Kva gjer tre norske fedre nå dei ikkje passar ungar? Dei lagar spel sjølvsagt. Det er i alle fall det pappatrekløveret i 3Dads Studios har gjort.
Resultatet er C.A.R.S. – Creating A Ridiculous Shitshow, eit skikkeleg skranglete og tåpeleg spel, som det er lov å kalle tåpeleg fordi dette veldig tydeleg er heilt poenget.
Folk no til dags
Vi møter ein eldre kar som har flytta ut i skogen for fred og ro, berre for å få ein motorveg gjennom hagen, og i rolla som denne grinebiteren blir det din jobb å skape kaos kvar dag når bilane legg i veg mot arbeid.
Vi byrjar i det små med nokre dekk som kan plasserast i vegbana, men oppdragerer etter kvart til eit lite hopp, ei marmorstatue, ei vegsperring, handlevogn, sofa, og etter kvart soner som får bilar til å hoppe, køyre fortare, eller kanskje vakse seg store.
Målet er å lage kaos. Få bilane til å krasje, eller flyge gjennom lufta som ein skadeskoten svane. For kvart bilhavari tener du poeng som sender deg vidare mot den neste tingen du kan låse opp og bruke, heilt til du til slutt får storeslem; eit massivt tivolihopp som sender bilane hundrevis av meter opp i lufta.
Min første tanke var å gni seg i henda og tenke at dette blir Burnout-spelet eg alltid har venta på, men vi kjem berre halvvegs dit.
La det vere på det reine, å lage kaos er moro, og å lage kaos i dette spelet er akkurat så moro som det høyrest ut. Det er best om ein utforskar, eksperimenterer og prøvar å lage så store kjedekollisjonar som mogleg. Då er det skikkeleg moro.
Er det lov å håpe på meir?
Om eg kan rette eit ynskje mot 3Dads Studios, er det å la bilane bli liggande på bana etter krasj. Det som skjer no, er at dei køyrer litt, hoppar litt, krasjar litt, og når dei har fått nok juling eksploderer dei og blir borte.
Det er litt som å gå på Tons of Rock-festivalen berre for å finne ut at festivalen er akustisk i ordets rette forstand. Det er så mykje potensiale her for å skape enorme kjedereaksjonar, men det beste du kan håpe på er ei handfull bilar som krasjar inn i kvarandre før dei forsvinn.
Gi meg kaos! Gi meg enorme klynger med billar som bygger fjell av motorolje og vrakpant. Skru heller ned grafikken og opp bilmengda. Det er det dette spelet manglar.
Det sagt, det er moro å leike seg med dei ulike hindra spelet byr på. Å legge ned eit fartsaukingsfelt før eit hopp kan få bilane til å flagre gjennom lufta, og om du klarar å plassere eit hinder på rett plass kan det bli mykje moro av slikt.
Litt mykje fram og tilbake
Om det er ein ting som kunne ha forbetra spelet dramatisk, er det eit betre brukargrensesnitt. Slik det er no må eg gå tilbake til heimen til grinebiteren kvar gong eg skal hente ein ny gjenstand. Hente dekk, kaste på motorvegen, gå tilbake og hente sofa, gå tilbake og hente hopp. Det blir litt mykje jobb kvar morgon før rushtrafikken startar.
Gi meg heller eit inventar eg kan hente det eg vil få, og plassere etter høve.
Vidare hadde det gjort seg med litt meir tyngekraft. Eit vedvarande problem er at tinga du plasserer på bilbana blir dytta rundt av bilane. Etter nokre passeringar har dei fleste gjenstandane du møysamt har plassert blitt dytta ut i grøfta. Til og med digre hopp kan bli dytta rundt som døde fiendar i Gears of War, og eg tenker det hadde gjort seg hakket tyngre gjenstandar.
Gi meg og gjerne meir å leike med. Større ting å leike med, særare ting å leike med. Det er mykje potensiale i dette bisarre spelet, og berre fantasien set grenser.
Ikkje minst hadde det gjort seg med fleire baner. Ei er i minste laget.
Konklusjon
C.A.R.S. – Creating A Ridiculous Shitshow er eit spel om bilar, men ikkje eit spel om å køyre dei ned livets landeveg. I staden skal du gjere alt du kan for å krasje desse udyra på så spektakulære måtar som mogleg.
Akkurat det lukkast spelet godt med. Det er mykje moro i å lage hinder for bilar, og sjå kva som skjer. Den fine fysikken kan få ein diger bil på fleire tonn til å snurre gjennom lufta som ein propell, og om du er heldig og får den til å krasje inn i ein annan flygande bil er det lett å gi seg sjølv ein solid high five.
Eg skulle berre ynskje det var meir her. Det følest som spelet når taket veldig fort, og du har sett alt som finnest før det har gått lange tida.
Med fleire baner, fleire biltypar, fleire hopp, hinder og dingsebomsar, kan dette bli noko heilt spesielt. Berre tanken på å kunne ligge i eit tårn og skyte på flygande bilar med eit eller anna bisarro skytevåpen som til dømes frys bilar i lufta og lagar hinder der òg, gjer meg litt trist over at eg ikkje kan gjere akkurat det.
Det sagt, at eg vil ha meir er berre fordi eg har det moro og ser mykje potensial her for enda meir moro.
C.A.R.S. – Creating A Ridiculous Shitshow er tilgjengeleg på Steam no.