Sniktitt

Exoprimal

Fornøyeleg og superteit dinosaurmassakre

Exoprimal kan bli sommarens store overrasking.

Exoprimal.
Capcom

Det regnar dinosaurar. Ei skikkeleg overdriving tenkjer du kanskje, men jo, det regnar. Det regnar dinosaurar. Frå portalar til andre dimensjonar regnar dei ned frå himmelen med glødande raude auge, klare til angrep. Ikkje berre ti, eller hundre, men sikkert tusenvis. Exoprimal er den bisarre greia du endar opp med når det japanske spelselskapet Capcom finn ut at alt dei tar i blir til gull, så skit au, vi lar det stå til. Vi lagar vår versjon av Earth Defense Force, med dinosaurar.

Exoprimal er eit actionspel der du stig inn i feite robotdrakter som kan stå rakrygga side om side med det beste frå Gundam. Dei er fulle av våpen og spesialkrefter som kjem godt med der du vassar gjennom ei gjørme av rabiate dinosaurar.

Så enkelt, så genialt

Ein forsmak på kva som kjem?
Øystein Furevik/Gamer.no

Konseptet er såre enkelt. Over eit par veker fekk prøve oss på Exprimal gjennom ein modus, og ein modus aleine; Dinosaur Survival. Her skal to lag på fem spelarar gå mot kvarandre i noko som er så langt frå ein tradisjonell Team Deathmatch som du kan kome.

I staden for å kjempe mot andre spelarar spelar du mot dinosaurar, og tida. Ein flygande robot fortel deg kvar du skal gå, og du følgjer etter, og berre sekundar seinare dukkar portalane opp, og dinosaurane flyr mot deg. Når alle er utrydda får du høyre om du var raskare eller tregare enn det andre laget, og det er her spelets fleirspelarmodus byrjar å vise seg som den snodige greia den er.

Du løyser ei rekke ulike utfordringar på din veg, alle i form av dinosaurar som må døy, og kor kjapt du gjer dette avgjer om det er ditt eller motstandarane sitt lag som får ein fordel i kampens siste fase. Her skal ein gjenstand forsvarast medan den glir gjennom byen, mot mengder av dinosaurar, heilt til ein når målet der ein òg møter det andre laget.

Det høyrest kanskje teit ut, og det er det, frykteleg teit, men det er forbausande moro. Kampane er ikkje utprega lange, og ein høvlar kjapt gjennom dei mange bølingane med dinosaurar. Den siste og avgjerande kampen mot det andre laget kan raskt snu opp ned på alt, og det har vore nokre vanvittig intense kampar eg har vore gjennom i testperioden vi fekk tilgang på.

Eit variert lag

Det er ein del kule våpen i spelet.
Øystein Furevik/Gamer.no

Mykje av denne intensiteten kjem i hovudsak frå det store arsenalet med kampdrakter du kan tre inn i. Spelet byr på tre grupperingar der vi finn den typiske soldatane, den trauste tanken, samt støttespelaren som passar på at alle har det bra.

Innanfor desse gruppene finnest det store forskjellar og mange kampdrakter å velje i. Ein tank får opp eit skjold laget ditt kan skyte gjennom, medan ein annan tank sender varmesøkande eksplosivar mot fienden. Ein soldat skyt med langdistanserifle, medan den andre spring inn med sverd.

Alle draktene kan oppgraderast, og her får vi både forbetringar som får effekt for alle draktene, samt individuelle bonusar opparbeida gjennom eit trufast forhold til di favorittdrakt. Du låser opp utstyr som kan monterast på draktene og gje dei nye våpen eller eigenskapar. Det skapar ein solid variasjon i kampane, både for din del, men og i form av korleis dei utartar seg basert på korleis laget ditt er samansett.

Sjølv om eg ikkje fekk sett så frykteleg mange ulike baner, fekk eg godt erfare kor annleis spelet kan bli om ein vel ulike draktar. Ikkje berre det, men om du finn ut du har valt feil kan du når som helst byte drakt medan kampen pågår.

Om det ikkje held får du no og då sjansen til å hoppe inn i kroppen på ein dinosaur, i mitt tilfelle ein ganske stilig Carnotaurus, og det er klart det er stor moro å rive fiendane i filler med digre kjevar, og slå dei overende med ein muskelbunt av ein hale.

Eg sa jo det rengar dinosaurar.
Øystein Furevik/Gamer.no

Er det nok?

Utover kampane byr spelet på ei overraskande robust historie med fleire detaljar enn det tullete utgangspunktet kanskje skulle tilseie. Vi møter eit knippe barske krigarar som gjennom samtaler mellom slaga viser at Capcom sjølve i alle fall ikkje tek dette spelet så frykteleg høgtidleg. Ein kunne latt seg lure, for spelet byr på ein diger database der du kan leite deg fram til kva som eigentleg skjer. Nye innlegg blir låst opp etter kvart som du drep dinosaurar og fullfører oppdrag. Eg veit ikkje kor mykje hensikt dette eigentleg har i eit spel som eigentleg berre handlar om mykje action heile tida, men la gå.

Dinosaurane i seg sjølve byr ikkje på mykje variasjon. Du spelar for det meste mot svermar av raptorar, samt ei og anna pteranodon-gruppe. No og då dukkar større og sterkare dinosaurar opp, og dei fungerer nærast som små sjefskampar. Det er ein formel som går om igjen på kvart nivå og byr ikkje på mykje variasjon, men eg må innrømme at eg ikkje sakna det heller gjennom testperioden. Det er ikkje frå variasjon moroa kjem, moroa kjem gjennom kor raskt ein klarar å ta dei før ein møtet det andre laget.

Det som definitivt kunne ha vore betre er den visuelle presentasjonen. Til å vere eit spel fullt av dinosaurar er det frykteleg grått. Ikkje så rart all den tid eg for det meste har spelt i ruinane av digre byar, men litt meir farge haddde gjort seg. Det sagt, spelet held seg ganske bra med tanke på kor enormt mange beist som blir kasta mot deg til ei kvar tid.

Konklusjon

Det er ikkje reint få raptorar på skjermen til ei kvar tid.
Øystein Furevik/Gamer.no

Eg gjekk inn i Exoprimal ganske usikker på kva eg hadde i vente, men gjekk ut positivt overraska. Det er eit forbløffande artig spel som trass sitt bisarre og latterlege utgangspunkt klarar å levere ei kraftpakke av underhaldning. Å skyte dinosaurar er moro, å konkurrere om å skyte dinosaurar raskast mogleg før ein knuser mostanderlaget er kanskje enda meir moro.

Om spelet vil bli ein hit er eit anna spørsmål. Korleis dei andre modusane fungerer og om spelet vil by på nok variasjon til å vere verdt ei investering veit vi ikkje før lansering. Hadde det vore nokon andre enn Capcom bak rorert akkurat no hadde eg hatt store tvil, men dei går på den eine suksessen etter den andre for tida, så kven veit. Exoprimal er ein retur til klin kokos japansk speldesign, og det kan eg ikkje anna enn å sjå fram til å få spele meir av.

Exoprimal lanserast 14. juli på PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series S/X, Game Pass og Steam.

Siste fra forsiden