Feature

Her er Black Week-spela me ville vurdert

Svart november og haustsal på Steam. Det blir tøft for lommeboka, ja.

FromSoftware

Då var Black Week i gang, og det er mange skikkeleg gode tilboda på spel så langt.

Saka blir oppdatert kvar dag, sist 24. november.

LES OGSÅ: Her er maskinvare- og gamingtilboda du bør vurdere »

LES OGSÅ: Sjekk Gamer.nos Black Friday-seksjon »

Elden Ring

Rekordbillig Elden Ring!

Har du ikkje spelt dette meisterverket frå FromSoftware enno, er det synd for deg. No har du heldigvis moglegheita til å gjere opp for dette grove feilsteget.

Eg trur ikkje eg treng å skrive så mykje om Elden Ring, eigentleg. Sjølv om du har budd under den største kampestein, veit du kva dette er.

Det er jo Elden Ring.

EA Sports FC 24

FIFA er FIFA. Vel, ikkje no lenger, men her er i alle fall det årsferske spelet til rekordlåg pris.

Det tok ikkje lange tida, gitt.

Vår meldar gav spelet 7/10 for nokre månadar sidan, og kalla det eit «botnsolid fotballspel».

Meldar Håvard Ruud meiner det luktar ròte av mikrotransaksjonsmodellen deira, men syns likevel ikkje det finst noko betre spel for fotball nett no.

Assassin's Creed Mirage

Dette har heller ikkje vore nokon supersuksess blant kritikarane, men er etter alt å døme eit gjennomført snikmordarspel etter kjend oppskrift.

Me gav spelet 7 av 10 poeng i vår melding i oktober.

– Assassin's Creed Mirage er eit solid snikmordareventyr med ei underhaldande historie og mange engasjerande utfordringar. Å snike i skuggane og plukke ned den eine vakta etter den andre er og blir stor underhaldning, og det er ein grunn til at det framleis kjem nye kapittel i serien, skreiv meldar Øystein Furevik.

Gran Turismo 7

Er dette tidenes beste bilspel?

Det spurde vår meldar i sin test i fjor vår. Andreas Bjørnbekk fyrte på med 10/10 og kalla spelet eit meisterverk.

Han gjekk faktisk så langt som å kalle det eit «Shakespeariansk kjærleiksbrev til bilentusiastane». Her har me moglegvis slått to fluger i ein smekk med å både finne tidenes bilspel og tidenes Gamer.no-konklusjon.

Det er ikkje kvar dag ein får til slikt.

Prisen held seg relativt godt, men er på rekordlågt nivå no i Black Week. Her får du mykje moro for pengane.

Star Wars Jedi: Survivor

Cal Kestis og venene hans er tilbake i eit nytt engasjerande romeventyr. Dette er nok eit 7-av-10-spel på lista vår, men karakteren blei påverka av tekniske problem.

Spelet blei slakta av oss ved lansering for elendig yting på PC, men dei verste problema skal vere vekke.

Meldar Andreas Bjørnbekk meinte spelet var det mest engasjerande Star Wars-spelet på lang tid, og skriv i meldinga at spelet jamt over er langt betre enn forgjengaren.

Mortal Kombat 1

Det tok ikkje mange månadane før dette blei halvert i pris, så det spørst kor godt lanseringa deira har gått.

Men det er i alle fall eit glimrande slåssespel som me var svært nøgde med i vår melding i september.

– Mortal Kombat 1 skil seg kraftig ut frå andre spel i sjangeren, ikkje berre ved å vere hundre gongar så blodig og brutalt som dei andre, men også i kraft av eit ganske annleis tempo i kampane, skreiv Espen Jansen.

Armored Core VI: Fires of Rubicon

Meir gull frå FromSoftware, om ikkje like populært som superdupermegahitten Elden Ring frå i fjor.

Armored Core VI er eit velkome gjensyn med ein gammal klassikar frå utviklaren, og er eit friskt pust i utviklarens spelbibliotek.

Meldar Espen Jansen gav det 7 av 10 poeng i si melding i haust. Han likte mykje, men meinte nokre delar av spelet blei litt sjellaust og frustrerande.

Eg likte det nok litt betre, så kanskje du òg gjer det.

Forspoken

Nei, me anbefaler ikkje å kjøpe dette, men det er fascinerande å sjå at eit av vårens storspel allereie ligg ute til to hundrelappar.

Har du godt med tid, og faktisk lyst til å spele gjennom Forspoken, fell det sikkert endå lågare i januarsalet. Men 200 kroner er ikkje så gale, då.

Meldinga vår finn du her.

God of War: Ragnarök

Dette er eit av få spel som har fekk toppkarakter av oss fjor.

Underteikna vurderer ei ny gjennomspeling inn mot jula, og har du ikkje fått det med deg enno, anbefaler me sterkt å spele gjennom Sony Santa Monica sitt siste storverk.

Det er eit fantastisk spel på veldig mange ulike måtar, og har blitt rosa opp i skyene av spelpressa.

Dei som ikkje har spelt det første spelet i serien kan òg plukke med seg det for under ein femtilapp.

Horizon Forbidden West

Aloy er tilbake, og har fått meir plass å boltre seg på, fleire robotar å drepe og nye utfordringar å løyse. Og denne veka kan du vere med henne på reisa for ein billigare penge enn nokosinne. Vel, 19. november var aller billigast, men det fekk me ikkje med oss.

Vår meldar syns dessverre spelet var skuffande samanlikna med forgjengaren, og enda med å gi spelet 6 av 10.

Uansett er dette eit av fjorårets største spel til under halv pris. Kvifor ikkje.

Siste fra forsiden