Anmeldelse

Bravely Default HD Remaster

Ein klassikar berga frå avgrunnen

Fantastiske Bravely Default er tilbake, om mogleg enda betre.

At det har gått over tolv år sidan Bravely Default blei lansert på Nintendo 3DS er nesten vanskeleg å fatte, men her er vi. Tolv år eldre, og med ein flunkande ny konsoll børstar Square Enix støvet av eit spel som nesten har gått i gløymeboka.

Det heile startar med ei gedigen katastrofe der landsbyen Norende blir slukt av eit enormt hol i jorda. Aleine fartar han til næraste by for hjelp, og finn ut at det er meir på ferde. Krystallane som skapar essensielle ressursar som vind og vatn er i krise, og saman med eit lite knippe snodige personar legg han ut på eit eventyr som er noko av det beste denne sjangeren har å by på.

Ei lita rollespelperle

No, tolv år seinare, er Bravely Default tilbake igjen. Dette erketradisjonelle japanske rollespelet hentar så og seie alt frå klassiske seriar som Final Fantasy og Dragon Quest, men fornyar og forenklar og gjer ufatteleg mykje riktig for å gjere spelaropplevinga betre. Om ein synest det er kjipt å hamne i kampar berre ein tek nokre steg kan ein til dømes redusere frekvensen på dei for å vandre friare. Om ein skulle hamne i ein situasjon der ting blir for vanskeleg, kan ein skru opp frekvensen for å bli sterkare raskare.

Enkelte område er meir som ein illustrasjon i ei bok enn ei scene frå eit spel.
Øystein Furevik/Gamer.no

Alt dette er vel og greitt, men om ein skal gjennom ein stor bunke kampar bør kampane vere artige, og det er på dette feltet spelet fekk aller mest skryt då det først blei lansert. Det er ikkje å overdrive å seie at dette spelet byr på eit av dei beste og smartaste kampsystema sjangeren nokon sinne har sett. Det er nesten eit makabert under at knapt nokon utanom utviklarane sjølve har latt seg inspirere av dette spelet.

Det er ein frykteleg enkel idè, men likevel veldig effektiv. Spelet namn kjem av to funksjonar i kamp: Brave og Default. Ved å bruke Brave får du ein ekstra tur, for maksimalt fire på ein gong. Ved å bruke Default går du heller i forsvarsmodus og sparar ein tur til seinare. På denne måten kan gjere alt frå å bygge seg opp og planlegge taktiske manøvrar i vanskeleg sjefskampar, til å høvle kjapt over enkle fiendar når alt ein ynskjer er å bygge seg opp kjapt.

Spelet er konstant underhaldande og dyttar deg vidare. Det byr på eit jobbsystem der du konstant får nye klassar å prøvde deg på. Kvar gong du denger ut prul til ein skruk får du ta over klassen hans, og vi kan vere alt frå tradisjonelle klassa som riddar og magikar av ulike fargar, til handelsmann som kastar pengar på fiendar, eller pirat. I tillegg kan du i praksis bruke to klassar på ein gong, så om du eigentleg er ein riddar, kan du vere magikar og, om du treng nokon til å kaste litt helsemagi no og då.

Vidare er den herlege historia òg eit stort trekkplaster. Her får vi både humor, sjarm, og alvor i like gode porsjonar. Vi møter eit særskilt godt persongalleri med fire svært ulike unge eventyrarar som må lære seg å samarbeide. Dei fartar rundt i ei verd full av minst like sterke figurar som alle bidreg med sitt for å skape noko heilt unikt. Dette er ikkje eit djupt og gravalvorleg spel som tek seg sjølv altfor alvorleg. For å samanlikne med inspirasjonskjeldene er dette meir eventyrlege Final Fantasy IX enn humørlause Final Fantasy XVI.

Alt saman er med på å skape eit spel som både er moro å spele og å følgje med på. Det er ikkje utan grunn at mange har høge tankar om spelet, og at Square Enix no vel å hente det fram for eit nytt publikum.

Grottene nyt også godt av ei visuell oppgrafdering.
Øystein Furevik/Gamer.no

Skamlaust vakkert

Bravely Default var eit nesten uforskamma sjarmerande spel då det først kom. Sjølv på vesle Nintendo 3DS var dette eit spel med ein visuell stil i ein heilt eigen klasse. Med handteikna bakgrunnar i byar, og ein kombinasjon av handteikna teksturar og tredimensjonale område elles, bygde utviklarane opp eit heilt spesielt univers som osa av stemning. Å blåse dette opp på storskjerm i 4K er ingen enkel jobb.

Heldigvis har utviklarane utført eit nydeleg stykke arbeide. Jaudå, ein kan sjå spora som avslører at dette spelet eigentleg vart laga for små skjermar, og ein kan sjå tydeleg forstørra blyantstrekar, og enkelte element som framstår nesten detaljlause sidan dei strengt tatt var det grunna storleiken.

Spørsmålet er naturlegvis korleis ein skal putte dette på ein stor skjer. Ein kan teikne det heile om att og lage eit nytt spel som kanskje mistar mykje av sjarmen originalen hadde, eller ein kan bruke det som alltid var der. Square Enix har valt det siste, og det er eg veldig glad for. Ved hjelp av moderne triks har dei løfta fram gamle 3D-modellar og presenterer dei i det som bokstavleg talt er eit nytt lys. Likevel er det framleis det same spele, med nøyaktig den same sjarmen og kosen som alltid var der.

Forskjellen er at no hoppar detaljane nesten ut av skjermen, og fargane er sterke og tydelege på ein måte Nintendo 3DS aldri var i stand til å formidle. HDR gjer uturuleg mykje for dette spelet, og enkelte område er som å stikke hovudet inn i ei fantasiverd. Det som først og fremst avslører illusjonen som skapast av at dette er eit nytt spel er enklelte 3D-modellar som med sine få polygonar er synleg henta rett frå 3DS.

Kampsystemet er turbasert, med mange gode idear.
Square Enix

Konklusjon

Det er fascinerande å sjå kva Square Enix har gjort når dei no hentar fram igjen 3DS-perla Bravely Default. Mange prosjukt i remaster-kategorien blir fiksa litt. Litt lim her og eit plaster der, men her er det knapt noko å spore, og det vitnar om kor solid og gjennomført ei oppleving dette allereie var.

Bravely Default er eit fantastisk spel, og det sluttar aldri å gi. Det berre ballar på seg meir og meir, og det er frykteleg lett å bli hekta. Timane forsvinn som dogg for sola, enten ved å bygge opp klassar, bygge opp att landsbyen Norende, eller berre farte vidare gjennom den underhaldande forteljinga som er full av sære karikaturar og sjarmfulle folk.

Med denne versjonen av spelet har Square Enix henta det fram frå avgrunnen. Spel på 3DS har det med å forsvinne. Gamle maskiner blir pakka bort, spela gløymt, for å aldri bli spelte meir. Bakoverkompatabilitet med ein slik konsoll er ikkje det enklaste i verda, og då er det ekstra gledeleg med eit gjensyn.

At utviklarane har gjort ein så flott jobb i å pusse opp dette spelet gjer det heile til ekstra stas. Dette er eit nydeleg, sjarmerande og underhaldande spel som har stelt nesten kvar einaste ledige time sidan lanseringshelga til Switch 2, og sjølv om spelet teknisk sett ikkje er nytt, er det utan tvil ein hard konkurrent for beste Switch 2-lanseringstittel.

9
/10
Bravely Default Flying Fairy HD Remaster
Ei nydeleg restaurering av eit fantastisk spel.

Siste fra forsiden