Test

Intel i9-13900k

Kraftig, glovarm og svindyr

Intels nye flaggskip et 1080p-spel til middag.

Mikkjell Lønning/Gamer.no
1: Konklusjon
2: Test i spel

Endeleg!

Me i Gamer har fått på plass flaggskipet i Intel sin nye prosessorserie på testbenken.

Intel Core i9-13900K, ein 24-kjerna prosessor med 32 trådar, er for tida den beste gamingprosessoren pengar kan kjøpe.

Mykje pengar er det òg.

8500 kroner i skrivande stund, faktisk. Me er litt på etterskott med testinga vår på grunn av ein ny testbenk me er i ferd med å stable på beina, men me fyrer ut ein kort test for å ta temperaturen på interessa for denne typen innhald.

Comeback kid

Dette er andre gongen Intel lanserer ein prosessor med hybridkjernar, som er produsentens siste triks for å utkonkurrere AMD.

Det har aldri vore så stor konkurranse mellom dei to erkefiendane. Og det likar me.

Kort forklart har Intel delt kjernane opp i to ulike typar. Den eine typen, p-kjernane, er dei som gjer dei tunge løfta. Dei er i praksis same type kjerne som me alltid har hatt i desse prosessorane.

To av p-kjernane klokkar opp til 5.8 GHz ut av eska.

NY PROSESSOR: Intel sitt flaggskip er kraftigare enn AMD sin siste prosessor i spel.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

E-kjernane, «effektivitetskjernane», er små kjernar som brukar mindre straum. Desse tar seg av fleirkjerna oppgåver slik at p-kjernane kan gjere det dei gjer best.

E-kjernane har ei klokkehastigheit på opptil 4.3 GHz.

Dei siste åra har Intel stort sett utkonkurrert AMD i spel (med unntak av 5800X3D), for der er einkjerneyting svært viktig. AMD har på si side knust Intel på produktive oppgåver.

Hybridkjernane har vore ein måte å snu dette på hovudet.

Og det er her i9-13900K verkeleg set inn støyten. Den knusar forgjengaren i9-12900k i redigering, rendering, strøyming og liknande oppgåver.

Kva med spel?

Men dette er altså Gamer.no. Her legg me ikkje like mykje vekt på det aspektet.

Me eksperimenterer framleis litt med maskinvaredekninga vår, og kjem neppe til å teste alt av prosessorar framover, men vil prøve å finne vår eigen nisje for denne typen stoff vinkla mot spel.

Sjølvsagt er produktive oppgåver ein viktig faktor i kjøpet av ein prosessor for dei fleste, men sannsynlegvis er det speling du som lesar bryr deg mest om.

Difor har me tatt med i9-13900k på ei lita reise gjennom dei mange spelverdene der ute.

Er det noko vits i å bla opp nesten 10.000 kroner for dette vedunderet?

Skjermkort tar over

Tidleg i testinga vår blei det openbert at i9-13900k er ei kraftig oppgradering frå forgjengaren i9-12900k – sett at du berre skal bruke det som arbeidsjern til andre ting enn speling.

Det er heller ikkje overraskande. Du må fort hoppe over tre-fire generasjonar før du ser stor nok forskjell i yting for at det skal vere verd å oppgradere for spel.

Ikkje det at me trur nokon vurderer å skifte ut prosessoren for kvar generasjon. Det er å kaste pengar ut vindauget.

Stadig kraftigare skjermkort gjer at 1920x1080 før eller seinare kjem til å høyre fortida til. Me er kanskje ikkje heilt der enno, men eit par skjermkortgenerasjon til, så er 1080p vekke.

Det er òg grunnen til at me ikkje testar prosessorane våre i 720p. Der er flaskehalsen flytta heilt frå skjermkortet til prosessoren, men det er ei fullstendig meiningslaus samanlikning, for ingen speler i 720p.

Om eit par år kjem fleirtalet av gamingskjermar til å ha ei oppløysing på 2560x1440 eller høgare, og dess høgare oppløysinga blir, dess mindre viktig blir prosessoren.

Lite å hente

Den nye generasjonen prosessorar og hovudkort støttar kjappare minne enn Alder Lake, og me har difor testa prosessoren både med RAM-hastigheit på 5200 MHz, slik me har gjort med i9-12900k, og me har testa med RAM på 6400 MHz.

Her har me nytta oss av to ulike Kingston Fury Beast-minnebrikker.

Resten av testmaskinen er utstyrt med eit Gigabyte Aorus Z790 Elite AX hovudkort, ein Asus Rog Strix LC II 360mm AIO-kjølar til prosessoren, ei Asus Rog Thor II 1200 watt straumforsyning, eit RTX 4090 FE-skjermkort og to kjappe M.2-SSDar frå Kioxia og W_D Black.

KRAFTIG KJØLAR: i9-13900k brukar mykje straum. Det gjer at ein bør bla opp ganske mykje for ein skikkeleg kjølar. Me har brukt Asus Rog Strix LC II 360mm.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Me testar ikkje fullt like mange spel som i skjermkorttestar her, men i snitt kan ein vente 5–10 prosent kjappare yting i 1080p og 1440p viss ein oppgraderer frå 12900k til 13900k.

I 4K snakkar me berre nokre få prosent med same RAM-hastigheit.

Det er med andre ord ikkje verd å oppgradere for spel aleine. Her kan ein sjå alle resultata frå dei ulike spela på neste side, og med unntak av dårleg optimalisering i nye Call of Duty, så er det omtrent som venta.

Hjelp av raskare minne

Det varierer veldig frå spel til spel kor mykje effekt minnehastigheit faktisk har, men me ser betydeleg auke i yting i blant anna Far Cry 5, Cyberpunk 2077 og Assassin's Creed Valhalla i 1080p med minnebrikkene på 6400 MHz.

Dette kjem me til å kikke meir på i ein eigen artikkel om DDR5-minne.

I den grad hovudkortet ditt støttar kjapt minne, kan ein få langt meir yting for pengane med å investere i kjappare minnebrikker i staden for ein ny prosessor – sett at ein har prosessor frå 12. generasjon.

IKKJE OPTIMALISERT: I nye Call of Duty er i9-12900k betre enn den nye prosessoren. Det antar me kjem til å endre seg med komande oppdateringar.
Activision Blizzard

Samstundes hjelper den kraftige auka i fleirkjerneyting med å flytte meir av arbeidsmengda frå prosessoren over på skjermkortet i spel som er optimalisert for dette.

I Call of Duty: Modern Warfare II, der fleirkjerneyting har ganske mykje å seie, kan ein måle eigen biletefrekvens berre på prosessoren gjennom det interne benchmarkverktøyet.

Der oppnår 12900k 262 FPS i 1080p, medan 13900k klarar 292 FPS på same RAM-brikke. Med 13900k blir heile flaskehalsen flytta frå prosessoren til skjermkortet, som opnar for endå høgare yting med betre skjermkort framover.

Varm og straumsvolten

Det har vore ei trend dei siste fem åra at både skjermkort og prosessorar har blitt stadig meir energikrevjande.

Slikt legg igjen press på kjøleløysingane. Vår Asus Rog Strix LC II 360mm har null problem med i9-13900k i spel, der prosessoren gjerne drar mellom 100 og 200 watt og ligg mellom 60 og 68 grader på det meste.

Det blir verre viss me utset prosessoren for krevjande stresstesting. Då kan han dra opp mot 300 watt frå veggen, og kryp faretruande nær 100 grader.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Etter ei stund med Prime95 får prosessoren korte hopp opp til 102 grader og klokkar ned for å redusere varmeutviklinga.

Prime95 er neppe representativt for vanleg bruk av ein prosessor som dette, men det er greitt å ha i bakhovudet viss ein veit at ein skal ha prosessoren til både speling og svært krevjande produktivitetsoppgåver.

i9-12900k har det same problemet. Det kjem av at det knapt finst ferdigsnekra kjøleløysingar som taklar så mykje straum.

Konklusjon

Intel i9-13900k er den kraftigaste prosessoren pengar kan kjøpe for speling. Varmeutviklinga er mest ei bekymring viss du skal torturere prosessoren, men han er dyr i drift.

Han kostar mykje, brukar store mengder straum og krev ei skikkeleg kjøleløysing.

Til gjengjeld veit du at du får den beste gamingytinga det er mogleg å ha i 2022 (litt avhengig av spel), samstundes som produktivitetsytinga aukar veldig frå fjorårets generasjon.

Dette er det beste av det beste – for dei pengesterke. Likevel må ein ikkje gløyme elefanten i rommet, nemleg AMD.

Dei har varsla at dei skal skru ned prisnivået på sine prosessormodellar betydeleg. I skrivande stund har toppmodellen 7950X falt rundt 1500 kroner i pris på ein månad.

Det er god valuta for pengane.

Ein skal ikkje sjå vekk frå at Intel gjer noko liknande. Difor kan det vere greitt å vente litt om ein skal handle med det første.

Her kan det fort bli priskrig.

Prisguiden.no er en kommersiell partner av Gamer.no. De leverer oppdaterte priser, prisvarsling og produktinformasjon. Du kan lese mer om Prisguiden her »
Gir marknadens beste gamingyting
Kraftig auke i produktivitetsyting mot førre generasjon
Støtte for overklokking
Brukar masse straum
Kan nå heftige temperaturar under krevande operasjonar, og krev ein god kjølar
Unødvendig dyr
1: Konklusjon
2: Test i spel

Siste fra forsiden