25
Teknologi presenteres av Komplett.no
Annonsøren som presenterer denne artikkelen har betalt for profilering av logoen.
Annonsøren har ingen påvirkning på innholdet. Les mer »
Samletest

AMD vs. Nvidia

Dette er dei beste skjermkorta

Me tester ni skjermkort frå AMD og Nvidia mot kvarandre.

Mikkjell Lønning/Gamer.no
1: Test og konklusjon 2: Testdata i 13 spel

I år har både Nvidia og AMD lansert nye generasjonar av skjermkort til speling.

Me har laga ein drøss med artiklar om alt trøbbelet som har vore rundt galopperande prisar, stadige tekniske problem, skåltomme lagerhyller og generell skepsis blant forbrukarane.

Dei siste månadane har prisane begynt å søkke. Mange av dei mest irriterande, tekniske problema er vekke, og situasjonen er litt meir stabil i marknaden.

Norske prisar kan gjere visse produkt både betre eller – stort sett – verre enn internasjonale testar viser, og det er dessverre få redaksjonar her på berget som brukar tid på dette.

Derfor har me no fått tak i alle dei nye skjermkorta, utan 8 GB-modellane, for ein samletest basert på prisnivået no i juli.

Kva gir mest for pengane? Er det AMD eller Nvidia som kjem sigrande ut denne generasjonen, og kva bør du faktisk kjøpe?

Me undersøker.

Eit helvete?

I denne samletesten har me køyrt ni forskjellige skjermkort gjennom testar i 13 ulike spel.

Du ser alle målingane i detalj på neste side av artikkelen.

Det er framleis mogleg å handle nokre få utgåande modellar, men no ser berre på dei nye skjermkorta.

Det er desse produkta me testar:

  • Nvidia RTX 5090 32 GB (PNY RGB OC)
  • Nvidia RTX 5080 16 GB (Asus Prime OC)
  • AMD RX 9070 XT 16 GB (Asus Prime OC)
  • Nvidia RTX 5070 Ti 16 GB (Palit GamingPro)
  • AMD RX 9070 16 GB (AsRock Steel Legend)
  • Nvidia RTX 5070 12 GB (Asus Prime OC)
  • AMD RX 9060 XT 16 GB (Gigabyte Gaming OC)
  • Nvidia RTX 5060 Ti 16 GB (PNY OC)
  • Nvidia RTX 5060 8 GB (Asus Dual OC)

Me brukar ikkje tid på versjonane av 9060 XT og 5060 Ti med 8 GB videominne. Dei er dårlege kjøp.

AMD har som kjend gitt opp å konkurrere i toppsjiktet. RTX 5090 er derfor det desidert kraftigaste skjermkortet du kan kjøpe, men AMD er konkurransedyktige opp mot alle dei andre modellane.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Generelt har ytinga auka for lite frå førre generasjon. Prisane er framleis altfor høge på alle korta i testen, og PC-marknaden er i dag eit veldig godt salsargument for ein PlayStation.

Samtidig er ikkje marknaden heilt det same helveteslandskapet som det var i vinter. Det er jo noko.

Viktige vurderingar

Du må vite kva du vil ha før du kjøper. Type spel, oppløysing, innstillingsnivå, oppdateringsfrekvens og bruk av oppskalering er alle ting du må avklare først.

Det vil diktere kva du er ute etter.

Du merkar sjeldan om du skrur ned innstillingsnivået frå «ultra» til «high» og slår på KI-oppskalering på det høgaste nivået. Slik kan skjermkortet konkurrere i ein budsjettklasse høgare.

Ha det i bakhovudet når du ser på tala våre. Me har testa alt på høgaste innstillingsnivå for å stresse skjermkortet mest mogleg, som betyr at dei kan klare langt betre med oppskalering og andre innstillingar.

Testriggen vår har behov for ein ny prosessor, men me har likevel tatt med dei kraftigaste korta i 1080p. Det fordi dei aller mest krevjande, nye spela klarar å bruke sjølv heile RTX 5090 i 1080p.

Samtidig er også alt over RTX 5070 og RX 9070 meiningslaust om du berre skal spele i 1080p – så lenge ein justerer litt på innstillingane.

Obs: Nokre av spela er testa med å bruke testverktøy frå utviklarane, og har derfor målingar på minste-FPS, ikkje 1%-minste-FPS. Me har derfor ikkje med dette i tabellen om snitt over alle spela.

AMD har tatt igjen noko av Nvidia si leiing i spel med strålesporing. Nvidia er enno betre på oppskalering, og dei er også vinnaren når ein slår på «path tracing».

AMD slit også på den tekniske sida med «path tracing», der til dømes F1 25 krasjar på alle AMD-skjermkorta. Det yt svært godt på Nvidia sine kort.

RTX 5090 er – ikkje overraskande – totalt overlegen i 4K med strålesporing.

Når me reknar ut kor mange kroner kvart bilde i sekundet i snitt kostar, har me tatt utgangspunkt i den billigaste modellen av kvar produktklasse i skrivande stund.

Generelt sett vil det vere lurt å kjøpe den billigaste kjølaren, for det er sjeldan dei store forskjellane mellom dei.

Spesielt RX 9060 XT og RTX 9070 XT peikar seg positivt ut, mens RTX 5070 Ti, 5080 og 5090 gir klart minst for pengane.

Desse prisane blei henta 6. juli. Situasjonen kan sjå annleis ut ved rabattar og salsperiodar. Og i motsett retning, om me faktisk hadde brukt den svært uheldige prisen som ligg på modellen me har av RTX 5080 no, ville reknestykket sett langt verre ut for RTX 5080.

Dette skildrar kor viktig det er å vere bevisst på prisane. Skal du kjøpe nytt skjermkort, er det ein stor fordel å smørje seg med tolmod og ha prisvarsel.

Me går raskt gjennom dei ulike skjermkorta, og synser litt meir etter me har konkludert om kvart skjermkort.

Nvidia RTX 5090

PNY RTX 5090 RGB OCdrog på det meste 602 watt frå veggen hos oss.
Mikkjell Lønning/Gamer.no
Viftestøyen er omtrent ikkjeeksisterande, og skjermkortet hadde ein makstemperatur på 73 grader ved 2986 MHz.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Flaggskipet i marknaden er stadig det einaste kortet som verkeleg taklar kombinasjonen av 4K, høg oppdateringsfrekvens og strålesporing.

Det er raskare, har meir minne og er meir framtidssikkert enn forgjengar RTX 4090, men ytinga burde ha auka langt meir, slik me skreiv i vår test i vinter.

Prisen er framleis for altfor høg til å forsvare. Men dessverre kan Nvidia setje prisen som dei vil utan konkurranse, og dette er det beste skjermkortet pengar kan kjøpe.

0
Nvidia GeForce RTX 5090
Verdens kraftigaste skjermkort. No til litt meir leveleg pris
Taklar rubbel og bit av nye spel i 4K
DLSS 4 er ein liten revolusjon
Det einaste skjermkortet som verkeleg klarar strålesporing og 4K i kombinasjon
Støysvakt
Låge temperaturar
32 GB videominne
Brukar enormt mykje straum
Forholdsmessig liten auke i yting
Tar masse plass i kabinettet
Elendig valuta for pengane

Nvidia GeForce RTX 5090

Nvidia RTX 5080

Asus RTX 5080 Prime OC brukte på det meste 364 watt. Då var kortet 76 grader varmt.
Mikkjell Lønning/Gamer.no
Asus RTX 5080 Prime OC klokka til 2902 MHz ut av eska.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

RTX 5080 seglar litt på at forgjengar RTX 4080 var saftig overprisa. Det nye kortet gir høgare yting til lågare pris, men brukar til gjengjeld langt meir straum.

Forbrukaren har grunn til å forvente at dette skal kunne matche RTX 4090 i yting. Det klarar det ikkje.

Prisen har gått ein del ned sidan lansering, men det er ikkje nok til å vaske vekk skuffinga mi over RTX 5080. Sjølv om det er eit habil 4K-kort når ein brukar oppskalering, er det ikkje kraftig nok for prislappen.

AMDs RX 9070 XT held tett følge i 1080p (ikkje at du treng dette i 1080p) og 1440p, og det til rundt 5000 kroner mindre.

Den billigaste RTX 5080-varianten ligg ute til 13.000 kroner. RX 9070 XT var førre veke nede i 8500 kroner. Du skal vere ein svært lojal Nvidia-kunde for å ikkje la den duellen gå i AMD sin favør.

0
Nvidia GeForce RTX 5080
Har prisa seg fullstendig ut av konkurransen.
Svært kraftig i alle dei populære oppløysingane
Knuser AMD på strålesporing og oppskalering
Støysvakt
Låge temperaturar
DLSS 4 er genialt
Krev meir straum enn forgjengaren
16 GB videominne til nærmare 15.000 kroner er skuffande
Tar masse plass

Nvidia GeForce RTX 5080

AMD RX 9070 XT

Asus RX 9070 XT Prime OC målte 66 grader på det meste. Det drog 287 watt frå veggen.
Mikkjell Lønning/Gamer.no
Asus RX 9070 XT Prime OC klokka til 3383 MHz utan manuell overklokking.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Til rundt 9000 kroner er dette kongen av mellomklassen.

Skjermkortet held tett følge med RTX 5080 i 1080p og 1440p, og det tangerer RTX 5070 Ti i rasteryting.

Dette er det openberre valet for den som speler mest i 1440p. Med oppskalering taklar det sjølv flettnye spel i 4K, og 16 GB med videominne bør halde i nokre år til framover.

AMD klarar ikkje heilt å ta igjen Nvidia når det gjeld oppskalering, bildegenerering og path tracing, og heller ikkje 9070 XT er rimeleg nok, men om du ikkje bryr deg om bildegenerering og strålesporing, vil dette vere eit trygt val.

Langt betre på strålesporing enn tidlegare
Oppskaleringsteknikken FSR 4 er ei enorm forbetring for AMD
Betydeleg hopp i yting frå tidlegare generasjonar
Verdimessig det beste kjøpet i mellomklassen
Framleis svakare enn Nvidia på oppskalering og strålesporing
Ligg bak Nvidia på mjukvare

AMD Radeon RX 9070 XT

Nvidia RTX 5070 Ti

Palit RTX 5070 Ti GamingPro hadde ein makstemperatur på 78 grader. Då brukte det 301 watt.
Mikkjell Lønning/Gamer.no
Kortet klokka til 2887 MHz utan overklokking.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Dette er kortet for den som eigentleg har lyst på 9070 XT, men som også faktisk brukar bildegenerering og strålesporing.

Prisen på dei rimlege kjølarane har vore nede i rundt 10.000 kroner eit par gongar, og då kan dette vere eit betre val om du vil ha den noko overlegne teknologien på programvaresida.

RTX 5070 Ti er eit kapabelt kort både i 1080p, 1440p og til dels 4K, utan at løftet i yting frå førre generasjon er stort nok.

Likevel eit greitt kjøp om du finn det på rabatt.

0
Gigabyte GeForce RTX 5070 Ti WINDFORCE OC SFF 16GB
Eit langt betre kjøp i dag enn ved lansering.
Kraftpakke for 1440p
Knuser AMD på strålesporing og oppskalering
Støysvakt
Låge temperaturar
Taklar fint 4K med oppskalering
Mindre energieffektivt enn konkurrenten
Tapar mot AMD-motparten i rasteryting
Låg auke i yting frå 4070 Ti

Gigabyte GeForce RTX 5070 Ti WINDFORCE OC SFF 16GB

Nvidia RTX 5070 og AMD RX 9070

Asus RTX 5070 Prime OC hadde ein makstemperatur på 72 grader. Det brukte 254 watt på det meste.
Mikkjell Lønning/Gamer.no
Kortet klokka til 2925 MHz ut av eska.
Mikkjell Lønning/Gamer.no
AsRock RX 9070 Steel Legend er utan tvil kjølaren som skil seg mest ut (estetisk) i testen. Men kjølinga var på det jamne. 62 grader maks, 228 watt frå veggen.
Mikkjell Lønning/Gamer.no
AsRock RX 9070 Steel Legend klokka til 3138 MHz utan overklokking.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Duellen mellom dei to 70-korta kjem veldig an på prisen i augeblikket. RTX 5070 er svakare enn RX 9070, men igjen er sterkare teknologi noko du må ta med i bildet.

RX 9070 er 8 prosent raskare i 1080p, 12 prosent raskare i 1440p og 14 prosent raskare i 4K. Til gjengjeld yter dei omtrent heilt likt med strålesporing.

Med rabatt på ein tusenlapp på den eine eller den andre, vil karakteren kunne vippe eit hakk opp eller ned.

16 GB videominne gir RX 9070 nokre år ekstra i potensiell levetid, men det kjem også an på korleis du brukar kortet. 12 GB vil sannsynlegvis vere nok i 1440p utan strålesporing i lang tid framover.

Her og no er billigaste RTX 5070 rundt 1200 kroner rimelegare. Då ville eg kjøpt Nvidia, men det kan fort snu seg.

0
Nvidia GeForce RTX 5070
Greitt tilskott i mellomklassen.
Sparkar godt frå seg i 1080p og 1440p
Brukbart i 4K med oppskalering
Støysvakt
Låge temperaturar
Knuser AMD på strålesporing og oppskalering
Berre 12 GB videominne
Låg auke i yting frå RTX 4070

Nvidia GeForce RTX 5070

0
AMD Radeon RX 9070
Fell mellom to stolar.
Støysvakt
Låg temperatur
Langt betre på strålesporing enn tidlegare
Oppskaleringsteknikken FSR 4 er ei enorm forbetring for AMD
Betydeleg hopp i yting frå tidlegare generasjonar
Ligg bak Nvidia på mjukvare
Framleis svakare enn Nvidia på oppskalering og strålesporing
Ikkje like godt prisa som dei to andre AMD-korta

AMD Radeon RX 9070

AMD RX 9060 XT 16 GB

Gigabyte RX 9060 XT Gaming OC klokka til 3402 MHz ut av eska. Her har Gigabyte friska opp designet på kjølaren ein del frå tidlegare, òg.
Mikkjell Lønning/Gamer.no
Gigabyte RX 9060 XT Gaming OC hadde ein makstemperatur på 59 grader ved 315 watt.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Dette er skjermkortet eg likar best i marknaden.

16 GB videominne til under 5000 kroner er sterkt (i alle fall med dagens prisnivå), og skjermkortet gjer det skarpt i 1080p og 1440p med tanke på prisnivået.

Skjermkortet kjem med både 8 GB og 16 GB videominne. Me anbefaler å unngå skjermkort med 8 GB i mellomklassen, og ville gått for 16 GB-modellen sjølv om den kostar litt meir.

RX 9060 XT og RTX 5060 Ti 16 GB yter i praksis heilt likt i rasteriserte spel. Det er rundt 600 kroner i prisforskjell frå billigaste AMD mot Nvidia, og det utgjer ganske mykje i dette prissegmentet.

0
AMD Radeon RX 9060 XT (16GB)
Imponerande - sjølv med norsk pris.
16 GB videominne
Langt betre på strålesporing enn tidlegare
Oppskaleringsteknikken FSR 4 er ei enorm forbetring for AMD
Betydeleg hopp i yting frå tidlegare generasjonar
Smadrar Nvidia i nedre halvdel av mellomklassen
God yting i både 1080p og 1440p
Støysvakt
Låg temperatur
Ligg bak Nvidia på mjukvare
Framleis svakare enn Nvidia på oppskalering og strålesporing

AMD Radeon RX 9060 XT (16GB)

Nvidia RTX 5060 Ti

PNY RTX 5060 Ti OC nådde ein makstemperatur på 66 grader. Då brukte det 180 watt.
Mikkjell Lønning/Gamer.no
Skjermkortet klokka til 2887 MHz ut av eska.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Dette held altså tett følge med RX 9060 XT, og er derfor framleis eit solid produkt for 1080p og til dels 1440p.

Igjen må ein legge pris og rasteryting på den eine sida av vektskåla, og balansere det opp mot betre programvare, kraftigare yting med strålesporing og overlegen oppskalering på den andre sida.

Med ein saftig rabatt kan dette vere eit attraktivt sal. No er kroner-per-FPS-tabellen basert på ein svært ribba modell med berre to vifter, men det har vore eit par rabattar som gjer dette til eit endå meir attraktivt kjøp.

0
Nvidia GeForce RTX 5060 Ti
Eit attraktivt val i nedre sjiktet av mellomsegmentet.
God yting i 1080p
Taklar det meste i 1440p
DLSS 4 er genialt
Støtte for firedobbel bildegenerering, og er kraftig nok til å faktisk dra nytte av det
Støysvakt
Låge temperaturar
16 GB videominne
Slit med strålesporing
For lite hopp i yting frå 4060 Ti

Nvidia GeForce RTX 5060 Ti

Nvidia RTX 5060

Asus RTX 5060 Dual OC er den einaste kjølaren me testa med to vifter, men leverte likevel ein makstemperatur på låge 70 grader.
Mikkjell Lønning/Gamer.no
Asus RTX 5060 Dual OC drog 148 watt frå veggen, og klokka på det meste til 2820 MHz.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Me har ikkje fått tak i RTX 5050 for test, så dette er det billigaste kortet i testen vår.

Generelt sett får ein meir for pengane dess billigare eit skjermkort er, men sjølv om innstegsmodellen av RTX 5060 startar på 3800 kroner, gir faktisk RX 9060 XT ein lågare pris per FPS.

Det er uvanleg.

RTX 5060 kan funke i 1440p med oppskalering, men er eigentleg berre verd å kjøpe for 1080p. Nye, krevjande spel kan du ikkje køyre i ultra, og med berre 8 GB videominne vil ein få trøbbel her etter kvart.

Til dømes du bruke strålesporing i Avatar: Frontiers of Pandora, eit val fleire utviklarar kjem til å ta etter kvart som skjermkort blir kraftigare. Då blir levetida på skjermkort med 8 GB videominne stadig kortare.

På papiret støtter RTX 5060 fleirbildegenerering, men teknologien er meiningslaus om du ikkje allereie klarar å oppnå minst 60 bilde i sekundet utan bildegenerering, og RTX 5060 slit med det i fleire spel.

Her trengst det konkurranse.

0
Nvidia GeForce RTX 5060
For dyrt til å vere budsjettkort, for svakt til å konkurrere i mellomklassen.
Låg temperatur
Støysvakt
DLSS 4 løftar kortet betydeleg
Grei yting i 1080p. Vil vere meir enn nok for e-sportspel
For det meste for svakt til å bruke strålesporing
8 GB videominne er for lite
Taklar sjeldan bildegenerering, då flyten ideelt sett bør ligge over 60 utan

Nvidia GeForce RTX 5060

Konklusjon

Det er ikkje spesielt enkelt å teste skjermkort for tida. Éin ting er at ein test som dette fort tar oss 60–70 timar med benchmarking, men hovudproblemet er dei skiftande prisane.

Tredjepartsprodusentane leverer stort sett like produkt. Alle modellane me har testa er støysvake, byr på høg klokkehastigheit ut av eska og leverer relativt låge temperaturar.

Samtidig er for eksempel Inno3D sitt billigaste RTX 5080-kort prisa til 13.000 kroner, mens Asus-kjølaren me testar har kosta alt frå 12.999 til 19.404 kroner berre den siste veka.

Det er to totalt ulike prisklassar for omtrent identiske produkt.

Me kan neppe kåre ein sigersherre blant Nvidia og AMD heilt enno, men det er ingen tvil om at AMD er blitt ein irriterande brodd i sida til Nvidia.

Kanskje betyr det at Nvidia legg seg litt ekstra i selen med dei komande Super-korta, som hadde vore gode nyheiter.

Marknaden er meir stabil, men nokre produkt er meir utsette for prisskift enn andre. Det er også grunnen til at me tar utgangspunkt i den lågaste prisen for karakteren vår – med dei ulempene det kjem med.

Så er det også fleire faktorar som går inn i ei kjøpsvurdering, slik me har omtalt over. Faktorar som budsjett, innstillingsnivå, oppløysing, brukar av strålesporing og oppskalering er alle viktige.

Ta også ein grundig kikk på testmålingar i dei spela du speler mest. AMD og Nvidia betalar utviklarar for å optimalisere spela for dei, noko målingane våre på neste side skildrar godt.

Det er mykje å tenke på.

For ordens skuld: Asus, PNY, Komplett og Elkjøp har stått for utlån av skjermkort til testen.

Testrigg

1: Test og konklusjon 2: Testdata i 13 spel

Siste fra forsiden