Feature

Ghost of Tsushima

Nydeleg PlayStation-spel gjer sterkt comeback på PC

Har du venta på å leike deg som ronin i Japan? Tida er inne.

Sucker Punch

Utviklar Nixxes er inne i ei skikkeleg sigersrekkje, når det gjeld å lage adaptasjonar av PlayStation-spel på PC. Denne gongen står kritikarroste Ghost of Tsushima for tur.

Spelet er strålande. Det renn inn med negative tilbakemeldingar på Steam, men det heng sjølvsagt saman med den store kontroversen rundt PlayStation Network (PSN).

PSN er utilgjengeleg i ei rekkje land, og der er det ikkje lenger mogleg å kjøpe spelet. Me skreiv først at nordmenn ikkje er ramma, men det viser seg at spelet er fjerna frå butikkane for dei som bur på Svalbard (også Jan Mayen og Bouvetøya, men dei har jo ikkje fastbuande).

Du treng så langt berre PSN-konto til fleirspelaren i Ghost of Tsushima.

Godt handverk

Me har brukt nokre timar i spelet for å teste ytinga og PC-versjonen generelt.

Innstillingsmenyen er i kjend Nixxes-stil. Dei smører ikkje på med altfor mykje grafikksnacks, men dei gir deg det du treng. Alle tastane kan gis nye eigenskapar, og menyane er navigerbare med mus.

Den største forskjellen frå PlayStation-versjonen blir kjapt tydeleg. Spelet kan tidvis følast klaustrofobisk på grunn av den låge synsvinkelen på PlayStation, noko du slepp på PC.

Synsvinkelen kan aukast med opp til 25 prosent. Eg saknar endå større synsvinkel, men det gir uansett ei heilt anna oppleving av dei flotte landskapa. Ikkje minst er det stor hjelp når du kjempar mot fleire fiendar på ein gong.

Synsvinkelen kan justerast med 25 prosent i begge vegar. Den bør du skru på maks med ein gong.

Synsvinkelen har ikkje effekt på biletefrekvensen i våre testar. Så fyr på.

Igjen er det mogleg å tvinge ultrabreie sideforhold som 21:9 og 32:9 på vanlege skjermar, slik Nixxes gjorde med Horizon Forbidden West.

Vakkert

Eg mistenker at Sony held litt igjen på PC.

Teksturarbeidet er ikkje alltid like bra, og dette er eit spel som verkeleg vil skinne med støtte for strålesporing. Det får ein ikkje her.

Kunststilen gjer likevel den reint grafiske kvaliteten mindre viktig. Det ser betydeleg betre ut på PC, for all del, men det er ikkje overlegen kantutjamning som gjer at skjermbilete-tasten går varm.

Teiknedistansen er ganske låg i PC-versjonen. Teksturane langt vekke ser ut som ei smørje.
Rause mengder kontrast og volumetrisk skodde gir mange dramatiske scenar.

Det er kanskje det dynamiske vêret som gjer mest inntrykk på meg, som saman med syklusen for dag og natt fullstendig endrar spelet frå tid til anna.

Du vandrar kanskje gjennom ein mørk skog der visne lauv susar forbi på vinden, før sola står opp og malar heile skogen i ein strålande gullfarge som lokkar fingeren på F12-tasten på flekken. Så kjem ei tjukk skodde som omfamnar deg og landskapet.

Desse skifta er fascinerande og vakre å vere vitne til. Og sjølvsagt er dei endå betre på PC.

Feilfri oppleving

Det er så langt få meldingar om feil i spelet. No skriv eg rett nok dette på lanseringsdagen, men eg har heller ikkje merka dei store irritasjonsmomenta.

I eit par filmsekvensar heng lyden etter, og i introseksjonen måtte eg laste inn spelet på nytt, fordi figuren min gjekk på ein usynleg vegg.

Anna enn dette har spelet fungert ypparleg.

PSN-kontoen er nødvendig for å spele samarbeidsmodusen Legends, så med mindre du vil innom der, treng du strengt tatt ikkje logge inn på PSN.

Høg biletefrekvens

Ytinga verkar stabil og jamt over svært god.

Eg er rundt fem timar inn i spelet med eit Nvidia RTX 4090 og ein Intel Core i9-13900k-prosessor som arbeidsverktøy, der eg har prøvd å reise innom så mykje eg kan av Tsushima, så kjapt som mogleg.

Det er nokre dropp her og der, og dei bebudde områda er mest krevjande, men sjølv der er biletefrekvensen høg.

Eit relativt moderne skjermkort i mellomklassen bør takle «High» i 1920x1080 utan problem.

Nixxes har interessant nok ikkje laga ei førehandsinnstilling for «Ultra». Det er innstillingar på nivået over «Very High», men desse må du slå på sjølv. Spesielt skuggenivå og anisotropisk filtrering er krevjande, og et biletefrekvensen.

RTX 4090 (Very High)Gjennomsnitt FPS1% minste-FPS gjennomsnitt
3840x2160 (4K)8251
2560x144011059
1920x108011363

Prosessoren er flaskehals inn i 1440p, før skjermkortet tar over den tyngste børen i 4K og høgare.

Børstar me støvet av RTX 3060, som framleis er det mest brukte skjermkortet på Steam, ser me at den gamle travaren held stand:

RTX 3060 12 GB (Very High)Gjennomsnitt FPS1% minste-FPS gjennomsnitt
3840x2160 (4K)2321
2560x14404034
1920x10805344

1080p er null problem for det tre år gamle mellomklassekortet. Med DLSS og Medium-innstillingar er også 1440p greitt.

Me har elles testa nokre ulike scenario:

RTX 4090 (4K)Gjennomsnitt FPS1% minste-FPS gjennomsnitt
Very High8251
Very High + 25 FOV8249
Alt på maks7446
Maks + DLSS10259
Maks + DLSS + «frame generation»14381

Eg har ikkje lagt merke til problem med verken flimrande teksturar eller kantutjamninga med oppskaleringsteknologien DLSS.

Du ser ein forskjell om du går over med lupe, men eg ville køyrt på med DLSS.

«Frame generation» har framleis sine kjende veikskapar, spesielt der ikon i grensesnittet kan flimre.

Teknologien fører til noko høgare systemforseinking, men det er ikkje veldig stor forskjell i Ghost of Tsushima med høg biletefrekvens. I testen over hadde maskinen i snitt 24 millisekund forseinking med DLSS i 4k, som auka til 38 millisekund med «frame generation».

Det følast ikkje så altfor gale å galloppere gjennom ei irgrøn eng i solnedgang, på ein 4K-skjerm med biletefrekvensen nærmare 150.

Konklusjon

Ghost of Tsushima - Director's Cut på PC er versjonen du vil ha. I alle fall fram til dei eventuelt pussar opp spelet for ein oppgradert PS5.

Du kan trygt kjøpe Ghost of Tsushima utan å bekymre deg for dei store feila. Nixxes har gått grundig til verks for å gi PC-folket ei god oppleving – og det får du.

Dei smellvakre landskapa får nytt liv med høgare oppløysing, biletefrekvens, sideforhold og synsvinkel, så her er det berre å sale opp hesten, pusse katanaen og gjere klar haiku-pennen.

Det er tid for eventyr.

Siste fra forsiden