Dei tulla ikkje då dei bestemde seg for å kalle dette spelet Shadow Labyrinth, for ein labyrint er det. I det som sklir inn som atter eit metroidvania dette året, stiller snodige Shadow Labyrinth seg i ein noko spesiell posisjon. Dette er, tru det eller ei, eit Pac-Man-spel.
Vi trer inn i rolla som ein skuggeaktig skapning som går under namnet Nummer 8, og med oss har vi den, svevande, runde, gul ehjelparen Puck som kanskje ikkje har eit lite skilt der det eksplisitt står Pac-Man i store, gule bokstavar, men som openbert er ein spelhistorias første verkelege maskottar.
I mørkret vi rår
Shadow Labyrinth er eit fascinerande dystert spel for å ha noko som helst med Pac-Man å gjere. Vi får utforske ein dystopisk apokalypse i klassiske metroidvania stil, der vi spring rundt i tomdinesjonale landskap og stadig utforskar og låser opp nye krikar og krokar. Akkurat dette er som ein kan vente seg av eit metroidvania-spel, men det er ei stund sidan eg har gått meg vill i så stor grad som dette.
Det tek normalt ikkje lang tid før ein finn riktig veg, men det er mange vegar her. Fleire leier til same stasjon, andre leier til kjipe rom med skattar du ikkje bryr deg om, medan andre er vanskeleg å forstå meininga med. Dette er ein labyrint, og at kartet tidvis kan bli litt vanskeleg å skjøne er mest sannsynleg ein del av poenget.
Spelet bugnar over av krikar og krokar i alle retningar. Opp, ned fram og tilbake. Kvar du enn går vil du som regel finne eit kryss der du må gjette deg fram til kva som er «rett» veg å gå, og det kan ta ei stund før du hugsar på den andre vegen du ignorerte for ei tid sidan.
Ofte vil du møte sperringar, gjerne i form av dører du ikkje kan opne, openbert knusbare veggar du ikkje kan knuse heilt enno, eller akrobatiske utfordringar du openbert manglar eigenskapane for akkurat no. Det er ingen store overraskingar her, men variasjonen er god, og det er mange ulike utfordringar å leike seg med.
Frå krig til matmons
Områda du spring gjennom er krydra med mange fiendar, men få byr på store utfordringar. Dei er for det meste litt trege, lette å lese, og ein enkel jobb for det minst like enkle kampsystemet. Fiendar er dumme, jobbar konstant i same mønster, og sjølv om du til dømes kan bli banka blå og grøn av ein sjef første gong du møter han, tek du han som regel lett på andre forsøk fordi du då har skjønt korleis du skal gå fram utan å få ei skramme.
Det same gjeld dei fleste fiendar. Mange satsar på å berre springe deg ned, og så snart du veit når du skal slå, og når du skal bykse unna, har du kontroll på dei fleste kampsituasjonar.
Det er ikkje her moroa ligg. Den finn vi heller i variasjonen spelet byr på, og i gleda over å utforske ein stadig større del av kartet. Dette får ein gjort på fleire måtar. Jaudå, det blir kamp, og du spring litt her, klatrar litt der, men det blir mykje kombinasjon, og det er svært tydelege plattformelement her. Vi får òg nokre litt artige Pac-Man-sekvensar der du kan hoppe på små skinner der du blir om til Puck, og kan suse langs sporet medan din gule ven gulpar i seg små, gule krystallar.
Nokre gongar blir desse Pac-Man-sekvensane brukt til veldig god effekt, der du må gli langs dei, hoppe mellom dei, kombinere med både kamp og plattformsekvensar. Det er då spelet er på sitt beste.
Shadow Labyrinth er moro på sin nostalgiske og litt sære måte, men det heile kunne hatt godt av litt kvassare kontrollar. Eg anar ikkje kor mange gongar eg har hamna i døden fordi eg berre ikkje klarar å lande på den vesle steinen som kan redde meg frå giftdammen nedanfor. Kontrollen er for upresis. Heldigvis krev ikkje spelet nøye presisjon særleg ofte.
Topptur, nedtur
Shadow Labyrinth er for det meste eit fint spel. Det er eit spel med god, dyster stemning, god, passande lyd og musikk som emosjonelt plasserer deg akkurat der du skal vere, og ein litt spesiell visuell stil som blandar fleire stilartar på fint vis.
Det som plagar meg er mest korleis utviklarane har valt å bygge opp nivåa sine. Det er mykje bra. Som korleis du stadig kan finne nye krikar og krokar, korleis du brått opnar opp ein ny veg inn i eit område du ikkje har vore i på lenge, eller korleis det å endeleg kome seg opp ein knaus lar deg slå ned ei dør som gjer at du aldri treng klatre opp den knausen igjen. Det er mange skjulte område, og på kartet vil du stadig finne spørsmålsteikn som plagar deg med viten om at her er noko du enno ikkje har fått tak på.
Problemet er at mange av desse tinga ligg bak alt frå utfordrande fiendar til krevjande plattformsekvensar der du skal hoppe unna tre massive lodd som slår i bakken på rad, for å nemne noko. I seg sjølv greit, men kvifor har utviklarane insistert på at brorparten av større utfordringar skal plasserast så langt unna eit sjekk- eller lagringspunkt som det er mogleg å kome.
Det er ein gjennomgåande frustrasjon, og det framstår mest som ein litt sjofel måte å tvinge spelaren til å bruke ekstra tid, og regelmessig spele om igjen område som i seg sjølv ikkje byr på utfordringar. Vi kan snakke om lange avstandar, der du ikkje berre må prestere, men du må springe, gå, klatre litt. Enkle oppgåver blotta for utfordring, noko som gjer repetisjonen keisam.
Det er ikkje så veldig elegant, spesielt med tanke på at spelet nyttar eit litt keitete helsesystem. Det er ingen helsegjenstandar her, berre punkt på ei linje, og fleire beholdarar som kvar har ei slik linje. Du må til sjekk- eller lagringspunkt for å fylle opp, og om du veit eit digert beist ventar bak neste dør er det lett å bli litt motlaus når du ser du må nagle alt perfekt for å kome levande vidare.
Konklusjon
Shadow Labyrinth er eit tidvis spanade, veldig stemningsfullt, men noko ujamnt metroidvania-spel. Elskar du sjangeren kan du absolutt finne mykje å kose deg med her. Spelet bugnar over av stadig nye ting å låse opp, skjulte rom, og har godt med variasjon. Det finnest likevel veldig mange, langt betre alternativ. Dette er eit spel som strengt tatt berre leverer. Det er strengt tatt ikkje godt nok. I konkurranse med alle dei fantastiske metroidvania-spela der ute, som Hollow Knight, Ori-serien, og ferkse Primal Planet, er det få grunnar til å bruke tid på dette.
Om du er glad i slike spel vil du nok ikkje angre på tida du brukar med Shadow Labyrinth, men du vil ikkje kjenne på den heilt store motivasjonen for å halde fram heller.
Dette er eit spel som strengt tatt ikkje gjer noko feil, men det manglar ein brodd, ein grunn til å bli spelt. Det einaste det eigentleg har gåande for seg er Pac-Man-faktoren. Utover det er dette eit uhyre tradisjonstru metroidvania-spel som er nesten blotta for eigne idear, eller noko som får det til å skilje seg ut i kamp mot veldig mange betre spel i same sjanger.
Shadow Labyrinth er tilgjengeleg på Nintendo Switch, Nintendo Switch 2, PlayStation 5 (testa), Xbox Series S/X og Windows.