Anmeldelse

Pentiment

Gud hjelpe meg for eit spel

Pentiment er eit meisterverk utan like.

Xbox Game Studios

Eg veit ikkje heilt kva eg hadde venta. Då Pentiment først blei kunngjort reagerte eg vel slik mange andre gjorde, og sannsynlegvis vil gjere når dei ser responsen eg gir det; med eit snev av vantru. Her kjem rollespelveteranane i Obsidian med noko som ser mest ut som den billege produksjonen frå eit studio nær randen av stupet, ikkje trygt omfamna av dei gullutsmykka vengene til Microsoft.

Men her er vi altså. Obsidian-veteran Josh Sawyer har fått laga hjartebornet sitt, og etter å ha sett rulleteksten midt på natta fordi det å ta kvelden som eit normalt oppegåande menneske viste seg å vere uakseptabel praksis denne dagen, er eg nesten mållaus.

Ikkje kva du ventar

Samvitet til Andreas spelar dukkar opp.
Xbox Game Studios

Pentiment er eit av dei beste spela eg nokon gong har spelt, og akkurat det er noko eg for å vere heilt ærleg aldri trudde eg skulle seie igjen. Eg har blitt litt for blasert og det er for lite som verkeleg imponerer. Eg kosar meg stort og ofte, men det klasket i trynet som omarrangerer livssynet mitt, det har uteblitt.

Josh Sawyer og Obsidian byr eigentleg på ei enkel historie. Vi møter Andreas Maler, ein tyskar som etter eit vandrarår no har mellombels slått seg ned i den vesle tettstaden Tassing i Bavaria. Han er kunstnar og jobbar for det lokale klosteret saman med ei rekke munkar.

Vi startar spelet med å bli kjende med både Andreas, Tassing og folka som bur der, samt klosteret. Vi blir kjende med dragningane i tida, konflikta mellom kyrkja og folket, og då ein rik adelsmann dukkar opp og byrjar å snakke om Martin Luther merkast det at noko er i gjere.

Misnøye med biskopen, stadig aukande skatt og restriksjonar på kva landområde bøndene får bruke, både til arbeid og rekreasjon er stigande. Det heile kulminerer med eit brått og uventa dødsfall, noko som tek Andreas frå å vere ein kunstnar, og set han inn i rolla som etterforskar. Men er han kvalifisert til dette? Kva om dei konklusjonar han – gjennom deg – tek er feil? Kva då?

Historia er alt

Du får sjølv velje bakgrunnen til Andreas, og dette får mykje å seie for korleis du løyser utfordringar.
Xbox Game Studios

Pentiment er eit narrativt eventyr. Det meste du gjer, og det er med få unntak, er å vandre rundt i Tassing, prate med folk, og navigere samtaler. Du må velje korleis du svarar, kva du meiner, og såleis kan du byggje svært ulike forhold til folk basert på korleis du snakkar med dei. Dette er i aller høgste grad eit spel om val og konsekvensar, men sjeldan har eg sett dei utfalde seg så naturleg og umiddelbart som her.

Eg har ofte tvilt, tenkt, angra, og lurt på kva eg bør gjere. Eg veit ikkje om det eg gjer er riktig, og det viser kor godt fortalt denne historia er. Du får verkeleg kjenne på kor mange moglegheiter som er der, og du har rett og slett ikkje kapasitet til å finne ut alt du treng, for tida strekk ikkje til.

Klokka står aldri i ro i Pentiment. Sjølv om fleire samtaler ikkje stel viktig tid, har du berre så mykje rom for aktivitetar i løpet av ein dag. Gjennom dialog og etterforsking sit du kanskje på eit punkt med fleire ulike personar å snakke med eller område å sjekke ut. Du har gjerne berre tid til å velje ein av dei, dei andre kan vere borte for all tid, og dette har stor innverknad på etterforskinga di.

Kanskje har du fått tak i eit tips du aldri får tid til å følgje opp, kanskje får du snakka med ein person som peiker deg i retning av noko, men det er allereie for seint. Kven du snakkar med, og kva du snakkar med dei om har merkbare konsekvensar, og spelet kan av og til skape ei kjensle av at alt eigentleg er litt håplaust, for du har så mange lause trådar, men veit ikkje kva for ein du skal dra i.

Det kan vere frustrerande, men det vitnar berre om i kor stor grad dette spelet engasjerer. Eg vil finne ut av ting, eg bryr meg om historia, eg vil ha svar!

Vi får ta del i fleire lokale tradisjonar.
Xbox Game Studios

Meisterleg fortalt

Det er takka vere Josh Sawyer at vi er her i dag. Han har blant anna Icewind Dale II, Neverwinter Nights 2 og Fallout: New Vegas på merittlista si, og dette er hjartebornet hans. Mannen er ein historienerd, og sit med enorm kunnskap om tidsepoken spelet er basert på. Vi får ikkje berre ei spanande historie om eit drap, men eit fascinerande og engasjerande innblikk i kvardagen på 1500-talet.

Vi møter folk frå ulike kulturar og bakgrunnar. Vi lærer om liva deira og kva utfordringar dei har. Spelet let deg sjølv velje kven, om nokon, som er skurkar og heltar, og det er basert på eigne subjektive synspunkt. Alle har sine motivasjonar og kall for dei er så usedvanleg menneskelege for eit spel å vere.

Joda, Pentiment er historia om drap som må finne sin drapsmann, men det er så mykje meir enn det. Det er historia om ein liten stad som heiter Tassing, og korleis den utviklar seg over fleire tiåar medan livet er hardt, økonomien stram, og ingen blir heilt einige om kven som står ansvarleg.

Eg sit igjen med ei kjensle av å ha lært noko. Dette spelet er betre enn eit halvt år med historieundervisning på skulen. Eg har lært om ulike religionar, folk sitt forhold til tru og kyrkje, korleis livet var for 500 år sidan, gamle kunstformer. Takka vere Obsidian og historikarane dei har samarbeida med sit eg med ei kjensle av å ha fått eit djuptgåande innblikk i ei verd vi som regel berre får eit grunt overflatisk perspektiv på gjennom diverse seriar og filmar. Det framstår genuint og ekte. Mitt kall akkurat no er å finne gode bøker om tidsperioden.

Som eit vandrande kunstverk

Andreas Maler er kunstnar av yrke.
Xbox Game Studios

Mange av dei historiene spelet fortel kjem så godt fram grunna den unike visuelle presentasjonen. Ved første augekast kan det kanskje sjå ut som eit litt billegg indiespel, men dette er langt meir enn det. Utviklarane har basert det visuelle på gamle kunstformer frå den aktuelle tidsperiodene. Det er ein litt karikert og avrunda form for gamle veggmåleri.

Tassing er fullt av små detaljar som vekker tidsepoken til live. Alt frå korleis eit soverom ser ut, til kleda folk går, til kva verkty som blir brukt fortel ei historie, og saman med eit levande bakteppe med lyd der veggar knakar og mus plystrar i veggane, blir ein teken med til ei anna tid.

Hevar ein blikket litt ser ein dei flotte panoramalandskapa i bakgrunnen, noko som igjen fortel ei historie. Denne gong om kvar Tassing er, kva landskap ut geografiske utfordringar lansbyen lev med.

Den største sigeren til kunstteamet er likevel persongalleriet. Dei køyrer ein enkel stil, men kvar enkelt person eg har møtt på i dette spelet er lett gjenkjenneleg, og sjølv om tida går, og du brått er tilbake 10-15 år seinare, kjenner du dei igjen. Ein kan sjå kven som er i slekt, kven som er born av nokon du tidlegare møtte, og sjølv om ein kanskje ikkje hugsar namna på alle, så hugsar ein ait andlete.

I tillegg blir dialogen presentert gjennom ulike skriftformer som seier noko om bakgrunnen til den du snakkar med. Nokon skriv med typeskrift frå pressa, bønder med ei nesten slurvete handskrift, medan øvsteprestane skriv med dramatiske, gotiske bokstavar.

Konklusjon

Du har berre så mange timar i løpet av eit døgn.
Xbox Game Studios

Pentiment er det du får når talent med skaparglede, visjon og ikkje minst ferdigheitene til å levere får gjere det dei vil. Dette er eit skaparverk i si rette form. Eit spel som ikkje kunne eksistert om det blei laga av store team fulle av kokkar, med ein haug investorar som tilskodarar.

Sjølv om spelet kan minne om gamle peik og klikk-eventyr, og aldri byr på verken action eller utfordringar som krev terping og reaksjonsevne, er dette ei av dei mest unike og mest spanande spela eg har erfart. Når ein sit frå morgon til kvelds nesten uavbrote og berre trykkjer seg gjennom dialog, og ikkje klarar leggje det frå seg, veit du at du har med noko spesielt å gjere.

Pentiment har gjort inntrykk. Det rørte ved meg. Det er eit spel som først og fremst fortel ei historie, men det er ikkje berre ei historie. Det er dei mange historiene som samla fortel om livet i den vesle tettstaden Tassing, og dei forferdelege tinga som skjedde der, og sette livet på prøve gjennom mange år.

Pentiment er godt mogleg den best fortalde historia eg nokon gong har erfart i eit spel. Eg er litt satt ut.

Pentiment er ute til Xbox One, Xbox Series X og PC 15. november. Det blir da også tilgjengeleg på Game Pass.

10
/10
Pentiment
Ei av dei beste spelhistoriene nokon sinne.

Siste fra forsiden