Anmeldelse

Dave the Diver

Eit herleg dykkareventyr

Dave the Diver er eit sjarmerande og engasjerande eventyr under havoverflata.

MINTROCKET

Om du av og til tenkjer at livet byrjar å bli litt mykje, at stresset tek over, og maset frå alle kantar blir i meste laget, då har eg gode nyhende til deg. Du treng ikkje booke ein dyr ferie til varmare strøk denne sommaren, og den dykkardrakta du har sikla på i nokre år no kan berre bli i butikken. Alt du treng er Dave the Diver, eit spel der alt handlar om å dykke langt ned i det eksotiske djupet for å hauste frå alt havet har å by på, før du på kvelden hjelper sushimeisteren Bancho med å skape verdas beste sushirestaurant.

Enkelt, eller?

Eg kunne budd her.
Øystein Furevik/Gamer.no

Det heile byrjar med at den litt avdanka dykkaren Dave tek turen til Great Blue Hole, eit magisk stykke hav ein stad nord-aust i Asia. Her blir han raskt huka inn for å skaffe fisk til sushikokken Bancho sin ny restaurant. Stort meir enn det skal ikkje til før Dave hoppar i havet og tek turen ned under bølgene. Fisk pilar til alle kantar, og i rolla med Dave må du følgje etter med harpunen din slik at Bancho har noko å servere dei komande gjestane sine.

Allereie i løpet av dei første minutta merkar du magien. Dave møter raskt eit knippe folk som alle snakkar på ein mumlande måte som berre er tull, men likevel gjer det veldig lett å høyre kva språk dei snakkar. Han får ein haug med oppgåver og ansvar på kort tid og før han eller vi veit ordet av det er eventyret i gong.

Dave the Diver byr på ein av dei mest smittsame runddansane eg har sett og erfart i eit spel på lang tid. Du hoppar i havet, fiskar, fyller ryggsekken, oppgraderer ryggsekken, oppgraderer drakta så du kan dykke lengre ned, oppgraderer oksygentanken så du kan puste lengre, oppgraderer harpunen så du kan ta større dyr, og så bortetter.

Det er konstant progresjon i dette spelet, og det er noko av det som gjer det så vankeleg å legge spelet frå seg. På dagen dykkar du stadig lengre ned i havet, og på kvelden tener du pengar ved å servere det du har skaffa. Neste dag oppgraderer du utstyret ditt med pengane du har tent i løpet av den hektiske opningstida.

Resultatet er eit spel som tek deg stadig lengre og lengre ned i det fascinerande djupet, og eksponerar deg for nye ting å sjå, nye utfordringar, og nye farer. Arbeidsoppgåvene er mange og varierte og det sørgjer for at spelet konstant byr på noko nytt.

Best å finne litt luft, kjapt.
Øystein Furevik/Gamer.no

Dagens gjeremål

Ein dag vil kanskje nokon at du skal ta bilete av ei diger skjelpadde, ein annan må du skaffe nokre veldig spesifikke ingrediensar til ein særs kresen gjest, medan du atter ein annan dag må leite etter spor etter ein tapt sivilisasjon og kanskje kjempe mot ein diger blekksprut. Det er mykje å gjere, og så lenge du klarar å finne kjelder til oksygen kan du strengt tatt halde deg nede i djupet så lenge du vil.

Det heile fungerer som eit sideskrollande spel som tar alle dei beste elementa frå Feeding Frenzy, Metroidvania og undervannsniåva på klassiske plattformspel, og blandar dei til ei herleg pakke. Du symjer i både opne landskap og trange grotter der du må finne vegen ut og kanskje redde skinnet frå ein sint hai eller to. På kveldstid blir det eit heilt anna spel. Framleis sideskrollande, men no skal mat både lagast og serverast.

Via mobilen kan du sjekke om restauranten er populær.
Øystein Furevik/Gamer.no

I denne delen av spelet tek du først og fremst på deg rolla som sjefen som gjer alt klart. Du får springe rundt og servere og fylle i glas, men du gjer klokt i å kjapt hyre inn folk som er både raskare og flinkare til akkurat det. Desse folka vil enten lage eller servere mat, og du kan trene dei opp til å bli enda flinkare i jobben sin, noko som blir naudsynt når stadig fleire kundar kjem innom og utolmodig ventar på å få det dei har bestilt.

I tillegg til det skal ein meny skruast saman kvar einaste dag, og det er her syslane dine tidlegare på dagen blir viktige. Nye oppskrifter kan forskast fram, men jamt over er det lurt å tenkje over kva du fiskar. Både kvalitet og type har mykje å seie for kva du kan servere.

Arbeidsnarkomanen

Som du sikkert har skjønt handlar Dave the Diver i korte trekk om å dykke etter fisk og å drive restaurant, men det er likevel så mykje meir enn det. Det er eit spel med ei heilt spesiell stemning. Både gjennom tematikken, den leikne og imponerande stemningsfulle grafikken, samt den heilt fantastiske musikken skapar eit univers som er både unikt, men samstundes veldig nostalgisk. Det får meg til å tenke på ei mykje enklare tid då spel ikkje var så frykteleg kompliserte. Det tek element frå gamle, gløyme spel, og pakkar det inn i ei ny og moderne pakke som likevel held kjensla av gamle spel.

Ikkje at Dave the Diver er simpelt, men det har eit enkelt mål. Det er ikkje eit spel der du må lære komplekse og vanskeleg ting, det er ganske rett fram, sjølv om det stadig pøsar på med nye ting. Alt spelet dyttar på deg er lett å forstå, og det gjer det veldig lett å bli hekta.

Spelet parodierer ein haug med kjende personar.
Øystein Furevik/Gamer.no

Ta til dømes dei mange snodige karakterane du møter på og alle historiene deira. Skeptiske folk kjem innom restauranten dei er klare for å filleriste forlet den med tårer i auga. Rare, engasjerte karakterar dukkar opp både titt og stadig med nye oppgåver dei vil Dave skal utføre. Alt er lettbeint, humoristisk og tek ikkje meir tid enn det treng.

Eg har likevel nokre ankepunkt. Desto lengre ned i djupet du kjem, desto mindre spanande blir det. Jaudå, det skjer ting her òg, men det blir mykje lengre mellom fisken, for å seie det slik. Avstandane mellom ting kan bli lange, det blir langt mellom kamskjela du kan hente oksygen frå, og det er først og fremst i desse situasjonane eg kjenner at no er eg lei, vil opp, vil ut, vil gjere noko anna.

Spesielt dårleg likar eg korleis spelet er veldig vinglete på kor mykje info du får. No og då må finne ein spesifikk stad eller ting, og nokre gongar får du ei kompasspil som hjelper deg å finne fram. Andre gongar må du nærast famle i blinde, og det finnest ikkje moro. Å leite etter nåla i høystakken i eit stadig større område der den visuelle separasjonen mellom to område ikkje er høg, medan du gradvis går tom for luft og gjerne møter store, sinte sjødyr er ikkje ei oppskrift på stor moro.

Konklusjon

På kveldstid skal restauranten drivast.
Øystein Furevik/Gamer.no

Dave the Diver har nær sagt eksplodert på Steam etter lanseringa i slutten av juni, og det er ikkje vanskeleg å forstå kvifor. Det er eit av desse spela som har den fulle pakka. Det har engasjerande mekanikkar som verkeleg får gjev deg lyst til å spele, det har ein visuell stil som verkeleg framhevar alt spelet prøvar å gjere, og det har noko av den beste og mest varierte musikken eg har høyrt på ei stund. Du veit den kjensla når noko går i gong, musikken bryjar og du berre veit du er i gong med noko spesielt? Det er den kjensla.

Utviklarane hos Mintrocket har verkeleg funne ein vinnande formel. Dave the Diver er ikkje stor kunst på nokon måte, men det er moro. Vegen mellom arbeid og løn er verken for lang eller for kort, men akkurat passe. Alt du gjer har effekt, og du ser poenget med det. Dessutan er det frykteleg triveleg å vere under havet.

Det har sine svake sider, men dei positive vegar definitivt tyngst, og Dave the Diver er absolutt eit spel verdt å få med seg.

8
/10
Dave the Diver
Eit herleg dykkareventyr fullt av sjarm og humor.

Siste fra forsiden