Kjem med ny versjon av populær konsoll

Asus lanserer oppgradert utgåve av Rog Ally.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Handkonsollen Asus Rog Ally har blitt ein stor suksess, også her i Noreg. Interessa veks for denne typen produkt.

Valve har lansert ein oppgradert versjon av Steam Deck, og no går Asus same vegen.

Det har vore ein del rykte dei siste månadane, men no har Asus sjølv stadsfesta av Rog Ally X kjem til butikkhyllene om ikkje så altfor lenge.

Annonseringa kjem 2. juni, melder The Verge.

Nettstaden har fått ta ein liten kikk på konsollen allereie, som visstnok blir litt tjukkare enn forgjengaren, kan få raskare og meir minne (ifølgje rykte) og betydeleg betre batterilevetid.

Batteriet er det me har kritisert denne og Lenovo Legion Go mest for i våre testar.

The Verge skriv at Asus har gjort ei rekkje endringar med ergonomien, og at konsollen ligg betre i handa enn før.

Nettstaden fekk ikkje slå på konsollen, så dei fleste detaljane kjem nok først i juni.

Ein lekkasje påstår at konsollen får ein prislapp på 800 dollar, 100 dollar meir enn dagens toppmodell. Det kan fort bety ein anbefalt pris på rundt 10 000 kroner her i Noreg.

Den nye har visstnok same prosessor.

Siste fra forsiden