Anmeldelse

Exoprimal

Galskapen lenge leve

Exoprimal er meir moro enn det har nokon rett til å vere.

Capcom

Nokre spel slår deg i trynet med ein knyta neve som fortel deg alt du treng vite om kvifor dei neste timane og dagane av ditt liv kjem til å vere minneverdige minne du vil verdsetje livet ut. Andre spel tek seg litt betre tid.

Exoprimal tek seg ganske god tid, og eg kan eigentleg ikkje klandre alle dei som etter lansering har uttalt at dei spelte det i alt frå femten minutt til ein time og avinstallerte det fordi det var einsarta søppel. Dei tek feil, men eg kan ikkje klandre dei. Exoprimal tek seg litt for god tid, og spelet gjer ikkje akkurat ein eksemplarisk jobb i å forklare kvifor dette spelet mest sannsynleg vil ende opp på mi toppliste for i år.

Det er rikeleg med eksplosivar i Exoprimal.
Capcom

Problemet er at i løpet av sånn omlag den første timen, kanskje meir, er det lett å ende opp med å spele den same utfordringa om att så mange gongar at ein kan bli lurt til å tru dette er alt spelet har å by på. Spelet byr kanskje ikkje på enormt mange kart, men dei fleste karta er store, og byr på ei rekke ulike scenario som får deg til å sjå karta frå mange ulike sider.

Det er litt som å ete ein god og saftig pizza dette her, men i starten får du berre lov til å ete skorpa.

Det er ganske synd, for innanfor denne skorpa gøymer det seg eit spel berre Capcom kunne ha lagd. Det blandar dei villaste ideane frå spelindustrien på 90-talet med moderne teknologi, og skapar noko heilt banalt, men likevel uhyre engasjerande.

Ein tornado av dinosaurar

Konseptet til Exoprimal er like doser enkelt og teit. Vi endar opp på ei aude øy der ein kunstig intelligens på ville vegar arrangerer krigsspel dag ut og dag inn. I desse krigsspela delar den kunstige intelligensen robuste krigarar i enda meir robuste mekaniske exodrakter inn i to lag som må kjempe mot ein sverm av dinosaurar, før dei til slutt som regel må kjempe mot kvarandre.

Det er ingen solokampanje her, ingen fri modus med alle mot alle, og alt du gjer er å spele på lag med andre. Det meste av tida går med til å ploge veg gjennom enorme flokkar med dinosaurar. Dei manifesterar ut av svarte hol som opnar seg i lufta og veltar over områda du er i. Det regnar bokstavleg talt dinosaurar.

Deadeye, ein favoritt blant ferske Exoprimal-spelarar.
Capcom

Sjølv om dei aller fleste er små, meir eller mindre ufarlege dinosaurar som raptorar, dukkar det stadig opp større og farlegare beist. Ankylosaurus, stegosaurus, triceratops, carnotaurus og tyrannosaurus er nokre av dei livsfarlege beista som kan dukke opp og gjere livet surt om du og laget ditt ikkje evnar å samarbeide skikkeleg.

Spelet byr på ganske vanleg klasseinndeling for actionorienterte lagspel, og alle må innta ei rolle. Vi finn soldatar som fokuserer på å diske ut skade, tankar som beskyttar andre og støttespelarar som lækjar alle sår. Vi finn fleire dramatisk ulike exodrakter innanfor kvar kategori, og etter kvart som som spelar og går opp i nivå, samt sankar inn pengar kan ulike modifikasjonar oppgraderast slik at du er betre rusta for jobben.

Maskin mot natur

Konflikta eskalerer i storleik og omfang etter kvart som den pågår. I starten må du og laget ditt kanskje kjempe dykk veg gjennom ein serie med dinosaurbølgjer før de til slutt blir frakta til eit nytt område der eit anna mål står for tur. Her skal de kanskje forsvare eit punkt eller eit objekt mot dinosaurar, og heilt til slutt kjempe mot det andre laget for å sjå kven som vinn.

Felles for så og seie alle situasjonar er at målet i seg sjølv aldri er å sjå kor mange gongar du kan knuse enkelte fiendar på det andre laget. Går du i den fella kan det andre laget raskt sjå korleis du fungerer, og lure deg i ei felle der dei får fullført sine mål rett under nasa på deg. Dette er meir som ein fotballkamp der det er lov å grisebanke det andre laget.

Ein fotballkamp med ei bane full av blodtørstige beist som gjerne vil ha deg til middag. Dei veltar over deg, i enorme mengder, gjerne med fleire ulike artar for ekstra krydder. Vi finn haugar med små raptorar saman med pachyrinosaurar som spring mot deg og stangar deg ned, ein diger triceratops som låser deg mellom horna sine og kastar deg lang til havs. Det er mykje som kan skje, og det er heilt tydeleg at delar av det Capcom har lært etter årevis med monsterdesign i Monster Hunter-serien har blitt brukt her.

Spesielt tydeleg blir dette når eitt av laga får ein dominator i løn for hardt arbeid. Med denne kan du invadere det andre laget med ein dinosaur som kan gjere enorm skade mot eit lag om samspelet ikkje er på plass, eller den dukkar opp midt i eit kritisk aguneblink.

Om du treng litt ekstra eldkraft er spesialangrepet til Krieger ein veg å gå.
Capcom

Herleg maskineri

Hovupersonane i dette spelet er eigentleg dei mange exodraktene som spelarane kan få leike seg med. Dei kjem i ei rekke ulike fasongar som alle byr på unike måtar å gå fram på. Nokre skyt med kuler, andre med granatar, andre igjen brukar sverd. Ein tank kan vere ein diger bajas som pressar eit skjold framfor seg, medan ein annan kan vere eit mekanisk monster som kastar skjold rundt seg og sine allierte før han sender varmesøkande rakettar mot fienden.

Det er mykje å velje i, og det er lett å finne ein favoritt. Litt for lett kanskje. Eitt av problema til dette spelet er egoistane der ut som ikkje ser ut til å innsjå at dette er eit lagspel, og ikkje ei Fortnite-klone der det handlar om å skyte alle på det andre laget. Ingenting tek knekken på eit lag kjappare enn tre egotripparar som aller insisterer på å bruke den same drakta.

Å finne deg ein favoritt innan kvar klasse er gull verd, for då blir det lett å byte når det trengs. Her finn vi enda eit positivt element ved spelet. Om ein midtvegs skulle sjå at det ein har valt blir feil for situasjonen, er det fullt mogleg å skifte undervegs for å maksimere lagets effektivitet.

Ein ting som må poengterast med alle desse draktene er den strengt tatt litt trasige feilinformasjonen som er ute om Exoprimal. For å ha det heilt tydeleg, sjølv om dette spelet gjev deg moglegheita for å bruke pengar, er det utelukkande på kosmetiske ting som har null effekt på spelet. Det er milevis frå det MTX-helvete enkelte har fått føre seg at det er, og alt av verdi, inkludert ein heil haug med fargeval til exodraktene, låser du opp ved å spele, ikkje ved å bruke pengar. Om Capcom var like kyniske som enkelte påstår at dei er kunne dei ha utnytta spelet på enormt mange måtar, men det har dei ikkje gjort.

Tvert om er det eit spel som gjennom å levere alt gjennom spelet heile tida skapar ei kjensle av at du har oppnådd noko. Sjølv når du tapar ein kamp går du opp i eitt eller anna nivå, får ein liten premie, og er klar for nye kampar.

Så teit som du får det

Historia som følgjer Exoprimal er ei snodig forteljing om eit lite knippe soldatar som endar opp med å krasje på øya Bikitoa. Her oppdagar dei kjapt at dei er i ein sær tidsloop saman med ein klin kokos kunstig intelligens som sender folk frå parallelle dimensjonar til kamp mot kvarandre.

Historia er ei blanding av gravalvorlege hendingar og lettbeint humor som gjer det veldig tydeleg at ikkje ein gong Capcom sjølve tek dette spelet så frykteleg seriøst. Historia tek ikkje mykje plass, men den gjer eit solid forsøk i å forklare kva som eigentleg har skjedd på denne øya. Den blir fortalt både gjennom korte filmsnuttar etter at du har spelt ei gitt mengde kampar, men òg gjennom lydfiler og kort filmar som blir vist gjennom eit analysekart der du gradvis låser opp ny info. Sistnemnde er det heilt valfritt å konsumere.

Det er ein interessant og artig måte å gjere det på, men det heile blir trykt ned av eit heilt grusomt menysystem. Capcom har gjort sjakktrekket å lage eit menysystem for mus og tastatur, sjølv om det på konsoll blir styrkt med ei stikke. Å flytte ein peikar over skjermen med ei stikke er og blir ein tregare og kjipare variant av å berre klikke veg gjennom boksar, og det gjer menyopplevinga ganske kjip. Det å skulle velje nytt utstyr utan å berre kunne klikke ok, men i staden måtte flytte ein markør først er ikkje godt nok.

Litt meir tilpassing basert på plattform hadde gjort seg.

Konklusjon

Historia er ikkje stor kunst, men den er underhaldande nok.
Capcom

Exoprimal er meir moro enn eg trudde eg skulle få frå eit spel der dinosaurar regnar frå himmelen og angrip folk som mest av alt ser ut som mechrobotar. Så feil kan ein ta. Exoprimal er på sitt beste eit uhyre engasjerande og artig spel som byr på intense og spanande kampar mot både soldatar og dinosaurar.

På sitt aller villaste møtast ti spelarar til kamp mot enorme mengder dinosaurar, eller einslege beist av livsfarlege proporsjonar til nokre av dei villaste kampane eg har hatt gleda av å ta del i i nyare tid. Når den kunstige intelligensen i tillegg informerer om at du har blitt for komfortabel, og at han no vil fjerne alle former for å stå opp frå dei døde, veit du at det kjem noko heftig.

Spelet kunne godt hatt ein litt betre introduksjon, for det er lett å tru spelet er noko anna enn det er etter dei første kampane. Dei er hakket for einsformige, og folk hoppar av lasset litt før tida. Om ein derimot gir spelet litt tid, og leikar seg med det det tilby, ventar ei uhyre engasjerande oppleving eg håpar vi får sjå mykje meir av i åra som kjem.

Exoprimal er ute til PlayStation 4, PlayStation 5, Windows, Xbox One og Xbox Series X/S (testet).

8
/10
Exoprimal
Exoprimal byr på mykje heftig dinosauraction.

Siste fra forsiden