Feature

Black Week 2023

Her er dei beste Black Friday-tilboda

Dagen er komen.

Nokre av dingsane som har lågare pris.
Montasje Gamer.no
1: Beste tilbod
2: Utgåtte tilbod

For tredje år på rad har butikkane tjuvstarta Black Week med ei veke.

Dei fleste tilboda held seg stabilt, men no som sjølvaste Black Friday har kome, er det nokre få, endå betre tilbod.

Veldig imponerande er det ikkje, men det er definitivt nokre god kjøp å gjere.

Black Friday har me blant anna lagt til eit nytt tastatur og handkonsollen ASUS ROG Ally.

LES OGSÅ: Her er dei fysiske speltilboda du bør vurdere »

LES OGSÅ: Sjekk Gamer.nos Black Friday-seksjon »

Artikkelen blir oppdatert i løpet av veka, sist 24. november.

Me tar for oss følgande kategoriar her:

Gamingmus

Logitech G Pro X Superlight

Det tidlegare trådlause flaggskipet til Logitech blei erstatta no i haust, men er framleis eit glimrande produkt for dei som vil ha ei presis skytespelmus som òg taklar produktivitetsoppgåver.

Mikkjell Lønning

Rabattnivået er på linje med Black Week i fjor, så det kan hende denne blir endå meir rimeleg på Black Friday.

Dette er produkt som kjem på sal igjen og igjen, difor bør ein vente og sjå korleis held seg i pris dei neste vekene.

Razer Viper V2 Pro

Dette er på ingen måte noko billigsal, men prisnivået er betydeleg redusert på eit av marknadens beste produkt.

Trådlaus tilkopling, 59 gram, 70 timar batterilevetid og ein smakfull utsjånad. Det er mange grunnar til å investere i Razer Viper V2 Pro, men prislappen på 1700 kroner legg ein seriøs dempar på mi kjøpelyst, skreiv underteikna i testen.

Mikkjell Lønning

No er prisen litt lågare, i alle fall.

Cooler Master MM730

Dette er eit rimeleg og knallbra produkt frå Cooler Master som me gav 9 av 10 moglege poeng i vår samletest i fjor.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

MM730 er ei av dei meir «vanlege» formene Cooler Master har laga, med eit behageleg, ergonomisk design.

Dette er framleis eit av dei lettaste produkta på marknaden utan bikakedesign (50 gram). No til gi-bort-pris. Fin julegåve til ein kompis.

SteelSeries Aerox 3 Wireless

Dette er ein trådlaus versjon av gode, gamle Rival 3. Denne har nett den same passforma som den legendariske skytespelmusa, men har fått ein bikakekonstruksjon for lågare vekt.

Mikkjell Lønning

Oppdateringa var nok til at me gav produktet 8 av 10 moglege poeng i vår samletest i fjor sommar.

Musa har eit lite problem med ein ulyd i rullehjulet, elles er det lite å sette fingeren på.

SteelSeries Aerox 5 Wireless

Rival 600-forma er ein av underteikna sine favorittar blant alle gamingmus for komfortnivået, og dette er den beste versjonen så langt.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Me gav Aerox 5 Wireless 8,5 i vår test i fjor sommar, og hylla produktet for imponerande batterilevetid og lågt vekt trass i storleiken.

SteelSeries Aerox 9 Wireless

Det finst ikkje all verda med skikkelege MMO-mus, og Aerox 9 er ein av dei betre produkta me har testa dei siste åra.

Her får du lang batterilevetid, låg vekt for ei MMO-mus, tolv sideknappar og ei grei passform.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Rett nok held me ein knapp på Razer Naga for denne typen produkt, men her er prisreduksjonen så kraftig at det er vanskeleg å seie nei.

Dette er òg eit kundeklubbtilbod hos Elkjøp.

Xtrfy M4 Wireless

Me har testa fleire utgåver av Xtrfy M4 før, og dette er den siste versjonen med trådlaus 2.4 GHz-kopling. Me gav denne utgåva 8 av 10 poeng i vår samletest i fjor.

Passforma er nett den same som tidlegare, som betyr ei behageleg, ergonomisk form for høgrehendte.

Mikkjell Lønning

Glorious Model D er den fremste konkurrenten for M4 Wireless. Dei har nesten same form, berre at M4 har litt skarpare kantar og flatare og smalare profil over toppen.

70 gram er i det tyngste laget i desse dagar, og rullehjulet kunne vore betre, men til 500 kroner er dette god valuta for pengane.

Alt i alt ei solid skytespelmus.

Xtrfy MZ1 Zy's Rail

Dette er ei mus designa av YouTube-profilen Zy Rykoa, som tidlegare har jobba med å melde gamingmus i det daglege.

Han har lenge vore ein av dei fremste profilane i miljøet.

Me testa musa i fjor, og ho enda med ein av dei gjevaste plassane i samletesten vår med 8,5 av 10 poeng.

Kroppen til musa har veldig låg profil, og krev litt tilvenning, men kan vere eit skikkeleg presisjonsvåpen i skytespel for dei med rett grepstype.

Headsett

SteelSeries Arctis Nova Pro Wireless

Dette er eit av dei beste gamingheadsetta me har prøvd, og hamna på andreplass i våre samletest i sommar.

Den nye utgåva av flaggskipet til SteelSeries er ei klar forbetring frå førre generasjon. Det leverer lydkvalitet få kan matche, lang batterilevetid, høg komfort og ein glimrande mikrofon.

Mikkjell Lønning

Prislappen har vore det store minuset, men fell betydeleg under snik-Black Week. Me har ikkje testa den kabla versjonen, som har den desidert største rabatten.

Jbl Quantum 910

Jbl sitt nye flaggskip klokka inn til ein fjerdeplass i sommarens samletest. Det når ikkje heilt opp til headsetta over, men er jamt over eit strålande produkt som gjer det aller meste godt.

Mikkjell Lønning

Det er litt tungt og har svakare surroundlyd enn Astro og SteelSeries sine flaggskip, men til gjengjeld er det hakket billigare.

Her er det mykje å like.

Astro A50 4. generasjon

Dette er nokre år gammalt no, men er framleis eit av dei beste trådlause gamingheadsetta du kan kjøpe.

I vår test i sommar, konkluderte me med at Astro A50 var eit glimrande gamingprodukt for dei som var villige til å betale litt ekstra, samstundes som me kritiserte det for å vere for dyrt med tanke på alderen.

Det var likevel nok til ein tredjeplass i samletesten vår.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Black Week har tatt prisen dit han bør vere.

Me kalla produktet for det ultimate konsollheadsettet i vår første test av det i 2020. Det er meir konkurranse i dag, men det gjeld nok framleis for dei som likar dette designet.

Tastatur

Logitech G915

Skikkelege, trådlause gamingtastatur er framleis ein mangelvare. Dei tre-fire siste åra har det kome ein del nye produkt, men det er framleis forholdsvis lite å velje mellom.

G915 er eit av dei aller beste. Både fullformatutgåva og TKL-versjonen er på rekordlågt prisnivå, og prisen har vore den fremste kritikken mot desse tastatura.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

For dei som vil ha noko som fungerer like bra på gamingbordet som skrivepulten på jobb, er det vanskeleg å slå G915.

SteelSeries Apex Pro

Dette tastaturet kjem på sal omtrent kvar gong det er ei tilbodsveke av noko slag, men det er stadig eit godt val for dei som treng eit nytt leiketøy på pulten.

Me gav tastaturet 8 av 10 poeng då me testa det i 2020.

SteelSeries var ein av dei første som lanserte eit tastatur med justerbare brytarar, og det er kjekt å kunne skreddarsy tasteopplevinga nett som ein vil.

Mikkjell Lønning

Prisen søkk nok lågare i løpet av veka, så ikkje kjøp dette heilt enno (14. november). Her har butikkane fyrt opp prisen kraftig i forkant av Black Week for å få rabatten til å sjå større ut enn han er.

I skrivane stund har Netonnet det til sal for 1690 kroner. I 2020 hadde Komplett ein kampanje der dei selde det til 999 kroner.

Produktet skildrar godt kor viktig det er å følge med på prisane når ein handlar under Black Week, så me lar denne stå sjølv om prisen ikkje er attraktiv nok.

HyperX Alloy Origins

HyperX er kjend for å lage enkle og rimelege kvalitetsprodukt, og dette er defintivt laga etter den oppskrifta. Me har ikkje publisert test av dette 60-prosenttastaturet enno, men har hatt det liggande på kontoret ei god stund.

Førsteinntrykket er at det er behageleg å skrive på, tar seg flott ut på pulten og gir deg det du treng for ein rimeleg penge.

Det er sjeldan du får skikkelege, mekaniske tastatur til under 500 kroner, så dette har me ikkje noko problem med å anbefale.

Mikrofonar

Blue Yeti

Dette er ein av dei mest populære mikrofonane for strøyming, og det er ikkje utan grunn.

Me har aldri testa mikrofonen, men underteikna har hatt den på pulten i fleire år. Eg har aldri følt noko behov for å erstatte den.

Mikrofonen kunne med fordel hatt meir brukarvenlege knappar, men lydkvaliteten er glimrande for prisen ein betalar.

No kan du kjøpe den for halvparten av det han vanlegvis kostar. Det er vanskeleg å finne så imponerande lydkvalitet for så låg pris.

Maskinvare

Kingston Fury Renegade SSD

Denne SSD-en har ein teoretisk skrive- og lesehastigheit på 7300/7000 MB/s, og me har for tida to av desse i testriggen vår for skjermkort.

I skrivande stund er både denne og søster-SSDen Kingston KC3000 på sal.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

I våre testar fann me at SSDen klarte i underkant av 6000 MB/s på lese- og skrivehastigheit, så den reelle ytinga er ikkje så altfor langt unna.

XFX Radeon RX 6950 XT Speedster MERC 319

Førre generasjon skjermkort kan framleis vere greie kjøp, og RX 6950 XT taklar stadig mange av dei aller mest krevjande spela i 4K utan problem.

Denne utgåva er tilgjengeleg til rekordlåg pris.

XFX

Me gav AMD skryt for det tidlegare flaggskipet sitt då me testa det i fjor, men syns det blei litt for svakt og for seint lansert med tanke på ytinga, først og fremst på grunn av prisen.

Då kosta det 14 000 kroner. Her får du det til halvparten.

MSI GeForce RTX 4070 VENTUS 2X OC

Det er fleire år sidan det var spesielt kjekt å vere skjermkortentusiast med det prisnivået ein har, men Black Week gir nokre moglegheiter til å kjøpe utan at ein sit igjen med svarteper.

MSI

Sjølv om me ikkje har testa denne spesifikke MSI-kjølaren, har dei stort sett levert bra i testar av andre kjølarar me har gjort.

7400 kroner for RTX 4070 er framleis dyrt, men det er i alle fall litt betre enn det pleier å vere.

Intel 14-serien og 13-serien

Det siste flaggskipet til Intel har ikkje skapt all verda av interesse, men både k- og kf-utgåva av 14900k er i alle fall på sal.

Om noko symbolsk. Proshop har kutta eit par hundrelappar på prisen.

Det er meir å hente ved å kjøpe førre generasjon med tanke på kor små forskjellar det er frå 14-serien til 13-serien. Nokre produkt frå sistnemnde har kome på sal under sjølve Black Week.

Rett nok var desse betydeleg billigare i august. Ikkje sjå vekk frå at det kjem større rabattar på 13-serien på Black Friday.

Ryzen 7000-serien

Store delar av AMD sine nyaste Ryzen-prosessorar har kome på sal. Det er grei timing viss ein skal bygge seg ny datamaskin før jul.

Det er òg ein del rabattar på eldre modellar frå 500-serien. Dette er stort sett trygge val til både produktivitetsoppgåver og speling.

Ein sparar ikkje veldig mange kroner her, men det blir jo litt viss ein først er i gang med bygging.

VR

Meta Quest 2

Siste generasjon Meta Quest har blitt hylla av kritikarane, men førre generasjon sparkar framleis frå seg.

Mikkjell Lønning

Nokre av butikkane sel no ein pakke med både VR-brillene og ei oppgradert reim, som er eit greitt tilbod.

Her kan ein få mykje moro for pengane.

Sony PlayStation VR2 Horizon Call Of The Mountain Bundle

PlayStation VR2 har ikkje eit eige tilbod enno, men ei pakkeløysing med VR-spelet til Horizon-serien er på sal til same pris som brillene aleine.

Ikkje gale.

Me var relativt imponerte over siste generasjon VR frå Playstation då me testa det i februar.

Spelkonsoll

PlayStation 5

Dei to siste åra har det endeleg vore rikeleg med spelkonsollar i butikkhyllene, og det er duka for ein liten rabatt på PlayStation 5 under Black Week.

Sony har som kjend skrudd opp prisen på PlayStation 5, men no har butikkane standardutgåva til rekordlågt prisnivå.

Sony

Det kan nok henge saman med at PlayStation 5 Slim blir standard etter kvart. I utgangspunktet er det ingen forskjell i maskinvaren, så her er det berre å fyre på om ein treng PS5.

Power kan lokke med Xbox Series X og S til ein liten rabatt, men det er verkeleg lokketilbod òg. Prisnivået på dei var klart lågare for ein knapp månad sidan.

Xbox Series X og S

Xbox er konsollen som klart minst i Noreg, men no i Black Week kan ein gjere eit ganske godt kjøp.

Sjølv om prisnivået er lågare enn Black Week i fjor, har ikkje Xbox Series S vore så billig på eit år.

Series X er òg på sal, men det er ikkje meir enn tre veker sidan han var endå billigare.

ASUS ROG Ally

Konsollar i dette formatet har blitt langt meir populære i 2023, og det har blitt ganske stor konkurranse mellom dei ulike produsentane.

ROG Ally har blitt ein av dei klare marknadsfavorittane. Dette er i praksis ein datamaskin i miniatyr, og kan køyre det meste av litt eldre spel med gode resultat.

Begge dei to utgåvene av konsollen er rekordbillige på Black Friday.

ROG Ally har vore plaga av ein del teknisk trøbbel frå lansering av, men oppdateringar har gjort konsollen betre. Me kjem med ein test av denne og fleire andre slike produkt på sikt.

Kontrollar

Sony Dualsense

Desse har vore relativt stabilt rundt 700 kroner det siste året, og har fått ein dupp i pris inn mot Black Week. DualSense er på lågaste prisnivå sidan Black Week i fjor.

Då var prisen rett nok endå lågare, så her kan det løne seg å vente til fleire butikkar koplar seg på konkurransen. Me tipper prisen fell endå lågare enn 529 kroner neste veke.

Saka blir oppdatert med nye tilbod etter kvart. Gjerne gi oss eit pling i kommentarfeltet om du ser noko som er verd å omtale.

Me har ikkje testa nok skjermar, TVar og datamaskinar det siste året, og kjem ikkje til å gi kjøpsanbefalingar om den typen produkt utan å ha testa dei sjølv.

1: Beste tilbod
2: Utgåtte tilbod

Siste fra forsiden