Anmeldelse

Advance Wars 1+2: Re-Boot Camp

Taktikkmoro av beste sort

Advance Wars-serien er tilbake med to tidlause klassikarar i ny drakt.

Nintendo

Det er lett å tenkje seg at Nintendos to taktikkseriar Advance Wars of Fire Emblem er to sider av same sak og eigentleg ikkje skil seg frå kvarandre i stort meir enn setting. Så feil kan ein ta. Sjølv om Fire Emblem og Advance Wars har mykje til felles, er det òg to vilt forskjellige beist, og om Advance Wars 1+2 Re-Boot Camp gjer ein ting klinkande klart, så er det at det er sørgjeleg at det har gått heile 15 år sidan førre gong Nintendo gav ut ein tittel i Advance Wars-serien.

Advance Wars-serien er i likskap med Fire Emblem ein taktikkserie. Du får kontroll over ei lang rekke ulike soldatar, og gyv laus på fiendens hær med alt du har. Om du ikkje brukar hovudet vil det raskt gå gale, og med ei vanskegrad som brått kan finne på å ta sadistiske hopp, kan ein fort ende opp med å bruke timar på eitt og same kart, før ein brått finn vegen ut og stangar hovudet i veggen ei stund i frustrasjon over kor dum ein var.

At ein held ut så lenge. At ein orkar å halde på med noko sjølv om ein bit tenna saman til ein kjenner blodsmaken i kjeften er eit testamente til kor vanvittig engasjerande desse spela er. Du veit det kan gå, og du er så nær så mange gongar at det må finnest ein veg ut. Det er kjapt, det er lett å prøve igjen, og det er frykteleg vanskeleg å la vere.

Gamle heltar i ny drakt

Kommandør Andy til unnsetning.
Nintendo

I Advance Wars 1+2: Re-Boot Camp får vi som namnet tilseier ein reboot av Advance Wars 1 og 2. Dette er dei to første spela i den japanske Wars-serien som fekk ta turen utanom dei japanske landegrensene. Det første spelet i serien, Famicom Wars, blei lansert på Nes så langt tilbake som i 1988. For dei som spelte GameBoy Advance-originalane frå tidleg 2000-tal vil det heile vere umiddelbart gjenkjenneleg. Joda, spela har fått litt ny måling og eit ansiktsløft her, samt litt oppstramming der, men spela er over det heile nøyaktig slik ein hugsar dei.

Vi får den same historia om Orange Star, Blue Moon, Green Earth og fleire kontinent som krigar om makta, og vi møter dei same kjende figurane som tek oss med ut i denne lettbeinte krigsleiken. For det er ein leik. Den nye visuelle drakta gjer dette veldig tydeleg. Soldatane ser no mest ut som platsfigurar, medan karta har ei synleg ramme som om vi snakka om eit terreng laga for krigsspel av miniatyrsorten.

Gameplayet er klassisk taktikkoppskrift, men forskjellane mellom dette og spel som Fire Emblem eller andre liknande spel er store. Der får du gjerne spele med ei rekke heltar som aktivt deltek i kamp, og kan døy permanent om du ikkje er forsiktig. Advance Wars fungerer på ein heilt annan måte. Heltane du møter her er kommandantar som overser slaget, og kan ta i bruk spesielle eigenskapar når temperaturen blir høg nok. Nokre gjer ei spesiell gruppe soldatar sterkare, medan andre kan reparere dei som treng ein skiftenøkkel.

Soldatane i seg sjølv reflekterer at dette er ei anna form for krig, og er i aller høgste grad forbruksvare. I tillegg kostar dei pengar. Via basar som finnest på dei fleste bretta kan du kjøpe nye soldatar og stridsvogner. Nokre av dei går til fots, andre sit i ulike stridsvogner som alle har sine spesialitetar. Nokre går berre til direkte angrep, andre held litt avstand, medan andre igjen ligg langt unna og skyt rakettar over lengre distansar. Vi har maskineri på land, til havs og i lufta, og det blir etter kvart eit solid arsenal ein har til disposisjon.

Har du god råd kan du berre pumpe ut stadig nye og sterkare soldatar, men kampen kan lett snu. Pengane frå du frå bygningar du tek over, og om fienden klarar å presse deg tilbake og slå kloa i desse kan det brått vere han som sit der med alle pengane. Det er ein konstant taukamp som tvingar deg til å ha fokus. Enkelte kart går likevel heilt bort frå dette, og gir deg ei låst mengde soldatar du må klare deg med heile vegen til mål.

Rett på sak

Angrepsanimasjonane er fine nok, men du kan slå dei av for ei raskare oppleving.
Nintendo

Noko av det eg likar best med Advance Wars-spela i denne pakka er korleis det slår ganske hardt fast at joda, enkelte ting var mykje betre før. Ta Fire Emblem: Engage frå tidlegare i år som samanlikning. Det er eit spel som har likt opphav som Advance Wars, men som har gått i heilt feil retning. Utviklarane har stappa det fullt av så mykje meiningslaust ræl at ein nesten må bruke meir ting på sosialt piss og ei historie ikkje verdt papiret den ein gong var skriven på, i staden for å berre la oss gjere det vi er her for; få utfordra oss med taktiske kampar.

Advance Wars 1+2: Re-Boot Camp er såre enkelt. Vi får litt historie før kvart slag, og kanskje nokre ord undervegs, men det i ei mengde som ikkje er større enn at vi forstår kva som skjer før vi får bryne oss på neste utfordring. Det er sånn det skal vere. Advance Wars-spela byr på fantastiske taktiske kampar, og eg er sjeleglad for at utviklarane bak denne utgåva ikkje har blitt freista til å utvide og ekspandere på noko som ikkje trendge det i utgangspunktet.

Dei dei har gjort er å gje spelet eit veldig fornuftig visuelt løft. Alle figurane er lette å kjenne igjen, og sjølv om dei originale illustrasjonane hadde hakket meir brodd enn desse vel runde og preglause illutsrasjonane fungerer det. Menyane er fine, alt er oversiktleg og lett å finne, men viktigast av alt så er kampane lette å forstå. Dei ulike soldatane og maskinene er lette å sjå skilnad på, og alt av terreng er tydeleg. Det er ikkje direkte pent, men det er oversiktleg og først og fremst funksjonelt.

Ubåtar kan dykke ned for å skjule seg.
Nintendo

Langt meir flid er det lagt i musikken. Musikken frå originalane har blitt spelt inn på ny og det med sånn iver at eg nesten kan høyre kor moro arrangørane har hatt det. Det er futt i denne musikken, og samanlikna med originalane er det nesten litt vanskeleg å sjå føre seg eit det kunne ha vore gjort betre.

Ved sidan av dette byr spelet på modusar der du kan spele mot maskina på ei rekke ulike kart, samt mot vener over nettet, eller lokalt. Diverre er det ingen lobby for dette spelet, og skal du spele mot nokon må du ha dei på venelista di, noko som snevrar inn potensialet ein del. Dette er ganske synd, for spelet hadde fortent ein meir robust modus om ein først skal inkludere nettspeling. Eit stort minus er det likevel ikkje, alt treng ikkje spelast med andre.

Konklusjon

Advance Wars 1+2: Re-Boot Camp er ein glitrande nyversjon av to klassiske taktikkspel. Dei byr på noko heilt anna enn mange andre spel i same sjanger, og som følgje av det konstante fokuset på økonomi midt oppi krigsleikane får spelet ein stressfaktor som gjer det unikt. Lar du fienden kome for nær kan det brått bli veldig vanskeleg å få overtaket, men om du tek risikoen og sender fram ein soldat tidleg, kan slaget vere vunne.

Flak pønskar aldri på noko bra.
Nintendo

Kampane kan vere både komplekse og utfordrande, og designet på dei ulike karta er jamt over veldig gjennomtenkt, og det er mange måtar å løyse flokene på. Både Advance Wars 1 og 2 er over 20 år gamle no, og at dei framleis engasjerar så mykje viser berre kor tidlause enkelte spel kan vere.

Om du likar taktikk, eller berre er litt nysgjerrig på sjangeren er Advance Wars 1+2: Re-Boot Camp essensielt. Det er både utfordrande og engasjerande for den erfarne, men imøtekomande nok for nykomaren.

Advance Wars 1+2: Re-Boot Camp er ute til Nintendo Switch.

8
/10
Advance Wars 1+2: Re-Boot Camp
Den beste introduksjonen til taktikksjangeren du kan få.

Siste fra forsiden