Samletest

Gamingmus

Stor test av 20 gamingmus – desse gir mest for pengane

Gamer.no prøver fleire av dei mest spanande produkta frå det siste året.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det byrjar å bli ei stund sidan me la fram ein samletest av gamingmus no, og haugen med produkt i hjørnet av kontoret mitt veks stadig.

I løpet av dei siste fire åra har produsentane konkurrert om kven som kan lage den lettaste musa, og fleire og fleire merke har levert trådlaus tilkoplingsteknologi som har like lite forseinking som kabeltilkopling. Det er blitt så mange gode produkt at det er vanskeleg å vite kva ein skal velje.

Me har plukka ut 20 produkt frå haugen som me har tru på, og som me har kikka litt nærmare på.

Dei aller fleste av musene på denne lista er meir enn bra nok til å bruke effektivt i alt frå skytespel til kontorarbeid, men det er framleis nokre forskjellar her og der som gjer at me kan peike ut dei aller beste.

LES OGSÅ: Dette bør du tenkje på før du kjøper gamingmus »

HyperX Pulsefire Haste

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Me har stort sett alltid gitt høge karakterar til gamingmusene frå HyperX, og Pulsefire Haste er ikkje noko unntak. Denne ambidekstriøse skytespelmusa på 60 gram har den beste, mjukaste skolissekabelen i samletesten, kombinert med ein prislapp som ofte kryp ned mot 300 kroner på sal.

Forma ligg som støypt i handa i eit klogrep, og er forfriskande nok ikkje ei direkte klone av noko anna. Rillene på høgre- og venstre museklikk er behagelege å kvile fingrane på, den glatte overflata gir meir enn nok grep og museføtene er glimrande.

Musa har fem knappar og eit klikkbart rullehjul, der alle knappane gir ei tilfredsstillande tilbakemelding med skarpe klikk. Vandringa på knappane er kort, og sideknappane er plassert akkurat slik at ein kan rulle tommelen for å trykke dei inn kjappast mogleg.

Det tynne rullehjulet har for lite motstand for min del, men det er mest ei smakssak.

Generelt er det veldig lite å setje fingeren på med HyperX Pulsefire Haste. Programvara har moglegheit til å stille på RGB-fargane på rullehjulet, endre løftedistanse og binde om eigenskapane på knappane. Det ser ut til at PPT-trinna ikkje samsvarar heilt med kva du faktisk får levert, men det er ein bagatell ein venner seg til.

No er det ei stund sidan denne musa kom ut. Difor er ho ikkje den aller lettaste i testen vår, men med prislappen er det vanskeleg å slå ho. HyperX Pulsefire Haste gir ekstremt mykje for pengane.

9
/10
HyperX Pulsefire Haste
Noko av det beste du kan kjøpe – og kostar berre nokre hundrelappar.
Feilfri sensor
Komfortabel form
Fantastisk kabel
Gode sideknappar med glimrande tilbakemelding
Svært låg vekt
PPT-verdiane er ikkje heilt korrekte

Cooler Master MM730

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Cooler Master har funne på mykje rart dei siste åra. MM730 er ein av dei meir «vanlege» formene dei har laga, med eit behageleg, ergonomisk design. Buen på sida gir ein komfortabel kvileplass for tommelen, og gamingmusa fyller handa til dei med mellomstore hender.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Dei store museføtene gjer at MM730 glir fint over musematta, og den matte overflata på konstruksjonen har godt grep. Skolissekabelen er litt tjukkare enn eg likar, men er mjuk nok til at det ikkje er stor forskjell mot å bruke ei trådlaus mus.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Musa har fem knappar og eit klikkbart rullehjul. Dei to sideknappane er relativt faste med tilfredsstillande klikk, og ligg eit lite stykke over tommelen. Det er ikkje den aller beste plasseringa på lista vår, men ligg i det øvre sjiktet. PPT-knappen er på undersida av musa.

Rullehjulet er eit av høgdepunkta, og er eit av dei beste i samletesten.

Med sine 50 gram er MM730 svært lett (utan bikakedesign), og byggekvaliteten er overraskande god for å vere eit Cooler Master-produkt. Her er det mykje å like. No som musa kostar 450 kroner er dette eit ran.

9
/10
Cooler Master MM730
Eit ran ved dagens prisnivå.
Behageleg, ergonomisk design
Feilfri sensor
Fine RGB-fargar i rullehjulet og logoen
Låg vekt
Bra rullehjul
Litt stivare kabel enn nokre av dei andre i testen

Cooler Master MM731

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Dette er den trådlause versjonen av musa over. MM731 hadde ein del tekniske problem då ho lanserte i fjor, og Cooler Master opplevde ein kundestorm av folk som reagerte på kor mykje forseinking det var i musa. Dette har i etterkant blitt fiksa i ei fastvareoppdatering. Dei har òg skrudd ned prisen, og til dagens 500-600 kroner er dette ein av dei mest rimelege, ferske trådlause musene med ein topp sensor på marknaden.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Musa veg berre åtte gram meir enn den kabla versjonen. Det er ikkje rare greiene.

Du har valet mellom tilkopling over Bluetooth eller ein trådlaus sendar over 2.4 GHz-bandet, og takka vere PMW 3370-sensoren held batteriet det gåande i rundt 70 timar utan RGB med den trådlause sendaren. Det er meir enn nok.

MM730 og MM731 er i praksis same produkt, men denne har eit litt treigare rullehjul med slappare tilbakemelding. Eg syns rullehjulet på den kabla versjonen er så bra at eg ville gått for den. Likevel er forskjellane små, og det er imponerande at MM731 ikkje veg meir enn 58 gram. Begge to er botnsolide val til konkurransespeling.

9
/10
Cooler Master MM731
Rimeleg og kanonbra.
Feilfri sensor
Behageleg, ergonomisk design
Fine RGB-fargar i rullehjulet og logoen
Låg vekt
Lang batterilevetid
Ikkje like bra rullehjul som kabelversjonen

Ninjutso Katana Superlight

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Dette er eit av dei meir spanande produkta i samletesten vår. Ninjutso er eit lite kjend merke, og her har dei verkeleg dratt på for å skape noko annleis.

Denne trådlause musa er klart inspirert av Logitech G Pro Superlight, men med ein del nyvinningar som ein ikkje ser hos andre.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det mest openberre er den magnetiske ladekabelen. Med ei batterilevetid på over 90 timar kjem du ikkje til å bruke han så veldig ofte, men det er sjeldan at me ser innovasjon av noko slag i gamingmusmarknaden.

Musa har ein ladekabel med magnetisk ende, slik at kabelen festar seg av seg sjølv. Det er kult. I utgangspunktet syns eg USB-C-lading er best slik at ein kan bruke kablar ein har liggande, men dette er såpass annleis at eg kan leve med det.

Forma er meir rund enn det G Pro er, og musa har ein skrå kant langs heile botnen som er litt uvant i byrjinga. Først syns eg musa var litt vaklevoren, men det gjekk over etter nokre timar. Spesielt klogrep og handflategrep passar produktet bra, og Katana Superlight er svært komfortabel i handa.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Med sine 60 gram er dette eit av dei lettaste trådlause produkta du får kjøpt. Med eit såpass enkelt produkt er det avgrensa kva som kan gå gale med tanke på byggekvaliteten, men det kjem ein ekstra klikkelyd frå høgre- og venstre museknapp viss du presser dei ned hardt. Produsenten seier dette kjem av at knappen tar nedi konstruksjonen i musa.

Det høyrest ikkje heilt optimalt ut. Rett nok ville eg aldri trykt så hardt under vanleg speling.

Elles er sjølve knappane plassert rett, med god tilbakemelding. PPT-knappen er plassert på undersida av musa, og det einaste eg har å pirke på med knappane er at sideknappane har litt for lang vandring. Dei verkar for mjuke når eg trykkar på dei.

Programvara er veldig enkel, då Ninjutso vil du skal kunne bruke musa utan noko ekstra.

Alt i alt er dette eit spanande tilskott til marknaden. Katana Superlight ser billigare ut enn mange av konkurrentane, men har i dag ein pris på 1100 kroner i Noreg. Det trur eg først og fremst kjem av at det er berre MaxGaming som har ho inne. Nokre fleire utsal vil sannsynlegvis få ned prisen eit par hakk.

8.5
/10
Ninjutso Katana Superlight
Ninjutso er eit merke me vil sjå meir av.
Feilfri sensor
Innovativ lading
Lang batterilevetid
Komfortabel passform
Låg vekt
Velplasserte sideknappar
Mjuke tilbakemelding på sideknappane
Høgre- og venstre museklikk tar nedi konstruksjonen ved harde trykk

Xtrfy MZ1 Zy’s Rail

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Dette er ei mus designa av YouTube-profilen Zy Rykoa, som jobbar med å melde gamingmus i det daglege. Han har samarbeida med Xtrfy for å skape det ultimate verktøyet for auke treffsikkerheita di i spel der du treng presisjon.

Zy’s Rail veg 59 gram med ein tynn bikakekonstruksjon, som gjer at ho verkar skjør. Nokre veker med bruk har likevel ikkje gjort meg bekymra for byggekvaliteten. Både museknappane og sideknappane har litt meir vandring enn eg likar, og rullehjulet er middels, men elles er det få ting å trekkje på når det kjem til dei tekniske aspekta.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Musa brukar ikkje programvare i det heile, og ein brytar på undersida med fire ledd lar deg gjere alt du treng. Der kan du rullere mellom ulike RGB-modusar, skru på fargar, hastigheit og lysstyrke, endre løftedistansen mellom éin millimeter og 2,5 millimeter, justere «debounce»-tid og endre oppdateringsfrekvensen.

Det interessante her er forma. Kroppen har veldig låg profil, og det tar nokre dagar å venne seg til å bruke musa skikkeleg. Eg måtte justere hybridgrepet mitt ein smule for å kunne kontrollere ho skikkeleg, men når det først går, er ho glimrande. Her har Xtrfy tatt ein risiko for å skape noko heilt nytt, og dei treff blink.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det tok meg ei veke med bruk før eg følte at eg meistra ho, så det er noko å tenkje på. Personleg trur eg ikkje at eg hadde gidda å kjøpe ho på grunn av det.

Rett nok er dette først og fremst ei mus for deg som berre speler skytespel. Eg ville hatt ei anna mus ved sia for bruk i det daglege, spesielt viss du driv med redigering eller liknande. Dette er òg eit produkt det løner seg å prøve ut før ein gir nokon dom. Ho treng rett og slett litt tid.

Forma kan vere ubehageleg viss ein kjem frå noko meir konvensjonelt. Ideelt sett bør ein ha fingertuppgrep, hybridgrep eller klogrep for å få mest ut av denne. Og du må ha små eller mellomstore hender. Elles er det ikkje vits i.

8.5
/10
Xtrfy MZ1
Ei spanande nyvinning.
Mjuk skolissekabel
Låg vekt (59 gram)
Svært synleg RGB-lys med den gjennomsiktige kroppen
Velplasserte sideknappar
Feilfri sensor
Knirkelydar i konstruksjonen
Forma kan vere ubehageleg og krev tilvenning

Xtrfy M42 RGB

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Dette er ei meir «normal» utgåve av MZ1 – som teknisk sett kom før Rykoa sin versjon, men no testa eg denne etterpå. Så ja.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Forma er ikkje like aggressiv som MZ1. Denne har ein meir normal rygg med boge og mindre aggressive groper på høgre- og venstre museklikk. Ein kjenner med ein gong at M42 vil fungere langt betre med andre grepstypar enn berre klogrep, hybridgrep og fingertuppgrep.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det er framleis ei lita gamingmus, men rett og slett meir allsidig. Museføtene er heller ikkje fullt like skrapete på denne. Knappane, byggekvaliteten og RGB-lysa er elles identiske som MZ1.

M42 er eit par gram lettare med sine 57 gram, men det merkar eg ikkje noko til. Valet mellom dei to handlar først og fremst om kva type grep du har. Med klogrep og små hender ville eg prøvd meg på MZ1, og M42 for alle andre.

8.5
/10
Xtrfy M42
Eit ypparleg val til skytespel.
Skolisse-kabel med feste som løftar kabelen frå pulten
Låg vekt
Svært synleg RGB-lys på grunn av den gjennomsiktige kroppen
Velplasserte sideknappar
Feilfri sensor
Tryggare form enn MZ1
Knirkelydar i kroppen
Rullehjulet er middels

Glorious Model D Wireless

Mikkjell Lønning/Gamer.no
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Model D er tilbake i trådlaus form. Joda. Forma er nett den same – som betyr høgt komfornivå og ein sikker vinnar for dei med mellomstore eller store hender med hybrid eller klogrep. Det er ikkje denne musa eg ville valt for å vere mest mogleg treffsikker, men Model D (eller Zowie sin EC-mus som ho er inspirert av) er likevel blant modellane eg har brukt mest dei siste åra. Mest fordi Model D er så behageleg.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Vekta er redusert til 69 gram frå kabelversjonen. Både sideknappane og venstre- og høgre museklikk har framleis for mjuk tilbakemelding, og rullehjulet er ikkje noko særleg, men elles er det eit kanonprodukt når det kjem til ergonomi og komfort.

Programvara har dei standardinnstillingane du forventar, og batterilevetida er på rundt 70 timar utan RGB. Eg kunne tenkt meg ein litt lågare pris enn 1000 kroner med omsyn til summen av alt dette, men det er liten tvil om at Model D Wireless er eit glitrande produkt.

8.5
/10
Feilfri sensor
Masse RGB
Respektabel batterilevetid
Ei av dei mest komfortable formene på marknaden
Låg vekt
Mjuk tilbakemelding på knappane
Passar ikkje godt for anna enn klogrep og hybridgrep

Glorious Model D-

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Yes. Model D i forminska format. Kvifor ikkje? Med den mjuke Paracord-kabelen til Glorious er det ikkje all verda forskjell mellom kabelversjonen og den trådlause, og denne veg berre 64 gram.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det er lenge sidan denne versjonen kom ut, men me fekk aldri testa han. Komforten og knappane er dei same, så for dei som vil spare pengar er dette eit flott val. Vanlegvis kostar produktet rundt 600 kroner, men no har prisen klatra ned til 280 på sal. Det er eit kjempetilbod.

Skilnaden på dimensjonane er ikkje store, men sjølv med mine mellomstore hender på 18,5 centimeter byrjar denne å bli veldig lita med hybrid- og klogrep. Slik sett er dette først og fremst ei gamingmus for dei med små hender. Det gjer ho langt mindre allsidig enn den vanlege Model D.

Men her er det mange kroner å spare. Kanskje ei fin bursdagsgåve til veslebror?

8.5
/10
Glorious Model D-
Mindre storleik, mindre pris.
Feilfri sensor
Svært komfortabel form
Låg vekt
Mjuk tilbakemelding på knappane
Passar ikkje godt for anna enn klogrep og hybridgrep
Berre for dei med små hender

SteelSeries Prime Wireless

Mikkjell Lønning/Gamer.no

82 gram, trådlaus kopling med batterilevetid på rundt 100 timar, ein feilfri sensor og ein prislapp på 750 kroner på sal. SteelSeries Prime er det danske selskapet sitt nye flaggskip til skytespel.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Dei har laga ei ny, meir ergonomisk form med ein kraftig boge over toppen, som er klart inspirert av Zowie EC2. Det er kjend som ei av tidenes beste museformer, så det seier seg sjølv at ho er god i bruk. Prime Wireless ligg som støypt i handa mi med eit klogrep. Ho vil passe bra for alle handstorleikar i klogrep, men ligg ikkje så godt i handa med andre typar grep.

SteelSeries har marknadsført musa med «crispy clicks», og det har dei verkeleg klart å få til. Både sideknappane og høgre- og venstre museklikk har blant dei beste klikka me har testa. Sideknappane kunne hatt endå mindre vandring for mi smak, men det er ein bagatell.

Rullehjulet er heilt greitt. Vekta gjer òg at eg må rynke litt på nasen når produktet vanlegvis kostar nord for 1000 kroner. Sjølv med fantastiske museknappar er ikkje Prime Wireless verd så mykje. Med rabattar ned i 750, slik som i skrivande stund, er det derimot berre å køyre på her.

8.5
/10
SteelSeries Prime Wireless
SteelSeries prisar seg ut av marknaden.
Feilfri sensor
Ei av tidenes beste museformer for klogrep
RGB-lys
Trådlaus kopling med låg forseinking
Lang batterilevetid
USB-mottakaren er berre USB-C (USB-A med kabel og adapter)

SteelSeries Prime Mini Wireless

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Dette er SteelSeries Prime i forminska utgåve. Duh. Danskane har ikkje endra på noko anna enn storleiken, og det er framleis ei fantastisk form til dei med klogrep – men passar best for dei med små til mellomstore hender. Mine hender på 18,5 centimeter er omtrent på grensa av kva du kan bruke. Har du større, er ikkje denne noko vits i.

Mikkjell Lønning/Gamer.no
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Knappane, klikket, museføtene, batteriet, sensoren og rullehjulet er likt. Vekta har berre gått frå 82 gram til 76 gram, men heldigvis har prisen fått ein langt større nedgang. Ved lansering kosta denne heile 1500 kroner, som er latterleg dyrt, men no er ho nede i rundt 800-900. Det er ein meir fornuftig pris for desse. Prisen har stabilisert seg på dette nivået, og difor gir me ein karakter utifrå det.

Med ein vektreduksjon på 10-20 gram til er dette ein toppkandidat.

8.5
/10
SteelSeries Prime Mini Wireless
Fantastisk passform i mindre format.
Feilfri sensor
Ei av tidenes beste museformer for klogrep
RGB-lys
Trådlaus kopling med låg forseinking
Lang batterilevetid
USB-mottakaren er berre USB-C
Storleiken gjer at ho ikkje passar dei aller fleste

ASUS TUF M4 Air

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Asus har aldri klart å knekke gamingmus-koden i mine auge. Dei har levert mange «trygge» og greie produkt, utan å imponere noko særleg. Dei siste to åra har dei derimot kasta seg rundt med fleire nye former av det meir eksperimentelle slaget.

M4 Air er ikkje spesielt eksperimentell, men det er eit forsøk på å lage ei konkurranseskytespelmus til ein rimeleg penge. Det klarar dei.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Forma er ein kopi av Logitech G Pro Trådlaus med litt spissare kantar. Dette veit me fungerer.

Musa veg berre 50 gram, og verkar langt meir solid enn fleire av konkurrentane i denne vektklassen. Det er nesten ingen knirking i kroppen til musa i det heile. Den einaste veikskapen er at du kan aktivere den eine sideknappen ved å presse hardt på sida, men det krev mykje meir kraft enn det ein held musa med. Slik sett er det ikkje noko problem.

Sideknappane har perfekt plassering og kort vandring, og klikka på både dei og høgre- og venstre museknapp er skarpe og tilfredsstillande. Det einaste eg ikkje likar er at vandringa på høgre museknapp er for lang.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Rullehjulet minnar òg ein del om Logitech sine flaggskip, men dette har ei mjukare tilbakemelding. Logitech sine rullehjul er mykje betre.

Programvara er veldig enkel, men gir deg det du treng. Musa har elles ingen RGB-lys. Det einaste problemet er at programvara gjer veldig mykje ut av seg, med svært mange bakgrunnsprosessar som stel ressursar frå datamaskinen din. Det er ikkje veldig krevjande å køyre, men frykteleg irriterande. Heldigvis kan du slette programvara når du har gjort endringane du vil.

8.5
/10
ASUS TUF M4 Air
Enkel, effektiv og rimeleg skytespelmus.
Lett (50 gram)
Solid byggekvalitet
Feilfri sensor
Rimeleg pris
Mjuk skolissekabel
Middels rullehjul
For lang vandring på høgre museknapp

SteelSeries Aerox 5 Wireless

Mikkjell Lønning/Gamer.no

SteelSeries Aerox 5-produkta er i praksis nett den same musa som SteelSeries Rival 5 (sjå utvida test av den under), men med bikakekonstruksjon og ei mattare overflate med betre grep.

Den kabla versjonen av Aerox 5 veg 69 gram, medan den trådlause versjonen veg 74. Her er skilnaden så liten at me ville gått for den trådlause om lommeboka toler det. Aerox 5 Wireless kostar for tida rundt 1000 kroner – altså dobbelt så mykje som Rival 5.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det er få gamingmus som er så store som Aerox 5 og Rival 5 i denne vektklassen. Den trådlause versjonen er elles nesten like god i handa som Rival 5.

Bikakekonstruksjonen gneg seg litt inn i huda samanlikna med den glatte overflata på Rival 5, men eg hadde nok aldri tenkt over det om eg ikkje hadde begge ved sida av kvarandre.

Det er nokre ørsmå skilnadar på lyden på museklikka samanlikna med Rival 5, og sideknappane er ikkje like gode, men elles er det berre den trådlause koplinga og annleis RGB som er forskjellane.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Aerox 5 Wireless har støtte for både BlueTooth og kopling via ein USB-C-sendar over 2.4 GHz trådlaust band. Batterilevetida er på spenstige 180 timar utan RGB. Det er ikkje mange andre produkt som matchar det, sjølv om det er eit stykke opp til batteriet på mus som Razer Basilisk.

8.5
/10
SteelSeries Aerox 5 Wireless
Den beste utgåva av Rival 600-forma.
Behageleg passform
Lang batterilevetid
Låg vekt
Mange knappar
Feilfri sensor
Lading med USB-C
Dyr
Dårlegare sideknappar enn Rival 5
USB-mottakaren er berre USB-C (USB-A med kabel og adapter)

SteelSeries Aerox 3 Wireless

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Dette er ein trådlaus versjon av gamle SteelSeries Rival 3. Me testa den oppdaterte kabelversjonen i 2020, og gav danskane 8/10 for å ha gjort musa lettare og litt meir behageleg.

Aerox 3 har ei identisk form som Rival 3, men med bikakekonstruksjon. Det er i praksis den same behandlinga som SteelSeries Rival 5 har fått via Aerox 5. Sensorane på tvers av dei ulike prisklassane er ulike, men alle saman er feilfrie. Så i praksis er det ikkje nokon skilnad.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Rival 3 er ikkje den einaste legendariske forma me prøver i denne samletesten, og alderen har ikkje hatt nokon effekt her, heller. Forma er framleis glimrande. Spesielt i klogrep ligg gamingmusa perfekt i handa, og musa nesten skrik etter å få gjere nokre hovudskot i CS.

Denne versjonen kom ut i november i fjor til 1100 kroner, men har ligge rundt 600-700 kroner lenge. Då får ein såpass mykje ut av pengane at eg ville prioritert denne over kabelversjonen.

Bikakekonstruksjonen har trekt vekta ned til 68 gram, og det einaste problemet eg har med produktet er at rullehjulet lagar ein irriterande lyd. Elles snakkar me skarpe, tilfredsstillande klikk i knappane, grei vandring på sideknappane og glimrande komfort. RGB-fargane er fine, og batteriet ladar raskt med USB-C-kabelen.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Med Bluetooth (som du aldri skal bruke) held batteriet koken i opp mot 200 timar, medan musa skal klage 70-80 timar med USB C-sendaren over 2.4 GHz-bandet. Med den kjappe ladinga er det meir enn nok.

Programvara er oversikteleg og grei, og har alt av moglegheiter som du kan tenke deg. Her er det berre å fyre på.

8
/10
SteelSeries Aerox 3 Wireless
SteelSeries relanserer ein klassikar i toppform.
Behageleg passform
Lang batterilevetid
Lett
Feilfri sensor
Lading med USB-C
USB-mottakar er berre USB-C

Xtrfy M4 Wireless

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Me har testa fleire utgåver av Xtrfy M4 før, og dette er den siste versjonen med trådlaus 2.4 GHz-kopling. Passforma er nett den same, som betyr ei behageleg, ergonomisk form for høgrehendte.

Glorious Model D er den fremste konkurrenten for M4 Wireless. Dei har nesten same form, berre at M4 har litt skarpare kantar og flatare og smalare profil over toppen. Det gjer at M4 Wireless passar best for fingertupp- og handflategrep for dei med små og mellomstore hender, medan Model D er betre for klogrep og hybridgrep for dei med litt større hender.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Begge har bikakekonstruksjon, men M4 har langt fleire hol enn Model D. M4 har heller ikkje like mykje RGB som den kabla varianten forgjengaren sin har, så det bidrar til å kutte kostnadane litt. Prislappen ligg for tida på rundt 600 kroner – altså 400 mindre enn Model D Wireless. Slik sett er nok M4 Wireless valet for dei med fingertupp- og handflategrep.

Displayet på vekta mi viser 70 gram når eg legg M4 Wireless oppå. Det er eit stykke ned til dei aller lettaste trådlause produkta, men ergonomiske design som dette er gjerne noko høgare – og difor litt tyngre.

Både sideknappane og venstre- og høgre museklikk har for lang vandring for min smak. Dei har difor i overkant mjuk tilbakemelding, men klikka er skarpe og fine. Rullehjulet er heilt ok.

Som dei andre Xtrfy-modellane har M4 ein PPT-knapp på toppen og ein knapp på undersida med ulike trinn. Der kan du til dømes stille på PPT og RGB-lys utan programvare. Batteriet skal kunne halde i rundt 70 timar utan lys. Det er godkjend for denne prisklassen.

Elles byr Xtrfy som alltid på det vesle ekstra i eska, då alle produkta deira har med tastehetter til tastaturet ditt med Xtrfy- og «GG»-branding. Her har dei til og med eit lite skrujern og eit ekstra panel til toppen av musa. Dette lar deg endre storleiken på musa i tilfelle kroppen er for liten.

8
/10
Xtrfy M4 Wireless
Ei vellukka trådlaus oppdatering.
Komfortabel ergoform
Låg vekt
Trådlaus med lang batterilevetid
Modulært design
Feilfri sensor
Mjuk tilbakemelding på knappane
Knirkete konstruksjon

SteelSeries Rival 5

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det er fire år sidan me testa SteelSeries Rival 600 no, og endeleg kjem det nokre skikkelege oppfølgjarar til den svært behagelege gamingmusa. Me har blant anna testa Rival 650 før, men me syns ikkje SteelSeries gjorde nok.

Rival 5 har tatt Rival 600 på ein slankekur ned til 88 gram og fjerna sidelista som hadde ein tendens til å losne.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

SteelSeries har utstyrt musa med ein skolissekabel – som er litt stivare enn mange av konkurrentane sine – og gitt musa betre museføter.

Forma har framleis det same komfortnivået i bruk, men verkar tjukk og høg samanlikna med mange av dei beste ergonomiske designa som har kome dei siste åra. Ryggen burde vore lågare enn han er no.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Dei tre sideknappane på Rival 600 er erstatta med to «normale», rett plasserte sideknappar, saman med ein lang sideknapp over dei igjen og ein heilt framme på musa. Dei to siste har ei kronglete plassering. Du klarar ikkje nå dei utan å fysisk flytte tommelen og justere grepet ditt. Det er ikkje noko stort minus då dei vanlege sideknappane er glimrande, med eit tilfredsstillande klikk og kort vandring.

Programvara til SteelSeries er som ho skal vere, og du har endelause RGB-kombinasjonar å leike med. Det einaste eg saknar er ein kraftigare slankekur, mindre ekstraknappar og ei lita justering på passforma, så vil denne konkurrere heilt i toppen.

8
/10
SteelSeries Rival 5
Komfortkongen er blitt endå betre.
Behageleg form
Perfekte sideknappar
Feilfri sensor
Masse RGB-lys
Imponerande byggekvalitet
Stiv skolissekabel
Dei ekstra sideknappane burde vore laga annleis
Litt tyngre enn ho burde vere

NZXT Lift

Mikkjell Lønning/Gamer.no

NZXT er eit namn me kjenner først og fremst frå kabinett og kjøleløysingar, men i år har dei prøvd seg på å utvikle både ei mus og eit tastatur. Produsenten er kjend for å lage stilige produkt, og utsjånaden på NZXT Lift er ikkje noko unntak.

Lift er ei lett, ambidekstriøs skytespelmus som minner mykje om forma til Razer Viper. Ho kjenst derimot ganske annleis ut i handa. Lift er ein smule breiare enn Viper, og er litt flatare på fronten, som gjer at ho er passande for eit større spekter av handstorleikar.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Den matte overflata er litt glattare enn eg likar, men det er framleis rikeleg med grep. Byggekvaliteten verkar solid, og Lift er generelt komfortabel i bruk.

Med ein heilt middels skolissekabel og ei vekt på 69 gram er Lift blant dei betre vala for skytespelmus i dag.

Minuset med musa er at høgre og venstre museklikk har litt for lang vandring for min smak, og at brytarane under knappane er av det billigare slaget enn det til dømes Razer Viper brukar. Det betyr nok òg litt høgare klikkforseinking.

Sideknappane er plassert der dei skal vere, med tilfredsstillande klikk og kort vandring. Rullehjulet er òg bra med eit gummibelegg og klart definerte trinn.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

PMW 3389-sensoren er det lite å seie på, og programvara gir deg det du treng i ei ryddig oversikt. Musa har nokre lyslister på undersida som gir ein kul underglød-effekt på musematta, og det er sjølvsagt ein drøss med effektar å velje mellom når det er NZXT me snakkar om.

Til 600 kroner er dette eit trygt val for dei som ha ein kombinasjon av byggekvalitet, pris og fint design.

8
/10
NZXT Lift
Eit solid val.
Låg vekt
Feilfri sensor
Stilig design
Gode sideknappar
Kul RGB-effekt
Billige brytarar
Litt stiv Paracord-kabel

ASUS ROG Keris Wireless

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Keris Wireless er ei enkel, lita gamingmus med ei heilt ny form.

Musa passar først og fremst for dei med små eller mellomstore hender. Til gjengjeld ligg ho som støypt viss du har har den rette handstorleiken, for dette er blant dei betre formene me har prøvd.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Sideknappane har litt mjuk tilbakemelding, men er plassert nett der dei skal vere. Klikka til høgre- og venstre museknapp er glimrande. Rullehjulet er òg ganske bra med definerte trinn.

Den trådlause versjonen har både tilkopling med ein mottakar over 2.4-GHz-bandet og via Bluetooth. Musa er designa for å kunne brukast i farta, då du kan leggje mottakaren inn i ei lita lomme på undersida av musa.

Batteriet skal klare 78 timar på full lading, og rundt 55 timar med RGB. Det tar knappe 15 minutt å lade opp 10 timar med bruk, så batterilevetida er strengt tatt ikkje så viktig her. Ein laderunde ein gong i veka er meir enn nok. Men pass på at du skrur opp ventetida for at musa skal gå i «sleep»-modus, for ho har ein tendens til å henge seg opp midt i bruk. Det er svært irriterande.

Det følgjer med to par av ekstra sideknappar i rosa og grått, ekstra brytarar, museføter og ein USB-C til USB-A-skolissekabel for lading. Det er med andre ord mykje kjekt snacks med, og sånt er alltid gøy.

Veikskapane med musa er først og fremst vekta og programvara. Med sine 81 gram er ho på den tyngre sida for ei så lita mus, medan den kabla versjonen veg rundt 63 gram. Eg ville kanskje vurdert den i staden.

ASUS sin Armoury Crate har igjen ein tendens til å irritere. Du får justere det du treng, men det er ASUS ditt og ASUS datt i oppgåvebehandlinga mi. Pell deg vekk, ASUS.

8
/10
Asus ROG KERIS Wireless
Eit flott tilskott til jungelen av gamingmus.
Behageleg passform
Feilfri sensor
Lang batterilevetid
Ekstra føter, knappar og brytarar
Flotte RGB-fargar
Programvara irriterer
Høg pris
Kunne vore lettare

SteelSeries Aerox 9 Wireless

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Testens n-te Rival 600-variant kjem i form av ei trådlaus MMORPG-mus.

Denne typen produkt pleier å vere svintunge, men Aerox 9 veg berre knappe 89 gram. Det er nesten på linje med den nye Naga-musa frå Razer – som har kabel. Det er nok avgrensa kor mykje lettare ein kan lage desse her med ei batterilevetid på 80 timar.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det mest viktige for denne typen MMORPG-mus er kor enkelt det er å finne fram til den rette knappen. Aerox 9 har tolv nummererte sideknappar fordelt på tre rekker, alle saman i ulik storleik for å skilje dei frå kvarandre. Trykket har ei klar tilbakemelding på alle, men vil ta ei stund å trene opp muskelminnet viss du skal bruke musa effektivt.

Det er dei fremste knappane på første og andre rad som er naturlege å trykke inn. Dei på toppen eller dei lengre bak må eg flytte handa mi for å nå. Slik sett trur eg ein er betre tent med eit design som Roccat Kone XP, der alle knappane er innan rekkjevidd utan å flytte handa.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det er snakk om nokre millisekund tapt her og der, men det kan vere skilnaden mellom liv og død i eit spel.

Razer Naga sine knappar er lettare å trykke inn, men den trådlause versjonen av Naga veg langt meir enn denne. Slik sett må ein velje om ein syns det er mest viktig med vekt eller gode sideknappar. Eg heller nok mot det siste på denne typen produkt.

Roccat Kone Xp

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det er vanskeleg å finne noko som skrik meir «gamer» enn produkta til Roccat, og Kone Xp har verkeleg løfta den estetikken til eit nytt nivå. Her er det knappar og RGB i fleng.

Dette er litt meir allsidig mus enn mange av dei andre i testen med sine ti knappar og eit rullehjul med klikk i tre ulike retningar. Her er fokuset like mykje produktivitet og MMORPG som skytespel, og helst dei to første.

Denne typen gamingmus har tradisjonelt vore veldig tunge, men det siste året har endeleg denne produkttypen fått lettvektar-behandlinga. Roccat Kone XP veg derimot heile 101 gram, og det merkar eg godt når eg har brukt 10-15 andre produkt som veg nærmare halvparten. Langt tyngre enn trådlause Aerox 9 Wireless og nye Razer Naga X på 85 gram, altså.

Vekta er eit klart minus, men bidrar samstundes til at musa verkar veldig stabil. Det gjer òg støtta som tommelen min kvilar på. Her har Roccat lagt ein knapp på sjølve tommelstøtta, som fungerer overraskande bra så lenge eg ikkje legg vekt på tommelen.

Dei to nedste sideknappane er plassert slik at tommelen min ligg perfekt mellom støtteknappen og dei, og dei to øvste sideknappane stikk lengre ut for at ein ikkje blandar dei saman. Det er òg to knappar framme på venstre museklikk, merka med pluss og minus. Dei kjem aldri i vegen for venstre museklikk.

Alle knappane har relativt kort vandring og skarpe, tilfredsstillande klikk. For å vere ei MMORPG-mus er denne veldig godt løyst, men eg skulle berre ønskje at ho var litt lettare. Roccat har fleire gamingmus som veg under 70 gram, så her må dei legge seg i selen fram mot neste generasjon. Dei leverer ei behageleg passform som føltast veldig planta med vekta, og dei som ikkje bryr seg om låg vekt vil nok like denne. Men produktet verkar litt utdatert på grunn av nettopp dette.

7.5
/10
Roccat Kone XP
Rett og slett for tung for 2022-standarden.
Veldig stabil med behageleg grep
Godt rullehjul for å ha gummitrinn
Masse knappar med tilfredsstillande tilbakemelding
Alle sideknappane er velplasserte
Feilfri sensor
Feilfri sensor
For høg vekt
Høg harryfaktor

Siste fra forsiden