Sniktitt

Resident Evil 4 (2023)

Kan eit av tidenes beste spel bli betre?

Vi har tatt ein kikk på kva vi har i vente når denne legenda snart er tilbake.

Resident Evil 4.
Capcom

Når du får vere vitne til ein ny versjon av eit spel du spelte for nesten tjue år sidan og tenkjer at jau, dette ser no sånn omlag ut slik du hugsar det, peikar det på i alle fall ein ting; Restaureringsprosjektet held seg i alle fall tru mot originalen.

Om ein samanliknar nytt og gamalt blir sjølvsagt situasjonen ein annan. Det er lett å la minna styre, og minner kan lyge, men Resident Evil 4 då og no er neigentleg att og dag. Denne nye versjonen er som det meste frå Capcom i desse dagar bygd på den robuste RE-motoren, og det synest. Detaljrikdomen er skyhøg, og sjølv vi måtte myse litt gjennom komprimert video her og der, er det ingen tvil om at vi har eit lekkert spel i vente.

Dette er eit spel krydra med små detaljar. Frå groteske blodflekkar og krokar i eit torturkammer, til store katedralhallar der tåka ligg tjukt på bakken møter vi både variasjon og detaljrikdom kvar vi enn snur oss. Fiendar er så fulle av liv at det gjer kampane mange hakk meir intense enn før, og det er med litt skrekkblanda fryd eg ser fram til å gripe kloa i dette spelet sjølv.

Akkurat som eg hugsar det

Det vil nok ta litt tid før dei nye andleta til Leon og Ashley har heilt sett seg.
Øystein Furevik/Gamer.no

Resident Evil 4 er modernisert, men ein skulle ikkje tru det om ein berre kikar på det frå sidesynet. Spelet ser ved første augekast ut til å fungere nøyaktig slik ein hugsar det, men det er ein fundamental forskjell. Om du ikkje hugsar, eller var till stade i 2005 då Resident Evil 4 blei lansert på GameCube, er det kanskje ikkje umiddelbart tydeleg kor viktig dette spelet var.

Resident Evil 4 var spelet som tok zombieskrekkserien Resident Evil i ei heilt ny retning. Borte var dei låste kameravinklane, og borte var zombiene. I staden fekk vi ein ny fiende, og ei verd du fritt kunne vandre rundt i. Det var revolusjonerande for serien, men spelmekanikkane i Resident Evil 4 inspirerte ei lang rekke andre spel til å tenkje nytt, og fungerte blant anna som ei inspirasjonskjelde under arbeidet med Gears of War.

Det er derimot ein ørliten detalj ved spelet mange ikkje var heilt begeistra for. Sjølv om vi fekk action i tredjeperson kom det med ei lita bakside; du kunne ikkje gå og skyte samstundes. Skulle du angripe ein fiende måtte du stoppe opp og ta sikte. Dette gjorde absolutt spelet veldig intenst sidan det var lett for fiendar å nytte anledninga til å snike seg inn på deg bakfrå, men det gjorde òg spelet i mange auge utfordrande på feil vis.

I denne nye versjonen er derimot mekanikkane modernisert og du kan vandre og skyte til du er tom for ammo. Spelet vil by på ei rekke ulike kontrolloppsett, inkludert eitt som skal vere veldig likt originalen, for dei som vil ha den autentiske opplevinga.

Eit døme på moderniseringa i andre delar av spelet er korleis bruken av QTE-sekvensar er sterkt redusert. Det er framleis eitt og anna teikn til dei, men kampen mot Jack Krauser er no ein kamp der du aktivt må delta ved å blokkere og angripe med kniv, i staden for å berre trykke inn knappane som visast på skjermen.

Berre nikk og smil, så går det over.
Øystein Furevik/Gamer.no

Kne eller hovud?

Vi har fått sjå nærare på fleire delar av spelet, og med det fått eit innblikk i kva vi har i vente. Blant desse var ein seksjon der vår helt Leon S. Kennedy må farte med båt til fleire underjordiske lokasjonar for å kjempe mot monster og finne gjenstandar som sakte, men sikkert puslar saman eit større puslespel. Eit lite møte med skrivemaskina som lagarar spelet ditt tvang fram eit litt nostalgisk smil hos underteikna.

Ein litt annan type smil pressar seg fram når dei galne fiendane er tilbake både både betre, og kanskje ikkje større, men i alle fall langt meir detaljerte. Tempo ligg ikkje på mange av fiendane sin CV, men det er ikkje alltid sånt betyr noko. Desse fiendane som strengt tatt ser ut som litt ordinære menneske etter ei runde i rushtrafikken og bilistar som ikkje brukar blinklys, kanangripast på fleire måtar. Du kan skyte til dømes skyte dei i ein fot får å tvinge dei ned på kne og halde dei på avstand, skyte våpen ut av henda på dei, eller du kan ta ein spansk ein og skyte hovudet av dei. Her møter vi dog eit gamamlt og kjært risikomoment der eit tentakkelbeist av tarm og tenner veks ut av nakken og langar ut i din retning.

Det er ei utfordring som ser ut til å bli like intens no som den var då, og det kriblar litt i henda etter å få kloa i det fulle spelet. Du går fort tomt for kuler, kan byte våpen med eit tastetrykk, eller til nød kan du dra fram krigen for eit siste fatalt angrep om alt anna streikar.

Vi finn langt fleire fiendar enn desse parasittane. Gjennom ein seksjon over tak og bruer på ei borg, må Leon lose Ashley, dottera til den amerikanske presidenten, gjennom ei rekke farer. Dette er ein jobb som er lettare sagt enn gjort. Nokre fiendar angrip frå avstand med katapultar og skytevåpen, andre kjem opp i trynet ditt og gjer dagen sur.

Du kan be Ashley om å halde seg nær, eller halde avstand, og det ser ut til å bli viktig å døme etter situasjonen du er i. Om du ikkje passar på ho vil fiendane plukke ho opp og stikke av med ho, og du må brått kjempe for å befri ho, i staden for å passe på deg sjølv.

Noko var kanskje betre før

Sinnataggen blei vaksen og melde seg inn i ei sekt.
Øystein Furevik/Gamer.no

Vi har ikkje fått sjå mykje av Resident Evil 4, berre nok til å vekke appetitten, og det ser unekteleg ut som ei strålande reise tilbake i tid. Det er berre ein ting som skurrar for meg så langt, og det er skodespelet. Det er noko med desse nye stemmene som berre ikkje glir inn skikkeleg i den langt meir realsistisk visuelle presentasjonen.

Det er ikkje noko eg seier fordi eg held originalen så høgt, det byrjar å bli nokre år sidan sist eg spelte den, og eg kan ikkje påstå eg hugsar mykje av skodespelet.

Fleire av stemmene høyrest likevel ut som om dei høyrer meir heime i ein teiknefilm. Det er litt overdrive, litt for karikert. Om ein samanliknar sekvensar direkte med originalen er det samstundes lett å bli litt imponert over kor bra originalen var. Det er meir intenst, og det høyrest i større grad ut som om skodespelarane lev seg inn i karakterane og det som skjer med dei.

Eg merkar og at eg allereie er litt lei av snakkinga mellom Leon og Ashley, sjølv om dette ikkje er noko som vil vere gjeldande heile spelet. Det er ikkje mykje, men det vesle som er der framstår repetitivt nok til eg fryktar eg berre vil ynskje dei held kjeft når vi får utforske det fulle spelet.

Konklusjon

Det er mange som har venta på dette. Etter at Capcom har levert både nye Resident Evil-spel av høg kvalitet, samt flotte remakes av Resident Evil 2 og 3 var det berre eit spørsmål om tid før Resident Evil 4 stod for tur.

Eit andlete berre ei mor kan elske.
Øystein Furevik/Gamer.no

No er det berre nokre veker igjen, og det ser ut til at vi har all grunn til å glede oss. Dette er i grove trekk nøyaktig det same spelet som før, berre modernisert, og med ein visuell presentasjon som vekker denne regionen i verda til live på ein måte som verkeleg slår fast kor mange år som eigentleg har gått sidan originalen blei lansert i 2005. Det er eit spel som både ser ut til å bli nydeleg og makabert om kvarandre, og eg gler meg stort til å sjå korleis Capcom har handtert dei mange ulike seksjonane i spelet.

Skodespelet knirkar litt, men vi får håpe det er noko som går seg til. Ein ting er i alle fall sikkert. Vi kan knapt vente med å få spele Resident Evil 4, og atter ein gong ta turen til eitt av dei aller verste turistmåla i Spania.

Siste fra forsiden