Feature

Black Week - Black Friday

Her er dei beste Black Week-tilboda

Skjermkort, mus og tastatur er blant produkta ein kan få skikkelege rabattar på onsdag.

Gigabyte

Nok ein gong har butikkane tjuvstarta Black Week ei veke i forkant, og me lagar som vanleg ei anbefaling på dei beste tilboda.

Ein sparar mest pengar ved å ikkje kjøpe noko i det heile, men for den prismedvitne kan det vere lurt å handle under Black Week viss det er noko ein faktisk treng.

I år ser det ut til at butikkane byr på betre tilbod enn i fjor, så det kan vere ein del å hente for dei som vil få unna julegåvehandelen, til dømes.

Denne artikkelen tar for seg gamingtilbehøyr, maskinvare og konsollar. Speltilbod kan du lese om her.

Artikkelen er oppdatert for Black Friday. Det har ikkje vore dei store endringane frå Black Week til Black Friday, men me har skifta ut nokre av produkta.

LES OGSÅ: Dette seier nettbutikkane om årets Black Week »

LES OGSÅ: Sjekk Gamer.nos Black Friday-seksjon »

(obs: me gjer merksam på at Prisguiden.no er ein kommersiell samarbeidspartnar med Gamer.no. Me får inntekter dersom du trykker på lenker til nettsida deira.)

Spelkonsollar

Xbox Series S 512 GB

To år etter lansering er det framleis vanskeleg å få tak i ein PlayStation, og prisane er betydeleg skrudd opp. Det er heldigvis noko enklare for dei som vil ha Xbox.

Denne var mest rimeleg på måndag, men det kan fort hende at andre butikkar fyrer på med same tilbod på fredag eller Cyber Mondag.

Gamingmus

Glorious Model O

Dette er ein blitt ein skikkeleg klassikar til skytespel, og har eit knallbra tilbod på Black Friday.

Model O er ei lett, behageleg konkurransemus med ei trygg form som passar dei fleste hender.

Både kabelversjonen og den trådlause utgåva er på sal.

Logitech G Pro Trådlaus

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det tidlegare trådlause flaggskipet til Logitech byrjar å dra på åra no, men er framleis eit fantastisk produkt for dei som vil ha ei presis skytespelmus som òg taklar produktivitetsoppgåver. No kostar musa ein tredjedel av lanseringsprisen.

Etterfølgaren Superlight er òg på sal med kraftig rabatt. Den er hakket skarpare til spel igjen.

Cooler Master MM711

Dette er eit av dei enklaste gamingmusene me har testa dei siste åra, og kvalitetskontrollen er det einaste me har trekt på.

Elles er produktet jamt over strålande. Prisnivået er så lågt som det kan bli for ei mus med ein feilfri sensor, og det gjer dette til ei flott julegåve til ein rimeleg penge.

62 gram, ei glimrande passform, tilfredsstillande sideknappar og fine RGB-lys er blant grunnane til at me gav musa 9/10 i 2020.

Cooler Master MM730

Dette er nok eit rimeleg og knallbra produkt frå Cooler Master som me har gitt 9 av 10 moglege poeng.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

MM730 er ein av dei meir «vanlege» formene Cooler Master har laga, med eit behageleg, ergonomisk design.

Byggekvaliteten har blitt betre sidan MM711 kom i 2020, og dette er eit av dei lettaste produkta på marknaden utan bikakedesign (50 gram).

SteelSeries Aerox 5 Wireless

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Rival 600-forma er ein av underteikna sine favorittar blant alle gamingmus for komfortnivået, og dette er den beste versjonen så langt.

Me gav Aerox 5 Wireless 8,5 i vår test i sommar, og hylla produktet for imponerande batterilevetid og lågt vekt trass i storleiken.

Både den trådlause og den kabla varianten er på sal.

SteelSeries Aerox 9 Wireless

Det finst ikkje all verda med skikkelege MMO-mus, og Aerox 9 er ein av dei betre produkta me har testa dei siste åra.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Her får du lang batterilevetid, låg vekt for ei MMO-mus, tolv sideknappar og ei grei passform.

Rett nok held me ein knapp på Razer Naga for denne typen produkt, men her er prisreduksjonen så kraftig at det er vanskeleg å seie nei.

Headsett

Astro A50 4. generasjon

Dette er nokre år gammalt no, men er framleis eit av dei betre trådlause gamingheadsetta du kan kjøpe.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

I vår test i 2020 konkluderte me med at Astro A50 var eit glimrande gamingprodukt for dei som var villige til å betale litt ekstra, samstundes som me kritiserte det for å vere for dyrt.

Black Week har tatt prisen dit han bør vere. Me kalla produktet for det ultimate konsollheadsettet i vår test. Det er meir konkurranse i dag, men det gjeld nok framleis for dei som likar dette designet.

Tastatur

Mountain Everest Max

Dette modulære tastaturet er bygga for å passe alle. Difor er fleire av elementa, som brytarane, mediedokken, NumPad og meir, modulært.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Då me testa det i fjor, og gav det 8/10, kosta det nesten 3000 kroner. No har det fått ein heftig rabatt.

Me kalla tastaturet eit friskt pust i testen vår, og rosa det for byggekvaliteten, utsjånaden, tasteopplevinga og tilpassingsmoglegheitene.

Tastaturet kjem med fleire ulike brytarar. No er det Red- og Brown-brytarane du får med rabatt.

Logitech G915

Skikkelege, trådlause gamingtastatur er framleis ein mangelvare. Dei tre-fire siste åra har det kome ein del nye produkt, men det er framleis forholdsvis lite å velje mellom.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

G915 er eit av dei aller beste. Både fullformatutgåva og TKL-versjonen er på rekordlågt prisnivå, og prisen har vore den fremste kritikken mot desse tastatura.

For dei som vil ha noko som fungerer like bra på gamingbordet som skrivepulten på jobb, er det vanskeleg å slå G915.

Det er mange ulike brytartypar å velje mellom på sal.

Asus ROG Claymore II

Om du ikkje bryr deg altfor mykje om utsjånad, er dette trådlause gamingtastaturet i fullformat noko av det beste pengar kan kjøpe.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Claymore II har nokre av dei same modulære trekka som Everest Max, men utan kabel. Det har eigentleg ikkje noko særleg konkurranse på marknaden.

Dei optomekaniske brytarane er fantastiske å skrive på, batterilevetida er lang, byggekvaliten imponerande.

Som fleire andre produkt i artikkelen er prisnivået omtrent det einaste me har vore skeptiske til.

Maskinvare

Eit av dei beste tilboda på Black Friday (som er profilert på Prisguiden) er på Biostar sitt RX 6600 XT-skjermkort, som Hardware Unboxed i 2021 kalla det verste skjermkortet nokosinne.

Me har difor ikkje noko anbefaling på kjøp, men heller å halde seg langt unna. Sjå videoen deira før du kjøper.

AMD Ryzen 7000-serien

AMD sin haustferske prosessorserie har fått eit spenstig priskutt i heile Europa, og nettstaden Videocardz.com melder om at Ryzen 9 7950X har gått frå 849 til 669 euro fleire stadar på kontinentet.

Me har ikkje fått så kraftig rabatt enno, men prisane har gått ein del ned. Her kan det godt hende at priskuttet kjem over helga. Viss ein kjøper no, er det greitt å bruke ein av butikkane som har prisgaranti for komande rabattar, slik som Elkjøp.

Det verkar som Intel har gitt best valuta for pengane for speling i år, men dei nye AMD-prosessorane er òg nokre skikkelege beist.

Gigabyte RTX 3060 Windforce

Det sit langt inne å kalle noko som helst Nvidia-skjermkort billig med dagens prisar, men dette er nesten ok valuta for pengane.

Me har ikkje testa denne varianten, men me har testa mange andre Gigabyte-skjermkort med same kjølar, og dei pleier å vere solid kvalitet.

Dette er eit relativt nytt produkt på marknaden, og er for tida det mest rimelege RTX 3060-skjermkortet du kan få tak i.

Tilbodet har seinare blitt utvida med fleire skjermkort i same serie. RTX 3060 Ti og 3070 er òg på tilbod til ein uslåeleg pris.

Kingston Fury Renegade SSD

Det er ikkje lenge til dei første M.2-SSDane med PCIe 5-støtte dukkar opp i butikkhyllene, men i mellomtida kan ein gjere fleire gode kjøp på dagens generasjon.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Denne har teoretisk skrive- og lesehastigheit på 7300/7000 MB/s, og me har for tida to av desse i testriggen vår for skjermkort. Det er framleis den kjappaste hastigheita du kan få på PCIe 4.0-SSDar.

I våre testar fann me at SSDen klarte i underkant av 6000 MB/s på lese- og skrivehastigheit, så den reelle ytinga er ikkje så altfor langt unna.

Intel Core-i9 12900-KS

Dette er ein fabrikkoverklokka versjon av prosessoren me brukar til å teste skjermkort, og har fått eit hyggeleg prisavslag for å bli eit endå kjøp.

Det er ikkje all verda med forskjell mellom den siste generasjon og 12000-prosessorane når det kjem til spel, så her kan ein spare nokre kroner. Men ProShop hadde ein lynrask kampanje på 13900k til nesten same pris, og det kan fort hende at fleire butikkar gjer noko liknande. Då er det like greitt å gå for den nye.

Samsung 980 PRO med kjøleribber

Dette er eit anna trygt val for rask lagring til ein grei penge, og passar i PlayStation 5 sjølv med kjølaren som følger med.

SSDen er ein smule treigare på papiret enn Kingston sin med skrive- og lesehastigheit på høvesvis 7000 og 5000 MB/s.

Kioxia Exceria Pro

Denne M.2-SSDen sit i ein testrigg me held på å bygge no. Kioxia byr på ei lese- og skrivehastigheit på opptil 7300/6400 MB/s, og det til ein litt større prislapp enn Kingston.

Me er ikkje ferdig med testen vår her enno, så me ventar med å konkludere kva som er best. Hastigheita på papiret vil ikkje alltid vere den same som det produsenten oppgir.

Asus ROG Maximus Z790 Hero

Den siste generasjonen av hovudkort er knapt kome i butikkane enno, men her fyrer ProShop på med ein respektabel rabatt på eit av Asus sine beste hovudkort allereie.

Asus

Ikkje gale.

Me har brukt Z690-versjonen av dette hovudkortet i éit år, og det er aldeles glimrande. Det er ikkje all verda med forskjell opp til den nye utgåva, men det fremste trekkplasteret er to M.2-spor med støtte for PCI-e 5.0.

Me har dette liggande på testbenken for tida. Førsteinntrykket er svært positivt.

NZXT Kraken X53

NZXT

Denne klassiske prosessorkjølaren kom i ny versjon tidlegare i år, og er eit trygt val for dei som er ute etter ein rimeleg AIO-kjølar.

Kjølaren kjem med ein radiator på 240mm, som gjer han passande for mellomstore og små kabinett. Ytinga er det lite å seie på for prisen, då kjølaren leverer låge temperaturar med forholdsvis lite støy.

Corsair RM1000x

Dette er ifølge Prisguiden den mest populære straumforsyninga på deira flater, og er redusert til eit rekordlågt prisnivå.

Corsair

Me har ikkje testa akkurat denne modellen sjølv, men har gode erfaringar med Corsair sine andre straumforsyningar. Dette er den klart billigaste straumforsyninga med 1000 watt og sertifisering på gull eller betre i norske butikkar.

Eininga er fullt modulær.

Asus ROG Swift PG259QN

Det er framleis relativt få gamingskjermar med oppdateringsfrekvens på 360 hertz på marknaden, og dette er kanskje den som gir mest for pengane i dag med tanke på biletekvalitet.

Lenovo sin YG25 er endå billigare, men den har me ikkje erfaringar med. 3-4000 kroner for dei beste skjermane for konkurransespel er i alle fall innanfor. Desse skjermane kosta flesk berre for eit år sidan.

Kontroller

Sony DualSense

Sony

Kontrollarar blir fort dyrt viss ein skal ha med vener på speling, og då er det greitt å dra nytte av tilbodsvekene for å få mest mogleg for pengane.

No kan ein få kjøpt PlayStation 5-kontrollaren i alle tenkelege fargar til rekordlåg pris.

Kanskje det er på tide å handle inn eit par ekstra så ein er førebudd når vener kjem på besøk?

Xbox Series X/S-kontroller

Microsoft

Måndag er butikkane på plass med tilbod på Xbox-kontrollarane òg. Det er ikkje stort å seie om sjølve kontrollarane her, men du får dei i alle fall til ein relativt rimeleg penge.

Trygt julegåveval til ein kompis. Det er ganske sjeldan at desse er på sal, så treng du fleire, er dette sannsynlegvis tida. Dei har aldri vore så billige som no.

Prisguiden.no er en kommersiell partner av Gamer.no. De leverer oppdaterte priser, prisvarsling og produktinformasjon. Du kan lese mer om Prisguiden her »

Siste fra forsiden