Frå første sekund er det svært tydeleg at utviklarane bak Star Overdrive har spelt veldig mykje The Legend of Zelda: Breath of the Wild. Så mykje faktisk, at det har gjennomsyra heile designfilosofien til dette spelet. Vi blir planta på ein aude planet med langstrakte vidder så langt auget kan sjå, her får vi utforske fritt, utforske tårn som viser meir av kartet, og ta turen ned i gruver fulle av praktiske gåter.
Det heile er veldig Zelda, med det eine unntaket at nokon fekk den brilliante ideen å gje hovudpersonen eit surfebrett.
Kven er eg?
Det seier sitt om historia når eg har spelt i nokre titals timar og likevel ikkje veit kva hovupersonen heiter. Dette er eit av dei spela. Det er ei slags reise her, men den kjem raskt i baksetet. Vi fartar rundt i enda ei 80-talsinspirert verd med seige synthnotar som eit lett og dunkelt bakteppe som målar eit akkurat passe aude lydbilete. Her plukkar vi opp kassettar som inneheld dagbøkene til vår tapte kjærleik, som og er målet for reisa.
Det heile er veldig aude, einsamt, men det er gjort på ein god måte som verkeleg får fram kjensla av at no er vi i ei aude, men mystisk verd der det er lenge sidan noko eigentleg skjedde.
Ein gong tidlegare har det definitivt vore aktivitet her, for verda er full av spor etter folk, gjerne i form av installasjonar frå nokon som grov etter edle mineral. No brukar du dei berre for å skaffe deg ressursar du treng for å oppgradere utstyret ditt.
Du er utrusta med eit surfebrett og ein keytar – didgital pianogitar om det skulle vere tvil – og det er vel alt som må seiast om kva slags spel dette er. Keytaren er ditt fremste våpen i møte med dei strengt tatt ganske få fiendane verda byr på, og surfebrettet kan oppgraderast til å bli raskare, sterkare og meir robust.
Med dette som bakteppe reiser du ut på eit eventyr i eit stadig høgare tempo.

Herleg utforsking
Star Overdrive er umiddelbart engasjerande. Verda er ikkje full av ting å sjå, men den er laga for surfebrett. Du susar over sanddyner, hoppar frå kantar og triksar i lufta for å få høgre fart. Når ein verkeleg får susen på det er det uhyre moro. Spesielt nokre solorace ein må gjennom her og der får både testa og undervist deg i korleis dette spelet skal spelast. Det er som om eit stykke WipeOut brått skulle dukke opp midt inne i Huyrule.
Verda er kanskje stor og til dels tom, men den må på sett og vis vere det for at du skal få surfe i fred. Du surfar alltid mot eit mål og når ein kjem dit får ein tidsnok rikeleg med andre utfordringar. Målet med spelet er eigentleg berre å låse opp meir av den. Kvar gong du kjem til eit nytt område finn du eit tårn, løyser nokre utfordringar, og låser opp nye eigenskapar som vil hjelpe deg vidare på vegen mot å låse opp meir av kartet.
Desse eigenskapane kan vere ganske artige. Ein av dei lar deg plukke opp ting, som tunge objekt i ei gåte, eller fiendar for å kaste dei som prosjektil på andre fiendar. Ein annan eigenskap lagar ei trampoline du kan plassere under deg for å sprette kjempehøgt i jakta på nye destinasjonar. Kreftene kan brukast både i og utfanfor kamp, og noko av det eg likar best i spelet er når spelet gjer det utydeleg om det eigentleg er ein bestemt måte å kome vidare på. Spel som skapar ei kjensle av at spelaren er smart er alltid ein god ting, og Star Overdrive oppnår dette ved å la deg leike meg eigenskapane dine.
Her og der viser likevel manglane seg. At dette er eit spel laga på brøkdelen av budsjettet til eit Zelda-spel er ikkje til å kome bort frå, men hadde det skade å la oss klatre opp kantar når bommar på høgda med ein knapp tomme?
Er det nokon her?
Det er mykje artig i Star Overdrive. Blant mine beste opplevingar var då eg hang bak på ein sandorm som kasta seg gjennom sanden medan eg pepra den med elektrisitet frå keytaren min. Eit anna var ein av spelet sjefskampar der eg måtte surfe i ring rundt ein massiv blekksprut som slo etter meg med tentaklane sine.
Det er herleg krydder som gjer opplevinga betre, men diverre er det alt for lite av dette. Fiendane er få, og du finn dei gjerne berre på bestemde område. Ingen tilfeldig vandrande monster eller teikn til liv. Denne verda er litt som om du har eit stort, tomt bord, kastar nokre terningar, og seier at terningane er områda som betyr noko. Alt mellom terningane er tomrom, og det er litt slik dette spelet er.
Det er mykje tomrom som berre blir fylt med surfing, og det er moro nok det, men i lengda snik det på seg ei kjensle av at opplevinga er litt tom. Det er synd, for dei tinga som er her vitnar om noko som kunne ha vore veldig mykje større gitt meir tid og budsjett.
Tidvis framstår spelet meir som ein polert demo enn som eit ferdig spel. Det er veldig moro ei god stund, men det tek ikkje langt tid før spelet sluttar å overraske, og den tida kjem lenge før du når noko som kan minne om ein slutt. Samtidig er det likevel noko meditativt og avslappande med rutina her. Du surfar mot neste destinasjon, knertar nokre fiendar, plukkar opp ressursar, og løyser nokre gåter før du går vidare.

Konklusjon
Star Overdrive er det du får om du blandar The Legend of Zelda: Breath of the Wild med like gode mengder Journey og Tony Hawk's Pro Skater. Vi susar gjennom ei framand verd på eit surfebrett, triksar oss gjennom spinnville hopp, landar med eit pang framover, og bryner oss på diverse utfordringar som får testa både reaksjonsevna og dei små grå.
Deretter ber det ned i grotter der ein skal løyse gåter for å både låse opp nye delar av kartet, men òg for å få tak i nødvendige ting for å oppgradere både hovudpersonen og surfebrettet hans. Det er ei artig reise, og eg har hatt god, avslappande moro med dette spelet, skjønt det tidvis kan få adrenalinet til å pumpe godt.
Baksida er at det er litt for lite variasjon her. Det blir fort litt mykje av det same, men om ein kosar seg med å surfe gjennom naturlandskap og la tankane fare, er det ganske kos.
Star Overdrive blei lansert på Windows, PlayStation 5, Xbox Series X (testa) og Switch 19. juni.