25
Sniktitt

Granblue Fantasy: Relink - Endless Ragnarok

Imponerer på Switch 2

Actionrollespelet Granblue Fantasy: Relink får nytt innhald og nye plattformer.

Cygames

Eit av mine definitive favorittspel frå 2024 var Granblue Fantasy: Relink. Dette er ikkje berre eit av det penaste japanke actionrollespela eg har sett, men det hadde så og seie alt.

Lekker grafikk, nydeleg musikk, ei engasjerande og svært godt regissert historie som ikkje kastar bort tid, og mykje herleg kamp.

Det siste er viktig, for Granblue Fantasy: Relink har stort fokus på kampar. Det er eit spel der sjølve kampanje berre er ein del av det heile. Ved sidan av den finn vi eit heilt Monster Hunter-liknande spel der du kan velge og vrake blant oppdrag der du primært skal banke monster, aleine eller saman i grupper på fire spelarar.

Formelen blei populær nok til at Cygames nyleg avslørte at dei har nådd 2 millionar selde kopiar.

Når det glimtar til er dette spelet heilt nydeleg.
Øystein Furevik/Gamer.no

Større og betre?

Granblue Fantasy: Relink - Endless Ragnarok er ein utvida versjon av Granblue Fantasy: Relink, og blir tilgjengeleg som ei sjølvstendig pakke, eller som oppdatering til originalspelet.

Utviklarane hos Cygames lovar svært mykje nytt innhald. Ved sidan av meir historie, nye rollefigurar å leike seg med, ein bunke nye oppdrag som inkluderer ein heilt ny solomodus med tilfeldig genererte område, introduserer utviklarane no Summons, altså mektige krigarar som kan manast fram for å bidra i kamp.

Vi blei invitert til å delta i ein fersk beta, der hovudattraksjonen var at vi no kan spele på tvers av plattformer, noko vi fekk teste med både PlayStation 5-versjonen og den heilt nye Switch 2-versjonen.

Det første først. Granblue Fantasy: Relink var og er eit vanvittig nydeleg spel. Det er få spel som klarar å gjenskape todimensjonal kunst på så vakkert vis, men dette spelet er ofte som å springe rundt i ein dyr animert film. Cygames har verkeleg funne nøkkelen til korleis ein skal få anime-grafikk til å sjå skikkeleg imponerande ut. Mange andre har mykje å lære.

Mest imponerande er at dei har overført dette lekre spelet til Switch 2. Spelet var allereie ute på PlayStation 4, så det er eit visst fundament her, men å sjå Granblue Fantasy: Relink - Endless Ragnarok side om side på PlayStation 5 og Switch 2 er litt imponerande.

Det er likevel eit par ankepunkt. Oppløysing og bildefrekvens er skrudd ned litt, og for spelarar som er veldig vare på slikt, er det best å halde seg til PlayStation 5- eller Steam-versjonane. Om det er viktigare å kunne ta med seg moroa på farta, er derimot Switch 2-versjonen eit glimrande alternativ. Switch 2-versjonen byr òg på lokal fleirspelar der ein kan kople fleire Switch 2-konsollar mot kvarandre.

Overgangen til Switch 2 har gått veldig bra.
Øystein Furevik/Gamer.no

Knirkefritt på tvers av plattformer

Betaverjsonen av Granblue Fantasy: Relink - Endless Ragnarok gav ikkje tlgang på alt det nye spelet har å by på, men eg fekk leike meg med ei rekke krigarar inkludert den nye krigaren Beatrix, samt tre ulike oppdrag. Blant desse var tre sjefskampar, og ei ulvejakt i dei djupe skogar.

Fleirspelarmodusen var heilt stabil, og å spele på tvers av plattformer er smertefritt. Eg spelte både på PlayStation 5 og Switch 2, i tillegg til å spele same oppdrag via begge konsollane. Det er litt knot å finne folk på tvers av plattformer, men når du først har spelt med nokon, kan du følgje dei, og såleis lett finne tilbake til dei ved seinare høve.

Har du spelt Granblue Fantasy: Relink kan du vente deg meir av det same. Som nemnt er dette eit spel som hentar mykje inspirasjon frå korleis Monster Hunter-spela er bygde opp. Det betyr likevel ikkje at spelestilane er like.

Der Monster Hunter handlar om å velge riktig våpen og å taktisk samarbeide for å ta ned monster, er Granblue Fantasy: Relink eit reinspikka actionrollespel der tempoet er veldig høgt. Du har to ulike standardangrep, samt ei rekke spesielle eigenskapar og mektige angrep du kan få tilgang til via ryggknappane.

Samarbeid er likevel viktig, med mange angrep som kan lenkast saman for å utføre enda større angrep som blir temmeleg overdådige.

Svært viktig er òg alle krigarane i spelet. Du er ikkje låst til å bruke den eine eller den andre, men låser etter kvart opp mange ulike krigarar som alle har unike spelestilar. Den nye krigaren Beatrix er eit godt døme på dette, der ho har ei klokke som gir ho bonusar basert på kva som skjer i kampane.

Den nye helten Beatrix er ein aggressiv nærkampskrigar.
Øystein Furevik/Gamer.no

Konklusjon

Om du spelte og kosa deg med originalen, eller aldri har tatt i serien før, er Granblue Fantasy: Relink - Endless Ragnarok eit spel å halde eit solid auge med i månadane framover.

Det tek eit av det beste actionrollespela frå 2024, og dyttar inn enda meir innhald. Nye fiendar, nye heltar, nye modusar og nye oppdrag. Timane vi har fått med denne nye versjonen av spelet viser at spelet er like moro som den gong. Enda meir spanande er den nye Switch 2-versjonen som ser ut til å by på eit godt alternativt til PC og PlayStation.

Frå før veit vi at dette spelet vil by på ei skikkeleg engasjerande historie, og mange timar med herleg underhaldning. No blir det større, og vil nå eit nytt publikum på Switch 2. Det er berre å glede seg.

Granblue Fantasy: Relink - Endless Ragnarok er ute 9. julie på PlayStation 4, PlayStation 5 (testa), Switch 2 (testa) og Windows.

Siste fra forsiden