Mest solgte konsoll

Dette er vinnaren av «konsollkrigen» i Noreg

Butikkane fortel kva nordmenn er mest gira på.

Sony, Nintendo, Microsoft, montasje Gamer.no

Sony har seld over 46 millionar eksemplar av PlayStation 5 sidan lanseringa i november 2020.

Microsoft ligg langt etter når det gjeld salet av Xbox Series X og S. I juli blei det kjend at dei hadde seld 21 millionar totalt.

Nintendo, som alltid har stått litt på sidelinja i kappløpet om å ha den mest kraftige konsollen dei siste generasjonane, hadde seld 132,5 millionar eksemplar av Switch per utgangen av september. Konsollen lanserte i mars 2017.

Men korleis ligg me an i Noreg?

Sony på topp

Gamer.no har tatt ein liten runde med nettbutikkane for å høyre om kva som er status for «konsollkrigen» her på berget.

Det er – ikkje overraskande – ingen som vil gå ut med eksakte tal.

Komplett forklarar at dei ikkje har lov til dette som børsnotert selskap, men både dei, Netonnet og Power stadfestar at PlayStation 5 sel best.

Nintendo Switch sel nest mest, og Xbox-ane hamnar på sisteplass hos alle tre. Prissamanlikningstenesta Prisjakt.no viser same fordeling på produktsida for spelkonsollar.

– Alle dei tradisjonelle konsollane er godt representerte (i salstala). No er det PlayStation 5 som er eit hestehovud i leiinga, men Switch sel også ganske bra no før jul, seier Monica Iren Fasting, kommunikasjonssjef i Power.

– Ekstra populær

Fasting fortel at konsollsalet kan variere litt frå månad til månad, og at det går opp og ned etter kor god tilgangen er på den enkelte konsollen.

Det har som kjend vore vanskeleg å få tak i nye konsollar dei siste åra.

– Marknadsandelane har nok ikkje endra seg noko særleg dei siste åra. Nye lanseringar av dei ulike leverandørane har sjølvsagt ein høgare marknadsandel akkurat ved lansering, men det stabiliserer seg raskt, seier Fasting.

Monica Iren Fasting, Nordisk PR- og kommunikasjonssjef i Power.
Pressefoto

– Ser de særtrekk ved kjøpsmønsteret rundt konsollar her i Noreg samanlikna med resten av Vesten?

– Ikkje som me veit om, seier Fasting.

Komplett har heller ikkje merka noko til det.

– 2023 har sjølvsagt vore prega av at det har vore god tilgjengelegheit av PlayStation 5, og difor har dette vore ein ekstra populær vare i år, svarar Daniel Hauan, kommunikasjonssjef hos Komplett.

Sel meir og meir

Konsollsalet har vore jamt aukande i Noreg. Det handlar igjen om at det er enklare å få tak i konsollar.

Prisane på konsollane har auka noko sidan lansering, men tydelegvis ikkje nok til å avskrekke nordmenn.

– Power opplever at salet aukar og aukar. Salstala er veldig gode. Me har ei god forbetring målt mot tidlegare år, og forventar at salet før jul blir endå betre enn tidlegare, seier Fasting.

Daniel Hauan, kommunikasjonssjef i Komplett.
Pressefoto

Komplett har mest trykk på speldatamaskinar.

– Komplett-PC er den store vinnaren hos oss. Eg skal ikkje proklamere noko #PCMR her, men me ser at marknaden ønsker begge delar, seier Hauan.

Handhalde konsollar skapar interesse

Fagbladet Elektronikkbransjen kåra nyleg Asus ROG Ally til årets produkt.

Både Power og Komplett ser at det er veksande interesse for produkt som ROG Ally, Lenovo Go og Logitech G Cloud. Power er ein av få butikkar som sel importerte Steam Deck.

– Me er spent på å sjå korleis marknaden tar imot desse. Det er ei produktgruppe me har tru på, og som me forventar skal selje bra. Me tippar det finst ein del av desse handhalde spelkonsollane pakka inn under treet i år, seier Fasting.

– Me opplever god fart på denne typen vare. Det er jo no stadfesta at det kjem endå ein utfordrar, i PlayStation Portal, før jul, seier Hauan i Komplett.

Proshop hadde ikkje kapasitet til å svare på Gamer.no sine spørsmål. Elkjøp har ikkje svara i det heile.

Siste fra forsiden