Feature

Desse spela gler vi oss til i august

Eit digert rollespel, ein musikal, mykje magi og mange monster står på menyen denne månaden.

Sommaren er på hell, og du veit kva det betyr; spel! Uendelege kolonner med nye, freistande spel som er klare til å velte over land og strand for å gje oss alle noko å glede oss over i det komande haustmørkret.

Månaden som har gått har levert nokre temmeleg gode opplevingar, sjølv om juli sjeldan er månaden der utviklarar dyttar ut dei heilt store spela. Gåtespelet Vieffinder imponerte oss stort med sine kreative og engasjerande utfordringar, Oxenfree 2: Lost Signals innfridde forventningane, meda dykkarspelet Dave the Diver overraska stort med si engasjerande blanding av dykking og drifting av sushibar.

Den kanskje aller største overraskinga var derimot herlege Exoprimal, samarbeidsspelet der du skal jakte svermar av dinosaurar.

No er det derimot den tida igjen, framad!

Baldur's Gate III

Plattform: Windows, Mac
Ute: 3. august

Endeleg går turen til Faerûn.
Larian Studios

Endeleg! Heile 23 år har gått sidan BioWare gav ut Baldur's Gate II, og no er det endeleg tid for eit stort, nytt, saftig rollespel basert på det legendariske rollespelsystemet Dungeons & Dragons. Denne gong er det Divinity-studioet Larian som står for utviklinga. Dei lovar eit massivt spel som vil ta heile 75 til 100 timar å kome seg gjennom, og det er berre for historia. Alt av ekstra sidesprang kjem attåt. Baldur's Gate III har vore under utvikling i mange år no, og har i tillegg vore tilgjengeleg i Early Access, ein versjon vi kika på for nokre år tilbake:

«Moglegheitsrommet for rollespeling ligg på eit ekstremt avansert nivå samanlikna med mykje anna i sjangeren. Historieforteljinga er likeeins fabelaktig, på bakgrunn av eit velskrive manus, levande animasjonar og interessante kompanjongar med stort potensial.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Baldur's Gate III »

Stray Gods: The Roleplaying Musical

Platform: PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series S/X, Switch, Windows
Ute: 10. august

Rollespelmusikal, korleis i alle dagar blir dette?
Humble Games

Stray Gods er noko så uvanleg som ein spelbar musikal. Ja, du høyrde riktig. Stray Gods: The Roleplaying Musical er eit rollespel der det du gjer ikkje berre endra kva som skjer i historia, men òg kva musikk som blir spelt, og kva hovudpersonane syng. Spelet er forfatta av David Gaider, ein kar som tidlegare hadde ei leiarstilling under utviklinga av spel som Dragon Age-serien og Star Wars: Knights of the Old Republic.

Til å komponere musikken har han fått med seg anarkjende Austion Wintory, betre kjend for sitt arbeid på spel som Flow, Journey og The Banner Saga. Til å framføre songane, og samtidig ta på seg rolla som alt frå studentar til greske gudar finn vi kjende namn som Laura Bailey, Ashley Johnson og TroyBaker.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Stray Gods: The Roleplaying Musical »

Atlas Fallen

PlayStation 5, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 10. august

Tøffing klar til kamp-
Focus Entertainment

Atlas Fallen er eit adrenalinjagande actionrollespel frå studioet bak Lords of the Fallen og The Surge. Det er derimot ikkje noko Soulslike-spel Deck13 jobbar med denne gongen. No har dei henta inspirasjon frå spel som God of War og Horizon.

Spelet tek oss med til ei vakker ørkenverd der målet er å kjempe mot store fryktelege monster. For å få til dette med stil har du ein praktisk eldgammal hanske som lar deg manipulere sand. Sanden kan formast til ei rekke ulike våpen, samt brukast til å navigere det store landskapet. Spelet kan spelast aleine, eller saman med ein ven om du har lyst på litt heftig actionmoro for to.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Atlas Fallen »

Immortals of Aveum

Plattform: PlayStation 5, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 22. august

Magi burde funke minst like bra som kuler.
EA Originals

Immortals of Aveum er noko så sjeldant som eit actionspel i førsteperson som utelukkande frir til solospelaren. I dette spelet fyrer du ikkje laus med kuler og granatar, men med ulike former for trolldom skreddarsydd for å grisebanke alt av motstand. Vi tek på oss rolla som Jak, ein trollmann som blir med i ein eliteorden for å redde verda frå den visse undergang. Berre daglegdags småtteri der altså.

Spelet kjem frå ein temmeleg erfaren gjeng, med folk som har vore med på å utvikle alt frå Dead Space til spel i Call of Duty-serien. Med Immortals of Aveum satsar teamet hos Ascendant Studios på å by på eit spel som er både moro og utfordrande. Vi blir lova robuste rollespelmekanikkar, ei god historie og interessante folk for deg å møte.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Immortals of Aveum »

Armored Core VI: Fires of Rubicon

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 25. august

Her blir det heftig mekanisk action.
FromSoftware

Lenge før nokon hadde høyrt om Demon's Souls var Armored Core ein av dei mest respekterte seriane til From Software. I desse spela skal du køyre rundt i digre krigsmaskiner med det enkle formål å skyte ned andre krigsmaskiner. FromSoftware står dramatisk mykje høgre i kurs blant publikum i dag enn dei gjorde då førre spel i serien kom for ti år sidan. Vi kika nyleg på det og likte det vi såg:

«Det skal i alle fall ikkje stå på moglegheitene til å justere spelestilen etter eige ynskje, for det er enorme mengder utstyr ein kan byte ut og endre, også midt i kvart nivå. Utviklarane legg ikkje skjul på at ein enkelte gongar er nøydde til å endre framgangsmåte for å lykkast.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Armored Core VI: Fires of Rubicon »

Så mykje å velje i

Pirattaktikk i Shadow Gambit, kan det bli betre?
Mimimi

August er ein så hardpakka månad at det ikkje er mogleg å få med alt. Vi får spel i alle sjangrar, for alle aldrar, både med flunkande nye spel, og litt eldre spel på veg til nye plattformer.

Blant dei desidert mest spanande spela finn vi Shadow Gambit: The Cursed Crew, eit pirateventyr frå folka bak Desperados III.

Eit spel som blandar både gammalt og nytt er Sea of Star, eit piksellert og sjarmerande rollespel inspirert av det beste japansk spelhistorie har å by på.

Gord er den rake motsetning. I dette grimme og brutale bybyggespelet skal du ikkje berre få eit robust samfunn til å fungere, men du må forsvare innbyggjarane mot farar som lurer i mørkret, og galskapen som følgjer. Grimt kan det òg sjå ut til å bli i Blasphemous 2. I dette metroidvania-spelet får du brutale kampar mot groteske fiendar som ein av attraksjonane.

Daymare 1994: Sandcastle, eit skrekkeleg spel som prøver å skape kjensla av å vere i ein horrorfilm frå 90-talet. Medan vi er inne på temaet skrekk er det på sin plass å nemne at spelversjonen av The Texas Chainsaw Massacre er på veg til ei plattform nær deg denne månaden.

Sea of Stars lovar å by på litt lekker retromagi.
Sabotage Studio

Under the Waves blir noko ganske annleis. Her møter vi sorgtunge Stan som søker isolasjon nede i djupet, der finn han ei mystisk verd vi får vere med på å utforske.

Over til noko heilt anna. Samba De Amigo: Party Central satsar på å bringe litt liv og røre til Switch, medan Goodbye Volcano High satsar på å fortelje ei historie om tenåringsangst blant dinosaurar.

Bomb Rush Cyberfunk er eit fargerikt spel inspirert av det som må vere lov å kalle kultklassikaren Jet Set Radio. Her blir det fargerik skøyting gjennom storbyen. Treng du litt sportslege aktiviterar utan skøyter, men med hjelp, er kanskje Madden NFL 24 eit betre alternativ for deg.

Fleire spel er på veg til nye plattformer denne månaden. Zelda-inspirerte Oceanhorn 2 kjem til nytt beite, medan Vampire Survivors tek turen til Switch. Everspace 2 og luftskipspelet Black Skylands tek på si side turen frå PC til konsoll. Dead Cells kjem til PlayStation 5, kattespelet Stray kjem til Xbox.

Dette var det vi fekk plass til denne gong, god speling.

Siste fra forsiden