Feature

Rabattlureri

Haugevis med gamingprodukt stig i pris før Black Week

Minne og prosessorar er blant komponentane ein må vere mest obs på.

Illustrasjon.

Årets store tilbods- og kjøpefest Black Week nærmar seg.

Virke spår at nordmenn kjem til å handle for 16,1 milliardar kroner i løpet av den nest siste veka i november.

Som alltid er det nettbutikkar som set opp prisane i løpet av november og oktober for å kunne tilby store rabattar – som kanskje ikkje er så gode kjøp som ein skulle tru.

Prisjakt.no har gjort ei undersøking på status for gamingprodukt for oss, og det verkar som gamingprodukt er spesielt utsett for denne typen strategi.

Mange prøver seg

Frå 1. oktober til 2. november har 37 prosent av alle tilboda til nettbutikkane fått ein høgare pris.

– Studia viser tydeleg at mange nettbutikkar aukar prisane den siste månaden, seier Christoffer Reina, Noregssjef i Prisjakt.

Dei har lagt fram statistikk på kor stor del av dei ulike produktgruppene som har prisauke:

Prisauke i produktgrupper

Vis mer

Switcher: 73 % av tilboda er dyrare i november (2.) samanlikna med 1. oktober

DDR4-minne: 69 %

DDR3-minne: 68 %

Prosessorar (CPU): 67 %

DDR5-minne: 64 %

Interne harddiskar: 64 %

PC-skjermar: 63 %

Ruter: 62 %

Skjermkort: 59 %

Solid State-diskar (SSD): 59 %

Dokkingstasjonar for datamaskinar: 59 %

Kontorstolar & arbeidsstolar: 57 %

CPU-kjølar: 56 %

PC-høgtalarar: 55 %

Gamingstolar: 55 %

HDMI-, DVI- & DisplayPort-kablar: 52 %

Mobiltelefonar: 51 %

Stasjonære datamaskinar: 47 %

Reina viser til tre konkrete produkt som døme. Samsung-TVen UE50TU6905 har i store delar av oktober kosta 4187 kroner. No kostar han 5190 kroner.

Christoffer Reina, Prisjakt.
Prisjakt

Gamingskjermen Svive Pyx 34D901 kosta 3495 kroner i mesteparten av oktober, men kostar i dag 6995 kroner.

Og gamingtastaturet Corsair Gaming K65 RGB Mini har gått frå 499 kroner til 849 kroner.

Så får ein sjå om desse produkta får store rabattar i Black Week.

Gråsone

For at ein butikk skal kunne marknadsføre med rabatt, må dei basere seg på ein «reell førpris».

Forbrukarjurist Thomas Iversen i Forbrukarrådet forklarar at tommelfingerregelen er at prisen bør ha vore lik i fire til seks veker, og at ein må selje eit visst volum, men at dette ikkje er sett i stein.

– Eit stort volum kan kompensere for tid, eller motsett, seier han.

Thomas Iversen, Forbrukarrådet.

Iversen ønsker ikkje kommentere kva Forbrukarrådet tenker om dagens regelverk, då regjeringa har eit EU-direktiv under behandling som kan kome til å endre reglane.

Moderniseringsdirektivet blei vedtatt av Stortinget i 2019, men reglane blir sannsynlegvis ikkje implementert før i 2023.

Direktivet har eit punkt som seier at næringsdrivande må opplyse førpris når dei brukar prisreduksjonar i marknadsføring.

Førprisen må vere den lågaste prisen produktet har blitt seld for i ein periode på 30 dagar før salet startar.

Kan gi bøter

Marit Evensen, seksjonssjef i Forbrukartilsynet, fortel til Gamer.no at dei kan gi bøter dersom dei finn brot på marknadsføringslova.

I fjor kontakta dei 14 ulike nettbutikkar, blant anna Clas Ohlson og CDON, der det blei marknadsført med rabatt utan førpris.

Marit Evensen, seksjonssjef for tilsyn i Forbrukartilsynet.

– Bruken av ukorrekte førprisar har vore, og er, ei kjend problemstilling for Forbrukartilsynet. Dette er noko me har fokus på og auka beredskap rundt i samband med Black Friday, seier Evensen.

– Er sanksjonsmidlane dykkar effektive nok?

– Me kan gi økonomiske sanksjonar, og dette ser me på som effektivt. Både for den som blir tatt for brot, og fordi det verkar avskrekkande for andre. Det er òg eit omdømetap for den næringsdrivande når me konkluderer med lovbrot, meiner Evensen.

Iversen i Forbrukarrådet opplever at folk har blitt flinkare til å sjekke om tilbodet faktisk er så godt som det ser ut som.

– Det skuldast i stor grad mediedekning knytt til Black Friday, og at Forbrukartilsynet har hatt eit fokus på prismarknadsføring i samband med Black Friday. Dei har vore strenge i klypa med enkelte aktørar, seier Iversen.

Slik sparar du

Forbrukarjurist Iversen anbefaler å bruke prissamanlikningstenester før ein kjøper på sal.

– Kva med dei som er litt mindre teknisk kompetente?

– Utan tilgang på digitale tenester kan ein gjere dårlegare kjøp. Her er det eit innslag av dei ein kallar digitalt utanforskap, svarar Iversen.

Han forklarar at dei med mindre kunnskap om data ikkje har same moglegheit til å orientere seg i marknaden.

– Tipset til dei er å høyre med vener, kjende eller familie. Bestemor og bestefar har kanskje ein Ipad, og kan bruke søndagskaffien til digital opplæring. Det er alltid lov å spørje, rår Iversen.

Han minner elles om at det kan vere pengar å spare i tilbodsvekene i desse tøffe tidene, men at ein må passe på å ikkje kjøpe meir enn det ein faktisk treng. Då forsvinn poenget.

Kva seier butikkane?

Gamer.no har snakka med både Komplett og Elkjøp om deira praksisar. Dei nektar for å drive med villeiande marknadsføring, sjølv om to av produkta som Prisjakt drar fram finst i hyllene deira.

– Me har ingen villeiande prisaukingar før Black Week. Me følger marknaden og prøver å vere best på pris i vår bransje. Me har strenge interne retningslinjer for korleis me prisar produkta våre mot kampanjeperiodar som Black Week, og tilboda totalt sett er aldri betre enn i denne perioden, skriv Jan Christian Thommesen, nordisk kommunikasjonssjef i Elkjøp, i ein e-post til Gamer.no.

Joakim Mangen/Elkjøp

Elkjøp har i år innført ein såkalla «Black Week-garanti». Med denne kan kundar handle i heile november og få mellomlegget tilbake dersom prisen på produktet blir sett ned i kampanjeperioden.

– Om produkt har fått ei prisauke i perioden rett før Black Week, så må det sjølvsagt takast omsyn til i våre prisar ut mot kunden, men tilbodet skal vere det beste me kan gi, skriv Thommesen.

Han minner om at kundane kan nytte seg av prisgaranti og 50 dagar ope kjøp om dei har bomma på prisen.

– Tar sterk avstand

Daniel Hauan, kommunikasjonssjef i Komplett, skriv at dei aldri har auka prisar i forkant av kampanjar med vilje.

– Det er ein praksis som Komplett tar sterk avstand frå. Det er viktig for Komplett å følge dei reglane som gjeld i Marknadsføringslova. Me har over dei siste åra hatt ein tettare dialog med Forbrukartilsynet i takt med utviklinga av dette regelverket, og føler at bransjen har kome eit godt stykke på veg, skriv Hauan.

Han har sjekka opp status for Svive-skjermen og Corsair-tastaturet, og fortel at desse ikkje kjem på sal hos dei under Black Week.

– Begge desse har vore på kampanjar for ikkje så lenge sidan. Dei er difor uaktuelle under Black Week, skriv han.

Prisguiden.no er en kommersiell partner av Gamer.no. De leverer oppdaterte priser, prisvarsling og produktinformasjon. Du kan lese mer om Prisguiden her »

Siste fra forsiden