Test

Gigabyte RX 6950 XT Gaming OC

Latterleg stort, kraftig og dyrt

Flaggskipa er på lager og kostar mindre, men dette er verkeleg ikkje tida for å bruke store summar på skjermkort.

Mikkjell Lønning/Gamer.no
Side 1
2: Testdata i spel

Det er ikkje lenge til me får dei første offisielle detaljane om nye generasjonar med skjermkort frå AMD og Nvidia. Sannsynlegvis kjem begge produsentane til å lansere ei rekkje skjermkort utover hausten, og i mellomtida har prisnivået gått kraftig ned for dagens generasjon.

Nettbutikkane har til og med produkta på lager.

Me har endeleg fått låne AMD sitt siste flaggskip; Radeon RX 6950 XT. Mastodonten med 16 GB GDDR6-videominne leverer i snitt litt betre yting enn RTX 3090 gjer – og det til ein betydeleg lågare pris.

Testeksemplaret vårt, eit Gigabyte RX 6950 XT Gaming OC, kostar i skrivande stund 14 000 kroner. Det er 5000 kroner mindre enn 3090-varianten. 3090 Ti-versjonen har ein prislapp på nærmare 25 000.

Skjermeininga skal klare ei klokkehastigheit på 2324 MHz ut av eska, men dette klokka heilt til 2693 MHz frå start.

Det er altså mange kroner å spare viss ein absolutt vil ha eit så kraftig skjermkort her og no.

Design og spesifikasjonar

Gigabyte Radeon RX 6950 XT Gaming OC har ein absurd stor kjølar. Viss lekkasjane om neste generasjons kraftige hopp i straumkrav stemmer, så ser me sannsynlegvis fleire slike produkt. Det vil vere ei lei utvikling.

STOR: RX 6950 XT er merkbart større enn RTX 3090. Sistnemnde (under) er allereie enorm.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Eg hadde ikkje hatt sjanse i havet til å få plass til dette skjermkortet i dei vanlege PC-kabinetta eg har hatt privat.

Kjølaren sikrar at temperaturen ikkje kryp over 71 grader i snitt under tung last. Storleiken betyr altså at ein får halde temperaturane låge, gitt at ein har plass. Varmepunktet kom opp i maksimalt 90 grader.

Skjermkortet kjem med krav om ei straumforsyning på minst 850 watt, og du må bruke tre PCI Express-kontaktar med åtte pinnar for å gi det nok straum.

RX 6950 XT skal kunne bruke rundt 30 watt meir enn veslebroren 6900 XT. På det meste drog dette 390 watt frå veggen, og det er det meste eit skjermkort har gjort her hos oss så langt.

Yting

Optimalisering er det mest viktige for å avgjere korleis eit skjermkort yter i spel. Ulike utgivarar og spelutviklarar har gjerne avtalar med enten AMD eller Nvidia, og det har stor effekt på kor godt eit skjermkort yter.

Vår testbenk

  • Prosessor: Intel Core i9-12900k
  • Kjølar: Asus ROG Ryujin II 360
  • Hovudkort: Asus ROG Maximus Z690 Hero
  • Minnebrikker: Kingston Fury Beast 32 GB DDR5-5200 CL40
  • Lagring: Kingston Fury Renegade 2 TB M. 2 SSD x2
  • Straumforsyning: Asus ROG Thor 1200 watt
  • Kabinett: Cooler Master Mastercase H500P Mesh ARGB
  • Operativsystem: Windows 11 Pro

Det er synd at det skal vere slik, men dette kjem neppe til å endre seg.

Assassin's Creed-serien har lenge vore det fremste dømet på dette. Der er AMD-skjermkort jamt over milevis betre enn Nvidia sine, og det ser me igjen i Assassin's Creed Valhalla.

I 1080p har 6950 XT heile 27 prosent høgare biletefrekvens enn RTX 3090. Forskjellane er mindre tydelege i 1440p og 4K, men AMD har framleis ei solid leiing.

Blant dei andre spela i testbanken vår (sjå neste side) verkar det litt meir tilfeldig.

AMD-kortet er som oftast mest kraftig i 4K-spel der ein ikkje treng meir enn 16 GB med videominne, men RX 6950 XT har gjerne betydeleg lågare minsteverdiar i biletefrekvensen. Elles er RX 6950 XT best i fleire av testspela våre i 1440p og 4K enn det RTX 3090 er. Her kan det rett nok svinge begge vegar om me testar endå fleire spel.

TREDOBBEL: Gigabyte Radeon RX 6950 XT Gaming OC har tre straumkontaktar.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Nvidia er framleis best på strålesporing, men leiinga er ikkje like stor i spela som har god optimalisering for begge produsentane. I Metro Exodus Enhanced Edition ser me 6950 XT pustar RTX 3090 i nakken i 4K. For Shadow of the Tomb Raider er AMD best i 1440p – sjølv med strålesporing.

RX 6950 XT ville nok helst hatt ein AMD-prosessor på laget, for det er store variasjonar på korleis det klarar seg opp mot RTX 3090 på tvers av ulike oppløysingar i dei forskjellige spela.

Me har ikkje fått teste RTX 3090 Ti enno, då Nvidia ikkje sender ut testeksemplar for dei.

Konklusjon

Det er ikkje til å kome unna at RX 6950 XT leverer langt meir yting per krone enn Nvidia sine flaggskip.

Nvidia har meir å kome med på programvaresida med DLSS, Nvidia Broadcast og liknande, så det er framleis ingen klar siger den eine eller den andre vegen. Viss eg skulle investert i eit skjermkort i dag, ville eg nok sett på ytinga i dei spela eg likar best, og tatt eit val utifrå det.

Samstundes er det noko meiningslaust å snakke om pris i dag, for me veit at ein ny generasjon er rett rundt hjørnet. Dei nye skjermkorta vil sannsynlegvis gi betydeleg meir yting for pengane enn det denne generasjonen gjer.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Testen vår i dag, og både RX 6950 XT og 3090 Ti, er eigentleg berre nyttig som historisk måledata for den nye generasjonen. Slik sett er det ingen som bør kjøpe desse skjermkorta. I alle fall ikkje før me ser korleis dei nye yter og kva dei kostar.

Om du absolutt må handle noko i dag, så er RX 6950 XT eit godt val, men ingen bør kjøpe eit dyrt skjermkort nokre månadar før ein ny generasjon. Det er å kaste pengar rett ut av vindauget.

7
/10
AMD Radeon RX 6950 XT
Kraftig og god, men kjem i seinaste laget.
Fantastisk 1440p-yting
Taklar det meste i 4K
Låge temperaturar
Lite støy
Dyr
Krev mykje straum
Tung og plasskrevjande kjølar
Blir sannsynlegvis skifta ut av billigare og betre modell om få månadar
Side 1
2: Testdata i spel

Siste fra forsiden