Oppskalering med «frame generation» til konsoll

Eit ess i ermet til PC-spelarar gjer konsoll-debut.

Immortals of Aveum lanserte i fjor haust.
EA

I dag fekk PlayStation og Xbox for første gong tilgang til AMD sin oppskaleringsteknologi FSR 3 (FidelityFx Super Resolution 3).

Det kjem gjennom ei oppdatering til spelet Immortals of Aveum.

FSR 3 brukar såkalla «frame generation» til å auke biletefrekvensen.

«Frame generation» er basert på at ein KI-modell analyserer tidlegare bilete og «spår» kva neste bilete vil sjå ut som, og genererer denne til lågare kostnad for maskinvara.

Auka biletefrekvens kan gi spelet betre, visuell flyt, men «frame generation» kan også gi meir forseinking. Oppdateringa til Immortals of Aveum nemnar ein innebygd funksjon for redusert forseinking, sannsynlegvis ein art av AMD Anti Lag.

«Frame generation» er framleis ein umoden teknologi – me har ikkje ein gong gitt det eit norsk namn enno –, så det blir spennande å sjå om implementeringa kjem utan altfor mange flimrande og uklare teksturar.

Me skreiv omtale av Immortals of Aveum i august. Den artikkelen les du her.

Siste fra forsiden