Anmeldelse

As Dusk Falls

Når alt går til helvete

Denne reisa vil eg hugse lenge.

Xbox Game Studios

Far, mor, dotter og bestefar sit i ein bil på veg sørover for å starte eit nytt liv. Dei valde heilt feil dag, for akkurat denne dagen valde dei tre Holt-brørne å bryte seg inn i eit hus, og søke tilflukt på nøyaktig det same motellet familien på fire endar opp med å ta inn på.

Det heile utviklar seg raskt til å bli ein dramatisk, eskalerande og farleg gisselsituasjon med fleire potensielle utvegar, der ingen val nokon gong gjev deg ei god kjensle, og ingenting skjer heilt som planlagt.

Noko litt anna

Først må du flytte frå heimen din, så blir du tatt som gissel. Dårleg dag.
Xbox Game Studios

As Dusk Falls framstår eigentleg som det perfekte spelet for Game Pass. Det er eit annleis spel, og eit spel eg heilt ærleg må innrømme eg er litt usikker på om eg hadde våga å bruke pengar på om det var einaste alternativ. Det er litt for annleis, litt for uprøvd, og kanskje litt for visjonært.

Ironisk kanskje, for det er eigentleg akkurat dette spelmediumet etter mi tid gjerne mangalar. Motet til å gjere noko nytt. Men dei som spelar skal òg ha motet til å prøve noko nytt, og det blir veldig mykje lettare når ein berre kan laste ned og gi det heile ein sjanse.

As Dusk Falls startar ikkje heilt bra. Vi møter far og dotter utanfor ein bensinstasjon og må ta del i nokre litt keisame gjetteleikar mellom far og dotter, samt diverse dialogar om mellommenneskelege ting før historia kjem skikkeleg i gong. Den første timen er fylt med mange litt trege og ikkje alltid like interessante sekvensar, og det er ikkje noko spelet tener på.

Men det er verdt å kome seg forbi dei første scenene i spelet fo rå sjå kva som kjem seinare. As Dusk Falls presenterer ei moden og sterk historie som demonstrerer tydeleg korleis det å vere på feil tid til feil stad kan få fatale konsekvensar. Det at du får ta del i det heile, og må bestemme kva dei ulike personane skal gjere i møter med livets aller største kriser, gjer det ikkje lettare. Du må ta desse vala for dei, og med det stå ansvarleg for konsekvensane, og det er sjeldan i spel eg har opplevd å kjenne på den type anger som kan velle opp når ein ein får eit heilt anna resultat enn ein håpa på.

Vel di eiga historie

Dette er ein mann som såg sport og åt dessert i staden for å gjere husarbeid.
Xbox Game Studios

As Dusk Falls kan best skildrast som ein interaktiv teikneserie. Ekte skodespelarar har blitt brukt som modellar for personane i spelet og fir dei stemmer, men dei har blitt teikna over, og historia blir fortalt for det aller meste gjennom stillbilete med enkelte skiftingar i kva personar gjer, som å vandre frå rute til rute i eit teikneseriehefte.

Det er noko tregti starten. Det er uvanleg, langsamt, annleis og det tek litt tid før spelet finn rytmen. Ikkje minst tek det litt tid å bli kjend med karakterane, men når det første skjer, når ein raskt eit punkt der ein blir sugd inn av denne historia. Eg var oppriktig engasjert i kva som kom til å skje vidare, og dette gjorde mange av vala utfordrande å ta.

As Dusk Falls byr på ei uvanleg god historie som ikkje berre handlar om kva som kan gå gale når eit innbrot går skeis, gjerningspersonane må flykte frå lova, og korleis slikt kan eskalere til katastrofale proporsjonar. Det er òg eit spel som dreg frem dramatikken i liva rundt desse personane, og gjev oss innsikt i kvifor det som skjer faktisk skjer.

Det er ikkje myke i dette spelet som går av seg sjølv, du møter konstant val av ulike artar. Nokre gongar må du velje kva delar av eit rom du vil undersøke, andre gongar er det eitt av fleire svar i ei samtale, og no og då møter du eit vegkryss der kva du gjer får mykje meir å seie for den vidare historia. Nokon kan døy basert på kva val du gjer, og ei av spelets aller største styrker er at det er uforutsigbart. Du kan sjeldan gjette deg fram til kva som vil skje basert på alternativa du får velje mellom, og der du gjerne prøver å oppnå noko, skjer fort det motsette.

Mitt eine store ankepunkt rundt historia er at utviklarane til dels øydelegg si eiga historie ved åtvare spelarane om at spelet byr på innhald som kan vere støytande eller triggande. Før eitt av kapitla går dei så langt som å fortelje deg nøyaktig kva som vil skje, og du får sjansen til å velje bort ei bestemd scene. Med dette spolerte utviklarane det som kunne ha ei sterk scee, og når ein veit det kjem, mistar det tyngde.

Dette er ikkje noko eg seier som ein person naiv ovanfor dei aktuelle tema spelet handterer. Enkelte av dei har eg inngåande og personlege erfaringar med frå mitt eige liv, og eg kan ikkje fordra å bli behandla med silkehanskar på denne måten. Set ei aldersgrense, fortel at dette er eit spel for vaksne som handterer vanskelege tema, men stopp der.

Desse to karane er i ferd med å erfare at alle handlingar har konsekvensar.
Xbox Game Studios

Den store moraltesten

Eit dilemma som kan oppstå i spel som let deg gjere viktige val er at ein kan byrje å lure på kva som hadde skjedd om ein hadde gjort andre val. As Dusk Falls gjer dette om ikkje enkelt, så enklare å erfare enn mange andre spel. Etter kvart fullførte kapittel får du sjå ei tidslinje som viser alle vala dine, og kvar du kunne ha oppnådd eit anna resultat, utan å fortelje deg kva det resultate hadde blitt.

Du blir aktivt oppfordra til å spele om igjen for å sjå kva som kunne ha skjedd, og kan velje å ikkje berre starte heile spelet om att, men spesifikke kapittel. Dette er absolutt svært interessant, og fleire situasjonar blir snudd på hovudet av ulike val, men det blir likevel tydeleg at dei fleste historietrådar i dette spelet fungerer som ein ellipse. Dei har bortimot same start- og sluttpunkt, men kva som skjer på vegen kan endre seg.

Dette er forståeleg nok, og alt som skjer på vegen kan likevel forandra opplevinga av historia sterkt. Det er likevel ikkje til å unngå at eg fekk ei kjensle av at det ikkje alltid har noko å seie kva ein vel, for du vil uansett ende opp på same stad.

Dette gjer at spelet kan miste litt av brodden når ein spelar om igjen for å sjå dei ulike utfallar, og spesielt trått blir det når ein må gå gjennom heile kapittelet for å kanskje berre sjå ei endring på slutten. Det hadde vore fint om ein kunne spole forbi ting ein har sett før, så ein ikkje må sjå alt like mange gongar som ein vil utforske historia.

Ei sosial historie

Sjølv om det er ingen levande bilete i spelet, gjer skodespelarane ein glitrande jobb.
Xbox Game Studios

For eit spel som utelukkande fortel ei historie om personar vi ikkje tek direkte kontroll over, er det kanskje litt pussig at ein fleirspelarmodus får stort fokus. Du kan sjølvsagt spele As Dusk Falls aleine, og det er det eg i alle hovudsak har gjort, men om du vil kan opp til åtte personar ta del i spelet samstundes.

Med kontroller, mus og tastatur, eller ein mobilapp kan fleire spelarar få delta i å gjere dei mange vala spelet byr på, lokalt, via nett, eller via ein kombinasjon av begge. I fleirspelarmodusen må alle deltakarane velje kva dei vil skal skje, og når tida går ut for å velje, vil det valet som har fått flest stemmer tre i kraft.

Det er ein interessant tanke som eg absolutt er med på, og det gjev ei litt god kjensle av å vere saman om å oppleve noko, men det er fleire utfordringar som gjer at eg tvilar på mange vil oppleve spelet på denne måten.

Å samle åtte spelarar for å delta i eit eksperimentelt spel som dette er ein ting, men alle skal synest det er engasjerande nok til å bli med heile vegen, og mi erfaring med dett fekk meg raskt til å droppe heile greia til fordel for å spele aleine. Det er uansett positivt av utviklarane å inkludere dette, for eg vil tru at ein i rett selskap kan ha minneverdige opplevingar med dette spelet.

Konklusjon

Xbox Game Studios

Eg er glad As Dusk Falls finnest, og eg er glad nokon tør å ta sjansen på slike utradisjonellet prosjekt. Det er ei sterk historie om kor tragisk livet kan bli når alt går skeis. Ikkje minst er det ei historie som sit ved meg. Eg har runda det to gongar, men likevel er eg freista til å gå tilbake for å sjå kva som kunne skjedd om eg hadde gjort noko annleis. Det til trass for at fleire av sekvensane i spelet er litt keisame å sjå om att.

Spelet er ikkje perfekt, men det held deg engasjert og når ein først er skikkeleg inne i det er det veldig vanskeleg å leggje frå seg. Eg synest det heile dreg litt ut mot slutten, og avslutninga på det heile er på ingen måte spelets sterkaste punkt. As Dusk Falls er absolutt eit spel som lev opp til mantraet om at det ikkje er målet, men reisa som gjeld. Denne reisa vil eg hugse lenge.

As Dusk Falls kjem til Windows, Xbox One og Xbox Series X/S 19. juli.

8
/10
As Dusk Falls
Ei minneverdig og sterk historie.

Siste fra forsiden