25
Anmeldelse

Primal Planet

Grenselaust underhaldande

Eit av dei mest fornøyelege metroidvania-spela i nyare tida blandar dinosaurar, sci-fi og herlege junglebeats.

Øystein Furevik
Spillredaktør

Om det er ein ting det verkeleg ikkje manglar noko av i spelverda, er det metroidvania-spel. Sideskrollande spel der du spring rundt i sideskrollande miljø medan du låser opp stadig større delar av kartet, og bygger opp ein stadig sterkare rollefigur.

Det vrimlar med dei, mange av god kvalitet, mange av dårleg, og mange ligg midt i mellom. I ein slik jungel av spel er det vanskeleg å stikke seg ut, spesielt sidan ei overveldande mengd av dei køyrer hardt på nostalgisk pikselgrafikk som får det eine spelet til å minne vel mykje om det andre.

Primal Planet burde drukne i denne myra av spel, for det hukar av alle sjekkboksane, men likevel siglar det fram som eit av årets mest sjarmerande spel.

Vi møter både store og små dinosaurar.
Øystein Furevik/Gamer.no

Skogens brøl

Primal Planet er som metroidvania-spel flest. Det set deg inn i rolla som ein rollefigur som hoppar og sprett i sideskrollande miljø medan du oppdagar eit større og større kart som i tur avslører ei større historie. Formelen er enkel, velkjent, og ikkje akkurat eit springbrett for originalitet.

Med Primal Planet har derimot soloutviklar Seethingswarm skapt eit uendeleg sjarmerande univers ein raskt blir fortapt i. Det startar med ein liten familie huleboarar som må overleve i ein farleg jungel full av dinosaurar, men snart møter vi på både fiendtlege hulebuarar og slemme romvesen som kidnappar både folk og dinosaurar.

Som far i hytta blir det din jobb å ikkje berre berge familien din, men òg finne ut kva som skjer, og korleis du kan få slutt på det. Du er likevel ikkje aleine, men spring rundt saman med den vesle dinosauren Sino, ein skapning som byr på ekstra moro sidan spelet støttar samarbeid for to.

Historia er takknemleg ordfattig. Den blir fortalt medan du spelar, via panorering som viser små sekvensar, og imponerande ekspressive animasjonar som kommuniserer alt ein treng for å fullt ut forstå alt som skjer.

Krona på verket er det visuelle. For dette eit eit piksel-meisterverk. Det er veldig piksellert, med store pikslar som sender tankane langt tilbake i tid, til då ein var ung, spel som fenomen var nytt, og kvar piksel hadde ein viktig jobb å gjere. Det har dei her òg. Dette spelet er hinsides nydeleg animert, og viser kor utruleg mykje ein kan gjere med nokre få pikslar plassert på riktig plass.

Denne verda er levande. Sola går opp om morgon, ned om kvelden, regn fell og sløkker fakkelen din, før det er borte seinare på dagen, og ein dinosaur som er der på ei tid, kan vere borte ei anna. Verda byr på enormt med variasjon i både område, dinosaurar, og stemning. Samstundes har spelet herleg musikk som verkeleg set deg inn i den rette jungelstemninga.

Spelet byr på mykje akrobatisk utforsking.
Øystein Furevik/Gamer.no

Kjapt og leikent

Eit viktig element i dei fleste metroidvania-spel er kor lettvindt det er å navigere seg gjennom nivå som gjerne er like vertikale som dei er horisontale. Primal Planet løyser dette på nydeleg vis. Hulebuaren er kjapp, smidig, og sterk, noko som lar deg kjempe mot fiendar med stadig større makt, snike deg forbi sovande tyrannosaurar, eller hoppe og klatre opp til fjerne platå.

Det meste du gjer samlar inn erfaringspoeng du kan bruke for å oppgradere hulebuaren og dinosaurkompisen Sino slik du sjølv vil. Om du vil fokusere på å bli sterk, og tåle mykje skade, er det ein veg å gå. Om du heller vil satse på å vere raskt, og ha plass til å bere mange ressursar, kan du gjere det. Etter kvart bygger du òg opp ein landsby der du kan oppgradere hyttene for å la deg produsere ting som flint for å tenne på spydet ditt, eller medisin for å få deg gjennom giftige planter utan problem. Treng du hjelp på ferda kan du hyre med deg ein reiseven.

Kvar du enn går vil du plukke med deg alt frå kvistar til rått kjøt. Med råvarende kan du lage livgivande mat, kasteknivar, eller kanskje spyd du kan tenne på for å brenne ned hinder.

Primalt Planet tek deg på ei eventyrleg reise. Det eine minuttet spring du gjennom jungelen og jaktar ned fjøyrkledde raptorar, det andre symjer du djupare og djupare ned i det mørke havet, før du i det tredje infiltrerer basane til romvesena. Mykje av det som skjer krev ulike tiltak, men felles for alt er det smidige kontrollsystemet som stadig gir deg fleire triks for å nå nye høgder.

Ja, det er eit spel som i stor grad baserer seg på byks og dobbelthopp, men når det er gjort så elegant som her, er det nesten som å spele denne typen spel for første gong.

Spelet hadde derimot hatt godt av eit langt betre kart. Det vi får fungerer, men andre spel i denne sjangeren lar deg til dømes markere viktige område. Det hadde vore veldig kjekt om kartet viste kvar den døra var som du ikkje fann nøkkelen til før no. Eller kva du tidlegare har funne ei luftboble meda du dykka litt vel langt nedover. Det er eit stort kart her, delt inn i fleire små soner, og å finne tilbake til ein stad du var for fleire timar sidan er neimen ikkje alltid like enkelt.

Frå leirbålet kan du lage gjenstandar og oppgradere figurane.
Øystein Furevik/Gamer.no

Konklusjon

Primal Planet er eit stemningsfullt, sjarmerande og tvers igjennom underhaldande spel. Det finn ikkje opp noko på nytt, men alt det gjer blir gjort med finesse og kjærleik til verket.

Du får verkeleg kjensla av å springe rundt i ei gammal, svunnen tid, og det på ein leiken og nesten naiv måte som vekker tilbake den same kjensla eg fekk då eg spelte liknande spel ein gong på tidleg 90-tal. Det er både nostalgisk og friskt på ei og same tid.

Primal Planet er klassisk metroidvania, men utforsking av ei stadig større verd, men det i eit fargerikt og uimotståeleg univers fullt av dinosaurar og andre fortidsdyr. Om du er like svak for både dinosaurar – og metroidvania-sjangeren – som meg, er dette spelet obligatorisk.

Primal Planet er ute no på PC (Steam).

0
Primal Planet
Utfordrande, moro, og fullt av lekre dinosaurar.

Siste fra forsiden