Samletest

Steam Deck

Denne konsollen gjer speling kjekt igjen

Valves handkonsoll briljerer. Dessverre er det éin ting som øydelegg.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Nintendo Switch har gitt handkonsollen ein renessanse, og dei to siste åra har aktørar som Valve, Asus, Lenovo, Sony, Logitech og Razer prøvd seg på sine eigne variantar.

Me har tenkt til å sjå nærmare på fleire av desse produkta. Først ut av dei PC-baserte handkonsollane på testbenken vår, er Steam Deck.

Dei siste vekene har dei to forskjellige utgåvene av handkonsollen fått køyrt seg i ein drøss med ulike spel, og i ulike scenario, som underhaldningsverktøy nummer éin i heimen.

Me har prøvd å finne ut om dei faktisk er verd dei ganske stive prislappane sine. Eller er det berre vas?

Kva er det?

Det er litt over to år sidan Valve først lanserte Steam Deck. Handkonsollen bygger på ideen om at ein skal kunne ta med seg Steam-biblioteket overalt, og har blitt svært populær.

Dei siste vekene har eg spelt gjennom Hades, eg har kikka på mens kjærasten koste seg gjennom Snusmumrikken: Melodien i Mummidalen, lært meg opp som bilmekanikar i Car Mechanic Simulator, skote terroristar i Counter-Strike og jakta monster i Elden Ring.

Det aller meste på terrassen eller i sofaen. Terskelen for å slå på datamaskinen er ikkje all verda, men det verkar endå meir freistande å berre trykke på ein knapp og kome rett inn i eit anna univers – spesielt når Steam Deck lar deg slå av og pause når som helst.

Eg er overraska over kor mykje meir eg har spelt i det siste. Steam Deck er så enkel å bruke, at eg gjerne tar han fram mens pizzaen steiker i omnen eller madammen er på butikken. Det hadde eg ikkje gidda med datamaskinen.

Minuset er at du bind deg til Steam sitt univers. Sjølv på Steam er det ikkje alle spel som støttar handkonsollen, og nokre spel fungerer betre enn andre, men med litt triksing og fiksing kan du spele på Origin, Ubisoft, Epic Games og liknande. Det er altså ingen krise.

Jamt over er dette ei gåve til spelentusiasten.

Svindyrt i Noreg

Valve har aldri offisielt lansert Steam Deck i Noreg. Nokre nettbutikkar har likevel begynt å selje importerte versjonar.

Det er to ulike variantar av Steam Deck. Den eine kom altså i 2022, og i fjor haust kom ein ny versjon med OLED-skjerm.

FOR SPESIELT INTERESSERTE: Utan offisiell lansering i Noreg, vil prisane halde seg høge framover. Det gjer dessverre Steam Deck mindre aktuell opp mot konkurrentane.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Originalen kjem med enten 64 GB lagring, ein 256 GB SSD eller ein 512 GB SSD og skjerm med mindre gjenskin.

Den rimelegaste varianten har forsvunne ut av sortimentet til Valve, men er framleis tilgjengeleg her på berget.

Steam Deck OLED kjem med enten 256 GB, 512 GB eller 1 TB SSD. Sistnemnde er den einaste med ekstra vern mot gjenskin.

Elkjøp har lånt oss dei to mellomversjonane. Alle har moglegheit for utvida lagring via SD-kort og skift av SSD.

Den billigaste modellen ligg på rundt 5700 kroner (399 dollar i USA), mens OLED-versjonen med 1 TB lagring kostar heftige 11 300 kroner her i Noreg (649 dollar i USA).

Dei norske prisane er altså ikkje heilt det store.

Svært intuitiv

Det tar ikkje mange sekunda frå du først har slått på konsollen, til du er klar til å spele.

Steam Deck køyrer Valve sitt eige operativsystem, SteamOS. Det minner meir om PlayStation eller Xbox enn det gjer Windows, og menyane er svært intuitive.

Du vil kjenne det igjen frå Big Picture på Steam. Men det er òg lagt til ein eigen skrivebordsmodus (Linux), som du kan bruke om du vil ha Windows-opplevinga.

Det er berre rundt 300 av dei om lag 1000 spela mine på Steam som er merka med «Great on Steam Deck», Valves eiga sertifiseringsordning.

Men det betyr ikkje at dei ikkje fungerer. Kanskje må du myse litt ekstra på liten tekst eller bruke eit anna kontrollaroppsett, men det er få spel du ikkje får til å spele i det heile.

Komfortabel i bruk

Konsollen ligg naturleg i handa. Ergonomien er ikkje like god som med kontrollarane til Xbox eller PlayStation, men her trur eg det kjem til å skje ein del i åra framover.

Meir konkurranse vil gi meir innovasjon.

Den første veka kjende eg smerter i begge hendene etter lange spelesesjonar, men det forsvann over tid. Eg merkar det same med PlayStation 5 sin kontrollar, så dette handlar nok mest om tilvenning.

Den første Steam Deck har fått ein del kritikk for glatte spakar, og det har dei delvis fiksa med Steam Deck OLED. Her har styrespakane blitt eit hakk breiare og fått ei lita oppheving som stoppar tommelen frå å gli.

KONTROLLAR: OLED-versjonen (høgre) har betre tilbakemelding i knappane, og har fått ein spake som hindrar at fingrane glir.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Endringa er liten, men utgjer stor forskjell når ein speler.

OLED-versjonen har òg fått meir taktil tilbakemelding i skulderknappane. Det kjenst langt meir tilfredsstillande å bruke.

Steam Deck lar deg ikkje ta av kontrollarane, slik som du kan gjere på Nintendo Switch og nye Lenovo Legion Go.

Med sine 640 gram (OLED) og 670 gram (LCD) er ikkje det noko stort problem. Eg har ikkje tenkt over vekta mens eg sit i sofaen, sjølv når eg speler ein time eller to i strekk.

VALFRIDOM: Det er enkelt å skreddarsy funksjonane til Steam Deck. Konsollen har òg innebygd gyroskop, slik at ein kan bruke det i staden for styrespaken, om ein vil.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Steam Deck har to små peikeplater på kvar side av konsollen, og takka vere berøringsskjermen fungerer det i praksis som eit nettbrett.

Det vil alltid vere potensial for forbetring så tidleg i levetida til ein ny konsolltype, men med Steam Deck OLED er det lite å sette fingeren på når det kjem til komfort og kontrollarane.

Konsollane er i sitt ess i litt eldre spel som er laga for bruk med kontrollar. Skytespel i einspelarform går fint, fleirspelar er det verre med.

Er du vand med mus og tastatur, er det neppe Counter-Strike du kjøper denne konsollen for, uansett.

Klart betre

Skjermen og batterilevetida er dei to største forskjellane mellom første og andre generasjon Steam Deck.

Valve har vore vage i kommunikasjonen rundt kor mange endringar dei faktisk har gjort mellom generasjonane, for det har skjedd meir under panseret enn ein skulle tru.

Første generasjon har ein LCD-skjerm med oppdateringsfrekvens på 60 hertz. Den er lys for å vere LCD, og har relativt presist kalibrerte fargar for ein skjerm som dette. Til prisen, syns eg det er imponerande bra.

Den nye har ein OLED-skjerm med oppdateringsfrekvens på 90 hertz. Begge har ei oppløysing på 1280x800 og storleiksforhold på 16:10, men der den gamle skjermen var sju tommar, er det nye 7,4.

For dei som er vande med ein kraftig gaming-PC, vil ikkje 800p verke spesielt imponerande, men LCD-skjermen har altså 216 piksel per tomme. Ein 27-tommar 1440p-skjerm har 108.

BETRE PÅ ALLE MÅTAR: OLED-skjermen er lysare, har betre fargar og er kjappare. Det er dessverre vanskeleg å vise forskjellen på eit fotografi, men OLED-versjonen er den til høgre.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Den opplevde forskjellen i kvalitet er betydeleg mellom dei to versjonane. OLED-skjermen har langt meir levande fargar, er lysare og har lågare forseinking enn det LCD har. Ikkje minst har den nye generasjonen støtte for HDR.

Skjermen klarar 1000 nits lysstryke med HDR, og 600 nits i vanleg innhald.

Kombinasjonen av lågare forseinking, saman med høgare oppdateringsfrekvens, gjer at flyten i spela på OLED-versjonen er langt betre. Spela reagerer kjappare på input, og dei opplevast jamnare.

Steam Deck OLED har derimot ikkje variabel oppdateringsfrekvens, berre når ein brukar dei med ekstern skjerm, og det kjem nok av at det er svært vanskeleg å få til, noko Linus Tech Tips drøfta i ein video om OLED-skjermar på berbare i januar.

Difor kjem òg opplevinga veldig an på ytinga i spelet du speler.

Risikoen for innbrenning er òg eit minus med OLED-skjerm. Youtubar Wulff Den demonstrerte dette for ei stund sidan. I ein video fortel han om korleis Nintendo Switch OLED fekk innbrenning etter 3500 timar, mens Steam Deck fekk det på ein 1500 timar lang test.

Testen var ikkje gjort med full lysstyrke, men viste det same biletet heile tida. Det reflekterer ikkje vanleg bruk på noko vis, så viss Steam Deck held så lenge, er det i praksis ikkje eit problem.

Varer lenger

Batterilevetida på originale Steam Deck er noko av det som har fått mest kritikk. Den første versjonen har ein batteripakke på 40 wattimar, mens OLED-versjonen har 50 wattimar.

Levetida kjem an på kor krevjande oppgåver ein set konsollen til, kor høg lysstyrke ein har og kva oppdateringsfrekvens skjermen køyrer.

Dess meir krevjande funksjonar ein har på, dess meir straum trekk konsollen frå batteriet. Naturleg nok.

Til lett mediebruk, som å sjå YouTube-videoar, kan ein skvise sju til åtte timar ut av konsollen. OLED-versjonen vil kunne gjere det same i elleve til tolv timar.

STOR OPPGRADERING: OLED-versjonen har både større batteri og større kjøleløysing enn forgjengaren. Det gir lengre spelsesjonar med klart mindre støy. Oppgraderte høgtalarar løftar dette endå eit hakk.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

OLED-versjonen brukar ofte mindre straum enn LCD-versjonen med same innstillingar.

Det varierer altså veldig, frå spel til spel, kor lenge batteriet held koken.

Eg testa konsollane opp mot kvarandre i Spider-Man: Miles Morales med maks oppdateringsfrekvens og lysstyrke, der LCD-versjonen vara i éin time og 15 minutt, mens OLED-versjonen vara i to timar og 19 minutt.

Me kjem til å gjere litt fleire slike testar i ein komande samletest av fleire handkonsollar opp mot Steam Deck, men inntrykket er at OLED-versjonen er langt meir praktisk i det daglege.

Du kan gjerne få inn to gode spelesesjonar i eit mindre krevjande spel utan å lade, men det går ikkje med LCD-versjonen.

Er det hestekrefter her, då?

Steam Deck ligg eit stykke bak konkurrentane Asus ROG Ally og Lenovo Legion Go når det gjeld maskinvare.

Valet mellom desse kjem an på kva type spel du er mest interessert i. Steam Deck gir nok ei betre brukaroppleving på andre segment enn yting, så dersom du kjem til å spele eldre titlar, er dette ein vinnar. Betre batteri og mindre støy er viktig.

Både OLED- og LCD-versjonen køyrer på ein systembrikke frå AMD, men den nye utgåva har ein produksjonsprosess på 6 nanometer. Den første køyrer på 7.

Den nye utgåva har òg fått meir minne og bandbreidde. LPDDR5-minnets hastigheit er auka frå 5400 MT/s til 6400 MT/s.

Det resulterer i noko betre yting, og ein del lågare biletetid i mange spel. Me har benchmarka ei handfull spel her:

Du kjem ikkje til å spele nye AAA-spel med alt på ultra. Det seier seg sjølv med denne maskinvara her, men på ein mindre skjerm ser du ikkje like godt skavankane på «low» og «medium»-innstillingsnivå som på ein TV eller ein PC-skjerm.

Det er mange eldre spel som kan køyrast med 60 bilete i sekundet etter litt finjustering i menyane, og emulering fungerer strålande.

Testane våre viser det same. Cyberpunk 2077 og Forza Horizon 5 er to krevjande, men effektivt optimaliserte, spel som ser og følast fine ut på Steam Deck.

Etter kvart som oppskaleringsteknologiar som FSR blir endå betre, vil biletefrekvensen auke.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Eg trur ein vil sjå fleire utviklarar optimalisere meir for denne typen konsoll framover. Konsollane frå PlayStation, Nintendo og Xbox har alltid hatt eit stort fortrinn mot PC, då det berre er nokre få maskinvarekonfigurasjonar å optimalisere for.

Det finst millionar av ulike kombinasjonar av maskinvare i ein PC, som gjer spelutviklarane sin jobb mykje vanskelegare. Handkonsollar har noko av den same fordelen som vanlege konsollar, og det gjeld særskild Steam Deck, som peikar seg ut som ein kundefavoritt.

Tilbake til pris

Det er alltid keisamt å snakke om pengar, men pris er ofte den aller viktigaste faktoren med maskinvare.

Og dei norske prisane på Steam Deck sug. I skrivande stund kostar LCD-versjonen med 256 GB lagring 7500 kroner. Den amerikanske prislappen er 4200 kroner.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

OLED-versjonen med 512 GB lagring kostar 5800 kroner i USA. Det er ein aldeles uslåeleg pris. Eg hadde løpt til butikken og kjøpt han på flekken til den prisen, òg om det berre var snakk om ei auke på 25 prosent med meirverdiavgift.

Men her i Noreg kostar han altså 10 000. Det klarar eg ikkje heilt forsvare. På sal kan du nesten få både ein Nintendo Switch og ein PlayStation 5 eller Xbox Series X til den prisen.

Steam Deck blir rett og slett slått i hel av den heftige prisauken i norske butikkar. Det kjem sjølvsagt av at konsollen teknisk sett ikkje er lansert i Noreg.

64 GB-versjonen kostar 5700 kroner. Det er ein meir leveleg pris, sjølv om du kjøper med lagring, men til gjengjeld er OLED-versjonen ein mykje betre konsoll. Det blir nesten litt surt å bruke pengar på den utdaterte utgåva.

Konklusjon

Eg har lenge sett på handkonsollar – altså alt anna enn Nintendo Switch – som ein gimmick. Men Steam Deck er faktisk så bra, at eg speler langt meir enn før.

Det å kome heim etter ein lang dag på jobben, og berre slenge seg ned på sofaen og fyre opp Elden Ring på Steam Deck, er som å knyte ei sløyfe på kvelden.

Pulsen søkk, humøret løftar seg.

Det er mange kompromiss med produksjonen av ei eining som dette, men jamt over klarar begge versjonane å levere ei engasjerande speloppleving utan altfor mange ulemper.

Gjennom livsløpet til konsollen får du meir for pengane med ei PC-basert eining enn ein Nintendo Switch, fordi spela kostar mindre og du har tilgang til alt ein PC kan gi deg elles.

Men ikkje med norske Steam Deck-prisar. For kostnaden er det som øydelegg for desse glimrande produkta.

Eg anbefaler gjerne Steam Deck om du ikkje bryr deg om pris, men førebels ville eg venta til norske prisar kjem på eit meir leveleg nivå.

For du bør verkeleg kjøpe OLED-versjonen om du har råd.

Dagens prisnivå fordrar ein låg karakter på Steam Deck, som konsollen eigentleg ikkje fortener. I og med at konsollen ikkje er lansert i Noreg, set me difor ikkje karakter enno. OLED-versjonen hadde fort fått 9/10 med amerikansk pris.

Valve Steam Deck 256GB
Tenner lidenskapen for spel på nytt. Norske prisar øydelegg
Lett og komfortabel i bruk
Kraftig nok for dei fleste spel
Gir meir for pengane enn den nye utgåva
Fiffig dvale- og oppvakningsmodus lar deg spele i livets små pausar
Støysvak
Enkelt å utvide lagringa
Solid byggekvalitet
Alt ikkje-Steam er litt knotete
Ikkje alle spel fungerer like godt
LCD-skjermen har klart svakare fargar og lysstyrke
Ikkje like gode kontrollararar som OLED-versjonen
Relativt kort batterilevetid
Slit med krevjande spel
60 hertz skjermpanel
Meir støy enn OLED-versjonen
Valve Steam Deck Oled 512GB
Tenner lidenskapen for spel på nytt. Prisen er dessverre uforsvarleg
Lett og komfortabel i bruk
Kraftig nok for ei god oppleving i dei fleste spel
Raskt OLED-skjermpanel med nydelege fargar, høg lysstyrke, HDR-støtte og låg forseinking
Fiffig dvale- og oppvakningsmodus lar deg spele i livets små pausar
Jamt over kjappare og betre på alle måtar enn LCD-versjonen
Lang batterilevetid
Støysvak
Enkelt å utvide lagring
Solid byggekvalitet
Heftig pris i Noreg
Alt ikkje-Steam er litt knotete
Ikkje alle spel fungerer like godt
Slit med krevjande spel
Burde hatt VRR utan dokking

Siste fra forsiden