Feature

Black Week

Her er spela du bør vurdere i tilbodsveka

Fleire kritikarroste storspel har fått heftige rabattar. Her er tysdagens mest interessante tilbod.

Nintendo

Då var Black Week i gang, og det er mange skikkeleg gode tilboda på spel så langt. Onsdag starta dei store digitale nettbutikkane sine sal, og der er det frykteleg mykje snadder.

I denne artikkelen har me først og fremst undersøkt tilbod på fysiske utgåver av spel.

Saka blir oppdatert kvar dag. Onsdag har me lagt til eitt nytt spel.

LES OGSÅ: Her er maskinvare- og gamingtilboda du bør vurdere »

LES OGSÅ: Sjekk Gamer.nos Black Friday-seksjon »

(obs: me gjer merksam på at Prisguiden.no er ein kommersiell samarbeidspartnar med Gamer.no. Me får inntekter dersom du trykker på lenker til nettsida deira.)

Xenoblade Chronicles 3

Dette spelet er enormt. Dessverre kan det bli litt vel mykje av det gode, slik vår meldar Øystein Furevik skreiv i august. Furevik meinte at spelet øydelegg med ein del keisame element, men trakk samstundes fram at det til tider er veldig engasjerande.

Det er i alle fall sjeldan at ein ser Nintendo dra på med store rabattar. Her har eit av dei mest populære spelseriane deira falt kraftig i pris berre nokre månadar etter lansering. Det kan godt hende dette er den mest rimelege prisen ein kjem til å sjå dette til.

A Plague Tale: Requiem

Oppfølgaren til A Plague Tale: Innocence gjorde stort inntrykk på vår meldar no i haust.

Andreas Bjørnbekk gav spelet 9/10 og meinte A Plague Tale: Requiem kunne vere årets mest unike speloppleving.

Her bør ein smørje seg med litt tolmod for å kome gjennom dei første timane, for det er ei gripande forteljing som ligg i vente på den som bryner seg på dette vakre eventyret.

Call of Duty: Modern Warfare II

Det tok ikkje langt tid før dette var på sal, gitt. Årets runde på slagmarka er rett nok framleis dyrt, men du får spare nokre ekstra kroner viss du vil spele medan det enno er liv i serverane.

Me var ikkje spesielt imponerte over Modern Warfare II i vår omtale tidlegare denne månaden, men du får omtrent det du ventar.

Det er Call of Duty. Du får Call of Duty. Ja. Du veit kva det går i, liksom.

God of War: Ragnarök

Det er så vidt det går an å kalle dette ein rabatt når ein tar med frakt, men det er mogleg å spare nokre kroner på det rykande ferske storspelet i Black Week.

Spelet er eit av få som har fått toppkarakter av oss i Gamer.no i år.

Meldar Espen Jansen var først bekymra for at utviklaren hadde gjort litt for mykje av det same som i førre spel, men det inntrykket blei snudd på hovudet etter kvart som han kom lenger og lenger inn i spelet.

Omtrent heile den internasjonale spelpressa verkar å vere samde i at dette er eit glimrande innslag i God of War-serien.

Dei som ikkje har spelt det første spelet i serien kan òg plukke med seg det for under ein femtilapp.

Uncharted: Legacy of Thieves (PS5)

Føler du at Uncharted 4: A Thief's End verkeleg ikkje var mogleg å spele på grunn av altfor dårleg grafikk? Nei? Vent, ja, seier du?

Vel, då er dette det perfekte høvet til å bryne seg på det siste, actionfylte eventyret i Uncharted-serien.

Her får du både hovudspelet og utvidinga Lost Legacy i ein skinande, ny pakke til PlayStation 5. Spelet er òg ute på PC, så det er store sjansar for at det dukkar opp ein rabatt på Steam etter kvart.

Gran Turismo 7

Er dette tidenes beste bilspel?

Det spurde vår meldar i sin test i vår. Andreas Bjørnbekk fyrte på med 10/10 og kalla spelet eit meisterverk.

Han gjekk faktisk så langt som å kalle det eit «Shakespeariansk kjærleiksbrev til bilentusiastane». Her har me moglegvis slått to fluger i ein smekk med å både finne tidenes bilspel og tidenes Gamer.no-konklusjon.

Det er ikkje kvar dag ein får til slikt.

Prisen held seg framleis med tanke på at det er gått ein del månadar sidan lansering, men det har ikkje vore så billig som no. Her får ein kose seg i mange, mange timar for ganske få kroner.

Flåklypa Grand Prix

Kva med ein direkte injeksjon av nostalgi, rett i årene?

Me hylla utviklarane i Ravn Studio, Rock Pocket Games og Invictus Games for nyversjonen av det legendariske, norske spelet frå år 2000, i vår melding i fjor.

Fleire av nettbutikkane har både Switch- og PC-utgåva av spelet på tilbod til ein brøkdel av kva det kosta då det kom i fjor.

Kanskje er det på tide å sette seg ned for å glo?

Horizon Forbidden West

Aloy er tilbake, og har fått meir plass å boltre seg på, fleire robotar å drepe og nye utfordringar å løyse. Og denne veka kan du vere med henne på reisa for ein billigare penge enn nokosinne.

Vår meldar syns spelet var skuffande samanlikna med forgjengaren, og enda med å gi spelet 6 av 10.

Uansett er eit av årets største spel på eit rekordlågt prisnivå.

The Last of Us Part II

Naughty Dog serverte ein polert actionfest utan like i den etterlengta oppfølgjaren, der me fekk eit nytt møte med kjende og kjære figurar frå The Last of Us-universet. Del to er eit kontroversielt spel, kanskje det mest kontroversielle nokosinne, og mange har nok et elsk-hat-forhold til det.

Her på huset smelte me til med ein niar då me melde spelet i 2020.

No er spelet tilgjengeleg til rekordlåg pris. 39 kroner er nesten gratis. Nesten.

The Last of Us Part I (PS5)

Når me først er inne på The Last of Us, er det mogleg å plukke med seg denne noko freshare versjonen av forgjengaren til ein rekordlåg pris.

400 kroner er stivt for eit spel som har blitt lansert i ørten ulike utgåver frå før, men det er i alle fall ein spenstig rabatt frå lanseringsprisen for ei så nyleg lansering (i alle fall denne utgåva).

Spider-Man: Miles Morales (PS4/PS5)

Ekstraeventyret til det svært solide Spider-Man-spelet frå 2018 lanserte saman med PlayStation 5, og har no fått eit solid prisavslag.

«Som eit ekstra kapittel til 2018s Spider-Man er Spider-Man: Miles Morales eit glimrande påheng. Sjølv om mykje er ved det same, er det nok nytt her til å fengsle – både for dei som er heilt nye til Insomniacs tolking av superhelten, og for dei som storkoste seg med forgjengaren», skreiv me i vår melding.

Mass Effect Legendary Edition

Eventyra med Shepard og gjengen har aldri tatt seg så bra ut som i denne versjonen, sa vår meldar i fjor.

Me enda på 9/10 i meldinga vår, og konkluderte med at oppussinga klarar å halde seg trufast til originalen, samstundes som han løftar opplevinga nokre hakk.

I dag er spelet tilgjengeleg for rekordlåg pris. Her er det mange timar med moro for dei på konsoll.

Deathloop

Arkane Studios hausta mykje skryt frå spelpressa då det kom i fjor, men folk flest har vore langt meir lunkne. Metacritic-poengsummen frå spelarar er forholdsvis låg.

Kanskje fell du i same båt som kritikarane, og då har du visstnok mange timar med moro i vente. Billig er det, i alle fall.

Far Cry 6

Er det bra? Nei. Ikkje viss du har spelt dei mange andre innslaga i serien, men er du heilt fersk i Far Cry-universet, kan du plukke med deg det siste spelet til ein rimeleg pris.

Trekkplasteret i denne runden er Giancarlo Esposito, kjend frå blant anna Breaking Bad, men rollefiguren hans er ikkje så veldig imponerande, skreiv me i vår melding i fjor.

Prisguiden.no er en kommersiell partner av Gamer.no. De leverer oppdaterte priser, prisvarsling og produktinformasjon. Du kan lese mer om Prisguiden her »

Siste fra forsiden