Brikkene fall for alvor på plass då ekspedisjonen tok ein nødvendig og velfortent kvil. Den eldste seg ned for å spele piano. Ei handling som inspirerte den yngste i følgjet til å setje seg ned saman med han, lene seg mot skuldra hans, og nynne med. I bakgrunnen blei eit redje medlem fanga i spontan dans.
Det var ei av desse små, vakre stundene. Lyset i mørkret. Ei pause i død og eldene for folk som har sett nok, og opplevd nok. Dei veit dei har meir i vente, men likevel finn noko å smile av. Det var vakkert, og ei av mange sterke personlege stunder Clair Obscur: Expedition 33 byr på.

Eit unikum
Kvart år vaknar målerinna, og målar eit tal på ein enorm monolitt i det fjerne. Det starta på 100, og alle som var hundre år gamle døydde. Kvart år sidan har det same skjedd. Eit nytt tal, og alle som er den alderen forsvinn i ei sky av roseblad. Kvart år legg og ein ny ekspedisjon ut, for å prøve å stoppe målerinna, og redde framtida til alle menneske. I år er talet 33, og vi følgjer ekspedisjon 33 på ei reise gjennom ei bisarr, mørk og forvrengd verd full av overraskingar.
Clair Obscur: Expedition 33 er eit japansk rollespel laga av franskmenn, openbert utvikla av folk som kjenner sjangeren godt, og det vi får er kanskje den beste tolkinga av kva eit moderne japansk rollespel inspirert av den gylne tida på slutten av 90-talet kan vere. Utviklarane hos Sandfall Interactive står ikkje berre skulder til skulder med gigantane, dei er farlege rivalar.
Fremst i rekka av alt spelet har å by på ligg ei gripande og personleg historie, fortalt både gjennom nydeleg framført dialog, men og gjennom den hinsides vakre grafikken som vekker persongalleriet til live på ein måte som får deg til å tru dei er ekte menneske. Det er som om eg kan sjå inn i sjela deira og forstå dei utan eit ord. Dette er ikkje eit slikt spel der alt må uttalast og poengterast ned til minste detalj. Her er eit blikk nok, eller krumminga av eit augelokk, ei lita rørsle i ei leppe, eller korleis auga flakkar med mikrorørsler når ein ser noko ein ikkje vil sjå.
Det er mektig imponerande. Alt fortel ei historie i dette spelet. Ikkje berre folka, rørslene deira, og orda dei seier, men områda du går i. Sjå rundt deg og du finn levningar, minne om det som var, noko som fortel deg meir enn det du først ser. Musikken byr på ei eiga reise i seg sjølv, der sorgtunge tonar blandar seg med ulike stemningar for å kle dei ulike situasjonane i eit passande musikalsk teppe.
Dette er eit spel laga av folk med ein felles visjon, og det er synleg i kvar einaste minste detalj.

Fri og frank
Clair Obscur: Expedition 33 er i praksis slik japanske rollespel var før i tida. Vi møter ei gruppe folke og fe, og følgjer dei på eventyr. Vi startar i det små, med å vandre gjennom nokre område, prate med nokre folk, og kjempe mot ulike beist. Deretter ropnar det seg opp, og vi møter eit verdskart som stadig byr på meir og meir.
Frå å berre kunne springe på land, får du etter kvart utforske både hav og luft, noko som hjelper deg til å utforske enda større delar av verda, og finne fleire av fiendane og skattane den skjuler. Frå dette kartet reiser vi frå stad til stad, og får gå vidare i historia i vårt eige tempo.
Frå kartet kan vi gå besøke dei mange områda i spelet, og du kan fritt gå fram og tilbake mellom nye område, og stadar du er ferdig med, om det skulle vere noko der du ikkje var heilt ferdig med.
Eit interessant val utviklarane har gjort er å gjere spelet kartlust. Når du vandrar rundt i ulike område har du ingen kart eller kompass til å hjelpe deg. Du kan defintiivt gå deg litt vill no og då, men områda er aldri så store at du ikkje finn fram innan kort tid. Det er uansett ei glede å utforske desse områda, og det er alltid ein liten premie i vente om du sjekkar kvar krik og krok.
Tidenes beste kampsystem?
Den store stjerna er likevel kampsystemet. Her har utviklarane henta mykje inspirasjon frå Atlus og deira Persona-serie. Vi får aktive kampar med stilige kameravinklar som framhevar alt som skjer, gjer alt du treng lett tilgjengeleg, og passar på at du aldri må bruke tid på å leite fram noko.

Fundamentet er eit turbasert kampsystem, men med visse sanntidselement. Spesielt tydeleg blir dette når du blir angripen. Du kan parrere, og om du parrerer alle slaga i eit angrep får du utføre eit motangrep. Eventuelt kan du hoppe unna, noko som er enklare, men ikkje kjem med fordelane parrering byr på. Akkurat her tippar eg enkelte kan banne høgt, for nokre fiendar er brutale. Dei verste fiendar kan slå fem eller seks gongar i eitt angrep, og om du ikkje klarar å stå i mot blir heile følgjet ditt utsletta.
Spelet gjev deg likevel eit mylder av verkty for å klare å overleve. Kvar figur er ulik, og oppfører seg ulikt. Den eine blir progressivt farlegare ved å angripe mykje, og ved å unngå å ta skade. Ei anna skapar små gneistar kvar gong ho gjer noko, som i tur kan brukast til å forbetre magi og angrep. I tillegg er det overlapp mellom figurane. Den eine kan til dømes markere ein fiende, før den andre går på med sitt heftigaste angrep for maksimal skade, eller ein kan få alle til å kaste eldmagi mot fienden slik at den brenn opp på eigen tur.
I tillegg kan lære alle ekspedisjonmeldemma passive eigenskapar. Etter kvart får vi enormt mange og velje mellom, og variasjonen er stor. Nokre lar deg tenne fyr på fiendar når du angrip, andre lar deg gi skade om du døyr, medan andre igjen gir deg helse kvar gong du angrip eller drep ein fiende. Det er enormt mykje å velje i, og det er sjeldan eg har sett så mykje moro konsentrert på så liten plass. Ein blir ein liten unge i gottesjappa.
Det er som om utviklarane har vore irriterte over alle utviklarar som konstant skal snevre inn kva du kan få lov til. Det verste som kan skje er som kjent at spelaren blir for sterk. Ikkje her. Utviklarane pøsar på med det eine etter det andre, men svarar med å by på ei solid utfordring som tvingar deg til å bruke verktya dine klokt.
Eg elskar det.

Konklusjon
At Clair Obscur: Expedition 33 kom til å bli noko spesielt var tydeleg frå eg testa det tidlegare i år. Det eg aldri kunne førebu meg på var kor hinsides flott dette spelet er. Det er eit nydeleg eventyr som let deg utforske ei blendande vakker verd medan du blir kjent med eit av dei mest elskverdige persongalleria i nyare tid. Dette er ikkje eit firkanta knippe sterotypar skrive av folk som burde finne seg noko anna å gjere på. Det er truverdige menneske ein får eit forhold til.
Med dette som bakteppe får du utforske, utfordre deg, leike og kjempe mot eit hav av bisare og til dels fryktinngytande fiendar med eit av dei beste kampsystema denne sjangeren nokon sinne har sett.
Det finnest ting å pirke på, og eg tippar fleire vil himle med auga når dei vitjar den landsbyen tidleg i spelet, men det blir så frykteleg lite når ein sit der og ser rulleteksten, litt usikker på kva ein no skal bruke livet på.
Clair Obscur: Expedition 33 framstår som eit spel laga av dei mest erfarne folka i bransjen, men er det første spelet frå eit lite studio i Frankrike. Forstå det den som kan.
Clair Obscur: Expedition 33 kjem i sal for Game Pass/Xbox Series S/X (testa), PlayStation 5 og Windows 24. april.