Test

Xtrfy M4 RGB

Dette kan vere den perfekte spelmusa for deg

Svenske Xtrfy har laga eit produkt som har gått litt under radaren, men som verkeleg ikkje burde ha gjort det.

Xtrfy M4 RGB kjem i ein drøss med ulike variantar, her retro og svart.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Xtrfy er eit svensk selskap som spesialiserer seg på e-sportprodukt, og er mest kjend som sponsor for Ninjas in Pyjamas. Det er nokre år sidan dei har vore relevante på gamingtilbehøyr-marknaden, men no har dei gjort eit comeback – og det med stil.

Nye Xtrfy M4 RGB er ei mellomstor gamingmus, som fort kan vere eit toppval for dei som likar forma. Ho tikkar av omtrent alle boksane for det som utgjer ei god gamingmus. I skrivande stund kan du plukke med deg ei av desse til 600 kroner, ein fornuftig pris med tanke på alt du får her.

Design og komfort

I tråd med ei trend der gamingmus blir lettare og lettare har Xtrfy laga ein konstruksjon dekkja av små hol. Dette ser me fleire produsentar gjere for tida. RGB-elementa på denne legg nok til ein del vekt, men Xtrfy har likevel klart å presse M4 ned til 71 gram. Det er definitivt konkurransedyktig. Kabelen følgjer òg same trend, som er lett, mjuk og laga av tøy slik som Paracord er. Tøyet er ikkje fullt like fleksibelt som på konkurrentar hos Glorious Odin, Finalmouse og Razer, men er likevel betydeleg betre enn dei aller fleste på marknaden.

Design av denne typen har ein tendens til å bli litt kjappare skitne enn andre, så det kan vere greitt å ha ein boks med luft til å blåse ut i ny og ne, saman med å bruke ein q-tips i hol der det er smuss.

Det distinkte designet til Xtrfy M4 RGB minner mest om Rival 310, men denne har ein betydeleg større kurve på tommelstøtta.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Forma til M4 RGB er nok det som vil avgjere om ein likar denne eller ikkje. Den minner ein smule om SteelSeries Rival 310 / 710, berre at M4 RGB har ein større klump på baksida for tommelen. Kurven går inn mot rota til tommelen, slik at den får behageleg støtte. Ergonomien kjem nok litt an på handstorleiken og grepstypen her. Eg måtte endre litt på korleis eg støttar tommelen mot sida, men etter ein dag med tilvenning har eg ikkje tenk meir på det.

Sideknappane er litt vel høgt oppe for min smak.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Den gradvise skråninga over toppen og ned på venstre og høgre museknapp gjer i utgangspunktet at alle grepstypar bør funke fint, men på grunn av kurven bak er nok eit hybridgrep mellom handflategrep og klogrep det beste. Då byrjar me riktig nok å nærme oss ei ganske smal målgruppe her. Det er likevel særs få mus som passar så godt til hybridgrep som denne, og dette er sannsynlegvis den beste eg har testa.

Utsjånaden er heller ikkje heilt A4, og det set eg pris på. Fargespelet med RGB og den matte overflata er behageleg å sjå på, og du får musa i ein drøss med ulike versjonar. Du kan få ho i grå, blå, rosa, kvit, svart og «retro». Sistnemnde er ein av dei me testa, og er ganske knirkete. Når eg pressar på plastkroppen kjem det ein del ulydar, men dette skal visst vere fiksa i seinare versjonar av musa. Begge våre versjonar er frå det første produktpartiet.

Knappar

Museknappane har i overkant mykje vandring, men har skarpe, fine klikk.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Xtrfy M4 RGB kjem med eit klikkbart rullehjul og sju knappar, men det er vel eigentleg berre fire av dei du kjem til å bruke til vanleg. Den raude knappen på toppen brukast til å rullerer mellom ulike RGB-innstillingar, mens to knappar på undersida av musa justerer oppdateringsrate (125 hertz, 500 hertz og 1000 hertz) og PPT.

Rullehjulet er laga av gummi, med mjuke trinn. Du høyrer eigentleg ikkje noko lyd av trinna, det er meir ein slags durelyd frå å rulle hjulet rundt. Det er ikkje det beste, men det er heller ikkje noko å klage på her.

Sideknappane har skarpe klikk med klar tilbakemelding, men dei er litt mjuke i vandringa inn mot innslaget. Problemet her er likevel igjen handstorleik, for sideknappane sit for langt oppe for min del. Eg må fysisk flytte tommelen opp eit lite hakk for å kunne trykke dei inn, og då ryk det verdfulle millisekund som kan få meg drepen i skytespel.

Eg syns òg at høgre- og venstre museknapp har i overkant mykje vandring. Det er noko ein venner seg kjapt til, men eg kjenner at det er ganske mykje luft under knappen. Venstre museknapp er òg ein smule lealaus, og kan vippast att og fram. Ikkje at det har noko effekt på det faktiske klikket, men det er eit merkeleg designval.

Sensor

Xtrfy M4 RGB byr på ein Pixart PMW3389-sensor, som er ein av dei beste du kan putte inn i eit gamingprodukt. Den er fullstendig feilfri, og sikrar at ytinga aldri blir noko problem. Du vil vere den einaste faktoren i å sikre hovudskota her. Viss du eventuelt tapar, så kan du ikkje skulde på utstyret med PMW3389 i botn.

3389-sensoren gjer at du er den einaste faktoren i å vinne skyteduellane.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Mus med denne sensoren pleier å koste ein del meir enn 600 kroner, så her gir Xtrfy ganske mykje for pengane.

Programvare og RGB

Standarddelen vår om programvare må naturlegvis sløyfast her, fordi M4 ikkje brukar programvare. Det vil vere minus for nokon, pluss for andre. Dei som likar å sette opp makrokommandoar og omprogrammere knappar må gjere det i tredjepartsprogramvare, mens dei som ikkje gidd å pusle med slikt sikkert set pris på dette.

Alt lagrast i minnet til musa, og du kan som sagt endre på PPT og oppdateringsrate på undersida. Det er åtte trinn for PPT. Eit minus her er at du ikkje kan endre noko på løftedistansen, som er på rundt éin DVD.

RGB-fargane til Xtrfy M4 RGB er eit openbert høgdepunkt.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

RGB-fargane er eit klart høgdepunkt. Frå toppen kan du sjå Xtrfy-logoen i RGB gjennom hola i konstruksjonen, som skiftar fargar i takt med resten av musa. Det er ganske oppfinnsamt. Fargeelementa følgjer saumen langs høgre og venstre museknapp, og lagar ei fargestripe som badar pulten rundt i lys.

M4 kjem med standardinnstillingar for RGB som regnboge-effekt, pusteeffekt, pulseffekt og ein kjapp sirkeleffekt av noko slag. Du kan endre fargar og tempo med toppknappen.

Konklusjon

Xtrfy M4 RGB har ei form som gjer at den ikkje er heilt for alle. For dei den passar til vil dette vere eit av dei desidert beste gamingprodukta ein kan kjøpe, men den er altså av det utradisjonelle slaget. Det er eigentleg heilt greitt. Me testar veldig mange gamingmus her på bruket, og dei aller fleste er ganske like. Difor set me pris på at produsentar tør å tenkje litt nytt her og der.

Du får med nokre tastehetter i eska til M4, som er ei kjekk overrasking.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Vekta er låg og ytinga er på topp, som til 600 kroner gjer dette til eit godt kjøp. Det er nokre omsyn rundt byggekvaliteten her som gjer at eg er ein smule skeptisk, men dette er likevel ein glimrande start for Xtrfy si nye satsing. Byggekvaliteten skal i teorien vere fiksa i seinare produktparti. Du kan sjekke opp dette med å sjå på produktnummeret på undersida, og eventuelt be om ei ny viss du har fått ei av dei eldre eksemplara.

Det er lite anna negativt å seie. M4 RGB er eit knakande godt gamingprodukt, som fort kan vere det nødvendige verktøyet for å ta ferdigheitsnivået ditt opp eit hakk – sett at du har den rette handstorleiken (mellomstore eller store) og grepstypen.

Lyst til å lese meir om maskinvare og gamingtilbehøyr? Sjekk ut hardware-sidene våre »

8.5
/10
Xtrfy M4 RGB
Eit av dei beste gamingprodukta dei med hybridgrep kan kjøpe.
Feilfri sensor
Ergonomisk og komfortabel form for dei med mellomstore eller store hender
Mjuk og fleksibel tøykabel
Låg vekt
Flott RGB
Ingen programvare
Litt rusk med byggekvaliteten
Ingen programvare
Høge sideknappar

Siste fra forsiden