Samletest

Gamingheadsett 2024

Dette er dei beste gamingheadsetta i 2024

Me testar toppmodellane til dei mest populære merka. Oppdatert i januar 2024.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Enten du sit og lyttar etter fienden rundt hjørnet i Counter-Strike, ser bybiletet bli ei smørje når du rånar nedover gatene i Cyberpunk 2077 eller svingar lyssverdet som Cal Kestis i Jedi: Suvivor, vil god lyd løfte opplevinga.

Me har invitert dei store produsentane til å sende oss det aller, aller beste headsettet sitt, slik at me kan finne ut kva som gir denne lyden, ein gong for alle.

Det er tid for ein flaggskipduell.

Audeze, Jbl, Logitech, SteelSeries, Asus, Sony, Turtle Beach og Astro er med denne gongen. Testen er oppdatert med tre nye headsett i januar 2024.

Vanskeleg vurdering

Det er framleis ingen soleklar vinnar i denne testen. Me gir sigeren til Audeze for den overlegne lydkvaliteten, men kvart produkt har sine styrkar og veikskapar.

Du legg kanskje meir vekt på andre faktorar enn det me gjer her, og difor vil me alltid oppmode til å teste produkta fysisk i butikk før kjøp.

Men alle produkta som får god karakter i testen vil sannsynlegvis gjere deg nøgd.

Valet mellom headsett i denne prisklassen handlar om å finne ut av kva du set mest pris på.

Er det komfort? Å høyre kvar fiendane er? Trådlaus kopling? Lang batterilevetid? Byggekvalitet? Mikrofonen?

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Me har summert korleis kvart headsett gjer det på ulike kategoriar under, og det er veldig jamt i toppen:

HeadsettKomfortLydkvalitetMikrofonFunksjonalitet (tilkopling)Brukaroppleving (programvare og knappar)Valuta for pengane
Audeze Maxwell7/10 10/10 8/10 8/107/108/10
Astro A50 4. gen 8/10 9/10 6/10 8/10 7/10 7/10
Astro A50 X (5. gen)8/109/109/108/108/106/10
Asus ROG Delta S 7/10 7/10 4/10 5/10 7/10 8/10
Jbl Quantum 9107/10 8/10 8/10 7/10 8/10 8/10
Logitech Pro X 2 Lightspeed 9/10 8/10 6/10 8/10 7/10 7/10
Sony Inzone H98/107/106/107/107/106/10
SteelSeries Arctis Nova Pro W8/10 9/10 8/10 9/10 8/10 7/10
Turtle Beach Stealth Pro8/109/108/108/108/107/10

1. Audeze Maxwell (Xbox/PC-versjon)

Vårt førre Audeze-produkt gjekk omtrent i oppløysing etter eit års bruk, men dette verkar meir solid bygd. Denne gongen er dei fleste delane aluminium i staden for plast.

Klokkene er massive og tunge.

Kunstskinnputene på øyra er framleis like behagelege som forgjengaren, men headsettet er tungt å ha på over lengre periodar. Puta i toppen av bøyelen er skifta ut med skibrillestropp. Komforten er ikkje like god som Penrose og Mobius, først og fremst fordi headsettet er betydeleg tyngre.

Komfortnivået er lågare med Maxwell enn Mobius, men lydkvaliteten har løfta seg.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Audeze sine planarmagnetiske drivarar drar heim sigeren i testen når det kjem til lydkvalitet. Maxwell har endå meir nøytral lyd enn Penrose og Mobius, og leverer bass, mellomtonar og diskantpresisjon på audiofilnivå.

Det er klart betre enn dei andre headsetta når ein høyrer på musikk.

Drivarane speler høgt når ein treng, og har ein tendens til å mane fram dei små nyansane i musikk som elles er skjulte med svakare headsett. Den einaste veikskapen når det kjem til lydkvalitet for min del, er at frekvensresponsen ikkje er like konsistent som forgjengarane. Det heng saman med komfornivået. Eg må presse klokkene inn mot øyra for å få mest mogleg presis lyd. Dette sleit Mobius med òg, men problemet er forverra på grunn av vekta og dei litt avgrensa justeringsmoglegheiter på bøyelen.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Maxwell er ei gåve til øyra dine når du skal headbange gjennom spelelista di, slappe av med ein film eller utforske gangane av Galtvort i Hogwarts Legacy. Berre hugs på nakken din i headbanginga. Det blir tungt i lengda med 490 gram på hovudet.

Du treng eigentleg ikkje justere EQen i det heile ut av eska, med mindre du er opptatt av yting i skytespel. Du kan hjelpe retningssansen endå meir ved å justere på EQen på ti band.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Programvara er elles heilt grei, men mindre avansert enn med Mobius, då det ikkje er noko 3d-audio lenger (men du får det på PS5).

Av knappar finn du eit rullehjul for volum og mikrofon, ein dempeknapp for mikrofon og ein knapp som endrar nivået på støydemping.

Batterilevetida og den trådlause koplinga er glimrande. Du kan lade opp nærmare eit døgn med batteri på 20 minutt, og batteriet held koken i opp mot 80 timar på ei full lading. Pluss i boka for relativt låg Bluetooth-forseinking til mobilbruk, men Maxwell har ikkje støtte for simultanavspeling frå fleire kjelder på ein gong.

Mikrofonen er òg blant dei beste i testen vår. Han speler høgt og klart. Detaljane i røysta mi forsvinn litt på grunn av komprimering, men til gjengjeld klarar den interne DACen i headsettet å eliminere alt av støy i bakgrunnen.

Det er ganske jamt mellom dei tre-fire beste headsetta i testen vår, men drivarane i Maxwell gjer at dette tar toppen av pallen. Om lag eit år etter den første testen av dette, er det framleis Maxwell eg brukar når eg lyttar aktivt til musikk.

Men, utan at dette men-et endrar plasseringa, foretrekk eg dei to under for lange speløkter, nettopp fordi Maxwell er så tungt for nakken og blir klamt. Her må ein vekte lydkvalitet opp mot komfort.

Eg skulle veldig, veldig gjerne sett Audeze lage Maxwell i Mobius-storleik.

9
/10
Audeze Maxwell
Det beste gamingheadsettet pengar kan kjøpe i dag.
Eineståande lydkvalitet
God mikrofon, og har ekstra, innebygd mikrofon når boom-mikrofonen er kopla av
Kan spele frå to einingar på likt med Bluetooth
Komfortabelt
Den beste virtuelle surroundlyden
80 timar batterilevetid
Høg pris
Øyreputene kan bli klamme når det er varmt
Tungt og stort

2. Astro A50 X (5. generasjon)

4700 kroner. Det er blodprisen Logitech og Astro krev for sitt siste skrik. Eg kan med ein gong seie at dette er absolutt ikkje verd pengane å oppgradere, for endringane frå førre modell er forholdsvis små. Men det er utvilsamt betre enn forgjengaren, og klatrar forbi SteelSeries på lista vår.

Komfortnivået, byggekvaliteten og utsjånaden er omtrent identisk som før. Det er nett dei same lette, pustande putene som førre generasjon, og headsettet kjenst likt ut på hovudet. Det betyr òg at det er omtrent null lydisolasjon i putene.

Astro A50 X.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Oppgraderingane har først og fremst skjedd under panseret.

Batteriet held omtrent ti timar lengre enn forgjengaren, og basestasjonen har fått ei real overhaling.

For dei som speler på konsoll, er det no ein HDMI-passthrough for headsettet. Du koplar TVen i via HDMI, så er det eigne HDMI-portar for Xbox og PlayStation. PC koplast til med USB-C.

Headsettet har fått ein knapp for å skifte mellom dei ulike inngangane. Det er jo kjekt for dei som jamleg skiftar mellom tre ulike spelplattformer, men eg kan ikkje tenke meg at det gjeld så altfor mange. Til gjengjeld har den optiske inngangen forsvunne.

Basestasjonen har òg fått støtte for Bluetooth- og Lightsync-kopling på likt. Du kan til dømes spele på datamaskinen og ha telefonen kopla i headsettet simultant. Det store minuset er at headsettet ikkje funkar med Bluetooth utan basestasjonen. Då døyr det heilt.

Chatmiks styrast framleis med ein knapp på sjølve øyreklokka, og elles er det ein del meir å leike med på programvaresida.

Mikrofonen er den største styrken til Astro A50 X samanlikna med konkurrentane. Dette er utan tvil den beste mikrofonen blant utvalet vårt av produkt. Her nærmar me oss kvaliteten på eksterne strøymemikrofonar, og mikrofonen gir den mest naturlege gjengivinga av røysta mi.

Lydkvaliteten var allereie glimrande på forgjengaren, og dei nye graféndrivarane leverer. Det er skikkeleg driv gjennom heile bassregistret ut av eska, der lydbiletet får eit varmt preg. Drivarane klarar ikkje matche det krystallklare, nøytrale lydbiletet til Audeze Maxwell, for når det skjer mykje på ein gong, blir høgtonane skingrande og lite detaljerte.

Det kan ein delvis hente tilbake gjennom den omfangsrike EQ-funksjonen.

Alt i alt er dette eit eminent produkt, men du kan framleis få forgjengaren til rundt 2000 kroner på sal. Dette er minimalt betre på det meste, utan at forskjellen er all verda. A50 X utklassar Maxwell på komfort og mikrofon, men klarar ikkje matche det på lydkvaliteten.

8.5
/10
Astro A50 X
Det kostar å vere kar.
Klasseleiande mikrofonlyd
Imponerande batterilevetid
ChatMix
Omfangsrik programvare
Strålande lyd til både spel og musikk
Basestasjon med innebygd lading
Ellevill pris
Kvitt støy på høgt volum
Fungerer ikkje uten basestasjonen

3. Turtle Beach Stealth Pro

Stealth Pro er Turtle Beach sitt comeback i premiumsegmentet av gamingheadsett. Det har store lærputer med effektiv støyisolasjon, eit skiftbart batteri med same ladeløysing som Steelseries og strålande lydkvalitet og mikrofon.

Klokkene har lærputer med tett press, og trass relativt høg vekt, er det komfortabelt å ha på heile dagen. Headsettet blir heller ikkje klamt, slik som Maxwell.

Turtle Beach Stealth Pro.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Arctis Nova Pro er den mest openberre konkurrenten. Turtle Beach har ein ladestasjon som fungerer på omtrent same måte, men batteriet til Stealth Pro varar berre i 12 timar.

Stealth Pro har litt meir kvitt bakgrunnsstøy enn dei andre, og programvara har vore kranglete etter ei fastvareoppdatering, men eg antar Turtle Beach kjem til å justere vidare her.

Rullehjulet for volum er ganske klossete å bruke, men elles er det veldig lite å sette fingeren på med dette headsettet.

Me har tidlegare løfta fram SteelSeries Nova Pro som testens beste for å høyre fiendar i spel, men Stealth Pro er eit hakk betre. Forskjellen er aller størst på konsoll, for der har ikkje SteelSeries same moglegheiter til å stille EQ som på PC. Det treng du ikkje i same grad med Stealth Pro.

Headsettet har òg ein eigen «superhøyrsle»-modus for å legge endå meir vekt på fotsteg, men det varierer veldig frå spel til spel kor godt det fungerer. Jamt over øydelegg det lydkvaliteten for min del, så eg syns det er best utan.

Lyden er mest nøyaktig i øvre del av bassjiktet og i mellomtonane, og Stealth Pro har testens rikaste lydbilete.

Headsettet byr på ulike EQ med ti band for Bluetooth (det støttar simultanavspeling), mikrofon og vanleg kopling, men du treng ikkje justere noko særleg ut av eska.

Mikrofonen er òg svært god, med ei ganske naturleg framstilling av vokalar. Det er nok ein smakssak om ein likar denne, SteelSeries eller Audeze sin mikrofon best. Alle gjer ein god jobb med bakgrunnsstøy.

Stealth Pro hamnar til slutt bak Maxwell og nye A50 X, men eg syns det er eit lite knepp betre enn Nova Pro Wireless. Men her handlar det igjen om kva ein syns er mest viktig. Det er eit veldig tett kappløp mellom dette og Nova Pro Wireless, meiner eg.

Best i skytespel
Evig batterilevetid med Steelseries-løysing
Svært komfortabelt
Imponerande programvare
God mikrofon
Klossete rullehjul for volum
Prega av tekniske problem
Reint trådlaust, så kan ikkje spele med kabel

4. SteelSeries Arctis Nova Pro Wireless

SteelSeries Arctis Pro Wireless har eg hatt på pulten sidan det kom ut i 2018, og 2022 kom det endeleg ein skikkeleg oppfølgar.

Arctis Nova Pro Wireless er eit mindre og lettare headsett som sit betre på hovudet, men som har skifta ut stoffputene med kunstskinn.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det nye designet og kunstskinnputene aukar kvalitetsinntrykket, samstundes som putene gir betre isolering og meir presis lyd. Komfortnivået er dessverre redusert ein smule frå forgjengaren på grunn av mindre storleik på klokkene og overgangen til kunstskinn.

I sommar gav me headsettet trekk for at ein plastdel av klokkene stakk mot øyret mitt, men dersom du kjøper dette i 2024, er denne veikskapen fjerna. Me har difor justert poengsummen i tabellen over.

Lydkvaliteten ligg eit hakk under Maxwell ut av eska. Bassen er reprodusert svært presist, mellomtonane nesten like mykje, men diskanten er lite presis. Høgtonar verkar skingrande og skarpe. Dette kan ein stort sett fikse med å justere EQen.

Nova Pro Wireless har imponerande kringlyd. Du høyrer med ein gong kvar andre lydkjelder er i forhold til deg, slik at du plukkar ut om fienden kjem frå høgre eller venstre utan å måtte tenke deg om.

Det er nok mest eit smaksspørsmål om ein føretrekkjer dette eller Maxwell i skytespel, men forskjellen opp til Maxwell er klart større til musikk, rollespel og filmbruk.

Arctis Nova Pro har mikrofonen som i minst grad vrenger røysta mi. Lyden er høg og klar, men det er ein irriterande skurrelyd i bakgrunnen når ein brukar mikrofonen med sidetone på. Heldigvis forsvinn lyden heilt når ein deaktiverer sidetone.

På klokkene finn me eit rullehjul for volum, ein dempeknapp for den uttrekkbare mikrofonen og ein knapp for å slå på Bluetooth.

Den praktiske DACen har ei lomme for batterilading, slik forgjengaren hadde, som gjer at du i praksis aldri går tom for batteri så lenge du hugsar å skifte ein gong i veka. Det følger nemleg med eit ekstra batteri, som du kan lade medan du brukar det andre.

Sjølve batteriet varar i oppunder 20 timar.

Programvara har EQ med 10 band, og SteelSeries Sonar-programvare har eit hav av innstillingsmoglegheiter for ulike spel, musikktypar og så vidare.

8.5
/10
SteelSeries Arctis Nova Pro Wireless
Lydkvaliteten og teknologien skin, men komforten har blitt dårlegare.
Effektiv på å høyre kvar fienden er
Aktiv støydemping
Kan kople til fleire einingar på likt
Evig batterilevetid med DAC
EQ med ti band og mykje anna knask i programvara
Svært høg lydkvalitet
God mikrofon
Unødvendig dyrt
Redusert komfort frå førre utgåve
Diskanten er skuffande upresis ut av eska

5. Astro A50 4. generasjon (Xbox/PC-versjon)

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Dette er ein gammal travar som underteikna har hatt ståande med PlayStationen i mange år. Det held framleis stand. Headsettet har titt og ofte rause rabattar i nettbutikkar, så det gjeld å følge med på prisnivået viss du vurderer dette.

Me har med erstattaren til dette i testen, men lar dette stå så lenge det er på marknaden.

A50 er eit trådlaust headsett med ein basestasjon for lading. Produktet har høg plastfaktor, men det er lite som tyder på at byggekvaliteten er nokon veikskap. Ein del brukarar har meld om at stoffputa under bøyelen kan falle av, men eg har ikkje merka noko til dette, sjølv etter mange år med relativt jamleg bruk.

Headsettet kjenst elles lett og behageleg på hovudet og mot øyra.

Lyden er relativ nøytral, men prega av ein kraftig bass som gir det vesle ekstra til eksplosjonane i både spel og film.

Headsettet har òg betre kringlyd i skytespel enn det Maxwell har, sjølv om lydkvaliteten ikkje er på same nivå.

Kvitt støy når ein speler på høgt volum er framleis eit irritasjonsmoment på bakgrunn av den trådlause koplinga, det same er den knotete magneten på ladeelementa til dokkingstasjonen.

Velurputene er ein av dei mest komfortable me har vore borti.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Mikrofonen er nok der A50 viser alderen sin mest. Mikrofonen klarar ikkje halde følge med dei nyare produkta her.

A50 er framleis eit toppval for dei som speler på konsoll, nett slik me skreiv i vår test i 2020. Men det er ein del som har skjedd sidan då.

Sjølv om me ikkje kjem til å endre karakteren me sat i 2020, passar det nok betre til karakteren når det er på sal i nettbutikkane. Det gjekk for 2200 kroner på Black Friday, og det er eit godt kjøp. Men 3500 kroner, slik det kostar i dag, er for dyrt.

8.5
/10
Astro A50 4th Gen PS4/PC
Astro A50 er eit glimrande gamingprodukt for dei som vil betale litt (for mykje) ekstra.
Dokkingstasjon sikrar endelaust batteri
Flott lydbilete
Komfortabelt
Meir smakfullt design enn førre versjon
Kraftig bass
ChatMix
Knotete dokkingstasjon og ChatMix-knapp
For dyrt
I overkant aggressiv vreng på mikrofonen
Kvitt støy ved høgt volum

Les hele testen »

Astro A50 4th Gen PS4/PC

6. Jbl Quantum 910

Dette er ein trådlaus versjon av Jbl Quantum One, eit headsett me testa for eit par år sidan. Produktet byr blant anna på god komfort, aktiv støydemping, 3d-lyd, lang batterilevetid og trådlaus kopling med låg forseinking.

Med sine 421 gram, er dette eit relativt tungt headsett. Kunstskinnputene på øyra er behagelege, men bøyelen pressar meir mot toppen av hovudet enn eg likar. Sjølv om headsettet er lettare enn Audeze Maxwell, kjenner eg det meir i nakken etter lange spelsesjonar med dette på grunn av eit svakare beresystem.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Store mengder plast hjelper ikkje på det visuelle inntrykket, men det er liten tvil om at du får mykje for pengane med Jbl Quantum 910.

Lydkvaliteten er imponerande. Bassen og mellomtonane er presise som få, og headsettet leverer til både film, spel og musikk. Likevel er det ein liten nivåforskjell opp til dei beste i testen.

Eitt trekkplaster for Quantum 910, og forgjengaren Quantum One, er 3D-lyd og virtuell 7.1-surround. Dette fungerer ikkje spesielt bra. Sjølv om du høyrer fiendane betre, går lydkvaliteten heilt ned i kjellaren. Her trefte Audeze Mobius langt betre med den same teknikken.

Mikrofonen gir røysta mi ein metallisk tone på grunn av komprimering, men gjengir lyden klart og høgt. Dette er ein av dei beste mikrofonane i testen.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Quantum 910 er støtta opp av rikeleg med ekstrafunksjonar. Programvara har ein EQ med ti band (som dessverre ikkje blir lagra til headsettet), masse innstillingar for surroundlyd og 3D-lyd, og rikeleg med RGB-innstillingar. Headsettet har elles ein drøss med knappar. Det er eit rullehjul for volum, ein dempeknapp for mikrofonen, eit ChatMix-rullehjul, ein knapp for surroundlyd og ein for aktiv støydemping.

Batteriet held koken rett oppunder 40 timar med RGB-lysa av, som er omtrent på det jamne av kva ein får på nye gamingheadsett no for tida.

«På det jamne» er vel eigentleg ei presis oppsummering av Quantum 910. Det gjer at det skal, og gjer det godt, men klarar ikkje heilt å utmerke seg mot konkurrentane.

8
/10
JBL Quantum 910
Trådlaus HiFi-lyd til ein forholdsvis fornuftig penge.
Aktiv støydemping
Høg lydkvalitet
God mikrofon
Greitt komfortnivå
Masse nyttige knappar
Mykje plast
Tungt
Svak surroundlyd (men DTS fungerer greitt)

7. Logitech Pro X 2 Lightspeed

Me gav forgjengar G Pro X 7,5 av 10 poeng då me testa det i 2020, og no er Logitech tilbake med ei betre og litt dyrare utgåve.

Batterilevetida har auka til 50 timar, designet er finpussa, drivarane nye (laga av grafén), tilkoplinga er utvida med AUX-port og Bluetooth-støtte, og klokkene kan no roterast.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Kunstskinnputene på øyrene (det følger med stoffputer) og i bøyelen gjer Logitechs nye flaggskip til testens mest komfortable headsett for lange gamingsesjonar. Produktet er lett og har det eg meiner er perfekt mengde press mot hovudet.

Det er rikeleg med justeringsmoglegheiter her, og materialvalet gir ei skikkeleg premiumkjensle.

Som fleire andre av produkta i testen, har Pro X 2 Lightspeed ganske nøytral lyd. Det bommar litt på diskanten, men bass og mellomtonar er forholdsvis nøyaktig gjengitt. Dette gjer at det er eit ganske trygt val til alt mogleg innhald.

Det når ikkje heilt opp til lydkvaliteten til Astro A50 og Audeze Maxwell, men dette er utan tvil det beste headsettet Logitech har laga. Litt meir volum på maks er det einaste eg saknar her.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Programvara har støtte for Blue Voice, eit verktøy som kan gi deg ein heil drøss med ulike profilar for mikrofonen. Dette løftar lydkvaliteten på mikrofonen ganske betydeleg. I utgangspunktet spelar han litt for lågt, og har tydeleg komprimering som drep basstonane i røysta mi.

Det er knappar for Bluetooth og mikrofondemping på klokkene, saman med eit rullehjul for volum. Programvara har elles ein EQ med fem band. Frekvensvala i EQen gjer at den flate profilen, som kjem ut av eska, fungerer best.

Det er ikkje minne i headsettet, så du startar med den originale profilen viss du skiftar headsettet til ei anna eining, eller brukar AUX. Til orientering så fungerer AUX-inngangen berre når headsettet er av. Det er dette du må bruke viss du skal kjøpe headsettet for Xbox-bruk.

Logitech ligg bak på lydkvaliteten, men vinn klart på komfort. For min eigen del syns eg dette er det enklaste å leve med i kvardagen, for det er så anonymt at eg fint kan bruke det med mobilen på bussen eller på ein liten joggetur. Igjen; alt kjem an på kva du vektlegg.

8
/10
Eit hav av justeringsmoglegheiter
Suveren komfort
Godlyd i både spel, film og musikk
Stilig og anonym utsjånad
Mikrofonen kunne vore betre
Kunne vore ein tusenlapp billigare
Kan ikkje brukast trådlaust på Xbox

8. Sony Inzone H9

Dette er Sony sitt flaggskip for speling. Det er først og fremst utvikla for PlayStation 5, men kan køyrast på PC òg.

Komfortnivået er høgdepunktet med headsettet. Putene er kjølige og mjuke mot øyra, men headsettet kunne med fordel hatt litt meir press. Klokkene blir vinglete når ein beveger på seg, som igjen går utover frekvensresponsen.

Sony Inzone H9.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Byggekvaliteten ser ut til å vere solid, men høg plastfaktor gir headsettet eit billig preg.

Sony brukar ein enkel USB-mottar for PC og PlayStation. Batteriet held koken i rundt 25 timar med den effektive aktive støydemping på, som er ein del kortare enn Sony reklamerer med. Det er rett nok respektabelt med 25 timar isolert sett, men kanskje ikkje i selskap med dei andre produkta i denne testen.

Innebygd blåtann lar deg spele simultant på konsoll og ei anna kjelde på likt, men lyden er klart svakare over blåtann.

Lyden elles er heilt grei. H9 har ein ganske «boomy» lydprofil, som for så vidt fungerer fint i spel, men både bassen, mellomtonane og diskanten er upresis. Diskanten er verst. Lys vokal får eit skringrande preg, og detaljane forsvinn når det er mykje som skjer på ein gong. EQ-en kjem til redninga til ein viss grad, utan at ein klarar å justere vekk alt dette.

Det klarar seg betre i spel, men sjølv med 3D Audio på PlayStation 5, er eg ikkje veldig imponert samanlikna med dei andre produkta i testen.

Mikrofonen er òg litt på det jamne. Lyden er relativt klar, men sibilante lydar blir løfta fram for mykje. Lydprofilen er så lys at du nesten får kjensla av å lytte til ein pilot på eit fly, og støydempinga treff heller ikkje like godt som testens beste.

Sjølv om me ikkje legg mest vekt på pris i denne testen, tar det ikkje lang tid før eg kjenner meg noko skuffa over Sony H9. Eg forventar meir enn dette for 3300 kroner.

Det er knallhard konkurranse i dette segmentet, og H9 er rett og slett ikkje bra nok.

6.5
/10
Behageleg i bruk
Lang batterilevetid
Aktiv støydemping
Brukande lydkvalitet
Mykje plast
Middels mikrofon
Høg pris
Upresis lyd

9. Asus ROG Delta S

Dette begynner å bli nokre år gammalt, men kom i trådlaus versjon i 2023. Me har testa den kabla utgåva.

Høg plastfaktor gjer at produktet verkar billig – og me er ein smule skeptiske til byggekvaliteten –, men så kostar dette betydeleg mindre enn dei andre produkta i testen.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Øyreputene i kunstlær er svært mjuke og komfortable, men dei kunne med fordel hatt litt meir press mot hovudet. Dei sit for laust no. Lite press gjer, som med Maxwell, at frekvensresponsen lid.

Lydkvaliteten er den fremste styrken til Delta S. Detaljane i mellomtonane kan forsvinne litt, men her får ein god valuta for pengane. Sjølv om det er vanskeleg å merke forskjell på om ein brukar virtuell surroundlyd eller ikkje, er det enkelt å høyre kvar fiendar er i forhold til deg i spel.

Headsettet har ein innebygd DAC som gjer at det kan spele frykteleg høgt, sjølv om lyden kan bli ein smule masete på maksvolum. Det er uansett altfor høgt å lytte til då.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Lydkvaliteten når ikkje heilt opp til dei beste i testen vår, men lever opp til dagens prislapp.

Det største minuset er mikrofonen. Asus brukar AI-støydemping for å fjerne bakgrunnsstøy, og her har teknologien kome eit stykke sidan dette headsettet kom ut. AIen fjernar rett nok støy, men kvar gong han gjer det, så forsvinn røysta mi òg. Volumet hoppar opp og ned som ein jojo, og lyden er heller ikkje spesielt klar.

Brukaropplevinga elles er grei nok. Du får eit rullehjul for volum og ein knapp for ulike RGB-modusar på sjølve headsettet, og programvara Armoury Crate lar deg finjustere lydkvaliteten med ein EQ på ti band.

Dette hargått ut på dato. Lag noko nytt, Asus!

7
/10
Asus ROG Delta S
Lever opp til prislappen.
Behageleg og lett
God lydkvalitet
Speler frykteleg høgt når du vil
Dårleg mikrofon
Sit for laust på hovudet
Slapp virtuell surround-løysing

Siste fra forsiden