Feature

Testrigg 2023

Dette skal gjere oss endå betre på hardware

Me oppgraderer testriggen vår for framtida.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Maskinvare er ein av dei fremste satsingane til Gamer.no. Etter nokre år med eksperimentering har me justert på dekninga vår fleire gongar, og 2023 blir ikkje noko unntak.

I løpet av det neste året skal me vri oss endå meir mot spel enn det me har gjort til no. Det blir færre enkelttestar, meir featurestoff og fleire samletestar som får lengre levetid på fronten vår.

Sjølv om me neppe har ressursar til å konkurrere med aktørar som Digital Foundry eller Gamers Nexus, vil me bidra til å løfte den norske dekninga av spelteknologi – som i praksis er ikkje-eksisterande.

Me får inn ein ny frilansar som skal hjelpe underteikna litt med hardware, og me skal skrive fleire artiklar om ytinga til ferske spel.

Testriggen vår har òg fått ei skikkeleg overhaling, som me kikkar meir på i denne teksten.

Det er berre halvanna år sidan me skifta testrigg sist, men på grunn av at ein komponent takka for seg etter eit lynnedslag, så byta me like greitt ut heile maskinen.

Me tar ein runde på det som (håpar me) blir fast inventar for testing av skjermkort og nye spel her hos oss dei neste tre åra.

LES OGSÅ: Kor mange grafikkmods treng du for å få RTX 4090 til å sveitte i Skyrim?

Flaggskip frå Intel

Hjartet i testriggen vår er ein Intel Core i9-13900k. I skrivande stund er det den raskaste gamingprosessoren på marknaden.

AMD kan fort ta tilbake trona med sine nye X3D-prosessorar, men forskjellen blir neppe all verda.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

13900K er ein 24-kjerna prosessor med 32 trådar. Me gav prosessoren 9 av 10 moglege poeng i vår test i haust, og han gjer førebels ein svært god jobb med å redusere prosessorflaskehalsen når me testar skjermkort.

Me har – som vanleg – vald å bruke prosessoren utan å overklokke han når me testar. Målet er at testresultata skal vere representative for flest mogleg, og fleirtalet kjem ikkje til å overklokke ein slik prosessor. Det hadde uansett ikkje vore aktuelt på grunn av kor varm prosessoren blir.

Forgjengar 12900K står framleis i anna datamaskin. Me skal gnage litt på kva kjekke artiklar me kan bruke den ekstra maskinen til etter kvart.

Ny kjølar

Asus står for fleire av komponentane i riggen vår i år, og har blant anna levert ein Rog Strix LC II-kjølar med ei radiator på 394 millimeter.

Om eg skulle kjøpt noko personleg, ville eg gått for kjølaren me hadde i den førre riggen vår (Asus Rog Ryujin II), men me lar Ryujin stå i den andre datamaskinen for eit lite eksperiment me køyrer. LC II er uansett svært kapabel. Kjølaren er den mest effektive eg har vore borti for å halde temperaturane nede, men lagar betydeleg meir støy enn Ryujin II.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

På full guffe, med over 2000 omdreiingar i minuttet, kan vifta produsere opp mot 50 desibel. Samstundes er kjøleytinga strålande. Det er òg fint mogleg å skru ned viftehastigheita og framleis få nesten like gode resultat.

Støynivået har heldigvis ikkje så mykje å seie i ein testrigg, der låge temperaturar er meir viktig. Me kan alltids ta støymålingar av skjermkort i spel som krev lite av prosessoren.

I9-13900k er på ingen måte enkel å kjøle ned under maks last, men LC II tar det med ro. Dette er ein av dei beste alt-i-eitt-kjølarane du kan få tak i.

Lagring

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Testriggen er utstyrt med fire PCIe-SSDar. Me har flytta over to av SSDane frå førre testrigg, Kingston Fury Renegade 2TB, og kombinert dei med ein W_D Black SN850X 2TB og ein Kioxia Exceria Pro 2 TB.

Dei to nykomarane er litt treigare enn Kingston-SSDane. Ingen av dei klarar sine teoretiske hastigheiter i røynda, men leverer lese- og skrivehastigheiter rundt 5 gigabyte i sekundet.

Me kjem blant anna til å teste alle desse opp mot den nye generasjonen av SSDar som nett kom på marknaden, men det blir neppe store forskjellane i spel sjølv om lese- og skrivehastigheita blir dobla med den nye generasjonen.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

SSDar i denne klassen har ikkje nemneverdig verknad på spelyting anna enn lastetid, og alle desse yter heilt identisk i dei spela me har testa lastetid.

Av våre fire SSDar er det den frå Kingston som gir mest for pengane, men dei er alle glimrande produkt.

Hovudkort

Frå i år av har me to ulike hovudkort til testriggen vår, eitt Asus Rog Maximus Z790 Hero og eitt Gigabyte Aorus Z790 Elite AX.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Asus-kortet kjem til å stå i maskinen mesteparten av tida for å teste skjermkort når me treng, men me har blant anna planlagd ein artikkel om yting på tvers av prisnivå på hovudkort, og har difor utstyrt oss med to kort denne gongen.

Gigabyte-kortet har meir enn nok funksjonalitet for dei fleste bygg, men Asus-kortet har blant anna ein fiffig funksjon som gjer at det er enkelt å skifte skjermkort kjapt, som er kjekt for oss som skiftar nokre gongar i veka.

Z790 Hero byr på fleire funksjonar enn me nokosinne får bruk for, men det er først og fremst støtte for femte generasjon av SSDar som gjer at me lar kortet stå fast i riggen. Det skal me kikke meir på etter kvart.

RAM

Det siste året har DDR5-minne dalt i prisnivå samstundes som hastigheitene på minnebrikkene har gått til himmels.

Vår førre testrigg hadde 32 GB med Kingston Fury Renegade-brikker med ei hastigheit på 5200 MT/s. Dei brikkene er halvert i pris sidan då.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Denne gongen har me fått tilsendt Kingston Fury-brikker på 6400 MT/s (CL32), saman med eit sett av G. Skill Trident Z5 DDR5-6800-brikker (CL34).

Kingston-brikkene kostar nesten ein tusenlapp mindre enn G. Skill sine, og er stort sett litt kjappare enn G. Skill sine brikker. Men det er berre snakk om nokre få prosent, og resultata varierer frå spel til spel.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

G. Skill-brikkene kjem til å stå i testriggen (først og fremst fordi me fekk desse først og har testa ein drøss med skjermkort på dei), og dei andre i ekstramaskinen vår.

RAM-utviklinga kjem nok til å gå i eit par år før me har låg nok timing til at det er verd å bruke pengar på dei aller dyraste brikkene. Førebels er 6000 MT/s meir enn nok for speling.

Du kan til og med få kjøpt brikker på 8000 MHz no, men prisnivået er så høgt at du nesten betalar éi krone per MHz.

Kabinett

Me har som førre gong gått for eit vanleg kabinett i staden for ein open testbenk, då det gir meir representative resultat for korleis folk flest brukar maskinane sine.

Kabinettet vårt denne gongen er eit NZXT H7 Elite. Dette er ein smule mindre enn det me har brukt tidlegare, men meir plasseffektivt under pulten.

NZXT er kjend for å koste litt meir på grunn av designstilen og haugane med RGB-lys, og dette produktet er ikkje noko unntak.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Store delar av kabinettet er dekka med glas. Minuset med det er at du får mindre luft inn enn med meir tradisjonell netting i front, men det har NZXT ordna med å sette inn tre 140mm-vifter i fronten.

Viftene lagar kraftig støy ut av eska, men det kan ein heldigvis fikse heilt med å justere ned viftehastigheita i programvara NZXT Cap.

I snitt oppnår me rundt tre gradar høgare temperaturar i dette kabinettet mot forgjengaren vår (Cooler Master Mastercase H500P), som var ein koloss i forhold.

NZXT H7 Elite er elles aldeles glimrande å bygge i. Ryddig kabling er enkelt takka vere alle dei gode løysingane frå NZXT.

Straumforsyning

Datakomponentar brukar meir og meir straum, og det gjer at ein treng større straumforsyningar enn tidlegare.

Støtta for å køyre to eller fleire skjermkort i SLI er derimot vekke, så 1200 watt er omtrent det meste ein kan forvente å få bruk for viss ein overklokkar entusiastkomponentar.

Her har me fått andre generasjon av Asus Rog Thor, som er ei platinasertifisert, modulær straumforsyning. Dette er den nye versjonen av den me hadde i førre rigg.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Thor II er i utgangspunktet ei straumforsyning frå Seasonic som Asus har stæsja til litt med RGB, ein OLED-skjerm og eit meir spenstig design. Straumforsyninga er i praksis heilt stille, og kjem med inngang for PCIe-kablar med 16 pinnar.

Eg har brukt denne i ei god stund no, og finn absolutt ingenting negativt å seie om produktet. Det er midt i blinken for dei som vil ha det beste av det beste.

Skjermkort

Testriggen er i utgangspunktet designa for å teste nettopp skjermkort, men produsentane har litt ulik praksis på kor lenge dei låner ut skjermkort. Det betyr at me har ein del liggande etter kvart.

AMD har dessverre vore vanskelege når det kjem til å låne ut kort, men me har dei aller fleste produkta frå Nvidia tilgjengeleg.

Til dømes skal me teste eit MSI RTX 4080 Suprim X neste veke, og dette får me sannsynlegvis på langtidslån. Det blir nok eit fint tilskott til stoffmiksen vår framover.

Me kjem til å skrive fleire artiklar om ytinga til nye spel, litt i same stil som TotalBiscuits gode, gamle «port report»-videoar. Det har vore ein del slike saker hos oss dei siste åra, og omtrent samtlege har blitt godt lese.

Det er noko me vil gjere langt meir av. Me er først og fremst ein nettstad for spel, og difor er målet vårt å vri maskinvaredekninga mot spel i størst mogleg grad.

For å vise fram breidda i yting frå ulike budsjettklassar, utan å bruke altfor lang tid på testing, kjem me sannsynlegvis til å teste dei nye spela med to til fire skjermkort alt etter kva type spel det er.

Speltesting

Det er ikkje enkelt å finne eit representativt utval av spel for å teste skjermkort.

Både AMD, Intel og Nvidia har interesse av å lage eksklusive avtalar med så mange utviklarar som mogleg. Dette gjer at spela får spesifikke innstillingar og funksjonar som favoriserer éin av produsentane.

Eit godt døme på dette er korleis spel teiknar hår på menneske og dyr, der Nvidia og AMD har eigne teknologiar som yter klart best med deira eigne skjermkort. Altså Nvidia HairWorks og AMD TressFX.

Nokre gongar kan ein slå av denne typen funksjonar, andre gongar ikkje. Me vel stort sett å køyre spel på førehandsinnstilngsnivå som «ultra» for å samanlikne kort med mindre det er gimmickinnstillingar som gir langt høgare yting til éin produsent.

Strålesporing har i utgangspunktet vore det for Nvidia, men AMD har tatt teknologien inn i varmen dei siste åra, så no tester me strålesporing med begge.

Samstundes har me prøvd å kombinere både litt eldre og nyare spel i ulike sjangrar.

Me har då vald ut 15 spel som alle skjermkort blir testa i:

  • Assassin's Creed Valhalla
  • Call of Duty: Modern Warfare II (2022)
  • Counter-Strike: Global Offensive
  • Cyberpunk 2077 (med og utan strålesporing)
  • F1 22
  • Far Cry 6
  • Forza Horizon 5 (med strålesporing)
  • Marvel's Guardians of the Galaxy
  • Horizon Zero Dawn
  • Metro Exodus Enhanced Edition (med strålesporing)
  • Middle-earth: Shadow of War
  • Overwatch 2
  • Rainbow Six Siege
  • Red Dead Redemption 2
  • Shadow of the Tomb Raider

Syntetiske testar sluttar me å bruke tid på. Det har i utgangspunktet liten verdi når me allereie testar spel.

Kvart spel blir testa i både 1080p, 1440p og 2160p, og me køyrer kvar oppløysing fem gongar og reknar ut snittet frå det.

Det dukkar nok opp fleire spel på lista, men me tar ikkje med heilt nye spel før me veit at det ikkje kjem noko særleg meir med oppdateringar. Då slepp me å teste eldre skjermkort på nytt så ofte. Benchmarking er nemleg svært tidkrevjande (og frykteleg keisamt) arbeid.

Heile komponentlista i den nye riggen blir slik:

Prisguiden.no er en kommersiell partner av Gamer.no. De leverer oppdaterte priser, prisvarsling og produktinformasjon. Du kan lese mer om Prisguiden her »

Siste fra forsiden