Samletest

Asus, Lenovo eller Valve?

Dette er den beste handkonsollen

Me har testa dei fire mest populære spelmaskinane.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

PC-baserte handkonsollar blir stadig meir populære. Fridomen til å kunne slenge både persiske prinsar, morske volvarar og skyteglade terroristar rett i sekken, ta turen på hytta og hive seg på sofaen for å spele, klarar ikkje ein vanleg datamaskin å hamle opp med.

Det var Valve som starta kalaset for nokre år sidan. Nintendo Switch-inspirerte Steam Deck har ikkje blitt offisielt lansert i Noreg enno, men fleire butikkar tilbyr gråimport-versjonar til stive prisar.

Me testa nyleg både LCD- og den nye OLED-versjonen av Steam Deck, og gav konsollen mykje skryt.

No har me vurdert Valve sin konsollar opp mot utfordrarane ASUS ROG Ally og Lenovo Legion Go.

For tidleg?

Handkonsollar er i praksis nettbrett med innebygd kontrollar og litt fleire hestekrefter. Det betyr at du kan bruke dei til alt du kan gjere med ein vanleg PC, frå YouTube-kikking og sveitt speling til spel-strøyming og emulering.

Valve er inne i sin andre generasjon, men dette er framleis ung teknologi. Det ber konsollane i denne testen preg av på fleire måtar. Prisane er høge, og det er mykje som kan pussast på framover.

Difor er dette framleis mest eit produkt for entusiasten. Kjenner du ikkje på det heilt store behovet, blir nok produkta langt betre (og billigare) om ein generasjon eller to til.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Den aller største forskjellen mellom konsollane er at Ally og Legion køyrer på Windows, mens Steam Deck bruker Linux-baserte SteamOS. Sistnemnde har likevel fått ein drøss med nytt innhald sidan lansering, og er i praksis ein datamaskin på lik linje med dei andre.

Det er difor berre vits i å kjøpe eitt av produkta. Og kva du vel, kjem veldig an på kva behov du har. For dette er svært ulike produkt.

Her har du ein rask gjennomgang av dei tekniske spesifikasjonane:

Steam Deck LCDSteam Deck OLEDRog AllyLegion Go
Skjerm7" 1280x800 (16:10), 60Hz, 400 nits7" 1280x800 (16:10), 90Hz, 600/1000 nits7" 1920x1080 (16:9), 120Hz, 500 nits8.8" 2560x1600 (16:10), 144Hz, 500 nits
ProsessorRyzen Zen 2 APU 7nm, skreddarsyddRyzen Zen 2 APU 6nm, skreddarsyddRyzen Z1 og Z1 ExtremeRyzen Z1 og Z1 Extreme
Batteri40Wh50Wh40Wh49.2Wh
GrafikkarkitekturRDNA2RNDA2RDNA3RDNA3
OperativsystemSteamOsSteamOsWindows 11Windows 11
RAM16 GB LPDDR5 ved 5500 MT/s16 GB LPDDR5 ved 6400 MT/s16 GB LPDDR5 ved 6400 MT/s16 GB LPDDR5 ved 7500 MT/s
Lagring64 / 256 / 512 GB 256 GB / 512 GB / 1 TB256 / 512 GB256 GB /512 GB / 1TB
Portar1 USB-C 3.2 Gen 2, 3.5mm-inngang, UHS-I kortlesar1 USB-C 3.2 Gen 2, 3.5mm-inngang, UHS-I kortlesar1 USB-C 3.2 Gen 2, 3.5mm-inngang, UHS II-kortlesar2 USB-C, 3.5mm-inngang, UHS-I kortlesar
Vekt669 gram640608 gram854 gram

Klart best

SteamOS gjer Steam Deck til ein ekte spelkonsoll. Operativsystemet er langt meir straumlinjeforma og enkelt enn Windows for denne typen eining, og gir dei to Steam Deck-ane ein stor fordel.

Brukaropplevinga er kanskje den aller mest viktige faktoren for ein handkonsoll. Ideelt sett bør du vere inne i spelet i det baken treff sofaputa, og her er Valve ein openberr vinnar.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Steam Deck er ikkje i nærleiken av like kraftig som konkurrentane, men SteamOS gir tidvis betre bileteflyt (på grunn av lågare biletetid) enn dei Windows-baserte konsollane. Biletefrekvensen er lågare, men det hakkar mindre. Ikkje minst gjer den nydelege OLED-skjermen at spela framleis er lekre med lågare oppløysing.

Lang batterilevetid er ein annan hjørnestein for handkonsollar, og denne konsollen knuser dei andre. Eg føler ikkje behov for å lade konsollen etter kvar einaste speløkt, slik eg gjer med resten av produkta i denne testen.

Kombinasjonen av dette, saman med testens beste ergonomi og lågaste støynivå, gjer at Steam Deck OLED hamnar på topp. Prisen legg ein seriøs dempar på kjøpelysta, men no kostar konsollen 700 mindre enn då eg testa han i mars.

Og sjølv om både Rog Ally og Legion Go er nokre tusenlappar billigare, er heller ikkje dei verd prislappane sine.

Skal du først bruke over 5000 kroner på ein konsoll som dette her og no, kan det like greitt vere den beste. Men som eg nemnar over, er det lurt å vente til neste generasjon.

Me set ikkje karakter på Steam Deck, i og med at gråimport-konsollane kostar langt meir enn det Valve sel dei for.

Valve Steam Deck Oled 512GB
Tenner lidenskapen for spel på nytt. Prisen er dessverre uforsvarleg
Lett og komfortabel i bruk
Kraftig nok for ei god oppleving i dei fleste spel
Raskt OLED-skjermpanel med nydelege fargar, høg lysstyrke, HDR-støtte og låg forseinking
Fiffig dvale- og oppvakningsmodus lar deg spele i livets små pausar
Jamt over kjappare og betre på alle måtar enn LCD-versjonen
Lang batterilevetid
Støysvak
Enkelt å utvide lagring
Solid byggekvalitet
Heftig pris i Noreg
Alt ikkje-Steam er litt knotete
Ikkje alle spel fungerer like godt
Slit med krevjande spel
Burde hatt VRR utan dokking

Les hele testen »

Valve Steam Deck Oled 512GB

Framleis knallgod

Steam Deck OLED er betre enn forgjengaren på stort sett alle moglege måtar, men originalen sparkar framleis godt frå seg.

Ytinga er naturlegvis svakare. Samtidig ligg originalen lågare i pris enn alle dei andre, og har mange av dei same styrkane som oppfølgaren.

Maskinvara er stadig kraftig nok til å takle mange nyare spel i 720p med låge innstillingar, og held du deg til litt eldre titlar, er ikkje ytinga eit problem.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Konsollen skiltar med omtrent dobbelt så lang batterilevetid i mediebruk med lågt straumforbruk, samanlikna med Legion Go og Ally. Men batterilevetida er òg Steam Deck sin største veikskap.

Batteriet forsvinn i eit forrykande tempo under krevjande speling, på lik linje som dei to under.

Det er over to år sidan Steam Deck først lanserte. Likevel følast ikkje konsollen utdatert samanlikna med Rog Ally og Legion Go. Heller motsett.

Valve Steam Deck 256GB
Tenner lidenskapen for spel på nytt. Norske prisar øydelegg
Lett og komfortabel i bruk
Kraftig nok for dei fleste spel
Gir meir for pengane enn den nye utgåva
Fiffig dvale- og oppvakningsmodus lar deg spele i livets små pausar
Støysvak
Enkelt å utvide lagringa
Solid byggekvalitet
Alt ikkje-Steam er litt knotete
Ikkje alle spel fungerer like godt
LCD-skjermen har klart svakare fargar og lysstyrke
Ikkje like gode kontrollararar som OLED-versjonen
Relativt kort batterilevetid
Slit med krevjande spel
60 hertz skjermpanel
Meir støy enn OLED-versjonen

Les hele testen »

Valve Steam Deck 256GB

Kompetent utfordrar

Asus har satsa tungt på handkonsollar, og har vist at dei tar brukarane sine på alvor. Sjølv om Rog Ally lanserte med ein del trøbbel med yting og småfeil, har produsenten aust på med oppdateringar.

Dette er ein heilt annan konsoll enn ved lansering. Rykta seier det er ein ny versjon på veg i 2024, som passar godt med at AMD lanserer neste generasjon maskinvare seinare i år.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Rog Ally er hakket mindre enn Steam Deck, og har grei ergonomi for storleiken. Konsollen ligg ikkje like behageleg i hendene som Deck med mine mellomstore hender, og eg likar ikkje plasseringa av styrespakane, men konsollen har gode kontrollarar med tilfredsstillande, taktil tilbakemelding. Eg tippar han kan bli hakket for liten viss ein har store hender.

1920x1080-skjermen er lys og skarp, og oppdateringsfrekvensen på 120 hertz sikrar låg forseinking og jamn flyt i eldre spel.

Det er meir knotete å bruke berøringsskjermen med denne enn dei andre, men du kan venne deg til det.

Så lenge du veit kva du går til, blir du ikkje skuffa av Rog Ally.

Samtidig er det tatt mange snarvegar. Brukaropplevinga er hakket betre enn Legion Go, men du får ikkje den same konsollkjensla som Steam Deck.

Batterilevetida er elendig. Når konsollen brukar 25 watt, som er innstillinga med mest krefter, ryk batteriet på rundt ein time og 20 minutt i dei mest krevjande spela. Det syns eg blir for tynt for eit produkt som dette.

Ikkje minst er viftesuset sjenerande under full last. Høgtalarane er gode nok til å overdøyve det, men då forsvinn noko av poenget med denne typen konsoll.

Summert opp er Rog Ally kraftig, lekker, rask og behageleg, men òg irriterande kortlevd og tidvis ganske høglydt.

Kraftig maskinvare
Lett og kompakt
1080p-skjerm med 120 hertz oppdateringsfrekvens
God lyd
Lett å utvide lagring
Dyr
Elendig batteri
Ein del viftestøy
Middels ergonomi
Brukaropplevinga har stort potensial for finpuss

I det eksperimentelle hjørnet

Lenovo Legion Go er bygd på same prosessor som Rog Ally, men er eit svært annleis produkt.

Legion Go har ein 8,8-tommar skjerm med flotte fargar og ei oppløysing på 2560x1600, og kan skryte av ein oppdateringsfrekvens på 144 hertz.

Det er ei glede å bruke skjermen i spel der du får utnytta heile panelet. Speling er sjølvsagt noko heilt anna i 1600p, enn i 800p på Steam Deck. Du får ikkje gjort det i AAA-spel anno 2024, men det er ikkje mangel på spel av litt eldre årgang. Likevel trur eg nok ein OLED-skjerm i til dømes 1920x1200 ville vore å føretrekkje.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Skjermen på Legion Go kan stå av seg sjølv, og du kan ta av kontrollarane og bruke dei på same måte som Joy Cons til Nintendo Switch.

Eg syns kontrollarane er vanskelegare å vere like presis med då, og du må sitte veldig nærme konsollen sjølv om du ikkje treng halde han. Det gjeld spesielt den dedikerte FPS-modusen til kontrollarane, men det gir i alle fall noko heilt anna enn konkurrentane.

Den store skjermen gjer òg Legion Go enklare å bruke som ein «vanleg» datamaskin enn dei to andre.

Likevel er det mykje eg ikkje likar. Konsollen er tyngre enn dei andre, og kvilar ikkje like godt i handflata. Det går utover ergonomien.

Batterilevetida er omtrent like dårleg som Rog Ally, og konsollen lagar meir støy.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Brukaropplevinga er òg den minst intuitive. Her må du gjere ganske mykje før ting fungerer som du vil.

I første runde av målingar var Rog Ally klart kraftigare enn Legion Go i alle spela me testa, for eg hadde ikkje fått med meg at straummodusane til denne ikkje gir deg 30 watt. Det må du skreddarsy sjølv.

Når du får han opp i 30 watt, klatrar ytinga betydeleg. Samtidig jafsar konsollen i seg batteriet, og konsollen blir så varm at han klokkar ned prosessorhastigheita og skjermen er vond å ta på. Då må du fyre opp vifta på maks.

I praksis må du legge deg rundt 25 watt for å unngå dei verste ulempene, viss du skal ha best mogleg yting.

Lenovo har openbert prøvd å gå sin eigen veg her, og det set eg pris på. Dei brøyter opp løypene for fleire. Konsollen er framleis ikkje verd 8–9000 kroner, men det er eit godt alternativ til Rog Ally.

Kva du bør velje, handlar mest om kva styrke som er mest attraktiv for deg.

6.5
/10
Lenovo Legion Go
Stort potensial, men upolert.
Kraftig maskinvare
Stor og flott 1600p-skjerm i 16:10-forhold
144 hertz-panel
Den beste handkonsollen til skrivebordsoppgåver
Kontrollarane kan brukast trådlaust
FPS-modusen fungerer overraskande godt
Lett å utvide lagring
Dyr
Ein del surr med oppsett
Fleire tekniske problem enn konkurrentane
Elendig batteri
Maskinvaren lever sjeldan opp til 1600p 144 hertz-skjermen
Høg temperatur og masse viftesus på 30 watt
Dyrare enn Ally
Stor og tung

Yting

Vanlegvis testar me mellom ti og 15 spel i testar av skjermkort og prosessorar. Her køyrer me færre testar.

Dei ulike straummodusane gjer målingane svært tidkrevjande, noko som blir komplisert endå meir av at konsollane køyrer ulike oppløysingar.

Det er ein del å sette seg inn. Du kan tyne meir batteri ut av konsollane ved å dempe lysstyrken og slå biletefrekvensen ned, men me har køyrt desse på maks under målingane.

Asus Rog Ally og Lenovo Legion Go har begge tre ulike modusar for straum. Ein for batterisparing, ein midt i mellom og ein for yting.

For Ally drar desse høvesvis 10, 15 og 25 watt. Konsollen brukar 30 watt plugga i veggen.

Legion Go brukar 8, 15 og 20 watt. Du får opp til 30 watt med skreddarsydde straummodusar, og får litt ekstra yting med å sette konsollen på lading igjen.

Her er gjennomsnittet av målingane våre:

Lenovo Legion Go er så vidt kjappare enn Asus Rog Ally på 30 watt med ladaren plugga i. Ally er noko kraftigare på dei lågare innstillingane, men det er ikkje mogleg å samanlikne heilt, då Lenovo sin energieffektivitetsmodus køyrer på 8 watt i staden for 10.

Valve gjer litt si eiga greie:

Generelt er det overraskande kor godt konsollane yter. Dette vil naturlegvis bli endå betre med komande generasjonar.

Konklusjon

Yting er vanlegvis den aller viktigaste faktoren i våre samletestar, men det gjeld ikkje denne gongen. Kombinasjonen av pris, yting, skjerm, støy, brukaroppleving og ergonomi er førebels ein vanskeleg balansegang for produsentane.

Ingen får til alt. Produkta er òg så forskjellige at dei er vanskelege å samanlikne direkte, for dei prøver på heilt forskjellige ting. Legion Go er den klart mest unike.

Likevel peikar Steam Deck OLED seg ut som ein favoritt. Han er ikkje verd den norske prislappen, men det er heller ikkje dei andre konsollane i testen.

Hadde eg ikkje vore spesielt interessert i denne typen konsoll, ville eg venta ein generasjon eller to med kjøp.

MSI har i utgangspunktet lova å sende oss MSI Claw, men denne dukka aldri opp. Frå det ein kan lese i internasjonale testar, trur eg ikkje den hadde klart seg så bra her.

Alle produkta i testen lid av barnesjukdomar. Eg tippar dei fleste vil bli luka vekk med tid, og då får ein langt meir for pengane.

Men du kjem ikkje til å angre om du slår til no. Eg har ikkje spelt så mykje på lenge, som etter at eg fekk bryne meg på Steam Deck OLED.

Siste fra forsiden