Anmeldelse

Fire Emblem Engage

Skal dette vere Fire Emblem?

Det er trasig å sjå kva som har skjedd med ein så høgt elska serie.

Nintendo

Ein gong i tida betydde sjangrar noko. Du kunne ta ein kikk på eit spel, sjå kva sjangerdefinisjon det hadde, og få eit ganske OK inntrykk av kva du hadde i vente. Stod spelet til dømes lista opp som eit taktikkspel, kunne du vere rimeleg trygg på at det som kom var eit spel med mykje kamp på eit rutenett, og lite anna. Eller i alle fall noko turbasert, noko der du måtte tenke. Kamp var i alle fall hovudtemaet, og alt det andre var mindre viktig.

Etter kvart blei slike omgrep utvatna i større og større grad. Knapt eit spel kunne vere utan eit progresjonssystem av ein eller annan sort, og helst skal vi og la samlaren leike seg litt med å plukke søppel frå bakken, kanskje litt hagestell høyrer med, og berre for å vere på den sikre sida må vi ha med ein sosial komponent berre for å sikre oss at det som best fungerer for ein spelar på ein skjerm no kan nytast av fleire, over nett.

Fire Emblem starta som ein serie spel der du samla inn ein bunke krigarar som møtte kvarandre til krig på eit rutenett, og om du mista ein av dei, var han borte for godt. Fire Emblem Engage etter dagens standard er ikkje lenger eit taktikkspel. Det er meir ein kombinasjon av simulering, visuell novelle, små delar rollespel, og om du er riktig heldig, no og då litt taktikk.

Kvifor Japan, Kvifor?

Når hovudpersonen din ser ut som 17. maipynt.
Nintendo

Dette er eit særskildt japansk problem og det veks i omfang år for år. Historiene blir verre, spela meir nedtrykt med hårreisande dårleg staffasje, og det du er her for å kose deg med, er gøymt bort bak ein vegg av skit.

Ein gong i tida var Fire Emblem ein fantastisk serie med taktikkspel der du først og fremst brukte tida di på å utkjempe utfordrande taktiske kampar med ei stadig sterkare hær med soldatar. Litt historie kom mellom slaga, litt i løpet av slaga, og mykje av den historia var engasjerande nok til at den var artig å følgje med på. Ikkje så rart kanskje, all den tid utviklarane før i tida skjønte at det var best å få slike ting unna kjapt.

No er dette nesten ein baktanke. Fire Emblem Engage er eit spel som vil du skal bruke meir tid mellom slaga enn på sjølve slaga. Her er ein smakebit på det Fire Emblem byr på: Etter ein av dei varierte turbaserte kampane ynskjer spelet at du skal springe rundt på kartet du nett kjempa på berre for å plukke opp ressursar og dyr du kan adoptere. Aller helst skal du prate med alle folka som står rundt omkring og har ingenting vettugt å bidra med.

Vel ferdig får du ta turen tilbake til basen din der eit mylder av ulike stasjonar kjempar om tida di. Snakk med den lokale maskotten som må vere med fordi dette er eit japansk spel, tren styrke ved å hamre knappar i riktig takt, et mat som kanskje er elendig om du ikkje er ein flink nok kokk, og gå gjennom eit ulideleg langt år fullt med samtaler mellom krigarane dine berre for at dei skal utvikle band seg i mellom og såleis bli meir effektive saman i kamp.

Det provoserer meg. Det provoserer meg at eg ikkje berre kan hoppe over alt dette. Eller, joda, eg kan hoppe over det, men eg veit eg går glipp av ting, og eg har gjennom eit langt liv med spel blitt skrudd slik at eg ikkje likar å gå glipp av ting. Fire Emblem Engage har derimot vore god trening i motsett kurs, og eg har i det minste konsekvent byrja å hoppe over alle venskapssamtaler fordi dei er piss keisame og eg har betre ting å bruke livet mitt på.

Kampanimasjonar viser korleis utfallet av eit angrep blir.
Nintendo

Det som ein gong var

For tida er det å tekkast alle veldig i vinden. Alle skal få, alle skal vere med, ingen ting skal vere for vanskeleg. Fire Emblem er eitt av eit knippe taktikkspel som bydde på permanent død for dei mange soldatane dine. Dette bydde (og kan framleis by) på ei ekstra utfordring i kampane. Det tvinga(r) deg til å tenkje nøye over kva du gjer, for ein feil kan vere nok til at ein eller fleire viktige brikker i spelet ditt er borte for alltid.

Det er berre det at utviklarane bak Fire Emblem Engage har lagt inn ein tidskrystall som let deg spole så langt tilbake i tid du berre vil, heilt frå første trekk i ein kamp. Og med det er heile poenget med permanent død borte, for om nokon dør handlar det om viljestyrke å la dei vere døde. Vil du la det gå forbi og spele vidare utan denne potensielt herlege krigaren, eller skal du ta den openbere utveg og spole tida tilbake og gjere eit anna trekk?

Det seier seg sjølv at dette fundamentalt snur opp ned på heile formelen. Det er ingen risiko lenger, og utan risiko, kva sit vi då igjen med?

Eit temmeleg godt kampsystem, tross alt, viser det seg. Fire Emblem Engage køyrer framleis turbaserte kampar basert på eit stein, saks, papir-prinsipp, og det fungerer like godt som det alltid har gjort. Etter fjorårets kavalkade med både nye og gamle taktikkspel framstår det kanskje litt uoppfinnsamt, men nokre gode idear finn vi.

Til kampen tar oss

Fire Emblem Engage nyttar nøyaktig same visuelle stil som alle andre anime-spel for tida.
Nintendo

Det store trekkplasteret denne gong er Engage-funksjonen. I løpet av spelets historie får du tilgang på Emblem-ringar, og med desse ringane kan du kople ein av krigarane dine til ei eller anna Fire Emblem-legende. I løpet av ein kamp kan krigarane som ber ein Emblem-ring gå inn i Engage-modus, og bli sterkare, hente inn krefter og våpen frå legendehelten ringen har kopla dei med, og såleis få tilgang på ei rekke nye krefter som kan gi krigaren ein fordel der han tidlegare var svak. Baksida er at ein då brått kan bli svak mot ein type våpen ein tidlegare var sterk mot, og ein får litt å tygge på.

Det er eit fint system som byr på mykje moro, og det kan få alt å seie i kamp, spesielt om du vel å spele på litt høgre vanskegrad enn normalen som strengt tatt knapt byr på ei skikkeleg utfordring. I tillegg byr det på ei rekke unike eigenskapar. Enkelte av desse kan brukaren av ein gitt ring lære og ta med seg vidare sjølv om ringen skulle skifte eigar.

På denne måten kan ein byggje opp og skape sterkare krigarar, og saman med oppgradering av krigarar til nye roller, samt kjøpe, sal og forbetring av våpen er det mykje rom for å styrke krigarane dine.

Diverre blir aldri desse krigarane noko særleg meir ein identitetslause figurar på ein kampskjerm. Historia i Fire Emblem Engage er noko ræl utan like, og baserer seg utelukka på gamle og slitne troper og stereotypar. Har du sett ein anime eller spelt eit japansk spel i animestil dei siste åra veit du nøyaktig kva du får, og det er til å bli tussete av.

Det er ikkje eit lekkert spel, men det fungerer.
Nintendo

Eg klarar berre ikkje enda ei historie til med dei same firkanta papirutklippa av nokre figurar som seier og gjer nøyaktig dei same hjernedaude tinga som identiske figurar har gjort mange gongar før. Det er som å reise på tur med ein gjeng ungar som leikar vaksne i ei historie skriven av tiåringar. Det er best for din del å hoppe over heile greia og gå rett i striden.

Konklusjon

Det er nok lett å sitje igjen med ei kjensle av at Fire Emblem Engage er eit skikkeleg skitspel, men det stemmer ikkje. Det er eit knakande godt spel under panseret, du må berre vasse gjennom ei sørgeleg suppe av avfall for å kome dit. Kva er poenget med å drukne eit taktisk spel i så mykje tull? Om berre historia hadde vore god kunne eg kanskje ha orka meir, men den er berre tull den òg.

Får du angrip får du sjå korleis utfallet mest sannsynleg vil bli.
Nintendo

Eg tenkjer ofte at no hadde det vore moro med ein kamp i Fire Emblem Engage, så startar eg opp, og kjem tilbake til den same møka, bit det i meg, hoppar forbi alt eg ikkje finn interessant, og går ut i krigen. Så er den over, og eg ser alt spelet no vil eg skal gjere, blir demotivert, og slår av.

Er det verkeleg sånn vi skal ha det? Kan ikkje eit taktisk spel berre få lov til å vere eit taktisk spel? Er det ikkje godt nok? Må kvart spel by på alt? Hadde Fire Emblem Engage kutta tullet hadde det glatt fått fleire poeng. Den gang ei.

Fire Emblem Engage er ute til Nintendo Switch.

6
/10
Fire Emblem Engage
Om du hoppar over alt tullet vil du finne eit skikkelig godt taktikkspel.

Siste fra forsiden