Anmeldelse

The Settlers: New Allies

Eit offer for feil fokus

The Settlers: New Allies har fjerna mykje av den store appellen serien har bygd seg på.

Ubisoft

Mitt første møte med The Settlers var ein demo av The Settlers som kom med den medfølgjande disketten frå eit PC-blad ein gong tidleg på 90-talet. Det andre møtet var The Settlers II, som blei kjøpt den dagen det kom ut, og raskt sementerte seg som ein av grunnpilarane i mi spelhistorie.

The Settlers er og var noko unikt. Det er ein serie spel bygd på ein filosofi om at det finnest andre, like, kanskje til og med meir interessante ting enn krigføring. Det var ei langsam, koseleg pause frå livet, der du sende ut geologar for å finne edle metall, bygde forsyningslinjer og sakte, men sikkert såg den vesle sivilisasjonen din vakse til noko du kunne vere stolt av.

Litt kriging var ikkje til å unngå, men det var ikkje eit stort fokus. Til det hadde vi andre spel. Vi hadde Warcraft II: Tides of Darkness, vi hadde Command & Conquer: Red Alert. Suksessen til The Settlers-serien kom nettopp fordi det gjorde noko heilt anna enn spela som fokuserte på krig.

Tidene har endra seg

Historia er noko vrøvl du trygt kan ignorere.
Øystein Furevik/Gamer.no

Om du tenker du skal få leike deg med The Settlers: New Allies utan å krige for mykje er det like greit å punktere den draumen først som sist. The Settlers: New Allies handlar først og fremst om krig, og det handlar om krig på nettet med og/eller mot andre spelarar. Det er derimot eit veldig sært krigsspel. Det er eit spel der det aller meste du gjer handlar om å samle inn ressursar medan soldatfabrikkane dine går av seg sjølv, før det heile brått er over.

Ved første augekast er mykje ved det gamle i The Settlers: New Allies. Vi møter ei vanvittig sjarmerande verd presentert gjennom fargerik og imponerande detaljert grafikk. Vi får sjå alt som skjer, om det så er ingeniørar som bygger ein ny bygning, vanlege arbeidsfolk som hentar ein stein i næraste lagerbygning, eller om det er noko så lett å oversjå som kor naturtro eit tre svaiar når det blir angripe med øks.

Ein kan forsvinne inn i alle detaljane, og eg legg heile tida merke til noko nytt. Dei som har jobba med den visuelle sida har definitivt gjort jobben sin, og det ivaretek alle dei små tinga som alltid har gjort The Settlers så sjarmerande på ein heilt nydeleg måte. Vi får i tillegg tre ulike fraksjonar, og sjølv om dei alle er temmeleg like, er det nok forskjell i det visuelle til å separere dei.

Under overflata er det derimot mange endringar. Den første du vil merke er korleis spelet no er på eit heksagonalt nett. I og med at spelet kjem til konsoll òg, er det ikkje så vanskeleg å sjå kvifor. Det er lett å plassere bygningar, rotere dei, og binde dei saman med vegar. Eg var ingen fan i starten, men det gjekk seg til, og eg finn det heile ganske greitt å ha med å gjere.

Det eg ikkje er ein stor fan av er korleis alt har blitt veldig forenkla. Det er nesten ingen djup strategi i The Settlers: New Alllies. Alt handlar om å få opp nokre enkle produksjonsnettverk og unngå flaskehalsar. Mange bygningar har blitt fjerna, prosessar har blitt fjerna, og dei fleste bygningar kan du klare deg heilt fint utan.

Ein ny start

Dette panelet er alt som er igjen av detaljstyring. Vel kor mange av ein gitt ressurs som skal ligge i varehuset. Det er alt.
Øystein Furevik/Gamer.no

Alt du eigentleg treng av produksjon i The Settlers: New Allies er elementere varer som stein og ved, samt det du treng for å lage våpen; jarn og kol. Med desse innabords kan alt gjerast. Du får materiala du treng for å bygge bygningar. Du får laga verktya ingeniørane brukar for å bygge bygningar, og du får råvarene som skal til for å lage våpen til soldatane dine. Har du alt dette oppe og gå tidleg kan krigsmaskina di gå av seg sjølv medan du først då ser på andre ting som matvarer.

Du treng eigentleg ikkje lage mat meir. Alt den brukast til er å booste produksjonen av ting. Om du vil invitere folk til å bu i landsbyen din, treng du berre ved og stein for å bygge hus. Mat kan absolutt bli både nyttig og i nokre situasjonar nødvendig, men teknisk sett kan du klare deg heilt utan, og eg har trasig nok hatt meir hell i fleirspelarkampar ved å gjere minst mogleg, enn ved å gjere det The Settlers-serien fortel hjernen min at eg skal gjere.

For eg vil bygge ein gard, eg vil lage brød, eg vil plukke bær og avle fram pakkesel. Eg vil alle desse tinga, fordi det er der min elsk for The Settlers-serien kjem frå. Eg endar difor ofte opp med å rote meg bort i å bygge opp eit samfunn fullt av folk eg ikkje eigentleg treng, for å produsere mat eg eigentleg ikkje treng, og kanskje oppgradere diverse soldatar og bygningar for ein kamp som kanskje, kanskje ikkje kjem. Eg kosar meg stort heilt til eg brått innser eg har forsømt militæret, blir angripen, og må innsjå dei siste timane av mitt liv var bortkasta.

Det er risikosport, for The Settlers: New Allies er eit spel samansett av ei lang rekke flaskehalsar som berre ventar på å øydeleggje alt for deg. Inntil du har nådd eit punkt der du har stålkontroll på korleis spelet fungerer, og dette vil nok for mange ta litt tid sidan spelet gjer ein elendig jobb i å undervise spelaren, vil du garantert møte på situasjonar der ingenting skjer. Absolutt ingenting skjer.

Spelet er fullt av små detaljar, og det er alltid noko å sjå på.
Øystein Furevik/Gamer.no

Kvifor gjer du ingenting?

Du sit og ser på skjermen, ser at du har rikeleg med råvarene du treng, du har rikeleg med folk til å bære råvarane, og du har rikeleg med ingeniørar som akkurat no ikkje gjer noko. Likevel. Ingenting skjer. Alt går i stå, og det at denne eine bygningen som godt mogleg er smia du treng for å kome i gong med produksjonen av soldatar ikkje ser ut til å ville bli ferdig, skapar snøballeffekt som kan få fatale konsekvensar. Noko så enkelt som ein flaskehals ved byggjinga av eit hus kan òg stoppe ting. Utan hus, ingen folk, og utan folk, ingen soldatar.

Årsaka til desse problema er samansette, men eg har identifisert nokre syndarar. I sin iver etter å fjerne overflødige bygningar og produksjonsledd har utviklarane fjerna lagerbygningar, og vi sit utelukkande igjen med store varehus. Desse kostar litt, tek lang tid å bygge, og er såleis ei utfordring i starten av eit kart. I tillegg er det gjerne langt mellom ressursane, så du må bygge varehus nær alle klynger med viktige ressursar.

Innbyggjarane dine får ein frykteleg lang veg å gå når dei skal levere varer. Ikkje minst fordi det er slutt på den tida der folk stilte seg opp langs vegane og sende ei vare frå den eine personen til den andre. No går dei i staden heile vegen, og den kan vere lang. Dette tek tid, sjølv om du legg ned steinveg eller får deg nokre esel, men det kan gå heilt i stå fordi The Settlers: New Allies introduserer eit forferdeleg konsept; køkultur. Om berre ein innbyggjar stoppar opp ein stad, om det så er for å levere ei vare, stoppar andre opp etter han, og her har du brått ein ny flaskehals skapt av spelets vegar som skulle ha vore to felt.

Kvalifisert arbeidskraft

Det er ikkje rart jobben ikkje blir gjort når alle sit fast i trafikkork.
Øystein Furevik/Gamer.no

Ei anna utfordring er ingeniørane du treng for å bygge dei ulike bygningane. Når du skal setje opp ein ny bygning må du ha nokre ingeniørar, og desse kan vere på motsett side av territoret ditt om det var der du bygde sist. Då må dei gå heile vegen til der du er, og dette kan i seg sjølv ta mykje tid. Spelet vel berre den næraste ingeniøren som er tilgjengeleg, og med det har vi ein ny flaskehals der vi har ein byggplass full av byggemateriale, men ingen til å bygge.

Problemet er med andre ord ingeniørar. Hadde utviklarane droppa ingeniørane, eller berre bearbeida konseptet slik at du til dømes har eit par ingeniørar stasjonert i kvart varehus kunne mange problem ha vore unngått.

Det blir verre, for spelet elles prioriterer ikkje etter kva rekkefølgje du bygde ting i. Om du til dømes innser du treng fleire heimar for folk, bør du vere forsiktig med å berre plotte ned eit nytt byggefelt. Folk vil berre frakte materiale til alle husa hipp som happ, og du kan raskt ende opp i ein situasjon der alle dei nye husa manglar berre ein stein eller ein planke, medan dei bygningane ingeniørane har valt å jobbe med har ikkje fått nokon materiale.

Når du ikkje har nokon måte å prioritere kva som skal gjerast først blir det ekstra frustrerande, og du må ned på mikronivå, velje kvar enkelt ingeniør, og flytte han dit du treng han. Det same får du diverre ikkje gjort med folka som fraktar ressursane dine.

Spesielt ille blir det når spelet, mest sannsynleg som ein konsekvens av fokuset på fleirspelar, har droppa å la spelaren endre kor fort tida går. No går alt i sniglefart, heile tida. Fleirspelarmodusen har tatt alt for mykje fokus, spesielt med tanke på at den er fullstendig øydelagd. To kampar har eg fått spelt til sin konklusjon. Alle andre har krasja på ein eller annan måte, eller folk har blit fråkopla. Som det fleirspelarspelet The Settlers: New Allies er bygd for å vere, er det heilt ubrukeleg.

Konklusjon

Det er godt å vinne.
Øystein Furevik/Gamer.no

The Settlers: New Allies er ei frustrerande oppleving, og det er lett å sakne mange av dei elementa som alltid har vore der. Dette er eit straumlinjeforma The Settlers-spel, det har blitt forenkla mest mogleg, men om målet er å lage den nye fleirspelarfarsotten, ikkje forenkla nok.

Dei fleste kampar eg har spelt har vart opp mot ein time før eg har sett snurten av ein motstandar. Når ein først kjem dit handlar det berre om kven som har klart å bygge størst hær, og det er den spelaren som vinn. Med mindre spelet låser seg, noko som har skjedd i brorparten av kampane eg har spelt. Det er lite som endrar motivasjonen meir i negativ favør enn å kaste bort timar av livet på ingenting fordi spelet går i frys.

Likevel er det noko som dreg meg tilbake. Ubisoft har eit fundament her som i utgangspunktet er veldig engasjerande. Eg likar å plassere bygningar, samle inn ressursar, utvide landområda mine, og det er noko eg lett kan gjere i timar om gongen, aller helst slik at andre, viktige gjeremål blir ignorerte. Det er berre så frykteleg synd at Ubisoft sette eit fokus på fleirspelar, og forenkla så mange system. Dette spelet kjem aldri til å klare å konkurrere mot andre fleirspelarspel. Det er for langsamt, og eg fryktar at i sin iver etter å selje mikrotransaksjonar og kapre eit nytt publikum, har dei mista dei som i utgangspunktet er interessert i slike spel.

Det er synd, for The Settlers: New Allies har potensialet til å kunne vere noko skikkeleg fornøyeleg, men det er for spinkelt, og det alltid overhengande fokuset på krigføring er eit forstyrrande element.

The Settlers: New Allies er ute til Windows. Versjoner til Amazon Luna, Nintendo Switch, PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One og Xbox Series X/S 23. mars.

5
/10
The Settlers: New Allies
Eit godt utgangspunkt som diverre har for mange irritasjonsmoment til å nå opp.

Siste fra forsiden