Anmeldelse

High on Life

Fjorårets mest absurde spel

High on Life er ekkel, deileg og motbydeleg galskap i beste innpakning.

High on Life startar med at du spelar eit spel i spelet. Denne gong har vi med ein retroskyter som hentar sin inspirasjon frå seint 90-tal, før 3D-aksellereringa gjekk for langt i å gjere ting lekre å sjå på. Du spring rundt i høgt tempo, skyt stygge ting i eit stygt spel og lyttar til skilsmisseadvokaten din som rosar deg opp skyene, fortel kor fantastisk du er, og kor vanvittig glad han er for at han er akkurat din skilsmisseadvokat.

Han fortel deg du må drepe eksen din, og kjærasten hennar. Men det er ein heil haug med kloner av den nye typen, og ho har definitivt knulla ein, men så er dei eit hivemind så ho har teknisk sett knulla heile gjengen!

Din framtidige mentor.
Øystein Furevik/Gamer.no

Det var vel omtreng her eg skjøna at High on Life var den naturlege slutten på eit ganske spesielt år for Microsoft. Det har vore eit år utan dei store AAA-spela, men med ein solid og utruleg variert bunke med sære spel. Eg har strengt tatt elska det, for eg er for lenge sidan ferdig med å bry meg for mykje om AAA-spel. Sett og gjort det før, og alt det der.

Så når den første sekvensen i High on Life blir avslutta av at systra di kjem inn på rommet og tilbyr deg kokain framstår det strengt tatt som den mest naturlege tingen i verda.

Vi går visst opp i røyk

Du får ikkje så mykje tid til å bli kjend med systra di før romvesna landar på nabotomta. Ein gammal mann som ikkje finn seg i slikt går bort for å kjefte på dei, men endar opp i røyk, noko som får romvesna til å innsjå at menneska er eit komplett narkotisk produkt. Med det har vi det intergalaktiske G3-kartellet etablert som hovudskurk.

Sekunda går, og før vi veit ordet av det har vi ein snakkande pistol i nevane som ikkje held kjeft, og huset vårt blir sendt til ein annan planet der vi møter ein pensjonert og beinlaus bytejegar som med sine to fungerande auge fortel deg at du må ta over jobben. Med det er det meste gjort. Vi har gått frå å spele spel om å drepe eksen og den nye typen, og skal no gå laus på G3-karteller som prøvar å gjere butikk på å la romvesen frå heile galaksen ruse seg på menneske.

High on Life er ikkje som andre spel, men det er strengt tatt berre på overflata. Under panseret er dette Halo anno tidleg 2000-tal. Det er nesten som ein blåkopi, men nok tøys og tull og små triks gjer at det aldri blir noko meir ein svært triveleg referanse. Halo funkar, og det funkar bra, så når du sleng på ein jetmotor som lar deg fly, og ein lasso som lar deg gripe tak i ting eit stykke unna, har du ein temmeleg god formel.

Hald kjeft!

Pew pew.
Øystein Furevik/Gamer.no

Eg vil tippe High on Life for dei aller fleste vil vere eit elsk/hat-prosjekt. Humoren i dette spelet er spesiell, for å seie det enkelt. Eg skal ikkje påstå eg har for stor kjennskap til Rick & Morty, men det er same fyr som står bak dette, og humoren er som du kan vente.

High on Life byr på eit heilt absurd univers der dei fleste framstår noko nevrotiske og med eit behov for å seie omlag 50 ord for mange i kvar setning. Dette merkast tidleg, og dialogen er både sær, godt framført av skodespelarane, og tidvis skjønar du ikkje heilt kva som skjer.

Eg blei tidleg lei. Spesielt då ein irriterande figur som skulle vere irriterande var så irriterande at eg ikkje klarte tenke nok til å klare det strengt tatt enkle hinderet denne irriterande idioten som aldri haldt kjeft var tett beslekta med, fekk eg nok, og slo av. Altså, eg har sensitiv hørsel, hyperakusis og det som verre er. Enkelte lydar klarar eg ikkje, og ei irriterande stemme pluss musikk som i visse situasjonar mest av alt minnar om eit brutalt mishandla Casio-keyboard gjer ikkje dagen lettare.

Ting går likevel over, og spesielt etter at denne idioten var ute av vegen var det noko som løsna. Eg kan ikkje forstå at humoren i High on Life er spesielt treffande for dei over 18, men det er ein bisarr sjarm ved dette universet som vaks på meg og gjorde det etter kvart til ei så triveleg oppleving at eg var nesten lei meg då det etter i underkant av ti timar var over. Dette er ei god lengde, og den beste kjensla. Ein vil jo helst gå ut lengtande ette meir, enn mett og møk lei.

Spelet er lekkert det, på sitt litt ekle vis.
Øystein Furevik/Gamer.no

Våpenparaden

I High on Life møter vi eit lite knippe snakkande våpen. Nokre tyt øyra av deg, andre seier berre eitt og anna no og då, og ein og annan gong snakkar dei med kvarandre. Det er absolutt ein gimmick, men heldigvis kjem den ikkje i vegen for eit spel som under all staffasje og idioti faktisk byr på stor underhaldning.

Vi får ikkje mange våpen, men dei er gode, varierte, og kan oppgraderast slik at du får dytta fram dei eigenskapane du ser på som viktige. Vi startar med ein enkel pistol, og det er denne karen som fungerer som din viktigaste kommunikator. Det er han som er stemma di, kommenterer på det som skjer, og snakkar med folk rundt deg. Utover det er det i utgangspunktet snakk om ein enkel pistol, men den kan kaste ut ballar av gugge som kastar fiendane opp i lufta slik at du kan sjonglere dei med pistolkuler.

Vidare finn vi variantar av kjende og tradisjonstunge våpen. Vi får ei pumphagle, eit automatvåpen som strengt tatt er ein blåkopi av needleren frå Halo, samt eit våpen som heile tida føder nye born som kan ta over fiendar, eller tappe dei for liv.

Felles for det meste i spelet er at det avslører ein noterbar fasinasjon for gugge, kjønnsorgan og ikkje minst endetarmsopningar. Eg veit ikkje om dette er eit tema for Microsoft i år, sidan Scorn bydde på rikeleg med seksuell uhygge, men her får vi eit spel som tek det heile langt i ei anna retning. Det kan kanskje kallast avansert prompehumor, men for å vere heilt æreleg orkar eg ikkje analysere det for djupt.

Eit forbausande bra spel

Eit lite knippe våpen.
Øystein Furevik/Gamer.no

Eg har ikkje sagt alt for mykje om kva du faktisk gjer i dette spelet enno, og det er av ein god grunn. Det er frykteleg lett å snakke om alt anna enn det faktiske gameplayet. Dialogen, den visuelle stilen, musikken som går får ekstremt avslappa elektronika frå ein framtidig generasjon det eine sekundet, til galskap som borrar hol i hjernen det neste, og den heilt spesielle verda som berre gjer si eiga greie frå start til slutt.

Men dette er eit knakande godt spel. Det byr på glimrande utfordringar som løftar dette spelet til å vere minst like underhaldande som skytespel med langt større budsjett. Det er godt porsjonert og sender deg ut på oppdrag som er verken for lange eller for korte, og alltid sender deg i møte med ein kreativ og ofte spinnvill bastard som prøvar å banke deg opp i ein av spelets fleire sjefskampar.

Spelet byr på gode doser kamp der du får leike deg med dei ulike våpna, utforsking der du leiter etter skjulte skattekister som kan by på ressursar du treng for å oppgradere våpna dine, eller plattformsekvensar der du skal finne vegen vidare.

Ingenting er for utfordrande, men det er utfordrande nok til at spelet blir delt opp i fornuftige doser, og det aldri blir for mykje av ein ting. Mitt aller største ankepunkt er strengt tatt det elendige kompasset som først og fremst er elendig fordi det nesten umogleg å få auge på.

Konklusjon

Altså... Eg veit ikkje kva ord eg skal bruke. Okay?
Øystein Furevik/Gamer.no

High on Life er eit av desse spela som ingen heilt såg kome. Joda, eg hadde sett ein video, eg hadde sett bilete, og eg visste det kom. Det såg skikkeleg teit ut, og eg skal ikkje nekte for at eg lurte på om dette verkeleg var det beste Microsoft kunne bruke pengane sine på i eit år der dei sårt trengde fleire spel.

Så feil kan ein ta. High on Life sørga for at spelåret 2022 for min del blei avslutta med ein solid opptur eg sit og lurer på om eg burde starte på ny. Det skjer ikkje ofte.

Det er langt frå perfekt. Tvert imot er det skikkeleg irriterande til tider, og utviklarane trur nok humoren er langt betre enn den faktisk er. Spelet er likevel morosamt. Nokre gongar hysterisk morosamt, andre gongar berre pinleg, men saman med alle dei andre elementa spelet er konstruert av får vi ei oppleving som er heilt ulik noko anna. Joda, det er eit lett gjenkjenneleg skytespel, men det stoppar der. High on Life er ei oppleving, og om du abonnerer på Game Pass er dette det absolutt beste du kan gjere med tida di akkurat no.

High on Life er ute til Windows, Xbox One og Xbox Series X/S.

8
/10
High on Life
Eit vanvittig absurd, teit, og fascinerande spel som fortener å blir spelt.

Siste fra forsiden