Kommentar

Xbox i 2022

Det store annleisåret

Xbox mangla storspel i år, men satsa hardt på Game Pass

Audun Rodem, Gamer.no / Privat

Microsoft fyrte av 2022 med å vise musklar, slå seg på brystkassa, og ganske så høgrøysta fortelje verda at dei skulle kjøpe spelgiganten Activision Blizzard for heile 600 milliardar kroner.

Og for Microsoft sin del stoppa eigentleg året i stor grad der. 2022 har vore eit år prega av nettopp dette oppkjøpet der det har gått frå instans til instans medan det eine organet etter det andre har vurdert om dette oppkjøpet er akseptabelt. Det er det ikkje alle som meiner, minst av alt Sony som meiner det er heilt uakseptabelt at Microsoft skal stikke av med store pengekuer som Call of Duty.

Microsoft på si side hevdar det første og fremst er mobilspelgiganten King dei er ute etter, og prøvar seg med å love at både PlayStation og Nintendo skal få Call of Duty i ti år.

Microsoft vil ikkje berre ha heile kaka, dei vil ete den òg.
Microsoft

Siste stopp i føljetongen er at FTC (Federal Trade Commission) har gått til søksmål for å stoppe oppkjøpet, noko som har fått den største fagforeininga innan media og teknologi i USA – The Communication Workers of America – til å gå til motsøksmål mot FTC, sidan dei meiner oppkjøpet er bra for arbeidarane.

LES KOMMENTAR: 2022 var året PlayStation omfamna PC »

Få, men spanande spel

Game Pass har vore det store fokuset til Microsoft i 2022. Abonnementstala har kanskje stagnert noko, og sjølv om Microsoft hevdar tenesta er lønsam, har dei ikkje nådd sine interne mål. Det til tross for at nye og gamle spel stadig blir tilgjengelege på tenesta. I året som har gått har vi sett alt frå Persona-serien til Battlefield dukke opp på Game Pass, og det er tydeleg at Microsoft satsar hardt på å fri til eit breiast mogleg publikum.

Ei stadig større mengd med nye titlar kjem til Game Pass på lanseringsdagen, som til dømes A Plague Tale: Requiem og Warhammer 40.000: Darktide, og det er tydeleg at det fungerer. Sjølv utan dei store, eksklusive spela frå Microsofts eigne studio, er Xbox Series S/X den raskast seljande konsollgenerasjonen frå frå Microsoft.

I 2022 har det likevel blitt enda tydelegare at sal av konsollar ikkje er primærfokuset til Microsoft. Gjennom Game Pass lar dei alle som vil, spele via skya, om det så er på konsoll, PC eller via Game Pass-appen på mobil. I år har dei teke det heile eit steg vidare. Nye Samsung TV-ar kjem no med innebygd funksjonalitet for å støtte Game Pass, og Microsoft jobbar med ein eigen dongle du skal kunne kople til ein kvar TV for å kunne spele i skya.

Microsoft snakkar mykje om val. Å kjøpe Activision Blizzard handlar om å tilby spelarane val, i følgje dei. Det er derimot tydeleg at dette er val med ei lita skrift. Så lenge du tek vala dine innanfor Microsoft sitt økosystem kan du velje fritt når og kvar du vil spele, men om du tek turen utanfor det, er dei ikkje like rause lenger.

Kvar blir det av spela?

Starfield kjem endeleg neste år.
Bethesda

2022 har ikkje vore eit dårleg år på spelfronten om du spelar på Xbox, men det har vore eit veldig annleis år. Vi har ikkje fått dei store og påkosta spela som Sony har diska opp med, og i staden sit vi igjen med gode, tidvis fantastiske, men spesielle spel som As Dusk Falls, Scorn, Pentiment og det absurde skytespelet High on Life.

Alle er kvalitetstitlar, men i eit år der Bethesda-rollespelet Starfield og vampyrskytaren Redfall frå Arkane Studios eigentleg skulle lanserast, merkast det tydeleg at det er langt mellom storspela. Ikkje ein gong på den årlege bransjeferiringa The Game Awards fekk vi noko nytt frå Xbox, ikkje ein gong eit lite hint om kva som ventar, og tolmodet er i ferd med å rakne.

Vi veit det kjem, og vi veit mykje om kva som kjem. Microsoft har godt over 20 studio, mange med fleire team innanfor Xbox-paraplyen. Alle jobbar med noko, men det store spørsmålet er når vi får spele desse spela. Med mindre nye utsetjingar ventar, vil både Starfield og Redfall vere over oss om berre nokre månader, men kva så? Kva meir vil Xbox stille opp med i 2023?

Kvar blir det av Fable? Når får vi slå kloa i Hellblade? Kva med Obsidian-rollespelet Avowed, og kva vil skje vidare med Halo Infinite som har hatt eit trasig år i 2022. Det som skulle vere det verkeleg store spelet frå Xbox gjennom dette året fekk ein god start, men 343 Industries var alt for trege med å sende ut oppdateringar, nye ting som burde ha vore på plass tidleg – og helst ved lansering – tok månader eller nesten heile året å få på plass, og mangelen på nye kart og modusar har gått hardt ut over spelarbasen.

Ikkje heilt overraskande har det resultert i utskiftingar. Fleire prominente posisjonar har endra seg, og det heile toppa seg då studiosjef Bonnie Ross i sommar fortalde at ho ville tre av stillinga si.

Kvar går vi no?

Får vi spele Senua's Saga neste år?
Microsoft

Kanskje var det naudsynt for å få ting på stell, men dette, saman med kor stille det er rundt nesten alt av studio og produksjonar frå Xbox skapar mykje uro. Om den er berettiga er ein ting, men at den er der er eit ubestrideleg faktum Microsoft gjer uklokt i å ikkje addressere. Vi veit spelutvikling tek tid, og meir no enn på noko punkt i historia. Å vise ting for tidleg har mange, inkludert Microsoft, brent seg på før, og det er ikkje utenkjeleg dei kvir seg på å gjere det igjen.

Men det kan fungere. For nokre år sidan hadde EA lite å vise under E3-messa, men dei inviterte likevel pressa på besøk, og viste oss innblikk i produksjonen av komande spel. Dei viste glimt og ambisjonar, og gav dei som venta på til dømes Dragon Age: Inquisition noko å gle seg til.

Den kanskje største overraskinga i alt dette er at sjølv om storspela har uteblitt, og det har vore eit stille år med eksklusive spel, har likevel Microsoft selt unna så mange konsollar at Microsoft-sjef Satya Nadella i sommar fortalde at dei sel fleire konsollar no enn på same tid i nokon tidlegare Xbox-generasjon.

Xbox har lagt bak seg eit annleis år, og om vi skal sjå på kvaliteten av det dei har levert, eit av sine beste. As Dusk Falls, Scorn, Pentiment og High on Life er kanskje ikkje storproduksjonar i same klasse som det Sony har levert i år, men alle byr på førsteklasses underhaldning. Microsoft har budd på eit svært variert og spanande spelår med unike og annleis opplevingar.

Om dei kan halde fram med det og samstundes levere sine påkosta storproduksjonar vil dei vere ein svært farleg aktør i året som kjem.

Siste fra forsiden