Anmeldelse

Persona 5 Tactica

Ikkje akkurat ein opptur

Persona-serien bør kanskje halde seg til det den gjer best.

Det er lov å forvente meir når utviklarane bak dei suverene Persona-spela bestemmer seg for å lage eit taktikkspel. Taktikk har fått seg ein solid oppsving dei siste åra, og vi har fått ei rekke flotte turbaserte taktikkspel Persona-serien no ynskjer å konkurrere med. Sjå berre på Triangle Strategy, Hard West 2, og gjensyn med herlege spel som Advance Wars og Tactics Ogre.

Dette er berre nokre av spela som har dytta terskelen for kva vi forventar oppover, oppover og enda litt meir oppover dei siste åra. Skal vi leike oss med turbasert taktikk på rutenett bør det vere godt, og her kjem aldri Persona 5 Tactics heilt i mål. Spelet gjer nokre ting riktig, og tidvis får ein nokre oppturer der alt klaffar, men det er likevel frykteleg vanskeleg å verkeleg bry seg.

Det er ikkje slik at spelet er dårleg, men det har berre ein, kanskje til dels to idear, og dette aleine er alt spelet eigentleg har å gå på. Det framstår noko tomt, retningslaust, og ikkje minst meiningslaust.

Mas, mas, mas

Persona 5 Tactica er det som på enkelt vis kan kallast eit veldig nedtona Persona-spel. Det einaste det eigentleg tek vare på frå serien den er inspirert av er at det heile er turbasert, og at vi får kanskje litt i overkant mykje historie. Taktikkspel er rare dyr, og dei har ofte ein del historie, men det er sjeldan den ein verkeleg møter opp for. Som i Triangle Strategy kan det likevel vere verdt timevis med historie om historia er god nok til det.

Gamle kjenningar i ny drakt.
Øystein Furevik/Gamer.no

Persona 5 Tactica er ikkje eit slikt spel. Dette er eit spel med korte kampar du helst skal klare på få runder for å få alle premiane som ventar. Mellom desse kampane kjem langdryge, keisame samtaler der det eigentleg ikkje blir sagt noko, men ord må brukast, så tekst rullar og går over skjermen. Eg må innrømme eg sona ut mange gongar, det er så intetsigande og uinteressant alt det som blir sagt at det er vanskeleg å henge med. Ein og annan gong kom eg ufrivillig bort i knappen som spolar framover, og då eg sjekka loggen etterpå kunne eg berre konstatere at nei, eg hadde ikkje gått glipp av noko.

Seinare byrja eg å ta sjansen på å berre hoppe over samtaler, og sjokket var ikkje akkurat stort då eg innsåg at eg ikkje då heller gjekk glipp av noko. Det heile handlar om ein ganske galen dame som vil gifte seg, men ingen vil gifte seg med ho og ho fangar difor alle slik at dei blir slavane hennar. Det er ei heil greie, og omlag like spanande og dramatisk som gamle såper som Days of our Lives og Passions. Ein episode i månaden var som regel nok for å følgje med der, ei setning i timen gjer same nytte her.

Det heile krasjar på imponerande vis med ein presentesjon som strengt tatt lovar noko heilt anna. Det er spreke fargar, funky musikk, og fiendar som ser ut som om dei er kidnappa frå eit Mikke Mus-spel. Persona 5 Tactics tek opp tråden kort tid etter Persona 5, og det med ein ny visuell stil som burde få dei fleste til å tenkje at dette er Persona 5-spelet mynta på born. Så feil kan ein ta, for når ein no og då får servert litt blod og skitne tema er det på ein måte får ein til å lure på kven dette spelet eigentleg er laga for.

Kan eg få spele snart?

Før eller seinare blir det likevel dags å gjere noko nyttig, og Persona 5 Tactica sparkar i gong med nokre gode idear. Du får til dømes berre ta med deg tre figurar i kamp, og desse vil alle for det meste vere ganske like, men vil ture fram med ulike former for magi. Det er ikkje stor forskjell på ulike former magi, den gjer skade på ein eller fleire fiendar, men enkelte former for magi kan flytte fienden.

Sistnemnde er viktig for spelets eine verkeleg gode idè. Spelet har stort fokus på å stå i skjul. Gjer du eller fienden det er det ikkje berre vanskelegare å treffe, men ein får mindre skade. Står du derimot ikkje i skjul er du eit lett bytte. Eit slag eller ei kule i fleisen på ein slik stakkar vil slå den i bakken, og med det kan den aktive krigaren få ein tur til. Det er eit ganske artig system som blir løfta opp enda litt til av at denne nye turen gjev deg sjansen til å bade fiendar i eit flammehelvete.

Har du sett eit brett har du eigentleg sett dei alle.
Øystein Furevik/Gamer.no

Ved å spre dei tre krigarane dine utover dannar du ein trekant mellom dei, og alle fiendar som blir fanga i denne trekanten blir grilla. Du kan flytte fiendar ved å dytte dei eller bruke magi for å plassere dei høveleg, og det er ein del rom for god, utspekuylert krigføring her. Det viser seg veldig kjapt at det store fokuset i dette spelet er på posisjonering. Du må stå på rett stad, du må få fiendane til å stå på rette stad, og gjer du feil kan det koste deg dyrt. Ein fiende eller helt kan høvle over store delar av spelebrettet aleine om fiendane står belageleg til, ved å få ein ny tur ved kvart angrep.

Problemet er at spelet eigentleg ikkje har så mykje å by på utover dette. Grunnmekanikkane er solide nok, og det er mykje potensiale der for gode, taktiske utfordringar, men dei dukkar sjeldan opp. For det meste får du nokre enkle utfordringar med dei same fiendane om igjen i område som er så visuelt like at ein nesten blir fargeblind.

Det er for lite variasjon, og kjensla av å møte dei same utfordringane om att og om att i det uendelege set seg raskt. Det hjelp ikkje at nokre kart har ein stige her og der, eller ei og anna eksplosiv tønne, eller kanskje eit kart som må erobrast. Grunnmekanikkane er for grunne.

Persona-DNA

Persona-serien er ein avhoppar av Shin Megami Tensei-serien, og felles for desse seriane er fokuset på demonar kalt Persona. Ein Persona er ein magisk skapning som gjev deg tilgang på magiske krefter, og dei er naturlegvis med i Persona 5 Tactica òg.

Rolla deira er derimot dramatisk nedtona. Du får tildelt nye etter kvar kamp, og du kan som alltid spleise dei saman for å lage nye, men det har mykje svakare fokus enn i serien elles. Kvar helt har ein fastlåst Persona som kjem med ein type magi, men du kan ta med deg ein ekstra Persona per helt. Denne er valfri og kva magi den byr på kjem an på korleis du bygger opp dine Persona.

Det er naturlegvis ein grad av nivåbygging i spelet, og du sankar inn poeng du kan bruke for å oppgradere krigarane dine. Eg saknar litt meir variasjon mellom dei ulike heltane. For det aller meste er dei nesten heilt like, dei har berre forskjellige namn og fargar på ting. Dette er ikkje eit spel der du har krigarar med tydelege roller. Nokre er flinkare på å angripe større grupper enn andre, men utover det har det frykteleg lite å seie kven du tek med deg i kamp.

Som regel har du to val, skyte, eller bruke litt magi.
Øystein Furevik/Gamer.no

Konklusjon

Blant alle taktikkspela eg har kosa meg med dei siste åra framstår Persona 5 Tactica som det minst interessante. Det har potensiale til å bli noko meir, og tanken bak å kunne slå ned fiendar for å få nye angrep er god. Det er derimot for lite anna her. Spelet blir raskt repetitivt, og kampane byr på alt for lite variasjon.

Ved sidan av dette kjem ei diverre heilt uinteressant historie som tek alt for mykje plass. Dei prat og tyt og diskuterer og kranglar, men eg klarar ikkje la meg engasjere av noko av det. Eg ynskjer berre å kome gjennom samtale så fort som mogleg slik at eg kan kome tilbake til spelet.

Det er vel eigentleg her vi kjem til essensen av kva som er gale med spelet. Historia tek så mykje plass at den kjem i vegen for spelet. Spelet opparbeidar seg aldri ein god rytme, og i staden blir det keisamt, og når spelet blir keisamt, går spelaren lei.

Persona 5 Tactica slippes til Nintendo Switch, PlayStation 5, PlayStation 4, Xbox One, Xbox Series X/S (testa) og Windows 16. november.

6
/10
Persona 5 Tactica
Eit einsidig taktikkspel som manglar variasjon.

Siste fra forsiden