Sniktitt

Assassin's Creed Mirage

Tilbake til røtene

Storserien ser bakover og hentar inspirasjon frå sitt aller første kapittel.

Ubisoft

Serien som starta med Assassin's Creed i 2007 har gått gjennom ei ganske dramatisk utvikling over dei snart 16 åra som har gått sidan serien først imponerte med sin kombinasjon av fri, vertikal utforsking, og snikmordartokt.

Frå starten der alt handla om å snike seg inn på fiendane sine og leve i skuggane, utvikla serien seg til å bli meir eit actionrollespel enn eit snikmordareventyr. Med Assassin's Creed Mirage kan det sjå ut til at Ubisoft vil ta serien tilbake til røtene der det heile starta.

Skal vi døme etter dei timane vi har fått leike oss i denne leikegrinda kan det sjå ut til at det var eit klokt val.

Der det starta

Vår helt Basim.
Øystein Furevik/Gamer.no

Dei gode nyhendene er at du umiddelbart kjem til å kjenne deg igjen i Assassin's Creed Mirage. For meg som har det første spelet som det sterkaste minnet på kva eit Assassin's Creed-spel er, er det ekstra nostalgisk. Mirage er lett å plukke opp, umiddelbart gjenkjenneleg, og fullt av nøyaktig dei gode minna eg hugsar frå originalen.

Vi er tilbake i midtausten, nærare bestemt Baghdad, og vi møter Basim Ibn Ishaq på eit noko tidleg punkt i livet. Mange vil sikkert kjenne han igjen frå Assassin's Creed Valhalla, men her møter vi han som ein yngre mann.

I løpet av speletida vår fekk vi med oss nokre viktige punkt i livet hans, men det du først og fremst må vite er at Basim er ein fyr som svært gjerne vil bli med i brorskapen, naturlegvis får lov til det, og omsider reiser til storbyen for å leike antihelt i kvite kapper.

Og det er her vi kjem til kjerna ved kva som alltid har gjort Assassin's Creed til, vel, Assassin's Creed. Parkourspringing over hustak, klatring opp høge tårn, balansering over tau, og korte pauser i skuggane medan du lytter til samtaler. Det er i den kompakte byen full av liv Assassin's Creed gjer seg som best, og akkurat denne delen ser det ut til at Ubisoft har nagla.

I god tradisjon kan du skanne eit område for å sjå etter interessante ting, og ein liten fuglekompis kan hjelpe deg med å få enda betre oversikt. Deretter er det berre å setje i gong med å nå ditt aktuelle mål. Det er mange måtar å gjere dette på. Du kan snike deg inn og distrahere vakter med lyd eller uro, før du stel det du vil ha, eller du kan gå rett på sak og drepe alt i din veg. Det ser ut til at det eigentleg er veldig opp til deg korleis du vil gå fram.

Det blir klatring på tak i kjend stil.
Øystein Furevik/Gamer.no

Eit tettpakka spel

Å springe rundt i Baghdad er som å springe rundt i ein jungel full av ting du berre sjekke ut. Det er noko bak nesten kvart eit hjørne, men det framstår ikkje like overdrive som det har gjort i enkelte tidlegare spel. Eg fann ikkje dusinvis av irrelevante ting som spelet ville ha meg til å plukke berre for å bruke tid, men ei og anna kiste, nokre historiske lokasjonar, og ei rekke små og store oppdrag er absolutt innanfor, sjølv om dette sjølvsagt kan vere annleis i det fulle spelet.

Det framstår likevel hakket meir konsentrert enn fleire seinare spel i serien. Det er eit sterkt fokus på å formidle ei historie her, og av det vesle eg fekk sjå ser den ut til å kunne bli av det betre slaget. Det eine eventyret glir over i det andre, og vi møter ei rekke folk som alle har sine motivasjonar, og dei framstår truverdige. Den, og det interessante blikket inn i Baghdad for omlag 1000 år sidan er kanskje vel så store grunnar til å spele dette spelet, som dei velkjende Assassin's Creed-mekanikkane.

Litt nasking kan bli nødvendig.
Øystein Furevik/Gamer.no

Med det er det på tide å kome med dei dårlege nyhenda. Alt du ikkje likte med Assassin's Creed er til stade like tydeleg som før. Det er nesten litt imponerande at Ubisoft i løpet av 16 år framleis ikkje har greidd å få til parkourkontrollane skikkeleg. Det første som skjedde då eg elegant skulle springe etter ein person i spelets første opplæringssekvens var naturlegvis at eg hoppa rett i ei elv, måtte svømme i land, og klatre opp igjen til punktet der alt hadde gått skeis. Det var ikkje den einaste gongen spelet kjempa mot meg. Basim spring når du vil klatre og klatrar når du vil springe meir enn kva eg synest er greit.

Det er ikkje ein konstant irritasjon på nokon måte, og det fungerer oftare enn det ikkje fungerer, men det er likevel ofte nok til at det blir ei greie. Det er akkurat dei same problema som alltid har prega utforsking i denne serien.

Rett skal vere rett, eg spelte Assassin's Creed Mirage via ei skyløysing, så det er fullt mogleg at nokre av kontrollfrustrasjonane var av ein teknisk natur, men eg tvilar litt i og med det er slik serien alltid har vore.

Konklusjon

Vi følgjer Basim gjennom fleire punkt i livet.
Øystein Furevik/Gamer.no

Assassin's Creed Mirage ser ut til å bli eit spel for dei som meiner serien kanskje har sklidd ut litt. Om du synest dei seinare spela har blitt for store, for komplekse og har mista litt av den gode kjerna som gjorde dei første spela så bra, er det god grunn til å tru du får akkurat desse tinga her.

Spelet skapar umiddelbart ei kjensle av å vere heime. Det er her den er i sitt ess, og det merkast med ein gong. Alt frå estetikk til dei spelmekaniske elementa er akkurat der dei skal vere, og det kennest veldig naturleg og rett å gli over hustak medan du kikar ned på dine komande offer.

Det er litt synd at parkourkontrollane framleis ikkje sit heilt som dei burde, men om resten av spelet held det det lovar får vi vel leve med det.

Assassin's Creed Mirage kjem i sal for PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series S/X og Windows 5. oktober.

Siste fra forsiden