25
Anmeldelse

Patapon 1+2 Replay

Krigshissande sjarmørar

Eit av dei mange sære spela på PlayStation Portable, og er tilgjengeleg for eit nytt publikum

Øystein Furevik
Spillredaktør

I ei svunnen tid, då folk på nett krangla om enkle ting, slik som kva Final Fantasy-spel som var verst, og om du fortente bank for å velje Sega over Nintendo, oppstod ein ny krig; Krigen om kva konsoll som høyrde heime – ikkje berre under TV-en din – men òg i sekken din. Nintendo hadde lenge hatt herredøme her, men etter kvart ville Sony ha sin bit, også av dette forgjetne land, og her steig dei inn i krigen med PlayStation Portable, eller PSP blant vener.

PSP var velsigna med ein heil haug bisarre, kretaive og annleis spel. Det var her vi først fekk høyre songen til dei søte små klumpane i Loco Roco, det var her dei herlege rytmane i Lumines gjorde seg til kjenne, og det var her her mange utviklarar dumpa nye eksperimentelle titlar i kjende seriar som kanskje ikkje fekk heilt dei budsjetta dei fortente.

Det var den perfekte plattforma for dei sære krigarane i Patapon.

Du får stadig fleire krigarar i hæren din.
Øystein Furevik/Gamer.no

Til krig, med trommer

Patapon 1+2 Replay er som namnet tilseier ei samlepakke med Patapon ein og to. Dette er to svært like spel som set deg inn i rolla som ein slags hærførar over sære små, blodtørstige og krigslystne tassar som krigar til dundringa av trommer. Din jobb blir å tromme riktig rytme til riktig tid, for å få dei til å gjere det dei skal. Held du rytmen skikkeleg vil dei oppnå ekstase og bli sterkare, men om du bommar på slaga vil dei i verste fall snuble og gå på trynet.

Premisset er veldig enkelt. Du startar i det små med knapt ei handfull soldatar, og med desse lærer du det grunnleggjande. Du lærer ein enkel knappekombinasjon som produserer rytmen for å gå framover, du lærer ein ny for angrep, ein ny for forsvar, og meir.

I starten er det heile veldig enkelt. Du lærer å gå framover og å angripe, men etter kvart som spela kastar nye fiendar og nye utfordringar på deg utviklar spela eit strategisk element der du må følgje nøye med på det som skjer for å ikkje risikere å få heile hæra di utsletta. Fiendar har ulike angrep, nokre skyt kanonar, ein drake kan spy eld, og du må lese fienden for å førebu riktig rytme, eller bli utsletta.

Når du drep fiendar og øydelegg bygningar plukkar du med deg premiar i form av ressursar og nye våpen. Patapon-krigarane dine kan utrustast med stadig kraftigare utstyr, og du kan oppgradere krigarane til å bli sterkare og sterkare. Patapon 2 vidareførar dette for å gi deg enda meir kontroll enn vi får i det første spelet. Her kan du lage nye, oppgradere dei du har, og skreddarsy hæren din i mykje større grad.

Desse spela er svært underhaldande. Banene er korte, og oppmuntrar deg til å ta berre ei til. Det er likevel lett bli noko repetitivt. Skal ein oppnå det ein vil må ein gjerne bryne seg på dei same bonusoppdraga vel mange gongar. Du må gjerne ha tak i mat, eller stein, eller tre, og slikt må ein jakte for å få tak i. Det kan bli litt litt mykje. Om ein kosar seg greitt utan alt ekstra, kan ein like godt berre køyre på med historieoppdraga, og spelet blir kortare.

Om du skulle gløyme kommandoane kan du lett hente dei fram.
Øystein Furevik/Gamer.no

Rytmisk og lekkert

At Patapon 1+2 Replay byr på eit par spel med ein heilt unik stil er det ingen tvil om. Dette er er eit produkt av den tida då det dukka opp mange sære, men originale spel, gjerne på PSP.

Patapon-spela stikk seg likevel litt ut, mykje grunna den heilt unike visuelle stilen som ikkje kan forvekslast med noko anna, men og for korleis det blandar tradisjonell rytmespeling med krigføring og strategi. Dei byr òg på ei artig historie som blir fortalt over dei to spela, om eit krigersk folk som tek over nye land til lyden av dine trommer.

Den visuelle stilen er like slåande i dag som den var då spela først kom ut, med dei enkle teikna figurare på tydelege bakgrunnar med sterker fargar, og like sterke kontrastar. Det er kanskje enkelt, men unikt er det. Det skal godt gjerast å ta feil av Patapon og andre spel.

Det sagt, dette er eit svært beskjedent gjensyn. Vi får spela stort sett nøyaktig slik dei var, utan noko særleg nytt. Vi får litt nye moglegheiter for å justere vanskegrad og timing, og du kan no vise alle knappekombinasjonane på skjermen, om du skulle slite med å hugse. Dette er eit fint tillegg, sjølv om litt av moroa etter mitt syn forsvinn når ein ikkje treng å hugse alt.

Det sagt, legg du frå deg dette spelet nokre dagar er det lett å gløyme korleis ein rytme er, og såleis er det veldig greitt å ha ein lett tilgjengeleg påminnar.

Nytt utstyr kjem alltid godt med.
Øystein Furevik/Gamer.no

Konklusjon

Om du ikkje hadde sjansen til å teste Patapon-spela då dei først kom for nesten tjue år sidan på PSP, bør du absolutt nytte sjansen no. Det er kanskje ikkje den typen spel du set deg ned med for å slå i hel ein heil kveld, men det er ein artig distraksjon når du treng ei lita pause frå kvardagen.

Denne typen sære spel som tør å gjere ting heilt annleis er ein påminnar om kor mykje rart spelverda kan by på.

Med artige figurar, herleg rytmisk musikk, og ein spelestil det er lett å kome inn i, men tidvis utfordrande å meistre, byr Patapon 1+2 Replay på noko utanom normalen. Det er mykje moro å hente i å bygge opp ein stadig større hær, utruste den med betre utstyr, og høvle over andre, todimensjonale fiendar.

Patapon 1+2 Replay er ute no på Nintendo Switch, PlayStation 5 (testa) og PC.

0
Patapon 1+2 Replay
Dei sære små krigarane er like artige i dag som då dei først dukka opp.

Siste fra forsiden