Feature

Skyrim vs. verdas kraftigaste skjermkort

Kor mange grafikkmods treng du for å få RTX 4090 til å sveitte i Skyrim?

Jo, det er mange. Maaaaange.

Bethesda / Mikkjell Lønning

Det er rart å tenke på at det er over eit tiår sidan The Elder Scrolls V: Skyrim kom ut.

Skyrim var spelet som skapte interessa mi for modding og hardware i utgangspunktet. Ein modifisert versjon av spelet var òg stresstesten for alle nye komponentar som fann vegen inn i datamaskinen min dei første fem åra etter lanseringa.

Moddesamfunnet lev framleis i beste velgåande den dag i dag.

Eg har fullstendig falt av lasset når det gjeld kva dei obligatoriske modifikasjonane er, men eit nytt program har gjort at ein eigentleg ikkje treng å følgje med så mykje lenger.

Me har tilfeldigvis eit RTX 4090 frå Nvidia liggande, og tenkte det kunne vore moro å sjå om skjermkortet taklar all galskapen som moddarane har funne på dei siste åra.

Så kva skjer om me set det aller kraftigaste 2022-skjermkortet på ein eldprøve i Skyrim?

Sjarmen vekke

Benchmarking i Skyrim har ikkje vore aktuelt på mange år.

Skjermkorta som har kome ut dei siste åra er for kraftige, og spelet er uansett låst til 60 bilete i sekundet viss ein ikkje fjernar sperra med justeringar i spelets filer.

Det er her modifikasjonane kjem inn i biletet.

Eg hadde ein gong nærmare 500 ulike grafikkmodifkasjonar som ved eitt eller anna mirakel køyrte forholdsvis stabilt før eg la spelet på hylla.

RTX 4090: Dette skjermkortet er for tida det mest kraftige pengar kan kjøpe. Klarar det køyre Skyrim, tru?
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Moddinga har utvikla seg til å bli noko heilt anna enn då eg heldt på. No kan du bruke eit enkelt verktøy, Wabbajack, for å laste ned eit heilt sett av modifikasjonar på ein gong. Slik sparar du dusinvis med timar av testing.

Rett nok syns eg det var del av sjarmen. Å laste ned tjue modifikasjonar på ein gong, håpe at ingenting gjekk gale, og så måtte slå av ein og ein for å finne feilen då det krasja.

Du brukte jo meir tid på testing enn speling. Det kjem ein ikkje unna.

Modding med eitt klikk

For å gjere dette skikkeleg, er det viktig å finne ei samling av godt optimaliserte modifikasjonar. Kven som helst kan laste ned ein grasmodifikasjon, skru den opp til elleve, og sjå biletefrekvensen gå i kneståande.

Det har ikkje så mykje for seg.

Samlingane av modifikasjonar me kan laste ned gjennom Wabbajack gjer at me kan få tak i haugevis av både krevjande og optimaliserte modifikasjonar.

Programmet gjer omtrent heile jobben med å installere dei, men det er greitt å ha eit premiumabonnement på NexusMods. Utan dette kan du berre laste ned med tre megabyte i sekundet, og mange av listene kan vere hundrevis av gigabyte.

Dei 60 kronene var difor verd det for ei utolmodig sjel som meg.

Ikkje nok

Eg prøver meg først på samlinga «11 years of skyrim ultimate graphics». Denne er på rundt 89 gigabyte, og tel 290 modifikasjonar totalt.

Eg sit eigentleg berre å venter på at spelet skal krasje, men det startar og lar meg spele. Men biletefrekvensen ligg på 60. I 4K.

290 modifikasjonar er altså ikkje nok for å utfordre flaggskipet til Nvidia. Skjermkortbruken ligg på knappe 35 prosent, og aukar ikkje sjølv om eg skrur oppløysinga til 8K.

NORDLYS, ELLER? Det finst ei endelaus rekke av himmelmodifikasjonar til Skyrim. Me syns denne var litt slapp på nordlyset, for dette ser ikkje ut som nordlys.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Me må gå hardare til verks.

Eg lastar ned den største lista eg kan finne på Wabbajack. Denne lista, Aldrnari, har rundt 2300 modifikasjonar. Det kan umogleg fungere.

Forfattaren åtvarar om at det kan ta opp mot ti timar å installere heile greia, men for ein gongs skuld leverer Lyse den hastigheita dei lovar.

Eg får lasta ned alt på litt under ein time, og etter ein halvtime med installering, samt nokre manuelle installasjonar, er alt klart for bruk.

Det uventa

Skyrim-mappa er på 319 gigabyte etter installasjonen. Lista har nok mange ørsmå modifikasjonar som berre endrar teksturane på enkelte gjenstandar, men har òg store overhalingar som endrar tusenvis av ting.

Eg blir møtt av det som i praksis er eit heilt nytt spel. Alt du kjenner frå Skyrim er der, men det visuelle og spelmekaniske har blitt flytta mange år fram i tid.

Det er årevis sidan eg har kjend på lyst til å starte ei ny gjennomspeling, men den melder seg umiddelbart takka vere Aldrnari.

NYE EVENTYR: Aldrnari legg til ufattleg mykje nytt, men bygger vidare på det Skyrim skal vere, rett nok med litt meir fantasypreg.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Landskapet flyt over av vegetasjon, figurane er ikkje til å kjenne igjen. Teksturane på alt og alle er milevis betre enn i standardspelet.

På veg gjennom Riverwood blir eg møtt av ei dame frå The Wheel of Time. Fæle monster eg aldri har sett før luskar gjennom dei grøne skogane. Det er så mykje nytt overalt at eg ikkje anar kva som møter meg rundt neste hjørne.

Det er forfriskande.

Men biletefrekvensen ligg framleis på 60.

Siste puss

Javel.

Dette er den største samlinga av modifikasjonar du kan få tak i. Eg vil spare meg bryet med å laste ned noko manuelt og risikere konflikt med filer som er der frå før, for eg anar verkeleg ikkje kva som er i Aldrnari.

Modforfattaren har visstnok designa lista for å sjå bra ut på kloss hald, men har lågt detaljnivå i distansen for å halde på ytinga. Eg gjer om dette med nokre enkle justeringar i spelet sine innstillingsfiler.

SMAK OG BEHAG: Wabbajack-lister er i praksis ein person sin visjon for korleis spelet bør vere og sjå ut. Det er ikkje sikkert ein treff heilt med forfattaren sin smak, så det gjeld å prøve ulike variantar.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Me når framleis 60.

Fysikkmotoren i spelet toler ikkje høgare biletefrekvens, men det er på tide å låse opp biletefrekvensen for å sjå kva me faktisk får. Då klatrar biletefrekvensen opp til rundt 80 når eg er ute, og gjerne godt over 100 når ein er inne i hus og hallar.

Figuren min tar beina fatt oppover mot Bleak Falls Barrow. Dei første snøfnugga byrjar å vise seg – sjølvsagt i ein heilt anna kvalitet enn eg er vand med – og eg restartar spelet med ei oppløysing på 6K.

Biletefrekvensen søkk som ein stein. Snittet legg seg på 37, og i 8K er biletefrekvensen nede i 25.

6K og rundt 2300 modifikasjonar er altså det som skal til for å få RTX 4090 til å sveitte.

Eldergleam Sanctuary i ny drakt, no med nye figurar og oppdrag.

Nokre bandittar, no med unike namn og nye stemmelinjer, angripar meg i flokk på terskelen til den eldgamle døra til Bleak Falls Barrow. Og spelet krasjar.

Konklusjonen vår er at skjermkort no faktisk er kraftige nok til å takle Skyrim, uansett kva spelet hiv etter deg. Det er ingen som kjem til å spele dette i 6K eller 8K, så me gir RTX 4090 bestått for å klare 80 FPS i 4K.

Det er kanskje ikkje veldig overraskande at eit skjermkort frå 2022 til over 20 000 kroner klarar å makse ut eit spel frå 2011, men med 2300 modifikasjonar med i miksen, er ikkje det gitt.

Siste fra forsiden