25
Tilbakeblikk

Worms: Armageddon

Markens grøde

Worms: Armageddon var spelet som gav krigslystne markar verdsherredøme.

i-worms-armageddon

Få minne sit sterkare hos meg enn Worms. Det første Worms, spelet som spreidde seg som eld i tørt gras via floppydiskar med ein shareware-versjon som fukta apetitten hos unge folk som meg, midt i målgruppa for noko som framstod litt feil.

Dette var tida før Worms blei tyggegummi. Markane trudde dei var barske, inspirerte av Rambo, og alle mellomsekvensane var med stygge, slimete markar som såg rasande ut, og fall ned under vekta av alle dei blanke våpna dei bar. Den herlege kontrasten til heliumstemmene i all slags språk og stilar var ein del av poenget, ein del av vitsen. Markane var framleis barske og valdelege med digre våpen, eller i det minste trudde dei det. Slik var det i mitt hovud.

Så kom Worms: Armageddon og ingenting ville nokon gong vere det same. Den visuelle stilen fekk ei total overhaling, og vi gjekk frå pikselgrafikk som la opp til fri tolking, og gjekk over til pent teikna markar laga for eit heilt anna publikum enn det eg trudde eg var.

Det går bra, dette skjer alle.
Øystein Furevik/Gamer.no

Worms, sa du?

Om du har levd under ein stein dei siste tre tiåra og aldri har høyrt om Worms, bør du først og fremst ta deg saman. Dette serien som definerte ein heil generasjon. Vi snakkar om boomers og gen z, og gen x og ein haug andre idiotiske termer kokt i hop for å generalisere folk basert på den absolutt minst relevante fellesnemnar: ca når du var fødd.

Eg derimot, eg tilhøyrer Worms-generasjonen. Eg er ein av dei som veit nøyaktig kva du meiner når du snakkar om gamle damer, supersauer, bananbomber eller heilage granatar. Vi ser kvarandre, du og eg, vi har vore gjennom krigen før, og vi høyrer framleis stemma som seier «first blood» som om det var i går. Vi veit kor øydeleggjande det er for sjølvbiletet å ikkje få til Ninja Rope, medan kameraten din meistrar det som om han var fødd meid det.

For oss er Worms nærast ein religion, og Worms: Armageddon – Anniversary Edition er så nær vi kan kome heilage skrifter. Ikkje berre får vi ein oppussa og finslipt versjon av Worms-spelet mange meiner er det beste av dei alle, med med ei rykande fersk oppdatering til fjorårets jubileumsutgåve vi får ei rekke gamle spel attåt.

Vil du spele den gamle piksellerte klassikaren som starta det heile, får du faktisk gjere det i denne utgåva. Vel, Super Nintendo eller GameBoy Advance, eller MegaDrive-utgåvene i alle fall. Om du heller vil nyte historia bak spelet, høyre frå utviklarane, og setje deg inn i korleis det heile blei til, får du det ogsåher.

Super Nintendo-versjonen av Worms.
Øystein Furevik/Gamer.no

Det er likevel Worms: Armageddon, spelet, som er hovudattraksjonen, og Team 17, eit studio som har levd på ein diett av markar og lite anna i 30 år, har levert eit flott produkt.

Alt du vil ha er på plass. Alle modusar, alle våpen, og ikkje minst ei lang rekke autogenrererte baner. I tilleg får ein leike seg med noko av det eg synest var mest underhaldande den gong då; å skru på eigenskapane til våpna. Her kan du skru, vri og endre på ting som det passar deg.

Sjølvsagt får du lage dine eigne lag òg, med eit vanvittig spekter av stemmer, der norsk er ein av dei. Eg gjekk naturlegvis for å setje Gamer.no-redaskjonen opp mot resten av verda.

Ein ekte klassikar

Om du aldri har spelt Worms er premisset såre enkelt. To lag med meitemarkar går til krig mot kvarandre med eit fantasifullt arsenal våpen. Det heile skjer på eit todimensjonalt brett der markane kan vandre frå side til side, hoppe over hinder, eller bruke ting som teleportering, bungeetau, jetmotorar eller ninjatau for å finne ein god posisjon.

Ingenting som napalm om morgonen.
Øystein Furevik/Gamer.no

Det handlar om å vinne, og for å vinne må du drepe alle markane på det andre laget, og det er her all moroa kjem inn. I drepe motstandaren er ikkje så lett som ein skulle tru. Å fyre av ein bazooka er ikkje berre å trykke på ein knapp og la det stå til. Du må bestemme kor hardt du skal skyte, kva vinkel du skal skyte, og dette saman med vindstyrke og vindretning kan få hysterisk ting til å skje.

Å drepe seg sjølv med rakett er eit så etablert rituale i Worms at det finnst ein eigen prestasjon for det. Rakettar, granatar og andre ting kan bli fanga av vinden og frakta til heilt andre stadar enn dei du hadde tenkt. eksplosivar regnar fort over ditt eige lag, utløyser landminer, og set i gong kjedereaksjonar det er vanskeleg å forutsjå.

Når ein omsider meistrar spelet – eg var rusten nok i faget til at dette tok meir tid enn eg er komfortabel med – blir spelet raskt noko anna. Du les vinden, veit kor hardt du skal skyte, og får til dei mest utrulege ting. Det er eit fantastisk spel for to dette her, og det er ein av dei viktigaste grunnane til at Team 17 framleis lev på Worms, 30 år seinare.

Utfordringa deira er at formelen blei perfeksjonert allereie frå 30 år sidan, og det er ikkje så mykje anna å gjere med serien.

Når alderdomen kjem

Å spele Worms: Armageddon i 2025 framstår som ein noko utakknemleg og bisarr oppgåve. Dette er ein klassikar, men det er ein klassikar som har blitt spelt til døde i fleire tiår. Ein klassikar som har framprovosert ei lang rekke oppfølgjarar som har gjort sitt for å halde serien i live i alle desse åra.

Ein velplassert heilag granat.
Øystein Furevik/Gamer.no

Eg er likevel ganske metta. Eg har spelt dette spelet. Eg har spelt dette spelet veldig mykje, og eg har spelt ein haug av oppfølgjarar, og ved sidan av ei lita nostalgibombe i oppstarten er det litt vanskeleg å finne den heilt store entusiasmen for å spele Worms like mykje som eg gjorde då desse morderske markane først dukka opp.

Det er mitt problem, for Worms: Armageddon – Anniversary Edition er ei lita gåvepakke til alle som elskar Worms, eller dei som er fødde og oppvaksne under ei steinhelle, og aldri har høyrt om den skjulte krigen som skjer under føta våre. Det er moro å få gjensyn med ikkje berre dette, men tidlege konsollversjonar. Å få høyre om utviklinga er også litt stas. Best er likevel når ein landar akkurat det skotet med ein klysegranat, som sprenger akkurat i fleisen på ein mark, sprer seg utover, og trillar inn i alle krikar og krokar før eit lite «plopp» fortel deg at enda ein mark søv med fiskane i natt.

Siste fra forsiden