Feature

Spel i juli 2022

Desse spela gler vi oss til i juli

Vi har eit mylder av kreative og bisarre spel i vente denne månaden.

Det er sol, det er sommar og det er ein uvanleg travel månad i vente. Sommar er som regel speltørke, men ikkje denne gong. Eit drøss med det som må vere lov å kalle mindre kjende titlar er på veg, men mykje av det er svært spanande.

Bak oss ligg ein heilt grei månad. Vi var ikkje heilt med på det Sega leverte i Sonic Origins, men kosa oss med slasher-moro i The Quarry, storkosa oss med Teenage Mutant Ninja Turtles: Shredder's Revenge, og banka hovudet i veggen av desperasjon medan vi spelte Sniper Elite 5.

Med det sagt, er det igjen på tide å sjå framover.

Loopmancer

Plattform: Windows
Ute: 14. juli

Stilig blir det i alle fall.
eBrain Studio

Ein privatetterforskar blir drept medan han prøvar å finne ein forsvunnen journalist. Umiddelbart etter dødsfallet vaknar han i senga si, og må starte dagen på ny sjølv om han hugsar alt som skjedde. Eit velkjent konsept kanskje, men ikkje eit vi ser for ofte i spelverda.

Loopmancer er eit sideskrollande roguelite-actionspel der hovudpersonen blir sterkare etter kvart dødsfall. Alt du har lært tar du med deg, og både hovudpersonen og våpna han brukar kan oppgraderast permanent for å gjere den neste tidsløkka lettare å handtere. Spelet er sett til ein futuristisk by inspirert av austlege land, og ser ut til å kunne by på ein ørliten fest for auga.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Loopmancer

Stray

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Windows
Ute: 19. juli

Beistet er vel på veg for å markere noko.
Anapurna Interactive

Folk elskar kattar. Eg elskar kattar, hadde fire på eit tidspunkt, utan at eg kan fatte og begripe kvifor. Dei pissar utanfor kassa, masar om å få mat medan skåla er full, og er jamt over ein gjeng med ufordragelege primadonnaer som får lov til å vere dritsekkar berre fordi dei er søte små på utsida (sei det til ein surmaga maine coon som klatrar på, og riv ned feil ting).

I Stray skal vi no hjernevaskast til å bli enda gladare i desse motbydelege kreka. Her tek du på deg rolla som ein katt i ein framtidsby, og over tid får du deg ein robotven som hjelper deg på di ferd for å løyse snodige oppgåver og ikkje miste for mange av dine ni liv. Utviklarane har tydelegvis skjønt katt, for blant trekkplastra skryt dei av å snike, vere tullete, og av og til så irriterande som mogleg. Jaudå.

Les også
Xenoblade Chronicles 3 skal koble sammen verdenene fra de forrige spillene

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Stray

As Dusk Falls

Plattform: Xbox One, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 19. juli

As Dusk Falls byr på ei dramatisk historie utanom normalen.
Xbox Game Studios

Det heile startar i 1998 med eit ran som går gale, og med dette startskotet får du ta styringa over kva som skjer med to familiar over fleire tiår. Gjennom spelet må du ta ei rekke dramatiske val som kan få store konsekvensar, og utviklarane legg opp til at spelet skal kunne spelast om att mange gongar for å få ut alle nyansar. I tillegg byr spelet på ein samarbeidsmodus for opp til åtte spelarar der alle skal kunne vere med på å bestemme kva som skjer vidare.

Dette noko spesielle utgangspunktet blir støtta av ein ganske unik visuell stil der utviklarane har brukt skodespelarar for å spele inn scenene, men har deretter rendra dei i ein målerisk stil for å få det heile til å sjå ut som ei levande grafisk novelle.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på As Dusk Falls

Live A Live

Plattform: Nintendo Switch
Ute: 22. juli

Ein gammal kultklassikar kjem endeleg til Europa.
Nintendo

Live A Live er eit av dei gamle Squaresoft-rollespela som aldri kom seg ut av Japan. Med mindre du spelte på emulator med oversetjing laga av eldsjelder, gjekk mest sannsynleg dette spelet deg hus forbi. No, mange år seinare har Super Nintendo-spelet derimot fått seg ei solid overhalding med den same grafiske 2D-HD-stilen Aquare Enix først introduserte med Octopath Traveler.

I Live a Live møter vi åtte ulike personar som alle har si eiga historie. Kvar historie byr på unikt gameplay, sjølv om mykje òg vil vere likt. Denne nyversjonen får ei rekke forbetringar over originalversjonen, og er modernisert for dagens publikum. Dette spelet var òg Kingdom Hearts-komponist Yoko Shimomura sin første jobb hos Squaresoft, og ho er tilbake for å oversjå musikken i denne verjsonen òg.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Live A Live

Xenoblade Chronicles 3

Plattform: Nintendo Switch
Ute: 29. juli

Enda eit storslagent eventyr frå Monolith.
Nintendo

Nintendos store rollespelserie er endeleg tilbake med eit nytt innslag. Igjen reiser vi til ei verd bygd på kroppane til massive og eldgamle beist, men historia vil som vanleg for serien vere heilt sjølvstendig. Denne gong møter vi ei gruppe på seks krigarar frå motståande sider av ei konflikt, som saman endar opp som flyktningar.

Gruppa vil leggje ut på eit langt og omfattande eventyr i ei stor verd der du skal kunne utforske alt du ser i horisonten. Kampsystemet vil la deg ha med alle hovudpersonane på ein gong, noko som burde kome som eit sukk av glede for alle som synest det er litt kjipt å velje bort krigarar heile tida. Spelet byggjer vidare på kampsystemet i dei føregåande spela, med nokre endringar for å gjere ting hakket meir storslagent.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Xenoblade Chronicles 3

La det regne

Kanskje på tide med ein sommarvask.
Square Enix Collective

Det er ikkje så ofte eg ser på lista for ein sommarmånad og tenkjer «uffdå», men det måtte eg gjere denne gongen. Juli anno 2022 blir uvanleg travel, og det er vel berre å hoppe i det.

Månaden startar med raske briller, bilar og F1 22, deretter hastar den seg vidare til actionskytespelet Arcadegeddon. Namnet burde vere talande. Etter det blir det litt Tennis i Matchpoint for dei som synest det enten blir for varmt eller kaldt å gjere det utandørs i desse volatile tider.

Varme seg kan ein uansett gjere med eit velkoment gjensyn med den gamle plattformhelten Klonoa, som returnerer i oppussingsprosjektet Klonoa Phantasy Reveri Series. Vi held oss i Japan der Yurukill: The Calmunation Games kombinerer gåter med kulehelvete til noko som mest sannsynleg berre kunne ha kome frå Japan. Det same må vel kunne seiast om eventyrspelet AI: The Somnium Files - Nirvana Initiative. Det heile toppar seg med det visuelt intense actionspelet Azure Striker Gunvolt 3.

Endling blir om ikkje anna stemningsfullt.
HandyGames

Madison er noko heilt anna, for dette er eit horrorspel der du må ta bileter og løyse gåter for å overleve. Nørkt og nifst blir det òg når Dreadout 2 kjem til konsoll.

For noko langt meir koseleg kan det kanskje vere ein idè å kike på Bear and Breakfast, eit avslappa spel der du i rolla som ein bjørn skal drive din eigen bnb. Meir ro og mak skal det bli i Time on Frog Island, der du får leike deg i ei sandkasse på ei øy full av snille froskar.

Litt meir action blir det i Krut: The Mythic Wings som baserer seg på ein thailandsk film frå 2018 om Garuda-krigaren Krut. Frå eitt sideskrollande spel passar det godt å sjekke ut eit anna; Endling - Extinction is Forever der vi skal spele den siste reven på jorda, samt ungane dine, sjølv om noko streikar med logikken i den setninga. I Eyes in the Dark følgjer vi derimot Victoria Bloom i eit plattformspel i svart og kvitt.

Over til noko heilt anna. I Hell Pie skal du spele demonen over dårleg smak for å samle dårlege ingrediensar til Satans bursdagskake. Bør bli moro, og om ikkje kan du heller vaske den sure smaken ut av kjeften din med PowerWash Simulator som omsider er ute av Early Access denne månaden.

Vi avsluttar med to veldig forskjellige eventyrspel. I det første, Immortality, får vi ei ny historie frå skaparen av Her Story og Telling Lies om ei skodespelarinne som har forsvunne. I Wayward Strand tek du ein handteikna tur til eit flygande sjukehus fullt av spanande personar.

Det var alt, nyt sommaren!

Siste fra forsiden