter, og kjem heller tilbake med ei ny vurdering i ein samletest om ei stund.

Me må nesten sjå an korleis prisnivået legg seg i forhold til konkurrentane før me har eit godt nok kunnskapsgrunnlag til å konkludere.

Meir enn bra nok i 4K

I 4K blir RTX 4070 Ti tatt igjen av RTX 3090 og RTX 3080 Ti på snittbiletefrekvensen.

Det kjem først og fremst av at skjermkortet gjer det veldig svakt i CS:GO, eit spel som trekk opp gjennomsnittet mykje på grunn av høg biletefrekvens.

Her er resultatet så dårleg at det må vere ein drivarfeil. Me får same snitt med den andre testriggen vår, så dette kjem me til å teste om att når Nvidia får fiksa problemet.

Ein snittbiletefrekvens på 110 utan strålesporing – i 4K – er uansett skyhøgt. RTX 4070 Ti er over 60-grensa i alle spela me har testa.

Med strålesporing aktivert er RTX 4070 Ti tilbake i leiinga mot Ampere-skjermkorta, men her ser me det slit meir. Sjølv RTX 4090 sveittar i 4K med strålesporing i spel som Cyberpunk 2077.

Alle resultata frå dei 15 spela me har testa ser du på neste side.

Ekstra snacks

Det som betyr noko i samanlikninga mot Ampere-skjermkorta er den ekstra funksjonaliteten som Ada Lovelace-arkitekturen kan skilte med.

Ytinga er i praksis lik med RTX 3090. Men Lovelace-korta har blant anna ein betre videokodek og støtte for tredje generasjon DLSS med såkalla «frame generation».

GAMMAL STANDARD: Nvidia har framleis ikkje inkludert støtte for DisplayPort 2.1, slik AMD har på sin 7000-serie.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Dessverre er det ganske få spel som støttar dette enno. Me har testa DLSS 3 med «frame generation» i F1 2022, og der gjekk ytinga ned med å slå på dette for RTX 4070 Ti.

Løysinga for å teikne nye bilete (frame generation), ikkje berre delar av dei, er heller ikkje kome langt nok til at det er vits i å bruke.

Det er eigentleg dei to tinga som betyr mest for spelarar og dei som driv med strøyming. Og den eine får du knapt brukt.

Kjølig og stille

Me hoppar over til å kikke på den spesifikke modellen vår. RTX 4070 Ti har ingen Founder's Edition, og Gigabyte sin Gaming OC-variant har same straumgrense som resten av grunnmodellane.

På det meste drog skjermkortet 282 watt frå veggen. Nvidia har sett grensa til 285.

Det er keisamt at eit tredjepartskort ikkje opnar for å bruke meir straum, men til gjengjeld produserer skjermkortet lite varme.

Gigabyte anbefaler ei straumforsyning på 750 watt for kortet.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

På det meste har temperaturen vore oppe på 64 grader. Varmepunktet på skjermkortet har nådd 84 grader under stresstesting.

Kjølaren er altså ikkje i nærleiken av å nå makstemperaturen på 90 grader før klokkehastigheiten blir seinka, og den lagar òg så lite støy at eg ikkje får målt det over andre vifter i testbenken.

Du kan òg slå på ein stillemodus med ein brytar på sjølve skjermkortet for endå mindre viftestøy.

Den låge straumgrensa gjer at me ikkje får noko særleg ut av å overklokke. I nokre spel kan du få mellom to og fem prosent høgare yting, men det er ikkje verd bryet med å stressteste kortet for å få overklokkinga stabil.

Summert opp er det eit kjølig og stille skjermkort.

Konklusjon

Det er ikkje så enkelt å sette karakter på eit produkt ein ikkje veit kva kostar.

10 000 kroner er dyrt nok for det som skal vere eit mellomklasseskjermkort (i alle fall no), men det blir fort mange tusenlappar meir i butikkhyllene.

Dessutan har den rettleiande prisen stige med 35 prosent sidan RTX 3070 Ti lanserte i juni 2021. Det er mykje.

Me kjem som nemnd ikkje til å sette karakter heilt enno.

Prisane skal få stabilisere seg litt, og RTX 4080 og AMD-korta må inn i testbanken vår. Då kjem me tilbake med ein samletest der me kan gi ei meir nyttig oversikt over kva produkta byr på.

RTX 4070 Ti er ein litt kvassare versjon av RTX 3080 Ti med støtte for nokre nye funksjonar. Prisen på RTX 3080 Ti er framleis skyhøg, så det er ingen grunn til å kjøpe dei heftigaste Ampere-korta lenger.

Det nye skjermkortet gir meir enn nok yting for dei aller fleste, og vil sannsynlegvis bli det mest populære valet blant korta nord for 10 000 kroner.

Nvidia har rett i at det er glimrande for 1440p.

Gigabyte sin kjølar gjer det den skal. Han held kortet kjølig og lagar lite støy, og stillemodusen reduserer viftestøyen til omtrent ingenting.

Dette er nok eit trygt val for dei som vil kjøpe RTX 4070 Ti.

Prisguiden.no er en kommersiell partner av Gamer.no. De leverer oppdaterte priser, prisvarsling og produktinformasjon. Du kan lese mer om Prisguiden her »
Heftig yting i 1080p og 1440p
Støtte for siste generasjon av DLSS
Støysvakt
Klarar 60 FPS i dei fleste spel i 4K
Låge temperaturar
Ingen støtte for DisplayPort 2.1
Sannsynlegvis latterleg dyrt
1: Test og konklusjon
2: Benchmarking

Siste fra forsiden