Sniktitt

Pentiment

Mord og mysterium i middelalderen

Obsidian vil fortelje ei spanande historie som kanskje kan lære deg litt historie i same slengen.

Pentiment.
Microsoft

Obsidian Entertainment har i ei årrekke vore kjende for først og fremst ein ting; rollespel. Spelstudioet som blei stifta av ein gjeng rollespelveteranar i 2003 har jamt og trutt dytta ut den eine noko upolerte perla etter den andre. Dei seinare år har det derimot skjedd noko. Ved sidan av rollespelproduksjonar som The Outer World og Avowed, har dei laga sandboksspel i miniputtlandet Grounded, og i haust prøvar dei seg igjen på noko heilt nytt.

Pentament er eit historiedreve eventyrspel frå fantasien til Josh Sawyer. Det er det han sjølv kaller eit lidenskapsprosjekt som har brygga i hovudet hans i mange år. Vi fekk ein digital audiens med han og kunsterisk sjef Hannah Kennedy der dei både viste, og kunne fortelje meir om kva dette er.

Når kunst og historie møtast

Pentament byr på ein visuell stil inspirert av historiske kunstverk.
Microsoft

Til skilnad frå mange spel frå folk med kreativ ordgymnastikk, er ikkje Pentiment ein oppdikta tittel. Pentiment, eller pentimento er når vi kan sjå restar etter tidlegare detaljar i eit måleri. Kanskje har noko bliit måla over og forandra grunna politisk eller religiøst press, og er berre synleg for det trente auge.

Det er i så måte eit passande namn for eit spel som pressar sine kunstenriske inspirasjonskjelder fram og inn i lyset. Om du reagerte noko på korleis dette såg ut då spelet først blei avduka, er det ingenting tilfeldig med korleis spelet ser ut. Den visuelle stilen er ein kombinasjon av ulike stilartar frå sein middelalder, der særleg treskjæring og illuminerte manuskript er framtredande. Det heile blir så kopla med eit sideskrollande gameplay i hakket meir moderne stil.

Utviklarane har ikkje berre studert historiske manuskript sjølve for å vere så historisk korrekt som mogleg, men har ved sidan av Sawyer's akademiske grad i historie henta hjelp frå tre professorar i historie for å gjere dette så korrekt som mogleg. Desse professorane har fått tilsendt diverse historisk materiale utviklarane har leita fram, og har kome med tilbakemeldingar på kva som passar til tida og staden spelet er sett i, og kva som kanskje passar betre andre stadar.

Dette betyr ikkje at dette spelet slavisk følgjer vår nedteikna historie. Det er sett til ein fiktiv region i Tyskland på 1500-talet, eit val som i følgje Sawyer blei gjort får å gje utviklarane fridomen til å inkludere ting som vi ikkje nødvendigvis har bevis på, men som likevel er plausible. Om noko har skjedd eller eksistert på to ulike stadar i Tyskland på same tid, tek kanskje spelet seg fridomen til å la det skje i same omrdåe.

Vidare illustrerer Pentiment dei evigvarande konfliktene mellom nytt og gammalt. På den eine sida har vi religiøse miljø som tviheld på tradisjonar og korleis ting alltid har vore, og på den andre nye, sekulære miljø som vil ha endring og framgang. Di rolle blir raskt å måtte navigere kvar du står i dei mange konfliktene som oppstår mellom desse livssyna.

Du får sjølv definere kven Andreas er.
Microsoft

Eit spel for alle?

Josh Sawyer snakkar både fort og engasjert om spelet sitt, og spesielt om historie, eit tema han openbert kan mykje om. Med mange for meg ukjende ord og uttrykk som renn ut i eit imponerande tempo er det tydeleg at dette er ein mann som har gjort leksa si, og engasjementet for temaet er høgt. Ynskjet om å lære vidare er også til stade, og spelet vil by på ei omfattande ordbok som vil forklare ord og uttrykk du kanskje ikkje kjenner til.

Eit stort mål med dette spelet er at alle skal kunne spele det. Pentiment er eit spel som først og fremst skal formidle ei forteljing, og då er ikkje utfordringa så viktig. Difor har dei gjort kontrollsystemet så lett som mogleg, og dei har krydra spelet med minispel viss formål først og fremst er stemning og innleving.

Eit døme på dette er eit lett puslespel der alt du skal gjere er å henge opp nokre bilete på ein vegg for ei eldre kvinne, og til slutt blir beden om å ta ned krosset, noko som i desse særs religiøse tider var eit radikalt forslag.

Les også
Where Winds Meet er et actionrollespill satt til Kina i middelalderen – se den vakre traileren

Gjennom spelet må du styre hovudpersonen Andreas gjennom denne kontrastrike verda. Som mange gode forteljingar startar det heile med eit mord, og Andreas må prøve å finne ut kva som har skjedd. Han må snakke med folk, undersøke ting, og navigere mellom både vener og fiendar i eit spel som går over 25 år.

Ei historie basert på historie

Ei og anna bålbrenning må til.
Microsoft

Den visuelle stilen gjev meir og meir meining dess meir eg ser av spelet. Forskjellige personar er framstilte med den kunstneriske stilen som i størst grad representerer kva bakgrunn dei har, og måten dei snakkar på er kommunisert ikkje berre via tekst, men òg gjennom ulik typografi.

Vi møter alt frå ganske så moderne skrift til kaligrafi, og ulike skrifttypar dukkar opp på skjermen i animert form som gjer sitt beste for å replikere korleis den blei brukt. Skulle du finne denne kunstneriske typografien vanskeleg (eller irriterande) å lese, kan du derimot slå det heile av for å få ein lettlest variant gjennom spelet.

I tillegg satsar Obsidian på å fylle spelet med autentisk musikk frå gruppa Alkemie, som nyttar autentiske instrument for å skape tidsriktig musikk.

Konklusjon

Om ikkje anna, så er Pentiment noko heilt anna. Det er eit mordmysterien for over 500 år sidan der målet både er å prøve å finne ut kven som gjorde det, men og å verkeleg reise til ein annan stad i ei anna tid via tidsriktig kunst og musikk.

Gamle manuskrift får ei framtredande rolle.
Microsoft

For å vere heilt ærleg er eg litt usikker på kva vi har i vente. Både Sawyer og Kennedy brukte det meste av presentasjonstida si på å diskutere kunst og historiske inspirasjonskjelder, og temmeleg lite på å vise kva vi faktisk gjer i dette spelet.

Det er likevel noko svært forlokkande med dette spelet, sjølv om det står litt i fare for å bli litt i overkant spesielt. Men det er strengt tatt ingenting gale med det. Vi treng små, sære spel som kan gje oss noko heilt anna mellom dei digre storproduksjonane, og Pentiment ser ut til å kunne levere akkurat det. Spelet ser ut til å by på både interessante mordmysterium, konflikter mellom trusretningar, og ei verd i endring.

Om dette blir ein historietime verdt å få med seg finn vi ut når Pentiment lanserast på Game Pass for Xbox One, Xbox Series S/X og Windows 15. november.

Siste fra forsiden