25
Anmeldelse

John Carpenter's Toxic Commando

Tannlaus zomebieslakt

Toxic Commando byr på grei zombieslakt, men ikkje mykje meir.

Øystein Furevik
Spillredaktør
Focus Entertainment

Saber Interactive er stort sett ein flink gjeng. Dei har laga mykje bra, og imponerte blant anna stor med sitt herlege Space Marine II.

Toxic Commando er noko heilt anna. Her dumpar dei Warhammer 40,000-universet til fordel for eit noko tradisjonelt zombieunivers. Det einaste som gjer det litt unikt er samarbeidet med skrefilmregissørlegende John Carpenter, som også har vore delaktig i å lage musikken.

Her ventar zombier, blod og gørr i store mengder. Spørsmålet er om vi er metta eller ikkje.

Dei fire rollene har alle unike eigenskapar, som denne.
Øystein Furevik/Gamer.no

Gøy, ei stund

Toxic Commando er den typen spel eg eigentleg likar svært godt, og for det meste har det veldig moro med. Eg likar kjapp skyting med mange fiendar, eg likar samarbeid, og eg likar eigentleg zombier.

Likevel kjenner eg på at Toxic Commando kjapt når metningspunktet.

Dette er ikkje eit langt spel på nokon måte, og det er ikkje mange nivå, men likevel blir det raskt einsidig. Du samlar deg ein gjeng med zombieslaktarar, dukkar opp ein tilfeldig stad på neste nivå, og må kome deg til diverse punkt der du enten skal løyse ei oppgåve, eller finne ressursar som kan hjelpe deg med å løyse oppgåvene enklare.

Desse ressursane kjem i fleire former. Nokre er valuta du kan oppgradere våpen for mellom oppdraga, andre er for direkte bruk på dei store bretta. Enten for å låse opp spesielle og ekstra kule våpen, eller for å reparere eller aktivere forsvarsverk der slikt blir naudsynt.

Det er heilt greit det, og fungerer fint, men når kvart område er likt det førre, med sine mørke myrer, skogar og gjørmete vegar du må bruke vinsj for å kome deg opp, blir det fort mykje av det same.

Gruppa finn seg ein bil, køyrer til neste destinasjon, skyt alt dei møter av zombier på vegen, og endar til slutt opp i ein siste skanse der ein forskansar seg best mogleg før zombiesvermen for alvor vaknar.

Flammekastaren er naturlegvis ein personleg favoritt.
Øystein Furevik/Gamer.no

Mykje av det same

Vi får eit massivt arsenal av våpen å leike oss med, og du kan sjølve velje kva våpen du vil ha med deg i kamp. Midtvegs i oppdrag er det derimot ikkje mykje å velje i.

Mellom oppdraga kan du oppgradere våpna med spelets valuta. Du kan byte ut dei fleste delane på, og alle utskiftingar gjer nokre element betre, og nokre dårlegare, men når du først har brukt tusenvis av ressursar på å bygge opp den automatrifla du tilfeldigvis valde først, er det ikkje mykje motivasjon igjen for å bruke nye ressursar på å bygge opp noko heilt anna.

Det er myykje meir utslagsgjevande å finne spesialvåpen rundt omkring på nivåa. Her kan ein finne kraftige kanonar, sniper rifler, og mykje anna smågodt som høvlar over fiendane mykje raskare enn kva ei dyr oppgradering mellom oppdraga kan by på.

Mellom oppdraga kan du springe rundt i ein liten base som eigentleg ikkje tener noko nytte. Du kan spele minispel som å skyte på blink, men eg ser ikkje heilt poenget.

Eg kan bruke tid på å springe fram og tilbake over heile område for å gjere ting som å byte våpen, velje neste oppdrag, eller kjøpe nye fargar til drakta di, men kvifor? Eg kan like så godt berre bla fram og tilbake mellom alle desse tinga vidan menyen. Det heile framstår litt rotete, som om fleire kokkar har leika seg på individuelle kantar utan å eigentleg snakke saman.

Heimekos.
Øystein Furevik/Gamer.no

For lite kjøt på beinet

For all del, Toxic Commando er ikkje eit dårleg spel. Skytekjensla sit godt, og det er moro å slakte zombier. Det er gode idear her, og grunnideen er god. Det er moro å spele spelet i små doser, og spesielt godt likar eg korleis dei forskjellige spelarrollene er differansierte.

Spelet byr på ei historie der vi møter fire overlevande soldatar som endar opp i ein kamp mot dei vandøde.

Kvar av desse har sin eigen klasse, og desse er alle gull verd når utfordringa klatrar oppover. The Operator har til dømes alltid med seg ei kampdrone som flyg over laget og angrip fiendar, Defender kan flenge opp eit skjold som skadar alle fiendar som kjem innanfor, medan Medic naturlegvis jobbar for å sjå til at alle har det bra.

For dei som vil vere litt meir aggressive er Strike eit godt alternativ, der han kan skyte ut ei kule som eksploderar og drep det meste av fiendar i nærleiken.

Alle desse rollene samlar inn erfaringspoeng etter bruk, og kan oppgraderast. Kula til Strike kan til dømes oppgraderast til å dele seg i mange mindre kuler, og lage eit hinsides kaos.

Felles for alle spesialeigenskapar er ikkje overraskande at dei ikkje kan brukast heile tida, men har litt ventetid etter bruk.

Du får saktens skyte frå deg.

Konklusjon

Det er moro å spele Toxic Commando, men eg kjenner eg blir fort lei. Eg har gjort dette før. Ofte, over fleire år. Å overleve som eit lag mot zombier har vore underhaldning i fleire format i fleire tiår. Vi veit det funkar.

Problemet til dette spelet er at det ikkje heilt klarar å by på ein skikkeleg god grunn til å halde på. Det har sine stunder der ein kjempar for å halde ein posisjon medan svermen veltar inn alle opningar, men dette høyrer til unntaka i eit ellers oppskriftsmessige skytespel som knapt nok byr på ei einaste utfordring. Når du er ferdig er det strengt tatt ingen grunn til å gå tilbake.

Dette er fast food. Eit kjapt, enkelt måltid med manglande substans. Greit no go då, første bit er alltid digg, men så kjenner ein kjapt på at ein kanskje har meir lyst på noko anna.

John Carpenter's Toxic Commando er ute no på PlayStation 5, Xbox Series S/S (testa) og Windows.

0
John Carpenter's Toxic Commando
Kurant zombieslakt med kort levetid.

Siste fra forsiden