Anmeldelse

Assassin's Creed Mirage

Snikdrap i solsteiken

Eit solid snikmordarspel med velkjende utfordringar.

Ubisoft

Sidan starten i 2007 har Ubisoft produsert 29 spel i Assassin's Creed-serien, fordelt på konsoll, PC og mobil. Det er ei vanvittig mengde spel om du skal prøve å få med deg alt, spesielt med tanke på kor digre fleire av dei siste spela har vore.

Sjølv om serien absolutt har halde seg populære, er det ikkje til å kome bort frå at stadig fleire har ytra misnøye over kor uoverkommelege desse spela kan framstå. Akkurat det kan det sjå ut til at Ubisoft har tatt inn over seg, for her serverer dei eit kortare og meir konsentrert spel som ser bakover, og skapar nostalgiske assosiasjonar til det aller første spelet i serien.

På rett kurs

I Assassin's Creed Mirage møter vi ei yngre utgåve av Basim, ein kar som først dukka opp i Assassin's Creed Valhalla. I løpet av nokre korte timar får vi ta del i korleis han blei med i snikmordarklubben, før det ber laus på eventyr i storbyen Baghdad. Førsteinntrykket er kanonbra. Det er herleg å vere tilbake. Assassin's Creed-konseptet kler denne settinga veldig godt, det er på sett og vis her den høyrer heime. Med flate steintak, palmar og tørre sandsletter.

No og då reiser vi utanfor Baghdad sine enorme bymurar.
Øystein Furevik/Gamer.no

Ubisoft har levert eit vakkert spel, det er nesten så eg kan kjenne heten fro sola frese med i trynet når eg vandrar rundt i gatene i Baghdad. Det er noko å sjå overalt, folk som vandrar gatelangs med ein pengepung til låns, forhandlarar som sit i skuggen under eit forheng, og ein synleg forskjell på rik og fattig der digre palass imponerer med sin overdådige rikdom.

Elles er det meste er slik vi kjenner det. Basim spring gjennom travle gater, over og mellom hustak der han klatrar over bommar, svinger seg i takbjelkar og landar rullande før han balanserer over ei klessnor eller to. Når alt klaffar er det frykteleg moro, og å klatre opp i sitt første tårn for å sjå den vidstrakte utsikta er ei flott kjensle.

Frå utsiktspunktet stuper du ned i næraste høyvogn og spring vidare for å løyse neste oppdrag. Desse kjem i hovudsak i to utgåver. Du har historieoppdraga som fungerer til dels som små detektivoppdrag der du må finne ut kven, kva og kvar før du til slutt tek livet av nokon. Dei byr på fine filmsekvensar som presenterer ei underhaldande historie fri for Abstergo, men først og fremst er dei bindeleddet som avslutter ein del av spelet og startar ein ny.

Andre oppdrag kjem i form av kontrakter du kan plukke med deg frå snikmordarbyrået. Desse er heilt valfrie, men byr på løn i form av utstyr, ressursar eller poeng du kan bruke for å oppgradere eigenskapane til Basim. Ved sidan av det finn vi som vanleg ein haug med valfrie ting, som kister som alltid ligg bak ei dør stengt frå innsida med ein bjelke, skjulte manuskript og ikoniske stadar som låser opp informasjon for dei som vil lære meir om tidsperioden og området.

Du kan setje på ei retrofilter om du saknar det første spelet.
Øystein Furevik/Gamer.no

Som eit par gamle sko

Alt er ved det kjende, men det er mykje mindre å halde styr på denne gong. Spelet går føre seg i og rundt Baghdad, og sjølv om det kanskje skulle framstå som lite i forhold til kva seinare spel har bydd på, er det meir enn nok. Dette er det første Assassin's Creed-spelet på mange år som framstår fornuftig. Det hånler ikkje av tida di, men respekterer den og serverer ei historie med oppnåeleg slutt.

Assassin's Creed Mirage er på sitt beste når du følgjer historia å bryner deg på dei forskjellige oppdraga du får der. Då skal du sanke informasjon, kvar eit mål er, og gjerne finne ein av fleire måtar å gjere det på. Områda eller bygningane du må infiltrere er komplekse, fulle av stadar å gøyme seg, fiendar å møte på, og spelet byr på rikeleg med innfallsvinklar.

Det blir tidvis skikkeleg spanande når du luskar rundt i graset og ser nøyaktig kor mykje du klarar å få til utan å bli oppdaga. Å snike seg inn i eit skap og plystre på vaktene til dei kjem går aldri av moten. Eventuelt ligg du i graset og trekk ned fiendar, sender ein kniv mot ein nabo, og kastar ein pakke fyrverkeri som får ei anna klynge vakter til å flykte i panikk medan du stille glir opp ein vegg, helst usett så du ikkje endar opp med å bli jaga av vakter gjennom halve byen.

Du er best i det skjulte, og sjølv om du absolutt kan utfordre ein fiende til duell, er ikkje dette eit spel med eit spesielt engasjerande kampsystem. Det fungerer greitt når du står med ein fiende og parrerer og svarar, men om du blir omringa er det heilt håplaust og du får ikkje reagert på eit angrep fordi Basim først må gjere seg ferdig med sitt eige.

Like klønete som alltid

Det er nesten imponerande at Assassin's Creed i 2023 slit med nøyaktig dei same problema som i 2007. I det første spelet var det irriterande når du brått hoppa i staden for å klatre, men vi kunne til dels akseptere det fordi spelet gjorde så mykje nytt og imponerande.

Men at eg framleis, 16 år seinare skal måtte setje meg fast i ein liten kant og rotere på fot medan eg har ein bande vakter i helane på nøyaktig same måte som eg eg gjorde for 16 år sidan, er på grensa til utruleg. Denne serien har eit unikt sett med problem og utfordringar og det er pinleg at utviklarane ikkje har gjort meir med dei.

Ein kan nesten kjenne solsteiken.
Øystein Furevik/Gamer.no

Eg ser ingen grunn til å vere snill med Ubisoft her. Dette må fiksast. Når du gang på gang blir plaga av eit kontroillsystem som berre ikkje fungerer, og aldri har fungert som det skal, då er det noko grunnleggjande gale med fundamentet serien er bygd på. Spelet blir ikkje øydelagt av det og eg har hatt mykje moro, men eg har verkeleg banne høgt nokre gongar. Talet på kor mange gongar eg har fått eit scenario øydelagt av at Basim gjer noko tåpeleg som å hoppe rett ned i ei gruppe vakter i staden for til den stolpen som er rett framfor han er veldig, veldig høgt.

Konklusjon

Assassin's Creed Mirage er eit solid snikmordareventyr med ei underhaldande historie og mange engasjerande utfordringar. Å snike i skuggane og plukke ned den eine vakta etter den andre er og blir stor underhaldning, og det er ein grunn til at det framleis kjem nye kapittel i serien.

At serien no vender tilbake til Midtausten er eit klokt val, for det er verkeleg her den høyrer heime. Å snike seg rundt i tette byar fulle av smug og gater og stadar å gøyme seg gjer det til ei herleg sandkasse å leike seg i. Mirage byr òg på eit kortare eventyr med ei fornuftig lengde som ikkje burde ta deg mykje meir enn i overkant av 20 timar å runde, med mindre du insisterer på å få med deg alt spelet har å by på.

Meiningane vil sjølvsagt vere delte om kor vidt større er betre, men om du er ein av dei som datt av serien og ikkje orka stadig større og meir tidkrevjande spel, er dette for deg.

Det eine store ankepunktet er diverre kontrollsystemet som framleis etter alle desse åra ikkje klarar å gjere jobben skikkeleg. Er det ikkje på tide Ubisoft finn ut korleis dei skal gjer parkour hakket mindre frustrerande?

Assassin's Creed Mirage slippes til PlayStation 4, PlayStation 5 (testa), Windows, Xbox One og Xbox Series X/S 5. oktober.

7
/10
Assassin's Creed Mirage
Eit solid eventyr fullt av gode utfordringar og gamle problem.

Siste fra forsiden