Feature

Starfield – PC

Me slakta ytinga ved lansering. Har Bethesda fiksa spelet no?

Gamer.no tar ein ny kikk på storspelet.

Bethesda-spel er litt som god ost. Dei treng gjerne eit år eller to for å modnast, og det er sjeldan vits i å kjøpe dei ved lansering.

Utviklaren har blitt notorisk for lansering av uferdige spel. Strategien deira er tilsynelatande basert på at spelarane sjølv må rette opp i alle småfeila gjennom modifikasjonar.

Starfield var ikkje noko unntak ved lanseringa i september.

Men ting skjer. I løpet av 2024 kjem Bethesda med både ei utviding og moddeverktøyet Creation Kit, og 15. mai fyrer dei ut den hittil største oppdateringa for spelet.

Utviklaren har fiksa mange av problema frå lansering. Du kan allereie no laste ned oppdateringa i Steam sitt Beta-program, og me har prøvd.

Framgang

Bethesda har gjort endringar både på dei tekniske og spelmekaniske sidene av spelet.

Spelaren får blant anna meir detaljerte kart, fleire moglegheiter til å stille på vanskegrad, nye val for innsida av skipet, moglegheit for å endre figuren ved New Game Plus og ei rekkje mindre endringar som gjer opplevinga betre.

Oppdateringa har også luka vekk ei lang liste med småfeil. Alt frå figurar som ikkje svarar, oppdrag som går i stå til teksturar som forsvinn, er fjerna.

Det betyr ikkje at Starfield er ei feilfri oppleving enno, men det har definitivt blitt betre.

20 prosent raskare

I løpet av fem timar med den nye oppdateringa har eg opplevd figurar som nektar å snakke med meg, filmsekvensar som startar ut av det blå, teksturar som flimrar og fiendar som ikkje tar skade.

Men spelet har ikkje krasja. Det har heller ikkje vore feil som har stoppa meg i å gjere oppdrag.

Det er ei forbetring sidan sist.

Ytinga er nok der eg merker størst forskjell. Eg har ikkje spelt Starfield sidan september, så her har sikkert ting skjedd stegvis gjennom fleire oppdateringar.

Spesielt områda med mykje folk er mindre krevjande på prosessoren, og det merker du godt med litt eldre datamaskinar og i lågare oppløysingar.

Slik ser tala ut med Nvidia sitt flaggskip RTX 4090 og ein Intel Core-i9 13900k-prosessor:

Innstillingsnivå (4K utan FSR, New Atlantis)Biletefrekvens, snittBiletefrekvens snitt, 1 % low
Ultra, lansering6152
Ultra, mai-oppdatering7350
High, lansering7160
High, mai-oppdatering7753

Biletefrekvensen har i snitt auka med 20 prosent på «ultra»-innstillingsnivået. Forskjellen er mindre på «high».

Det lågaste nivået av biletefrekvensen er også redusert, faktisk ganske betydeleg på «high». Merkeleg, men flyten er jamt over betre takka vere lågare biletetid.

Spelet er ikkje like hakkete. Dessverre vil du tidvis oppleve betydelege dropp i biletefrekvensen i nye område, men det er stort sett kortvarig.

Målingane er gjort med synsvinkelen på 85. Bethesda introduserte ein brytar for dette etter lansering, men på PC kan du jo bruke kommandolinja til å endre dette meir enn det brytaren lar deg.

Hjelp av oppskalering

Bethesda introduserte KI-oppskaleringsteknikken DLSS ei stund etter lanseringa.

DLSS er framleis den beste oppskaleringa, men eg opplevde nokre tilfelle der teksturar blinka som juletrelys. FSR3 er langt verre. Det har store problem med dårleg kantutjamning og flimrande teksturar.

Det verkar som DLSS også gir noko betre yting.

RTX 4090, 4KBiletefrekvens, snittBiletefrekvens snitt, 1 % low
Ultra, DLSS Quality (67 prosent oppløysing)8960
FSR3 (67 prosent oppløysing)8458
Ultra, utan oppskalering7350

Spelet har støtta Frame Generation for AMD sidan lansering. I haust kom det også til Nvidia, men det har eg ikkje fått til å fungere.

Slår eg det på i menyen, er det av når eg opnar han igjen.

Tusenvis av modifikasjonar

Bethesda sine spel hadde ikkje vore det same utan dei store moddesamfunna. Starfield har allereie over 7000 modifikasjonar på NexusMods, og det er mykje kjekt å leike med.

Creation Kit er altså ikkje ute enno. Difor er det færre store modifikasjonar, men det er mange nyttige modifikasjonar for våpen, ferdigheiter, figurar og generelle spelmekanismar.

Redditbrukaren nineties_nostalgia la ut ei fin oversikt over høgdepunkta for ei lita stund sidan.

Mange av modifikasjonane krev Starfield Script Extender for å fungere, men modifikasjonane treng nok ei justering for den nye oppdateringa. Det kan ta ei stund.

Verd å laste ned?

Den nye oppdateringa fiksar mykje i Starfield, men har ikkje gjort spelet meir attraktivt for min del. Det er fordi dei største problema i Starfield handlar om heilt andre ting enn det tekniske.

Historia, utforskinga og universet er framleis det same. Likte du ikkje Starfield ved lansering, kjem du neppe til å like det no heller.

Eg kryssar fingrane for ei engasjerande utviding, men har meir tru på at moddarane vil gjere spelet verd prislappen til slutt. Difor er eg mest spent på Creation Kit.

I Bethesda-spel gjeld det å smørje seg med tolmod. Då får du gjerne spelet til lågare pris òg.

Likevel, dette er først og fremst ein teknisk gjennomgang, og ytinga er utan tvil betre. Det er færre småfeil, og spelopplevinga er løfta eit lite hakk. Bethesda viser i alle fall at dei prøver.

Siste fra forsiden