Å skilje seg ut i havet av racingspel som byr på enten høg realisme, eller den rake motsetning, er ikkje lett. Det er likevel det Milestone, det italienske utviklarstudioet bak ein haug med MotoGP, Ride og andre racingspel prøvar på med Screamer.
Dette er eit nytt spel i ein racingserie som starta på 90-talet, men med Screamer tek utviklarane det heile i ei heilt ny retning, noko som kanskje ikkje er så dumt med tanke på at det nesten er heile 30 år sidan førre gong Milestone leika seg med serien.
Racing møter anime
Vi har fått spele Screamer i eit par timar, og det første som blir tydeleg er at dette er eit racingspel med uvanleg stort fokus på historia. Mellom løpa får vi ei rekke animesekvensar laga av det japanske studioet Polygon Pictures, og dei gir oss forteljinga om Screamer-turneringa der ei rekke ulike folk blir med, nokre for heder og ære, andre for hemnlyst.
Kor vidt historia er verdt tida den tek er det litt for tidleg å seie noko om, men den fungerer i alle fall som ein grei introduksjon til alle dei forskjellige sjåførane du får vere.
Spelet i seg sjølv er eit racingspel med fokus på høgt tempo, og presisjonssvinging. Tankane går fort til spel som Wipeout, men utan våpen. I staden køyrer vi futuristiske bilar som har ein snodig «echo»-funksjon. Denne kan brukast til forskjellige ting, blant anna å booste, men og å bruke bilen som eit våpen der du skyt deg sjølv inn i og gjennom andre bilar som då går opp i røyk.
Skjer dette med deg er det derimot ingen grunn til panikk, for echo-funksjonen får bilen til å materialisere seg igjen etter svært kort tid. Det er ein ganske artig vri på våpen i racingspel. Du er våpenet, og i staden for å plukke opp alskens duppedingsar, handlar alt om korleis du plasserer vogna di.
Tostikkekøyring
Det som kanskje skil Screamer mest frå konkurrentane er kontrolloppsettet. Spelet er laga for å spelast med kontroller, og med god grunn. Som racingspel flest har du gass og brems på avtrekkarane, men styringa er annleis. Du brukar riktig nok venstre stikke til å styre bilen, men med høgre stikke styrer du skrens, og dette skapar ei ganske annleis køyrekjensle.
Ein må bruke begge stikkene i tandem for å ha optimal kontroll, og eg skal innrømme det tok meg litt tid å få det inn i fingrane. Nokre gongar er det best å berre skrense gjennom ein sving, medan du andre gongar har nok med litt sving. Her og der kjem ein brå sving der du må dytte på begge stikkene, men går ein for hardt til verks køyrer ein rett i autovernet.
Eg likar det. Det er annleis, veldig direkte, og krev at ein har merksemda med seg. Samstundes gir det litt ekstra kontrol. Å gli perfekt gjennom ein sving medan ein justerer trykket på kvar stikke følest skikkeleg godt.
På toppen av dette kjem «Overdrive», ein funksjon du kan aktivere for ekstra fart og fare. I «Overdrive» knuser du alle bilar du kjem i kontakt med, men om du kjem i kontakt med autovern eller asfaltkantar og liknande, er det deg sjølv som går opp i røyk.
Du er snart nok tilbake på bana, men når fart betyr alt gjeld det å halde tunga beint i kjeften.
Konklusjon
Det er vanskeleg nok å stikke seg ut på racingarenaen, men kanskje har Screamer det som skal til. Dette racingspelet gir blanke i realisme, og går for animeestetikk, pumpande musikk, og vill skrensing.
Å bruke to stikker for å styre kjerra følest naturleg, og med nokre få løp bak seg, følest det veldig godt.
Spelet ser ut til å by på rikeleg med modusar og ting å låse opp, og for den som vil ha ei historie mellom løpa, kan Screamer animesekvensar godt mogleg vere noko å følgje med på.
Det er likevel sjølve køyringa som er det viktige, og den sit som støypt. Det er tydeleg at Milestone veit kva dei driv med, og med god køyrekjensle og solid stemning, er det all grunn til å halde auga opp for denne arkaderaceren.
Screamer kjem i sal på Steam (testa), PlayStation 5 og Xbox Series S/X 26. mars.